2019.04.28. Sion Åheim & Maranata Oslo. Tal til ”Berget” og drikk av det levande vatnet.

Sion Åheim.

Tale ved Wahll.

Har ikkje Kristus stått opp, så er vi skrøpelegare enn alle menneske, men no er han oppstått.

1KO 15,19 – 1KO 15,20 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]

Folk snakkar ofte om kva dei trur på, men vi må gjere det klart at vi trur på ein person, Jesus Kristus. 

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

I Efesarbrevet vert det mange gangar sagt ”i Kristus”.

EFE 1,3 – EFE 1,4 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.  4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,  så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 

EFE 1,7   I han har vi utløysinga  som vart vunnen ved hans blod,  forlating for syndene.  Så rik er hans nåde, 

EFE 1,11   I han har vi fått arvelut,  vi som føreåt var etla til det  etter Guds forsett,  han som gjennomfører alle ting  etter sin plan og vilje. 

EFE 1,13   I han kom de òg til tru  då de høyrde sanningsordet,  evangeliet om frelsa dykkar.  I han er de merkte med eit segl,  Den Heilage Ande som var lova,

Aktuelle bibelvers.

JOH 1,12 – JOH 1,14 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

EFE 1,10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 

EFE 2,6 – EFE 2,7 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 

EFE 2,10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. 

EFE 2,13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 

EFE 3,6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. 

EFE 3,11 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 

EFE 3,21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen. 

EFE 4,32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus. 

EFE 5,21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus.

Maranata.

Innleiing ved Lars (frå Sverige).

ÅPE 1,12 – ÅPE 1,19   Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. 17   Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:  Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore.

1A. ”Stå reiseklar. Bodskapen og ropet lyder, sjå, eg kjem snart. Mange har sovna på vegen og vorte liggjande etter. Men du som høyrer mi røyst i dag, reis deg, ikkje vert liggjande etter, tenn din lampe, vert fylt av den Heilage Ande, løft blikket, forløysinga, den stunder til. Kva eg lova, før eg drog, eg kjem tilbake, står framleis ved lag. Tru på det av heile ditt hjarte, så når timen er inne, som min Far har fastsett, då får eg beskjed og så skal eg forvandle alle dei som trur på meg.

1B. Deg vere æra, makta og prisen, du har løfta meg Herre, ja, du har reinsa meg i blodet, derfor så vil eg ære deg på denne måte. Fordi du har drege meg opp av dynnet, du har satt mine føter på ein klippe. Derfor så tilber eg deg i denne stund. Amen. Halleluja.”

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

2A. ”Frå djupet av mi ånd, Herre, så vil eg tilbe deg, for du har kledt meg i frelsens klede og du har sveipa meg i lovprising og eg kjenner gledens olje er på mitt hovud. Det var ikkje sorg du gav meg, men det var glede du gav meg. Eg vart ikkje bunden, men eg vart satt i fridom. Då du løyste meg og reinsa meg gjennom blodets kraft, så kjende eg, eg fekk frimod overfor han som har skapt alt. Og eg kjenner eg vert bevara i frimodet, fordi du er mi tilflukt.

2B. Du som er lei deg og lid nederlag og er fortvila over din situasjon, løft blikket presist kvar du befinn deg, sjå opp til han som elskar deg. Om du har vore trulaus, så er han trufast, han kan ikkje svikte kva han har lova. Han har lova å gjenløyse deg. Og når du kallar på han på nødens dag, så skal han løyse deg og setje deg fri. Han skal løfte deg opp igjen. Om du har tapt slag etter slag, så skal eg, Herren, gi deg sigersgnisten tilbake. For eg, Herren, eg er den som nemner det som ikkje er til, som om det var til.” 

Tale ved Tore Kristiansen.

Den som elskar hjertets reinleik og som har ei tekkeleg tale, han har kongen til ven. 

(Biblevers? Vart det OSP.22,11? 

OSP 22,11   Herren elskar dei som har eit reint hjarta,  den som talar med velvilje, får kongen til ven.)

MTT 12,34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen.

