2019.01.13. Sion Åheim. Den som stig fram for Gud, må tru at han er til og at han løner dei som søkjer han

Innleiing ved Olav Harald Vik.

1TE 4,13 – 1TE 4,18 {NÅR HERREN KJEM}  Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von. 14 For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. 15 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna. 16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. 17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøysta kvarandre med desse orda!

Tale ved Jarle Nygjærde.

HEB 11,1 – HEB 11,7 {VITNEMÅL OM TRU}  Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege. 4   I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død. 5   Fordi Enok trudde, vart han bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han det vitnemålet at han var til hugnad for Gud. 6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han. 7   I tru bygde den gudfryktige Noah ei ark då han vart varsla om det dei endå ikkje såg. Slik berga han huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferd som trua gjev.

MTT 8,5 – MTT 8,13 {OFFISEREN I KAPERNAUM}  Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp: 6 “Herre,” sa han, “tenaren min ligg lam heime og lid vondt.” 7 Jesus sa: “Eg skal koma og lækja han.” 8 “Herre,” svara offiseren, “eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att. 9 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.” 10 Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som fylgde han: “Sanneleg, det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru. 11 Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. 12 Men arvingane til riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.” 13 Og Jesus sa til offiseren: “Gå heim! Det skal verta som du trudde.” Og tenaren vart frisk i same stunda.  

MTT 9,20 – MTT 9,22   No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans. 21 For ho tenkte: “Kan eg berre få ta i kappa hans, så vert eg frisk.” 22 I det same snudde Jesus seg, og då han såg henne, sa han: “Ver frimodig, dotter! Trua di har frelst deg.” Og kvinna vart god att i same stunda.

MTT 15,22 – MTT 15,28 Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå desse bygdene og ropa: “Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.” [kanaaneisk: namnet på det heidenske folket som budde langs Middelhavskysten nord for Palestina.] 23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: “Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss.” [Gjer deg ferdig med henne: Uttrykket er dobbeltydig: Det kan tyda at han skal visa henne bort eller at han skal hjelpa henne. Sml. 8, 13.] 24 Men han svara: “Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels-folket.” 25 Då kom ho og kasta seg ned for han og sa: “Herre, hjelp meg!” 26 Han svara: “Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.” 27 “Det er sant, Herre,” sa kvinna, “men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira.” 28 Då sa Jesus til henne: “Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.” Og dottera vart god att i same stunda.  

Jarle fortalde litt om korleis Gud hadde brukt han, både i jobb-samanheng og i leiinga for pinse-kyrkjelyden Filadelfia i Ulsteinvik. Han visste Herren hadde eit forkynnar-kall til han, det hadde det vorte profetert om, men han var då i full aktivitet i Herrens gjernign og han kunne ikkje gå framom Herren, vi må lære å vente på Herren. Han har tenkt å skrive bok om korleis Gud har vore med han i kvardagen

Nokre som forlet kyrkjelyden er no komne attende og når han var på eit oppdrag på eit sjukehus kom han i prat med ein som hadde levt fjernt frå kyrkjelydar og som no låg på dødsleiet med kreft. Han bad han berre om å velsigne han og det gjorde han. Så han valde det i staden for prestens vanlege rituale med nattved etc. Men presten nemnde akkurat dette i gravferda.

Tungetale ved ei eldre kvinne, tyding ved Jarle.

Bodskap 1A. ”Ja, seier Herren, eg har ikkje forlete deg. Eg ser akkurat korleis du har det i denne augneblink. Eg ser korleis du har det på din kropp. Kanskje du har smerter i din kropp, men eg er lækjarane sin lækjar. Du høyrde om dei som rørte berre ved mine klædebånd. Og du skal få lov å kjenne at eg rører ved deg i denne stund. Du skal sleppe å gjere noko som helst, for eg vil besøke deg i denne kveldsstund, seier Herren. Du skal berre vere frimodig og ta imot det eg har til deg. Du skal få sjå frå ein annan vinkel, det som du har vore oppteken av i det siste, skal du få sjå ifrå ein annan vinkel. Og sjå, eg vil styrke deg, eg vil lækje deg, seier Herren.” 

