Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2012.05.27. Pinsestemne. Ebeneser Volda.

Ta imot og gjere bruk av nådegåvene. Gå med ein bodskap om trøyst og gjenoppretting.

Eg er inkludert, Jesus har valt meg ut til å ta imot og tene han med nådegåvene.

Jesus kalla meg til å gå med ein bodskap om gjenoppretting:” Trøst, ja, trøst mitt folk, gå ut med mi trøst. Det er så mange som har såra hjerte, det er så mange som har opplevd vonde ting. Men eg ynskjer at du skal gå ut og trøste, at du skal komme med bod om at eg kan gjenopprette, at eg kan reinse ut og gjenopprette. At eg kan sende min tilgjeving som lækjer og helbreder”.

TYDING AV TUNGEALE PÅ FORMIDDAGSMØTET:

Tru ikkje at eg har gløymt deg, tru ikkje at du er utelaten frå det eg har gjort, tru ikkje at dette er berre for nokre få, no har eg valt ut akkurat deg til å ta imot, deg til å tene meg, deg til å bruke mine gåver. Ikkje ver redd, det vert ikkje for vanskeleg eller for stort eller for merkeleg, for eg er med deg, eg skal leie deg steg for steg, trinn for trinn, du skal berre kvile i at eg vil leie deg og føre deg og eg skal gjere det, krafta er frå meg, det er ikkje deg sjølv, krafta er ifrå meg. Så berre stol på kva eg gjer i ditt liv, stol på at eg allereie har gjort det, og du kan opne din munn og språket er der, du kan legge hendene på dei sjuke og eg skal lækje dei, du kan tale ut mitt kunnskapsord og det skal virke i det menneskets liv, du kan få tru til å gjere store gjerningar, for eg er med deg og eg er den same i dag som eg var fordum. Stol på meg, mitt barn, eg skal ikkje svikte deg, du skal få sjå min herlegdom på ein aldeles ny måte som du aldrig har sett det før, for eg har ikkje endra meg. Eg er den same og min herlegdom er der, min herlegdom skal følgje dei som trur. Menneske skal få sjå meg og dei skal tru på meg og dei verte oppreist og fri og gå ut og fryde seg i meg, glede seg i dansen med dei glade. Ta imot.

Det gamle det ligg bak, det gamle er forbi, det gamle er borte. Din synd er tilgitt og eg vil lækje dine sår. Eg vil reinse ut og gjere deg heil, slepp til mi tilgjeving og la mi tilgjeving flyte ut til andre, så vert du heil og lækt og fri. Legg bak deg det som har vore. Eg ser det ikkje lenger og ikkje sjå det du heller, ikkje rot i det som har vore. Framtida kjem ifrå meg, eg er der no og då er framtida også i mi hand. Stol på meg.

 

TYDING AV TUNGETALE PÅ KVELDSMØTET:

Ja, opne ditt hjerte, opne ditt hjerte, på vidt gap, for alt det eg har å gje deg, alt det eg har å gje deg. Ikkje nøy deg med smular, ikkje nøy deg med små dråpar, men ta imot alt eg har å gje deg. For det finst eit liv i overflod, det finst eit liv i glede, det finst eit liv der det sprudlar. Du har fått kjelda innlagt, den er hos deg, berre skru opp springen, for det er innlagt vatn. Du har fått det, la min Ande få strøyme fram fra ditt liv, eg ynskjer å bruke deg. Eg ynskjer å føre deg til menneske som treng å eit møte med meg. Eg vil gjere det, stol på meg.

Trøst, ja, trøst mitt folk, gå ut med mi trøst. Det er så mange som har såra hjerte, det er så mange som har opplevd vonde ting. Men eg ynskjer at du skal gå ut og trøste, at du skal komme med bod om at eg kan gjenopprette, at eg kan reinse ut og gjenopprette. At eg kan sende min tilgjeving som lækjer og helbreder. Eg ynskjer at du skal gå med mi trøyst til dei som har det vondt og som har tungt å bere. Og du skal også få vere med å løyse dei bundne og reise dei nedbøygde opp, for det er det eg ynskjer, at dei nedbøygde skal få reise seg og springe ut i dansen med dei glade. At bundne skal verte fri, at menneske skal sjå lyset, skal få komme ut av mørke og komme inn i mitt underfulle lys. Eg vil bruke deg.