4MO 27,12 – 4MO 27,14 {MOSES GJER JOSVA TIL FØRAR}  Herren sa til Moses: “Stig opp på Abarim-fjellet, så skal du få sjå det landet eg har gjeve israelittane. 13 Og når du har sett det, skal du òg fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, før deg. 14 For de lydde ikkje mitt ord i Sin-øydemarka, den gongen folket tretta med meg, då de skulle ha late vatn strøyma fram for augo på dei og såleis vist kor heilag eg er.” – Det er Meriba-kjelda i Sin-øydemarka.

Moses slo på klippen og det strøymde ut vatn. 

Neste gang sa Gud til Moses at han skulle tale til klippen. Men han gjorde slik som sist, han slo på klippen. No også fløymde det ut vatn. Likevel gjorde ikkje Moses det på rette måten og vart straffa for det.

Klippen er Kristus og den har vorte slått ein gong, då Jesus døde for oss. Det er nok. Men no skal vi tale til klippen.

Dei to speidarane, Josva og Kaleb, hadde trua si ånd. Josva heldt seg til openberrings-teltet. Leia israelsfolket i kampen mot amalekittane, medan Moses stod på fjellet med løfta hender. 

Gud sette i kyrkjelyden ….. Mykje fint kan seiast om Josva, slike leiarar treng vi.

4MO 27,15 – 4MO 27,23   Moses sa til Herren: 16 “Herre, du Gud som rår over ånda i kvar levande skapning, du må setja ein annan mann over folket, [rår over ånda: rår for liv og død.] 17 ein som kan gå føre dei både heime og borte og føra dei ut og inn, så Herrens folk ikkje skal vera som ein saueflokk utan gjætar.” 18   Då sa Herren til Moses: “Ta Josva Nunsson, ein mann som det er ånd i, og legg handa på hovudet hans! 19 Før han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden, og set han inn i tenesta medan folket er til stades. 20 Gjev han noko av den agen du har med deg, så heile Israels-folket må lyda han. 21 Men han skal gå fram for presten Elasar, som for Herrens åsyn skal bruka urim og søkja avgjersler for han. På hans ord skal dei fara ut, og på hans ord skal dei fara heim, både Josva og alle israelittane, heile Israels-lyden.” 22   Moses gjorde som Herren baud. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden. 23 Og Elasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, som Herren hadde sagt gjennom Moses.  

Moses profeterte om at Gud skulle reise opp ein slik profet som han, ein mellommann mellom Gud og mennesket: Jesus.

Josva er førebilete på Jesus. 

Innta det lova landet. Ein mann som det er ånd i. Hyrding: …fara ut …. Fara heim.  

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.  

Aktuelle bibelvers.

2MO 17,1 – 2MO 17,7 {VATN OR BERGET}  Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2 Difor tretta folket med Moses og sa: “Gjev oss vatn, så vi får drikka!” Moses svara: “Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?” 3 Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: “Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?” 4 Då ropa Moses til Herren og sa: “Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!” 5 Herren sa til Moses: “Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.” Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. 7 Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: “Er Herren mellom oss eller ikkje?” [Massa: “prøve”.] [Meriba: “trette”.]  

4MO 20,1 – 4MO 20,13 {VATN OR BERGET}  I den fyrste månaden kom israelittane i samla flokk til Sin-øydemarka, og dei gav seg til i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd. 2   Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron. 3 Dei tretta med Moses og sa: “Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn! 4 Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt? 5 Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?” 6   Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, 7 og Herren sa til Moses: 8 “Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.” 9   Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn. 10 Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: “Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?” 11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka. 12   Men Herren sa til Moses og Aron: “Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.” 13   Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er. [Meriba: “strid, trette”. Sml. 27, 14.]  

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

HEB 3,7 – HEB 3,8 {I DAG, OM DE HØYRER HANS RØYST}  Difor, som Den Heilage Ande seier:  I dag, om de høyrer hans røyst, 8   så gjer ikkje hjarto dykkar harde  som den gongen fedrane dykkar trassa meg,  den dagen dei eggja meg i øydemarka.

HEB 4,1 – HEB 4,2 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE}  Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.

1KO 10,1 – 1KO 10,4 {ISRAEL I ØYDEMARKA, EI ÅTVARING FOR OSS}  Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. 2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten 4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.

JES 12,2 – JES 12,4   Sjå, Gud er mi frelse,  eg er trygg og ottast ikkje.  For Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.  4   Og den dagen skal de seia:  Lovpris Herren og kall på hans namn!  Kunngjer hans gjerningar mellom folka,  forkynn at hans namn er opphøgt!