Bodskap 1B. ”Du har høyrt det mange gangar sagt, at eg er i går og i dag den same. Og det er ei sanning. Eg er i går og i dag den same, som då eg gjekk i fordoms tid. Eg gjekk omkring på jorda og gjorde alt vel. Sjå, eg er den som også skal setje saman folka på denne staden, seier Herren, og de skal få sjå folka komme og strøyme til. Og de skal få sjå, berre ver frimodig og vent på meg, ikkje gå foran meg, seier Herren, men berre vent på meg, de skal få klarsignal når de skal setje spada i jorda, seier Herren, når de skal vent på meg, når de skal opne dørene, så skal de få sjå det klart og tydeleg. Berre for eg er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Eg vil vere med dykk i dagane som kjem og eg vil vere med dykk i dette året de er gått inn i. Heilt til eg kjem att på skya og hentar mi brud, så skal mange her på denne staden, vere med opp i skya og saman møte dei som er der oppe. Amen.”

Tungetale ved Inge-Lill, tyding ved Jarle.

Bodskap 2A. ”Mitt barn, du har vore trufast i di teneste, og sjå, eg vil gjere di teneste rik. Du skal få sjå, om du synest du ingen krefter har, skal eg gi deg stor styrke i åra som kjem. Du synest kanskje du har vorte gammal. Men det er ingen alderspensjon, ingen aldersgrense i mi teneste, seier Herren. For at du er verdifull, du er den som skal vere på denne staden og du skal føre mitt verk vidare på denne stad. Og du skal få sjå, mange vil komme og hjelpe til og du skal få berre stå der og sjå at mitt verk skal gå vidare på denne stad, seier Herren.” 

Bodskap 2B. ”Mitt barn, du er høgt elska. Du er den som vil stå i bresjen. Og du er den som har sagt du vil stå fram på baugen på båten. Og du skal få sjå, om der kjem bølger inn over båten, så skal eg vere der. Og eg skal – sjå, du skal få sjå at eg vil føre denne båt trygt gjennom farvatnet. Og du skal få sjå du skal få stå på trygt, du skal ikkje falle (overbord?), du skal få styrke og kraft, du skal få visdom, kvar du skal gå vidare, med dette verk, seier Herren, på denne stad. Amen.” 

Aktuelle bibelvers.

JER 2,19   Det er din eigen vondskap som tuktar deg,  ditt fråfall som fører til straff.  Så må du då skjøna og sjå  kor vondt og beiskt det er  at du har gått bort frå Herren din Gud  og ikkje lenger har age for meg,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  

JER 3,22   Snu om, de fråfalne søner,  så skal eg lækja dykkar fråfall.   “Sjå her, vi kjem til deg,  for du er Herren vår Gud.

JER 10,19   Ve meg, for eit slag!  Ulækjande er mitt sår.  Dette er berre ei liding  som eg må tola, tenkte eg. 

JER 14,17 {HAR DU VRAKA OSS HEILT?}  Dette ordet skal du tala til dei:  Tårene renn frå augo mine  natt og dag, utan opphald.  For folket mitt, den unge dotter,  har falle heilt i hop  og fått eit ulækjande sår.

