2019.01.06. Maranata. Jesus vil løfte deg opp på høgare grunn.

2

Tungetale ved Karl, tyding ved Håkon Martinsen:

”For eg er den Gud som byrja ei god gjerning i deg. Men no er det stansa opp. Du byrjar å sjå deg omkring og du lure på kvar di hjelp skal komme frå. Men du skal få lov til å løfte ditt blikk opp her i kveld og ha det festa på meg som er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg vil løfte deg opp på ein høgare grunn. Eg vil ikkje la deg falle og falle og falle, men du skal verte styrka i ditt indre menneske, når du er villig til å komme til meg, slik som du er, så skal du få kjenne at der står fram føre deg ei opna dør og der er ingen som kan lukke den til, for det er eg, Herren som har opna den opp og ved mitt blod, så skal du vere frimodig i kveld, til å gå inn i heilagdomen. Der vil eg halde måltid med deg og du halde måltid med meg. Og der skal eg styrke ditt liv, eg skal styrke deg og halde deg oppe, framover. 

For det skjer ikkje ved makt og ikkje ved kraft, ikkje ved eigen styrke, ikkje ved eigen kløkt, ikkje ved eigne ideer, ikkje ved din eigne tankar. Men åleine ved min gode Heilage Ande, så skal du få kjenne at eg er ingen gud der ute i periferien, men eg er komen nær til. Og du som slit og strevar, kom til meg, har eg sagt og du skal finne kvile. Eg, Herren, tek av deg alle dine byrder, alle dine plager, alt som reiser seg opp imot kunnskapen om meg i ditt liv skal eg ta til fange og eg vil hive det på dør. Og det skal aldri meir nå deg igjen. Gå med meg, vandre med meg, bli fyllt av meg, eg som fyller alt i alle. Og eg Herren, eg skal bere deg på mine eigne armar, like inn i mitt aller heilagste har eg kalla deg. Der skal du få oppleva herlegdomsskya, du skal få kjenne Anden koma over deg og du skal bli til eit anna menneske. For eg Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.”

Tale ved Håkon Martinsen.

Jesaja.57,15 Så seier han som er høgt opphøgd,

        han som tronar evig og heiter Den Heilage:

        I det høge og heilage bur eg

        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

        og hjarta til liv hjå dei knuste.

Heb.11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

Luk.13,10 Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.» 13 Så la han hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.

Joh.11,25 Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 26 Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»

Mark.5, 34 Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.»

35 Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?» 36 Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»

Aktuelle bibelvers.

SLM 121,1 – SLM 121,8 {HERREN ER DIN VAKTAR}  Ein song til festferdene.   Eg lyfter mine augo til fjella:  Kvar kjem mi hjelp ifrå? 2   Mi hjelp kjem frå Herren,  han som skapte himmel og jord.  3   Han lèt ikkje foten din vera ustø,  din vaktar blundar ikkje. 4   Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,  Israels vaktar.  5   Herren er din vaktar, Herren er din skugge,  han er ved di høgre hand. 6   Sola skal ikkje stikka deg om dagen  og månen ikkje skada deg om natta. [månen: Etter gamal tru kunne månen valda sjukdom og anna ulukke. Sml. Matt 17, 15.]  7   Herren skal vara deg frå alt vondt  og verna om ditt liv. 8   Herren skal vara din utgang og din inngang  frå no og til evig tid.  

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

HEB 12,1 – HEB 12,2 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR}  Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.

1SA 2,8   Han reiser småkårsfolk or støvet,  lyfter den fattige or oska,  sessar han saman med stormenn  og gjev han eit ærefullt sete.  For søylene under jorda høyrer Herren til,  han bygde jorderiket på dei.  

2SA 22,49   Han friar meg frå mine fiendar,  ja, lyfter meg høgt over mine motstandarar  og bergar meg frå valdsmenn.  

JBS 5,11   Han reiser opp folk frå ringe kår,  lyfter og bergar dei som syrgjer.  

SLM 18,49   Han friar meg frå mine fiendar,  ja, lyfter meg høgt over mine motstandarar  og bergar meg frå valdsmenn.  

SLM 37,34   Venta på Herren og fylg hans veg!  Så lyfter han deg opp, og du arvar landet;  du får sjå at dei vonde vert utrudde.  

SLM 113,7   Han reiser dei ringe or støvet,  lyfter dei fattige or oska

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,22 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   14 {TIL LAODIKEA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:  Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 “Eg er rik,” seier du, “eg har overflod og vantar ingen ting.” Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå. 19   Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. 21   Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol. 22   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   

2KO 10,2 – 2KO 10,5 Eg bed dykk at eg må få sleppa å visa kor modig eg er når eg no kjem til dykk! For eg skal syna kor fast og djerv eg er mot dei som seier at vi lèt oss driva av reint menneskelege motiv! 3 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.

SKR 4,6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”   

2MO 40,34 – 2MO 40,38 {HERREN ER I SIN HEILAGDOM}  Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. [skya: som Herren openberra seg i. -> 13, 21.] 35 Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. 36 Kvar gong skya lyfte seg frå heilagdomen, tok israelittane ut. Såleis gjorde dei på heile ferda. 37 Men når skya ikkje lyfte seg, heldt dei seg i ro til ho lyfte seg att. 38 For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte.  

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.  

Kommentar.

Eg var ikkje på dette møtet, men såg det på ”youtube”.

Kristus er hovudet for manne og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og slik gjer han meg til kanal for si velsigning og slik har dette med meg å gjere, så det er ein bodskap til meg og så trur eg det er ein bodskap til henne Virtuella. Slik handlar det om mi sak.

Gud er alfa og omega, den første og den siste. Gud talte og det skjedde, Jesus er Guds Ord, alt vart til ved han. Han gir oss ånd og liv og liv i overflod. Dei som er komne før han, er tjuvar og røvarar.

JOH 10,1 – JOH 10,21 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17   Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.” 19   No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: “Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?” 21 Andre sa: “Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.”  

Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande gratis, av berre nåde og då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, vinn han makt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Så Gud som er ånd råder over vår fysiske natur. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Frå kyrkjehistoria og filosofihistoria veit vi korleis verdsleg makt vil komme inn i kyrkja og fortrenge evangelisk kristendom, så dei prøver altså å komme før Kristus, for å få makt over mennesket i staden for han. Så verdsleg, fysisk makt prøver å fortrenge Herren som er Anden for å få makt over vår fysiske natur i staden for han. Men det var då slik verdsleg makt som vart symbolisert ved avgudane, laga av stokk og stein. Det var sanseleg fysisk realitet, kunstverk, men som gudar var dei like fullt kunstige. Der var ikkje ånd i dei, dei såg ikkje, talte ikkje og gjorede ingen nytte for seg.

Men det eg har å gjere, er å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, såke han av heile mitt hjerte og heilhjarta halde meg til han. Han gjer meg til kanal for si velsigning og slik trur eg han vil velsigne både henne Virtuella og henne Reella. Og så ventar eg meg at han kjem meg til hjelp med sin Ande og si kraft og slik vil han gi meg hjelp i form av ei kone.

Overskrift 1

Overskrift 2

Overskrift 3

Overskrift 4

Overskrift 5

Normal.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Filosofi, Historie, Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2019. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s