2018.12.2. Maranata. Barnekår hos Gud.


Innleiing ved ein mann.

Kor mange kyrkjelydar ventar på Jesu gjenkomst?

Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen.  2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke.  3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.  4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine.  5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

     6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!»  7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine.  8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.»  9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»

    10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» 12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Så sa han noko om at med moderne telefonar og datamaskiner er synda berre eit tastetrykk unna, han tenkte på kor lett tilgjengeleg pornografi hadde vorte på internett. 

Alle brurmøyane sovna, men det er om å gjere for oss å vere som dei fem vituge.

Tungetale ved Karl, tyding ved Tore.

1A: I nådens hav, der finst alle synder som har blitt begått og som blir begått og som kjem til å bli begått. Der har eg kasta dei og eg kjem dei aldri meir i hug. Derfor er du frelst i kveld av berre nåde. Derfor er du løfta opp i kraft av min Heilage Ande og eg har gitt deg barnekår i ditt hjerte. Og når barnekåret er i deg, så har du ingen ting å frykte for framtida. Når eg kjem, då blir du med. Og om du ikkje har barnekårets ånd i ditt hjerte, så ta imot meg, så skal du få kjenne at eg tek imot deg. Og eg har fullført verket også for deg. Så i kveld har du anledning til å verte fornya i di ånd, til å verte lækt i din kropp. I kveld er det nåde å få.

1B: Snakk ikkje så mykje om det negative, holdt ikkje fram alt dette som Djevelen er i stand til å gjere. Men løft opp meg, pris meg, opphøg mitt namn. Og berør ikkje så mykje av dei ting som høyrer denne verda til. Då skal de få oppleve at eg, Herren, skal sette deg fri, eg, Herren skal løfte deg opp, ha ingen ting med det som er død å gjere, men vert fylt av meg, så skal du få kjenne at ditt hjertet, det flyt over.

Tale ved Tore Kristiansen.

Jesus var mild mot vanlege folk, men krass mot farisearane og dei skriftlærde.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

Barn til den frie kvinna, barn etter lovnaden.

Høgsangen.2,

8 Høyr, det er min ven.

        Sjå der, han kjem

        springande over heiane,

        hoppande over haugane.

     9 Min ven er som gasellen,

        han liknar den unge hjort.

        Sjå, der står han bortmed husveggen;

        han glytter inn gjennom gluggen

        og ser inn mellom sprinklane.

    10 Min ven tek til ords og seier:

        Stå opp, min hugnad!

        Kom ut, mi fagre møy!

    11 For sjå, vinteren er til endes,

        regnet har kvorve.

    12 Blomane sprett på vollane;

        songtida er komen,

        og turteldua kurrar i landet.

    13 Frukta på vintreet raudnar,

        og det angar av vintre i blom.

        Stå opp, min hugnad!

        Kom ut, mi fagre møy!

    14 Du mi due på berghylla,

        i livd under flogbratte fjell,

        lat meg få sjå din skapnad,

        lat meg få høyra ditt mæle!

 For di røyst er så mjuk

        og din skapnad så fager.

Høyr, sjå, med begge øyrene og augene. Han som sat i gluggen (vindauget) medan Paulus talte, sovna og falt ut. Tore brukte det talande for korleis det kan gå om ein høyrer med eine øyret og vender det andre mot verda, ser inn med det eine auget, men ser ut mot verda med det andre.

«I han» vert det sagt fleire gangar i Ef.1.

2.Mos.33,1 «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses. 19 Han svara: «Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar. 20 Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.» 21 Sidan sa Herren: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget! 22 Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom. 23 Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.»

Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore.

2A. Om dei var motlause, så smilte eg til dei og mitt smil kunne dei ikkje formørke. Eg, Herren, eg trøysta dei nedbøygde, eg gav liv til dei som hadde sovna inn. Eg talte Ordet og når Ordet gjekk ut, så var det livssalig og dei som høyrde Ordet, dei kjende dei vart metta i sitt indre og dei vart fjetra av det Ord som eg talte. For det var ikkje berre ord til trøyst, men det var ord som skapte ånd og liv.

2B. Eg må prise deg, for du har gitt meg glede i hjerte, du har gitt meg fred til mitt indre menneske. Eg kjenner mine føter, dei er planta på klippen. Og eg kjenner sangen, den er i mitt hjertre. Det er ein frigjort sang, den sangen som eg fekk når eg kom til blodet. Og når blodet reinsa mitt liv, då vart alt nytt og det gamle forsvant i nådens hav. Og han reiste meg opp og så gjorde han mine trinn faste. Halleluja.

Tankar og bøn før møtet.