JER 16,1 – JER 16,13 {EIN EINSAM PROFET}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Du skal ikkje ta deg kone og ikkje få søner og døtrer på denne staden. 3 For så seier Herren om dei sønene og døtrene som vert fødde her, om mødrene som føder dei, og om fedrane som avlar dei her i landet: 4 Dei skal døy ein pinefull død, og det skal ikkje haldast syrgjehøgtid eller gravferd for dei; dei skal verta til gjødsel på marka. Sverd og svolt skal tyna dei, og lika av dei skal verta til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka. 5   Så seier Herren: Gå ikkje inn i syrgjehus, gå ikkje dit og klag, og syn ikkje medkjensle med dei! For eg har teke min fred frå dette folket, min truskap og mi miskunn, lyder ordet frå Herren. 6 Når store og små døyr her i landet, skal dei ikkje koma i grav. Ingen skal halda syrgjehøgtid over dei, ingen skal rispa seg opp eller raka seg snau for deira skuld. [rispa seg opp: syrgjeskikk. Sjå 5 Mos 14, 1.] 7 Ingen skal bryta brød til trøyst for den som syrgjer over ein død, eller gje han eit trøystestaup når han har mist far sin eller mor si. 8   Gå heller ikkje inn i eit hus der dei held gjestebod, for å sitja i lag med andre og eta og drikka. 9 For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Enno medan de lever, ja, beint framfor augo dykkar, lèt eg fagnadrop og glederop og røyst av brudgom og røyst av brur tagna på denne staden. 10   Når du kunngjer alt dette for folket her, kan det henda at dei spør deg: “Kvifor har Herren sagt at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva for ei misgjerning og kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?” 11 Då skal du svara dei: Fedrane dykkar gjekk bort frå meg, lyder ordet frå Herren. Dei heldt seg til andre gudar, som dei dyrka og kasta seg ned for. Men meg vende dei seg frå, og mi lov heldt dei ikkje. 12 Og de har bore dykk verre åt enn fedrane dykkar. Alle fylgjer sitt vonde, harde hjarta og høyrer ikkje på meg. 13 Difor vil eg kasta dykk bort frå dette landet til eit land som korkje de eller fedrane dykkar har kjent. Der skal de dyrka andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje visa dykk nåde.  

JES 61,1 – JES 61,11 {EIT NÅDEÅR FRÅ HERREN}  Herrens Ande er over meg;  for Herren Gud har salva meg.  Han har sendt meg til å forkynna  ein gledebodskap for armingar,  til å lækja dei som har eit knust hjarta,  til å ropa ut fridom for fangar  og frigjering for dei bundne. 2   Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,  ein dag med straff frå vår Gud.  Eg skal trøysta alle som syrgjer, 3   og gje dei syrgjande i Sion  hovudprydnad i staden for oske,  gledeolje i staden for syrgjeklede  og lovsong i staden for motløyse.  Dei skal kallast rettferds mektige tre,  som Herren har planta  for å syna sin herlegdom. 4   Dei skal byggja opp att gamle ruinar,  reisa det som før vart lagt i øyde,  byggja på nytt dei nedbrotne byar,  som låg der aude frå ætt til ætt.  5   Framande skal stå og gjæta dykkar sauer,  utlendingar skal dyrka dykkar jord  og stella dykkar vingardar. 6   Men de skal kallast Herrens prestar,  tenarar for vår Gud skal dei kalla dykk.  Rikdomen åt folka skal de nyta,  og deira skattar skal de få. 7   De skal få dobbelt att for dykkar skam.   Dei som leid vanære,  skal jubla over sin lut.  Dobbel arv skal dei få i landet,  evig glede skal dei ha. 8   “For eg er Herren, som elskar rett  og hatar ran og urett.  Trufast vil eg gje dei løn  og gjera ei evig pakt med dei. 9   Namngjeten vert deira ætt mellom folkeslaga,  deira etterkomarar mellom folka.  Alle som ser dei, skal skjøna  at dei er ei ætt som Herren har velsigna.”  10   Eg vil gleda meg storleg i Herren,  mi sjel skal jubla i min Gud.  For han har kledt meg i frelsesskrud  og sveipt meg i rettferds kappe,  lik ein brudgom som pryder sitt hovud,  lik ei brur som tek på seg sine søljer. 11   For liksom jorda lèt groen renna,  og hagen lèt sædet brydda,  så skal Herren vår Gud  la rettferd gro fram  og lovsong lyda for alle folkeslag.  

SLM 31,25   Ver sterke og frimodige,  alle de som ventar på Herren!  