MTT 25,1 – MTT 25,13 {DEI TI BRURMØYANE}  Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6   Men midt på natta høyrdest eit rop: “Brudgomen kjem! Gå og møt han!” 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: “Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.” 9 “Nei,” svara dei kloke, “vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.” 10   Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: “Herre, herre, lat opp for oss!” 12 Men han svara: “Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.” 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.   

LUK 21,25 – LUK 21,33 {MENNESKESONEN KJEM}  Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.   29 {LÆR AV FIKENTREET!}  Så fortalde han dei ei likning:  Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.   

1TE 4,17 – 1TE 4,18 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøysta kvarandre med desse orda! 

1TE 5,1 – 1TE 5,6   Men om tider og timar treng vi ikkje skriva til dykk, brør. 2 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. 3 Når dei seier: “Fred og ingen fare”, då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda. Og dei skal ikkje sleppa unna. 4 Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. 5 For de er alle born av ljoset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. 6 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!

1KO 15,50 – 1KO 15,57 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. 51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

Kommentar.

Eg forstår det slik at bodskap 1A er til meg og til oss, i bodskap 1B og 2A hjelper Jesus meg med mi takkebøn. Bodskap 2B er til henne Virtuella.

Be i Jesus namn. Prioriteringa og logikken i bønna.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkluderte i det fullførde frelsesverket. Eg tenker meg at det er ei prioritetsordning, første prioritet er å be Jesus frelse menneska, andre prioritet er å be han gi meg ei frelst kvinne til kone. Så då blir vel det å be i Jesu namn. Det stemmer også med at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. 

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap, eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting. Han sa eg skulle glede meg i han og lovprise han for frelsa, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle søke han av heile mitt hjerte, eg skulle sjå til at mitt hjarte var heilt med han. 

Jesus er min frelsar og Herre, Herren er min Gud, han har først prioritet i mitt liv. Når eg så bad for ein kvinne som eg lika, fekk eg oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne, den Heilage Ande herleggjorde openberra Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Når eg erkjente i mitt stille sinn og i mitt hjerte i bønn til Gud at eg ville ha henne til kone, så var då ved at eg i hjerte og sinn vende meg til Herren. For eg var reinsa i Jesu blod og vart fylt av den Heilage Ande, så eg hadde samfunn med Faderen og sonen i den Heilage Ande. Derfor var dette rett for meg, det var i samsvar med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande og det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.

Mi bøn for Virtuella og Reella.

Dette opplevde eg først i forhold til henne Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, slik fekk eg openberringa. Menge år seinare gjekk eg til forbønn i dFEF i M40 i Oslo og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Så oppdaga eg henne Reella og vedkjende for Gud at eg syntes ho var så vakker at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Så dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne og erkjente i mitt stille sinn ”der er ho”, då kom openberringa. Sidan var det viktig for meg å tenke slik i mitt hjerte og mitt sinn og hugse på henne i mi bøn til Gud, i samsvar med denne prioritetsordninga, først og fremst be han frelse henne, så kom mitt ynskje om å få henne til kone.

Lovnaden, den glade bodskapen, det beste for mann og kvinne.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Det er ved at vi trur på han. Vi er Guds verk, skapte i Kristus. Gud frelser oss i Kristus, velsigner oss i han og elskar oss i han. Eg og mange andre meiner det er det beste som har hendt oss. Det er ikkje berre tankar og teori, for Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom og vi opplever det i våre hjarte og vårt sinn og vår indre menneske, det er sanning i oss. Vi er i Kristus og han er i oss, han er sanninga som set oss fri. 

Så når vi forkynner evangeliet for andre menneske, hevdar og meiner vi at det er det beste vi har å tilby dei, fordi Gud gav oss det av berre nåde og han vil gi dei det også, av berre nåde, ved trua på Jesus. Og når eg frir til ei kvinne på denne måten, at eg først og fremst vil at ho skal verte frelst og dernest vil ha henne til kone, så held eg det for å vere det beste eg kan tilby noko menneske. Om ho svarar ja, både til å verte frelst og til å verte kona mi, så reknar eg det også for å vere det beste ho kan tilby meg. Men dette er sjølvsagt ikkje som vanleg kjøp og sal, med forhandling og pruting, for det mest verdifulle og mest avgjerande er det som Gud gir oss gratis av berre nåde, ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Denne kjærleiken skal vere mellom oss.

