2019.07. Maranata landsstevne, Seljord, 10-11. Møtet med Hasseløy. Sangmøte med fleire artistar.

Møte med Hallvard Hasseløy.

Innleiing ved broder Parr.

1KO 3,11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.

SLM 119,89   I all æve, Herre, varer ditt ord,  det står fast i himmelen.

APG 4,12 Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.”

Tale ved Hasseløy.

2KG 6,8 – 2KG 6,17 {HERREN VILDRAR SYNET PÅ ARAMEARANE}  Ein gong medan aramearkongen låg i krig med Israel, samdest han med mennene sine om at dei skulle slå leir på den og den staden. 9 Då sende gudsmannen bod til Israels-kongen og sa: “Ta deg i vare, så du ikkje fer framom den staden; for aramearane har gått dit ned.” 10 Så sende Israels-kongen folk til den staden som gudsmannen hadde nemnt og åtvara han mot; og han akta seg der. Såleis gjekk det både ein og fleire gonger. 11   Aramearkongen vart oppøst over dette. Han kalla saman mennene sine og sa til dei: “Kan de ikkje seia meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?” 12 Ein av mennene svara: “Det er ingen av oss, herre konge. Men Elisja, profeten i Israel, lèt Israels-kongen få vita kva du seier i soveromet ditt.” 13 Då sa kongen: “Gå av stad og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og henta han.” Dei kom att og sa frå at profeten var i Dotan. 14 Dit sende så kongen ein stor hær med hestar og vogner. Dei kom fram om natta og kringsette byen. 15   Tidleg andre morgonen, då tenaren åt gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auga på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. “Å, herre, kva skal vi no gjera?” sa guten til Elisja. 16 Han svara: “Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei.” 17 Så bad Elisja til Herren og sa: “Opna augo åt guten, så han kan sjå!” Då opna Herren augo hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisja.

Den åndelege verda er røyndom. 

MTT 6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.   

MTT 18,20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.”   

Det nyttar ikkje å be i fortapinga, då er det for seint. Dette er frelsens tid, i dag er Gud å finne. 

Fleire tala i tunger, Hallvard tyda.

11A. ”Eg som fordum vandra mellom gull-lysestakane i mi forsamling, eg går framleis mellom dykk, seier Jesus. Og eg har nøklane over døden og dødsriket. Det som er umogleg for deg, det er mogleg for meg, seier Herren. Men eg kallar deg til samarbeid, til samfunn, til innviing, til hengiving, for eg har store planar for deg i denne siste tid. Eg vil så gjerne utruste deg med ny kraft, med ny salving, ja, eg vil salve din auge med olje, så du skal sjå den verda der eg finst, du kan sjå det eg ser, då vil du forstå kor betydningsfull dine bønner er. Og du ofte føler at du ber og dine ord går til taket, men du skal vite at den rettferdige mann og kvinne si bønn, har stor kraft og verknad. Det bryt igjennom, når du løfter dine hender, når du prisar mitt namn, når du hengir deg til meg, då verkar mine englar. Då verkar min Heilage Ande, seier Herren. Og derfor, mitt folk, kallar eg deg på nytt, til samarbeid, til innviing. Tida er kort heretter, søk meg i den tida som du lever og la meg få lov til å prege deg dagleg, med mi salving, med mi kraft, med min nåde, med min Ande, seier Herren, for eg vil utgyte nådens og bønnens ånd over deg, så du kan få lov til å erfare, at det er ikkje langt borte frå nokon av dykk, nei, eg er nær hos alle som kallar på meg i sanning. Eg ser ditt hjertes lengsel, eg veit om ditt hjertes hengivenhet og eg er her for å møte deg i kveld, seier Herren. Kom inn i min nærleik, så skal du få kjenne, at eg er her, midt i mellom dykk, for å berøre deg, nok ein gong, seier Herren.”

11B. ”Du skal ikkje seie at ting er umogleg, nei, for meg er alt mogleg, seier Herren. Eg er alt kjøts Gud, skulle noko vere for vanskeleg for meg? Du ser dei håplause tilfella, du ser deg omkring, på dei menneskelege ting og du ser dine ufrelste og du tenker dei er langt borte frå meg, men eg ser hjertet til dine  ufrelste, som du ber for, seier Herren. Og eg veit at dine bønner, dei bryt snart igjennom, til innviing, til siger. Og du skal få sjå at, det du har sått med gråt, skal du snart få hauste med fryderop. Derfor skal du ikkje la dine hender synke ned. Nei, du skal løfte dine hendertil meg på nytt, du skal prise meg, du skal kviskre mitt namn, du skal tale mitt namn og så skal du få oppleve, at når du løfter dine hender til meg, så er eg verksam enn i dag, seier Herren, eg er alfa og omega, eg er byrjinga og enden. Ja, ingen ting er for vanskeleg for meg, eg den som er din lækjar, eg er den som er din hyrde, eg salvar ditt hovud med olje. I kveld er eg her, for å røre ved deg, så hen…,  len deg ikkje attende, men søk meg, så skal du få kjenne, eg er nær hos alle som søker meg. Eg ser til hjertets lengsel og eg vil  du skal komme inn for mitt åsyn med eit ope hjerte og med oppløfta hender. Så skal du få kjenne at eg er her med min salveolje, for å fylle ditt beger. Halluja, sett det fram, nok ein gong, så skal du få kjenne at eg gjer mi gjerning i ditt liv i denne kveldsstund. Eg er nær hos deg, seier Herren. Halleluja.”

11C. ”Kom, min favn er open for deg, eg er her, kom. Og du skal få kjenne, mi nådekraft skal fylle deg. Halleluja.”

Konsert med fleire artistar.

https://livestream.com/accounts/2061070/events/8746354?fbclid=IwAR1gSTOVhclbJ2VbLg1AsNQP38edfYbWDXoIcpbtGZANh_NsyeiCyCgIoGw

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte 2019. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s