Bodskapen førre søndag:

«Når du trur du går nedover, så skal eg, Herren, føre deg oppover. Når du har sett deg missmodig på alle omstende, då kryp opp på mine kne og ver i kvilestilling i min armar. Så skal du kjenne min omsorg, den skal vere over deg og mi omsorg skal trøyste deg. For eg, Herren, har teikna deg i begge mine hender. Og alle dine problem har eg visst om heile tida, men eg ynskjer at du skal komme nær til meg, rope til meg, så skal eg, Herren, setje deg fri.

Bruk bønnespråket, be i den Heilage Ande. Så skal du få kjenne at du skal tale løyndomar med meg, din Far. Og din motstandar skal ikkje ha adgang. Han høyrer nok du ber, men han veit ikkje kva du ber eller priser meg for. Derfor bruk bønnespråket, tal i tunger og du skal få kjenne at di ånd skal bli bygd opp, di ånd skal bli fornya, di ånd skal kjenne seg styrka. Og det mine born treng i dag, det er ei fornying i Anden, det er ei sterkare tru. Og når du får denne fornyinga så skal du oppleve at du skal ikkje vere under, men du skal gå sigrande gjennom tilværet.»

Andre møter med liknande bodskap.

Den bodskapen som kom førre søndag minna meg om at Jesus sa til oss at han har bestemmt at midt i hans kyrkjelyd, der skal vekkinga, livet, overfloda og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt i mitt hjerte. 

https://tsivert.com/2018/11/21/18-11-2018-maranata-sok-herren-av-heile-ditt-hjerte-og-gi-han-all-aere-og-pris/

https://tsivert.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/

https://tsivert.com/2016/08/23/1996-08-21-m40-komme-fram-for-herren-og-stille-mitt-hjerte-til-ro-innfor-hans-asyn/

I bønn til Gud ville eg opne meg som kanal for Guds velsigning både til henne Reella og henne Virtuella, på dette møtet bad eg slik først for henne Reella, så for henne Virtuella og då kom denne bodskapen. Så eg tenker slik at den var spesielt til meg og til henne.

Anden og livet vart planta i meg ved gjenfødinga. Jesus vil føre meg fram for trona (nådens trone), han gir meg seg sjølv og vil at han skal vinne skikkelse i meg.

https://tsivert.com/2016/08/23/1997-02-16-m40-ver-ikkje-trongsynt-men-utvid-hjertet-gud-har-planta-livet-i-meg-jesus-er-livet-han-er-kongen/

https://tsivert.com/2016/08/23/1997-02-23-m40-herren-vil-openberre-sin-plan-sa-rettferdssola-gar-opp-med-laekjedom-under-sine-vinger/

Kvilestaden som er utgangspunkt for all teneste. La Faderen ta omsorg for sine born og sine henders verk. Be som arving, lese både det gamle og det nye testamentet som arving.

https://tsivert.com/2016/08/14/2006-11-12-betel-kanal-for-guds-velsigning/

Kanal for Guds velsigning. 

Eg har fortalt at når eg var ung, merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Vi hadde samfunn med Faderen og Sonen og når eg møtte henne igjen i Bergen opplevde eg at Jesus openberra seg for meg og for henne. Ho gjekk bort ifrå han, men han har kalla på henne sidan. Guds kjærleik var mellom meg og og henne, den var rett og det er den framleis.

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte og heilhjarta halde meg til han. Så mi innstillling og mitt standpukt er at ho framleis skal leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Her var det tale om å be i den den Heilage Ande, bruke bønnespråket, spesielt tungetale. Og det trur eg gjeld både meg og henne.

På slutten av 1980-talet, når eg studerte i Oslo oppdaga eg henne Reella og når eg sat på den store lesesalen øvst i Vilhelm Bjerknes hus vedkjende eg for Herren at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne elles og ikkje hadde snakka med henne. Litt seinare, når eg sat på lesesalen merka eg at den Heilge Ande minna meg om henne og dreiv meg til å gå ut, ja, eg kunne vel gå det vanlege ærende på toalettet i kjellaren, men når eg kom ned siste trinna til første etasje kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då vedkjende eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då var de om himmelen opna seg og eg opplevde ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same til henne. Og der har nyst kome ein bodskap der Jesus overtyda meg om at, jau, det er henne han vil gi meg til kone, han kunne ikkje seie noko utan å gjere det.

https://tsivert.com/2018/03/19/2018-03-18-herren-er-sjolv-profetroysta-sa-lytt-ikkje-til-ei-kvar-profetroyst-i-denne-tida-mote-i-maranata/

Sidan hugsa eg på henne i bønn, eg følte eg kunne ikkje gløyme henne, ja, Herren minna meg om henne, eg skulle berre la kjærleiken flamme opp og vere brennande i ånda. At Jesus openberra seg for meg og for henne hadde å gjere med at Jesus vann skikkelse i meg og i henne og slik ville han gjere seg til kjenne for verda. 

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte og heilhjerta halde meg til han, slik skal eg ta parti med han. Så mi innstilling og mitt standpunkt at er både ho Virtuella og ho Reella skal leve i slike kjærleiksforhold til Faderen og Sonen. 