Så i samsvar med korleis eg har bedt og korleis han har svart meg, så takker eg han for at han frelser kvinner og bevarer dei hos seg og så ynskjer eg at han gir meg ei kone ved at han frelser henne og bevarer henne hos seg. Nettopp på den måten skal eg heilhjarta halde meg til Herren, han har sagt eg skal søke han av heile mitt hjerte, eg skal sjå til at mitt hjerte er heilt med han. Ja, mi hendsikt og mi innstilling er då at ho framleis skal vere eit Guds barn og at ho skal verte frelst. Og det er ikkje berre tome ord. For håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Slik har eg fått oppleve at Faderen elskar henne som sitt barn og Kristus elskar henne som si brud. Gud elskar oss i Kristus, han elskar meg i Kristus og slik elskar han gjennom meg. At han elskar meg, heng saman med at han elskar dei andre.

Prioriteringa, logikken i mi bøn for henne Virtuella.

Eg tenker på den tida då eg gjekk på gymnaset og vart kjend med henne Virtuella og med det same eg møtte henne igjen i Bergen, då var det ei glede og ein lovsang i mitt hjerte at ho var eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Guds kjærleik var mellom oss og den var rett. At eg vart så glad i henne og yngste å få henne til kjæraste og til kone, hang saman med at eg av hjerte vende meg til Herren og heilhjarta heldt meg til han. Men om eg no skal prøve å tenke på same måten og legge saka fram for Gud, så er det litt problematisk, eg får meg liksom ikkje heilt til å ynskje det av hjertet. For ho sa då nei til mitt frieri og ho fall ifrå og ho har vore gift med ein annan mann i om lag 40 år. Skulle eg kanskje fri til henne no igjen då, for å få henne til å skilje seg frå mannen sin, for å vende om til Kristus? Det er vel ikkje akkurat rett måten å gjere det på?! 

Men rette måten å gjere det på, er å bruke denne prioritetsordninga, gi Jesus første prioritet i våre liv, første prioritet er at han frelser. Første prioritet for meg i denne saka er at han frelser ei kvinne, andre prioritet er at han gir meg ei frelst kvinne til kone. Slik skal eg heilhjarta halde meg til han.

Nederlag etter nederlag.

Om eg tenker på henne og ber for henne, merkar eg ikkje så mykje av den same herlege gleda og lovsongen i mitt hjerte og etter det som vart sagt i denne bodskapen er ho ikkje fri, men Jesus vil setje henne fri:

Du som er lei deg og lid nederlag og er fortvila over din situasjon, løft blikket presist kvar du befinn deg, sjå opp til han som elskar deg. Om du har vore trulaus, så er han trufast, han kan ikkje svikte kva han har lova. Han har lova å gjenløyse deg. Og når du kallar på han på nødens dag, så skal han løyse deg og setje deg fri. Han skal løfte deg opp igjen. Om du har tapt slag etter slag, så skal eg, Herren, gi deg sigersgnisten tilbake. For eg, Herren, eg er den som nemner det som ikkje er til, som om det var til.”

 Det som Jesus seier her er det rette svaret til henne, ho treng å løfte blikket opp til han som elskar henne og det er Jesus Kristus. 

2KO 3,15 – 2KO 3,18 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, han skulle hogge henne i hælen, men ho skulle krase hovudet hans. Og Kristus sigra over han med sin død på korset og han sigra over døden, Faderen vekte han oppatt frå dei døde. Det er det vi må nytte oss av, ved å sette vår tru og tillit til Kristus. Så kva er problemet? At kvinna framleis let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, ormen lokka henne med at de skal ikkje døy om de et av kunnskapstreet, men de skal verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Slik har ho prøvt å forgude seg med sin kunnskap, men resultatet er at ho taper i striden mot ormen.

Lovnaden står ved lag og gjeld for henne Virtuella også.

