Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2011.02.12. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg. Møte i dFEF i M40 i Oslo.

Møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 i Oslo, laurdag 12.2.2011.

Jesus sa til oss:

Med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. … Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter.

 

Møte-kampanje i den Frie Evangeliske Forsamling, Møllergata 40, 11-13.2.2011.

Møte i M40, Laurdag 12.2.11.

 

Det var ein møtekampanje i dFEF i M40, frå fredags kveld til søndag formiddag, med fem møter på laurdag frå kl 11 til siste møtet kl 19 og det varde til langt på kveld. Eg var på dei tre siste møta på laurdag og der kom bodskap ved tyding av tungetale i alle møta.

 

Kraftfull evangelisering i endetida.

 

Møte kl 15:30. Tale ved Owe Henrik Larsen: Kraftfull evangelisering i endetida. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.

Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.

 

 

Omsorgsarbeid for alle.

 

Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.

Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:

(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).

 

 

 

Vekkings-møte.

 

Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

 

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

 

33 responses to “2011.02.12. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg. Møte i dFEF i M40 i Oslo.”

Leave a comment