Eg skal tre fram for nådens trone og vekse opp til han som er hovudet for lekamen, slik at han vinn skikkelse i meg. Det er visst hovudsaka for han, han han gir meg ikkje ting, men han gir meg seg sjølv. Vel, eg har no bedt han gi meg ei kone og han har svart meg positivt på det, så eg reknar med det følgjer med.

Sommaren 1977 var eg med eit team i Ungdom i Oppdrag og ein gong vi bad byrja vi alle å tale i tunger, som ei lita lovprising, dei byrja og eg vart dregen med i det av den Heilage Ande. I mitt indre menneske kjendest det som den Heilage Ande hjelpte meg i mi takkebøn, å takke for at Jesus hadde gjort sitt verk med henne Virtuella.

Og no spør eg meg sjølv, korleis kan eg tale i tunger? Det kjennest slik, i mitt indre menneske, at det er ved at eg opnar meg som kanal for Guds velsigning til henne Virtuella, men det kan godt hende det handlar vel så mykje om at ho skal tale i tunger. Eg forstår i alle fall at det er viktig for henne å få komme fram for nådens trone og la si røyst lyde der, snakke med Faderen og Sonen og få svar, ta imot Faderens kjærleik og omsorg.

Paulus sa at han tala mykje i tunger, men i kyrkjelyden ville han heller tale nokre få ord med forstanden enn ei heil drøss med ord i tunger, for det forstod ikkje dei andre, men tala han slik at dei fortod det, tyde tungetale eller tala profetisk, så var det fruktbart for dei andre. Den som tala profetisk, tala til påminning, oppbygging og trøyst.

Men her vert du (eg og/eller ho og kven som helst av oss) altså oppfordra til å tale i tunger, for då forstår ikkje din motstandar kva du seier. I verda får vi motstand, der har vi mange motstandarar, men no har vi altså motstandarar i dei kristne kyrkjelydane, det kan vere partistrid mellom dei kristne, men det har seg nok helst slik at med si verdsleg makt står dei imot, som våre motstandarar og motstandarar av Guds sak. Dei høyrer og forstår det same som vi, at Gud elskar oss og har omsorg for oss, men dei tek standpunkt imot at det skal vere noko av. Så det er om å gjere å tale i tunger, slik at dei ikkje forstår kva vi seier.

Eg har no prøvt å bruke forstanden både til å studere Guds Ord og studere realfag. Men Gud gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Det er berre om å gjere for meg å heilhjarta halde meg til han og ta imot i tru.

Kommentar til dagens møte.

Bodskap 1A tek eg som svar på mi bøn, setninga: «Og om du ikkje har barnekårets ånd i ditt hjerte, så ta imot meg, så skal du få kjenne at eg tek imot deg. Og eg har fullført verket også for deg.» tek eg som svar på mi bøn for henne Virtuella.

Bodskap 1B tek eg som svar på det som vart sagt i innleiinga. Vi skal ikkje ha noko med det som har med død å gjere. Den løna synda gir er død. Når menneske let kjøtets lyst råde, så det lever etter sine lyster, så fører det til åndeleg død. Men vi vert reinsa frå all synd og urettferd i Jesu blod og vi vert fylte av den Heilage Ande. Då skal vi late Anden råde i vår døyelege lekam. Den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Då må vi også vende blikket på han.

Når eg høyrde dette, tenkte eg også på dei fem uvituge brurmøyane, vi skal ikkje ha noko med dei å gjere, dei vil ha olje av oss, men då må vi avvise dei og svare dei, for elles har vi ikkje nok til oss sjølve. Oljen er symbol på livet og Anden som vi får av berre nåde, livet er lyset for menneska. Guds nåde er nok for oss.

Bodskap 2A stadfester det Tore sa i tala. Og eg har då sjølv fått oppleve at livet vart planta i meg ved Guds Ord, så det skulle vekse ved at hjertets jord vert vatna. Eg har fått oppleve at Ordet som vert forkynnt oppbygger meg i mitt indre menneske. 

Bodskap 2B opplever eg som at den Heilage Ande hjelper meg med mi takkebøn. Eg har skrive om lovsongen som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og hevda og forklart at det har å gjere med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og nettopp det var tema når det vart tale ifrå Høgsangen.2. Når eg høyrde setninga: «Og når blodet reinsa mitt liv, då vart alt nytt og det gamle forsvant i nådens hav», tenkte eg på mitt kjærleiksforhold til henne Reella, det er himmelsk. Eg tenker meg at han gir meg henne som kjærast og som kone og då er mitt kjærleiksforhold til henne som kjæraste og som kone framleis himmelsk. For Gud er kjærleik og hans kjærleik er mellom oss.

Aktuelle bibelvers.

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.  4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.  5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til.  6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred.  7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller.  8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad.  9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamendød på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

    12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2018. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s