 

AKTUELLE BIBELVERS.

 

JESU HERLEGDOM SKAL FØLGJE DEI SOM TRUR.

 

2KO 4,6 – 2KO 4,11 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam.

TRØYST.

 

JES 54,11 – JES 54,12   Du arme stormdrivne, som ikkje finn trøyst! Sjå, eg legg din grunnvoll med turkisar og byggjer din grunnmur med safirar. 12   Eg gjer dine murtindar av rubinar, dine portar av krystallar og heile din ringmur av dyre steinar.

JES 57,17 – JES 57,21   Fordi Israel hadde slik syndig lyst, vart eg harm og slo dei; så løynde eg meg i min vreide. Men dei vende seg bort og valde ein veg etter eigen hug. 18   Eg såg dei vegar dei gjekk, men no vil eg lækja og leia dei og gje dei ei rikeleg trøyst. Og dei som syrgde over dei, 19   på deira lipper legg eg lovsong. Så gjev eg fred til den som er nær, og fred til den som er langt borte. Eg vil lækja dei, seier Herren. 20   Men dei gudlause er som det bårande havet; det kan aldri falla til ro, og bylgjene rotar opp gjørme og skit. 21   Dei gudlause har ingen fred, seier Herren.

JES 66,12 – JES 66,14   For så seier Herren: Sjå, til Sion leier eg lukke og fred som ei elv, og dit skal rikdomen åt folka koma som ein fløymande bekk. Dei skal bera hennar born på armen og vogga dei på fanget. 13   Som ei mor trøystar son sin, såleis vil eg trøysta dykk, ja, i Jerusalem skal de få trøyst. 14   De skal sjå det med glede i hjarta, de skal gro som det grøne graset. Herrens tenarar skal kjenna hans hand, men fiendane får merka hans vreide.

1KO 14,1 – 1KO 14,4 {RETTLEIING OM GUDSTENESTA} Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.

 

2KO 1,3 – 2KO 1,5 {TAKK TIL GUD SOM GJEV TRØYST} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, den Gud som har all trøyst å gje. 4 Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst vi sjølve får av Gud. 5 For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, så vert vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus.

 

HEB 6,17 – HEB 6,20 Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid. 18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. 19   Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.

 

KOMMENTAR, ”den duglause hyrdingen” eller den gode hyrdingen.

Herren vil leie meg til dei som treng min frigjerande bodskap og som treng han. Han seier at der er så mange som har såra hjerter og som har opplevd vonde ting og som har det vondt. Då skal eg gå med bodskap om gjenoppretting. Ved trua på Kristus vert forholdet mellom Gud og menneske gjenoppretta slik som det var før syndefallet og då vert også kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne gjenoppretta, slik som det var før syndefallet. Dette inneber også at dei åndelege nådegåvene er tilgjengelege for oss og vi får ta i bruk, då er det Gud som utrustar oss og brukar oss.

Eg vart sjølvsagt glad for å høyre desse gledelege bodskapane og at Herren vil bruke meg. Men eg vart også litt forarga, at det er så mange som har det vondt, tyder på at det er den Duglause Hyrdingen som har vore på ferde. Det har vore så viktig for dykk å rydje meg or vegen og halde meg utanfor og same strategien har ramma mange andre også, dersom de er så suverene som hyrdingar, kvifor er det då så mange som har det vondt? Kvifor skal eg etter så mange år ta over problema etter dykk? De som har sikra dykk rettane og teke over initiativet for både meg og andre og stort sett fått gjort slik som de ville, kva godt har det kome ut av det?

Men Kristus er den gode hyrdingen og eg må la han leie meg slik som han vil, late han fylle meg med den Heilage Ande og utruste meg med dei åndelege nådegåvene, slik blir vår dugleik av Gud, han gjer oss til dugande hyrdingar ved sin nåde. Måtte berre Kristus få leie meg til dei som treng det, måtte han berre få bruke meg slik som han vil, måtte det berre gå slik som han sa. Det er to-tre ting som skal til, det eine er at han får leie meg til dei som treng det, det andre er at eg opnar meg for denne åndelege velsigninga, så den får flyte vidare til dei andre, og at han får bruke meg.

 

3 responses to “2012.05.27. Pinsestemne. Ebeneser Volda.”

Leave a comment