SLM 33,20   Vi ventar med lengsle på Herren;  han er vår hjelp og vårt skjold. 

SLM 37,9   For dei som gjer vondt, skal rydjast ut,  men dei som ventar på Herren, skal arva landet.  

SLM 130,5   Eg ventar, ja vonar på Herren,  eg ventar på hans ord. 

SLM 147,11   Herren har hugnad i dei som ottast han  og ventar på hans miskunn.  

JES 30,18   Men Herren stundar etter å vera dykk nådig;  difor reiser han seg og vil visa dykk miskunn.  For Herren er rettens Gud.  Sæle er alle som ventar på han!  

JES 40,31   Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;  dei lyfter vengene som ørnar,  dei spring og trøytnar ikkje,  dei går og mødest ikkje.  

JES 60,9   Øyar og strender ventar på meg.  Fremst går Tarsis-skipa.  Langt bortanfrå fører dei dine søner  og deira gull og sølv med dei,  til ære for namnet åt Herren din Gud,  for Israels Heilage, som gjev deg slik heider.  

KLA 3,25   Herren er god mot dei  som ventar på han og søkjer han. 

LUK 12,36 Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å lata opp så snart han kjem og bankar på.

MIK 2,12 – MIK 2,13 {HERREN VIL SAMLA ISRAELS REST}  Eg vil samla dykk alle, Jakob.  Eg vil samla Israels rest,  føra dei saman som sauer i ei kve,  som ein bøling på beite,  – ein ståkande flokk av menneske.  13   Han som brøyter veg, går føre dei;  dei bryt seg gjennom porten og fer ut.  Kongen deira går føre dei,  Herren sjølv går i brodden for dei.  

JOH 10,2 – JOH 10,4 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.

JES 52,11 – JES 52,12 {FAR BORT FRÅ BABYLON!}  Far bort, far bort frå Babylon!  Ikkje rør noko ureint!  Dra ut or byen og reinsa dykk,  de som ber Herrens kar! [Herrens kar: kanskje dei heilage tempelkara som Nebukadnesar hadde ført bort til Babylon. Sml. Esra 1, 7.] 12   For de treng ikkje skunda dykk,  de må ikkje røma frå byen.  For Herren sjølv går føre dykk,  og sist i flokken er Israels Gud.  

HEB 13,8   Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

HEB 12,22 – HEB 12,29 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, [Sion-fjellet: tempelhøgda i Jerusalem. Sjå 2 Sam 5, 6 ff; Sal 48.] 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: “Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.” 27 Her står det: “endå ein gong”. Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.  

1PE 2,4 – 1PE 2,10   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn. 

2KO 3,12 – 2KO 3,18   Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.  

Kommentar.

Bodskapane.

Det var godt å høyre at han som låg på dødsleiet bad Jarle om å velsigne han. Det minner meg om at Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Dette har eg vitna om i kommentarfelt på Facebook. Jesus velsigner meg og gjer meg til ein kanal for si velsigning, slik gjer han noko nytt og då kjem det ikkje an på kva dei har tenkt og lært før om religion, moral, filosofi og politikk. Vi har fått noko frå Guds himmel og det er nytt for denne verda.

Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er eg kanal for Guds velsigning til henne Virtuella og henne Reella. Så når han talte til meg, så visste eg med meg sjølv at det gjaldt dei og. Når det har vore talt om kvinna som hadde blødningar, har eg forstått det slik at det gjaldt henne Virtuella. Men det har med meg å gjere også. Det var snakk om kva ” det som du har vore oppteken av i det siste” og då er eg viss på at det er sikta til det som eg har skrive i mine siste dokument på bloggesida mi:

Begge kvinnene som kom med tungetale sat på høgre sida, men Inge-Lill kom over på venstre sida og stilte seg bak forstandaren, Olav Harald Vik, når ho kom med bodskapen, så det var tydeleg at den var til han.