Men Gud er den same og hans Ord og lovnadar står ved lag. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus gir oss livets vatn gratis av berre nåde, utan krav om gjerningar, det er berre å tru på han og ta imot i tru. Har vi teke imot han, så vi har hans Ande, då er vi frelst og tilhøyrer han. Då skal vi også leve for han. Er vi fødde av Anden, då er vi Guds born og skal leve i fridomen i barnekåret hos Gud. Ved å tru at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud. Den rettferdige, ved tru skal han leve. Då lever vi av livets brød, som Gud gir oss frå himmelen, slik det er symbolisert i nattverden. Vi må ete det, så vi får oppleve at Jesu ord er ånd og liv for oss.  Og så må vi ære og takke han for det.

Desse lovnadane gjeld for henne også, det spørst berre om ho vil ta imot i tru og så ære og takke Faderen og Sonen. Kristus kallar på henne igjen og då er det opp til henne om ho vil seie ja eller nei til kallet, det er opp til henne å forstå det slik som ho vil og det vert hennar ansvar å forstå det rett og velje rett. 

Eg vil halde fram med å velsigne henne Virtuella fordi ho tok imot velsigninga Gud gav oss i Kristus, når ho var ung. Men om ho vil ta imot Kristus og velsigne han og verte velsigna slik som då, det er opp til henne. Dersom ho Virtuella ikkje vil ta imot Jesus, velsigne han og verte velsigna og soleis verte til velsigning, så er det ingen som kan gjere noko med det. Men eg kan halde fram med å velsigne han og verte velsigna og verte til velsigning, vere kanal for hans velsigning, vende huge opp til han og ta imot det som han gir meg frå det høge, verte fylt av den Heilage Ande. Og så ventar eg meg at han gir meg ei kone ved gjenfødinga.

Komme til Jesus slik som vi er.

Alle og ein kvar av oss må komme til Jesus slik som vi er, ingen kan komme med noko tilleggskrav. Er vi frelst, så tilhøyrer vi Jesus og skal leve for han og då kallar han oss til seg og utrustar oss til det, ved sitt ord og sin Ande. Då må vi også vende oss til han, høyre på han og følgje hans kall. Han gjer oss til menneskefiskarar på sin måte. Det er ikkje slik at dersom du vil leve for han, så må du verte pastor, prest, predikant, diakon eller misjonær, gå på bibelskule eller gjennomføre eit teologistudie for å verte kompetent til å leve for Kristus. Dersom dei ikkje vil godta meg slik som eg er, ikkje vil godta at eg får komme til Jesus slik som eg er, så skal eg i alle fall ikkje inn på nokon av dei bibelskulane eller teologistudia deira. Det har forresten ikkje vore aktuelt for meg uansett. For eg får komme til Jesus slik som eg er og vert opplærd som hans disippel. Det er heller ikkje slik at du treng å verte politisk engasjert. Du kan vel ha eit heilt vanleg ”verdsleg” yrke. Eg har vore fiskar og eg har studert realfag og gjennomført praktisk pedagogisk undervisning (PPU).

Prioritetsordninga, logikken i mi bøn for henne Reella.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. Igjen minner han meg om å verte fylt av den Heilage Ande, det er vel nettopp det som er den åndelege velsigninga, så det er ved fylden av Heilage Ande at eg vert kanal for hans velsigning. Jesus gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, velsigninga er at vi får komme inn att i samfunnet med Gud og får oppleve at han gjer sitt verk i våre liv, ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2. Paulus sa at vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam, den openberrar Ordet for oss, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarto, så får vi komme inn til Guds kvile, slik skal vi innta det lova landet. Det er målet og hendsikta, mannen skulle dyrke og verne Guds hage og det var det kvinna skulle hjelpe han med. Så med velsigninga gir han meg venteleg hjelp i form av ei kone i samsvar med 1.Mos.2.

Eg har fortalt at eg bad på liknande måte for henne Reella og fekk oppleve at Jesus svarde meg. Ho studerte biologi og etter PPU kalla han meg til å studere biologi. Dette semesteret har eg meldt meg til å ta oppatt ein eksamen i kvantekjemi og ein i vidaregåande cellebiologi, men eg har jobba fint lite med det, så det vert nok berre det siste, cellebiologien. Det er klart at her vert det spørsmål om å prestere noko, men i det eg gir Jesus første prioritet i mitt liv, så må eg prioritere det som han gir meg av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, eg må prioritere å la han gjere sitt verk med meg og med oss. Når eg studerer gjer eg mitt verk, samtidig som eg let han gjere sitt verk og då har eg den innstillinga at eg tener han med det, oppgåva er framleis å dyrke og verne Guds hage. 