Men eg kan godt tenke meg at den var litt til meg også. Eg har pensjonert meg, fiskarar kan pensjonere seg når dei er 60 år. Eg merkar eg byrjar å verte skrøpeleg, men det har seg også slik at eg har hatt lite fysisk aktivitet i det siste. Så var det snakk om å stå fram på baugen og det er ein situasjon eg kjenner meg igjen i, for eg har ein seglbåt og det hender eg må fram til masta og ordne med segla og heilt fram på baugen og ordne med rulleforstaget eller ankervinsjen. Då treng eg nokon som kan ta roret, men ofte er eg åleine. No har den ikkje vore brukt mykje i det siste, men eg har framleis planar om å segle til Oslo. Ja, eg legg no planar for dette året.

Fire gongar vart det sagt ”på denne stad” og her er eit vesentleg poeng, å ivareta interessene til folket som er her. Det minner oss om ein tidlegare bodskap der Jesus sa vi skulle sjå på den åkerlapp som var oss gitt. Eg vil gjere merksam på at splitt- og hersk-politikken spelar på motsetnadar mellom regionar. Men vi skal vere eitt i Kristus og i truskap til han skal vi vere trugne i det små, så vil han setje oss over noko større.

Alfa og omega, skapar – ikkje skaparverk, årsak – ikkje verknad.

Gud er alfa og omega, byrjinga og enden, før han var det ingen og etter han kjem det ingen. Han har skapt alle ting ved sitt Ord, slik han er årsak, men han er ikkje verknad. Likevel er han alle stadar nærverande og er også den siste. Dette har eg skrive om i det siste. 

På evangeliets grunnvoll får vi komme inn i samfunnet med han, han er ånd og han er kjærleik, han rører ved oss og vekker oss opp i samfunn med seg og så taler han til oss og hans Ord skaper det som det nemner. Jesus er Guds Ord og Gud skaper oss i han og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Då er han framleis årsak, ved at han rører ved oss og taler til oss, men han er ikkje verknad. Men dersom vi søker han av heile vårt hejrte skal vi finne han, slik gir vi han makt i våre liv, så vi får oppleve at han gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande. Vi må innstille oss på det altså, så det får denne verknaden i våre liv. 

Omskjeringa er førebiltet på hjerteomskjeringa i Anden og den gjer dette klart for oss. Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande, gratis, av berre nåde. Så det er berre å ta imot i tru. Så skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Kristus har kjøpt oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han, har vi fått hans Ande, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. Det gir oss meining med livet. 

Gud førde dyra fram for Adam og han gav dei namn. Så han var ein naturvitar, han såg og forstod seg på korleis dei levde og korleis dei formeira seg. Så det skulle ikkje vere vanskeleg å forstå at menneska formeira seg på ein liknande måte. Det er tale om dyra og dyrelivet, men det er brukt til samanlikning med menneska og menneskelivet, der er menneske som lever på eit meir lavtståande nivå, til samanlikning med dyra. Det blir endå meir tydeleg når vi tek med 1.Mos.3.

Men mannen var det mest høgtståanede individet og Gud hadde gitt han i oppgåve å dyrke og verne hagen, det gav han meining med livet, det hadde han skapt han til så slik var livsforma hans. Og Gud ville gi han ei hjelp som høvde for han, så han skapte kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt. Adam sa ho skulle kallast kvinne, for ho var teken av ein kar. Så han berre erkjente at slik var det, fordi Gud gjorde det slik. Her står ikkje noko om at han fridde til henne altså, men Gud førde henne til han og han tok imot henne og erkjente at det var Guds verk. Ho skulle hjelpe han med å dyrke og verne Guds hage, så det var den overordna hendsikta med livet og med samlivet dei i mellom, i tillegg til at formeiringa var den naturlege hendsikta. 

Kva Jesus har for meg?

I den første bodskapen vart det sagt:

”Og du skal få lov å kjenne at eg rører ved deg i denne stund. Du skal sleppe å gjere noko som helst, for eg vil besøke deg i denne kveldsstund, seier Herren. Du skal berre vere frimodig og ta imot det eg har til deg. Du skal få sjå frå ein annan vinkel, det som du har vore oppteken av i det siste, skal du få sjå ifrå ein annan vinkel. Og sjå, eg vil styrke deg, eg vil lækje deg, seier Herren.”