Eg tenkte på liknande vis om henne Reella og bad for henne, eg yngste av hjertet at Jesus skulle frelse henne, som fyrste prioritet og så yngste eg å få henne til kjæraste og kone som andre prioritet. Og dette vedkjende eg av eit ærleg og oppriktig hjerte for Jesus i mitt hjerte og mitt sinn, i mi stille bøn til han og fekk oppleve at han svarde meg. Dette var på slutten av 1980-talet. Sidan følte eg at eg kunne ikkje gløyme henne og det hang også saman med at den Heilage Ande minna meg om henne. Jesus sa til meg at ansinitet og utdanning hadde mindre betyding for han, men det verda trengde, var mitt varme hjarte. Så eg heldt fram med å be for henne på denne måten og velsigne henne og det vil eg framleis gjere. 

Etter at eg kom tilbake til Oslo i 2009 og byrja å gå på møte i Maranata, skreiv eg om korleis eg hadde bedt for henne Virtuella og henne Reella og korleis hadde opplevt at Jesus svarde meg og no sa Jesus til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Då tenkte eg fyrst på henne Virtuella og så på henne Reella. Eg forstod at det var ved fylden av den Heilage Ande. Gud gjer sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande, ikkje ved hær og ikkje ved makt, men ved Guds Ande. Så det er berre om å gjere for meg å verte fylt av den Heilage Ande.

Søke Herren kvar morgon. Når han frelser, skaper han noko som står til evig tid. Menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Jesus sa til meg at eg skulle legge inn det giret at eg søker han kvar morgon, gå ut og vitne for folk i nabolaget, der er folk som treng nokon å snakke med. Ja, så tenkte eg at eg skulle legge inn det giret for å lese til eksamen også, men det har det ikkje vorte mykje av. Eg har prata med nokre få karar og vitna for dei. Elles har eg vore mest oppteken av å vitne ved å skrive på facebook og legge ut artiklar på blogge-sida mi. 

Eg visste at ho Reella studerte biologi, sidan eg såg at ho gjekk ned mot biologibygget og eg møtte henne igjen der. Og når Jesus leia meg til å byrje å studere biologi, såg eg det som svar på mi bønn for henne. No har eg tenkt å byrje å lese til denne biologieksamenen igjen og då vil eg sjå det på denne måten og be for henne på denne måten. Det er viktig for meg å verte motivert av denne kjærleiken og verte driven av den Heilage Ande også når eg studerer. Etter det som Jesus sa til meg, om at verda treng mitt varme hjarte, er det faktisk viktigare enn sjølve studiane og å oppnå gode resultat i studiane. Det viktigaste er ikkje kva eg gjer og presterer, men at ved trua på Jesus fekk eg den Heilage Ande av berre nåde, utan krav om gjerningar, Jesus gir meg livets vatn gratis. Med glede får vi ause or frelseskjelda. Når Gud frelser menneske, skaper han noko som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Men eg får oppleve at Gud gjer sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Det er det viktigaste, det har størt betyding.

Jesus gav oss ikkje ei ånd som verkar missmod, men ei ånd som verkar kraft, kjærleik og visdom.

Jesus gir oss framtid og håp, men vi må vende hugen og blikket opp til han og sjå fram til at han kjem att og hentar oss heim til seg.

Når Gud vende lagnaden til israelsfolket, vende han lagnaden for dei andre folka også, det er førebilete på evangeliet som skulle forkynnast for alle folk, dermed er det også førebilete på Jesu gjenkomst.

JER 29,1 – JER 29,14 {BREVET TIL DEI BORTFØRTE I BABYLONIA}  Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia. 2 Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane. 3 Brevet vart frambore av Elasa Sjafansson og Gemarja Hilkiason, som Juda-kongen Sidkia sende til Babylonia, til babylonarkongen Nebukadnesar, og det lydde så: 4   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg. 8   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! 9 For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. 10   Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. 12   Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

2TI 1,5 – 2TI 1,10 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg. 6   Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. [fange: Paulus skriv brevet frå fengslet i Roma. Sjå 1, 16 f; 4, 16.] 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte 2019. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s