Det eg har vore oppteken av  i det siste, har eg skriftleg, i desse dokumenta som eg har skrive, eg har skrive om henne Virtuella og henne Reella igjen og eg reknar med eg slepp å skrive det oppatt. Men eg skal få sjå det frå ein annan vinkel altså, at ho Virtuella vert lækt.

Eg byrja å studere i Oslo hausten 1984, eg gjekk på møte i dFEF i M40 og Jesus sa til oss gjennom tyding av tungetale at han ville lækje dine år i fråfall. Eg forstod det var sikta til henne Virtuella. Han sa til meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk og eg hadde fått merke noko av den sjukdomen i mitt indre, men han ville lækje den. Eg forstod at det hadde med henne Virtuella å gjere, saman med dei venste-radikale og kvinnerørsla hadde ho vore med i protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Paulus tok lærdom av at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og åtvara mot å verte forførde slik som ved syndefallet. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, så dette skal fungere slik mellom oss. Men dette protesterte dei mot, så det har ikkje fungert slik som det skulle og det er ein sjukdom.

Seinare, når eg las frå profeten Jeremias, oppdaga eg at han var i ein liknande situasjon, folket hans hadde falle frå Herren og var såra og sjukt og Jeremias kjende det som eit sår og ein sjukdom. Han skulle ikkje gifte seg, for det skulle ikkje gå vel med sønene og døtrene til dei som budde i landet. Dei ville ikkje vende om til Herren, så han kunne lækje dei og han ville ikkje gi dei nåde. Det vart krig og nedslakting og folk vart bortførde til Babylonia. Men Gud ville vende lagnaden båd for dei og dei andre folka, etter 70 skulle dei få høyre kongebodet om at dei skulle få fare attende til landet sitt. Og det er førebilete på den glade bodskapen som vi har teke imot og som vi forkynner.

Gud er den same som då han skapte og han gjorde sine gjerningar ved Son sin, Jesus Kristus, når han gjekk her på jorda. Og Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Frå eg var ein liten gutunge var eg opplærde til å påkalle han som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod et at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så som første prioritet bad eg han frelse menneska og som andre prioritet bad eg han gi meg ei frelst kvinne til kone. Han er den same no og eg gjer rett i å halde fram med å be til han på same måten. Og det er no tydeleg at han gir meg ei kone ved at han frelser henne og set henne fri.

Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjerte og det minna meg om å be for henne Virtuella slik som når eg gjekk på gymnaset. Når vi gjekk på gymnaset takka og lovpriste vi Jesus som vår frelsar og Herre. Det gjorde ho Virtuella også. Ho fall ifrå og vart hans fiende. Men når eg søker han av heile mitt hjerte, så betyr no det at eg tek parti med han. Så eg vil at han skal frelse henne igjen og det ber eg han om. 

Og det ”ser no ut til”, høyrest no ut som han frelser henne, reinser henne og set henne fri, for å gi meg henne til kone, og det kan kjennast som lækjedom. Og så skal eg vere frimodig til å ta imot det som han har for meg. 

Det er vel ikkje vits i at eg skriv noko meir om det no. Eg skal berre halde fram med å søke Herren av heile mitt hjerte og ta imot det som han gir meg frå det høge og la han gjere sitt verk i mitt liv ved sitt Ord og sin Ande.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte 2019. Bookmark the permalink.

1 Response to 2019.01.13. Sion Åheim. Den som stig fram for Gud, må tru at han er til og at han løner dei som søkjer han

  1. Pingback: Jesus er Guds elska Son, han er kjærleikens konge, Gud har salva han til å vere vår frelseskonge. Hans kyrkje er hans brud, han elskar henne med kjærleiken frå Gud. Vere kanal for Guds velsigning. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s