25.11.2018. Maranata. Be i Anden, verte åndeleg fornya og få sterkare tru.

Tyding av tungetale: 

“Når du trur du går nedover, så skal eg, Herren, føre deg oppover. Når du har sett deg missmodig på alle omstende, då kryp opp på mine kne og ver i kvilestilling i min armar. Så skal du kjenne min omsorg, den skal vere over deg og mi omsorg skal trøyste deg. For eg, Herren, har teikna deg i begge mine hender. Og alle dine problem har eg visst om heile tida, men eg ynskjer at du skal komme nær til meg, rope til meg, så skal eg, Herren, setje deg fri.

Bruk bønnespråket, be i den Heilage Ande. Så skal du få kjenne at du skal tale løyndomar med meg, din Far. Og din motstandar skal ikkje ha adgang. Han høyrer nok du ber, men han veit ikkje kva du ber eller priser meg for. Derfor bruk bønnespråket, tal i tunger og du skal få kjenne at di ånd skal bli bygd opp, di ånd skal bli fornya, di ånd skal kjenne seg styrka. Og det mine born treng i dag, det er ei fornying i Anden, det er ei sterkare tru. Og når du får denne fornyinga så skal du oppleve at du skal ikkje vere under, men du skal gå sigrande gjennom tilværet.”

Tale ved Tore Kristiansen.

Apgj.10.I Cæsarea budde det ein mann som heitte Kornelius, ein offiser i den hæravdelinga som vart kalla Den italiske.  2 Han var ein from mann, og både han og huslyden hans var gudfryktige. Han gav ofte gåver til dei fattige i folket, og han bad alltid til Gud.

     3 Ein dag ved den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!»  4 Kornelius stirte på han og spurde skjelvande redd: «Kva er det, herre?» Engelen svara: «Bønene dine og gåvene dine til dei fattige har stige opp til Gud og mint han om deg.  5 Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon med tilnamnet Peter.  6 Han bur hos garvaren Simon, som har eit hus nedmed sjøen.»  7 Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla Kornelius til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av oppassarane.  8 Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.

     9 Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen. 10 Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom han i ekstase, 11 og han såg himmelen open og noko koma dalande ned. Det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna. 12 I duken var det alle slags dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slags fuglar under himmelen. 13 Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!» 14 «Det kan eg ikkje, Herre!» svara Peter. «Aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.» 15 Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.» 16 Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.

    17 Som no Peter var i villreie om kva det kunne tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten. 18 Dei ropa inn og spurde om Simon med tilnamnet Peter budde der. 19 Og medan Peter endå grunda på synet, sa Anden til han: «Her er tre menn som spør etter deg. 20 Skund deg og gå ned! Du skal følgja dei utan å nøla, for det er eg som har sendt dei.» 21 Då gjekk Peter ned til mennene og sa: «Det er meg de spør etter. Kvifor er de komne hit?» 22 Dei svara: «Offiseren Kornelius, ein rettferdig og gudfryktig mann som heile jødefolket har berre godt å seia om, har fått ein bodskap frå ein heilag engel som sa at han skulle henta deg heim til seg og høyra kva du har å seia.» 23 Så bad Peter dei inn og lét dei bu der om natta.

        Dagen etter tok han av stad saman med dei, og nokre av brørne frå Jaffa var med ha n. 24 Neste dag nådde dei Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei næraste venene sine. 25 Som no Peter skulle gå inn, kom Kornelius imot han, kasta seg ned for føtene hans og tilbad han. 26 Men Peter reiste han opp og sa: «Stå opp! Eg er eit menneske, eg òg.» 27 Medan dei snakka saman, gjekk dei inn. Der fann han mange som hadde samla seg, 28 og han sa til dei: «De veit at det ikkje er tillate for ein jøde å omgåast eller vitja nokon frå eit anna folk. Men meg har Gud vist at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint. 29 Difor kom eg utan motmæle då eg vart bodsend. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?» 30 Då sa Kornelius: «For tre dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg. 31 ‘Kornelius’, sa han, ‘Gud har høyrt bøna di og har kome i hug at du gjev til dei fattige. 32 Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’ 33 Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. No står vi alle her for Guds andlet og vil høyra alt som Herren har pålagt deg å seia.»

    34 Då tok Peter til orde og sa: «No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer forskjell på folk, 35 men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, same kva folkeslag dei høyrer til. 36 Dette var det ordet han sende til Israels folk, den gode bodskapen om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle. 37 De veit om det som tok til i Galilea etter at Johannes hadde forkynt dåp, og som spreidde seg over heile Judea: 38 at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den heilage ande og kraft, og at han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt, for Gud var med han. 39 Og vi er vitne om alt det han gjorde rundt om i landet til jødane og i Jerusalem. Han som dei hengde på eit tre og tok livet av, 40 han reiste Gud opp att tredje dagen og lét han syna seg, 41 ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud på førehand hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde. 42 Og han baud oss forkynna dette for folket og vitna at han er den som Gud har sett til dommar over levande og døde. 43 Alle profetane vitnar om han og seier at kvar den som trur på han, skal få tilgjeving for syndene ved hans namn.»

    44 Medan Peter endå tala, fall Den heilage ande på alle dei som høyrde Ordet. 45 Dei truande av jødisk ætt som var komne dit saman med Peter, undra seg storleg over at Den heilage andens gåve var aust ut over heidningane òg. 46 For dei høyrde at dei tala i tunger og lova Gud. Då sa Peter: 47 «Desse har fått Den heilage ande slik som vi. Kan då nokon nekta dei vatnet og hindra at dei blir døypte?» 48 Og han baud at dei skulle døypast i Jesu Kristi namn. Så bad dei han vera der nokre dagar.

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore.

Når du trur du går nedover, så skal eg, Herren, føre deg oppover. Når du har sett deg missmodig på alle omstende, då kryp opp på mine kne og ver i kvilestilling i min armar. Så skal du kjenne min omsorg, den skal vere over deg og mi omsorg skal trøyste deg. For eg, Herren, har teikna deg i begge mine hender. Og alle dine problem har eg visst om heile tida, men eg ynskjer at du skal komme nær til meg, rope til meg, så skal eg, Herren, setje deg fri.

Bruk bønnespråket, be i den Heilage Ande. Så skal du få kjenne at du skal tale løyndomar med meg, din Far. Og din motstandar skal ikkje ha adgang. Han høyrer nok du ber, men han veit ikkje kva du ber eller priser meg for. Derfor bruk bønnespråket, tal i tunger og du skal få kjenne at di ånd skal bli bygd opp, di ånd skal bli fornya, di ånd skal kjenne seg styrka. Og det mine born treng i dag, det er ei fornying i Anden, det er ei sterkare tru. Og når du får denne fornyinga så skal du oppleve at du skal ikkje vere under, men du skal gå sigrande gjennom tilværet.

Kommentar.

Andre møter med liknande bodskap.

Den bodskapen som kom førre søndag minna meg om at Jesus sa til oss at han har bestemmt at midt i hans kyrkjelyd, der skal vekkinga, livet, overfloda og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt i mitt hjerte. 

https://tsivert.com/2018/11/21/18-11-2018-maranata-sok-herren-av-heile-ditt-hjerte-og-gi-han-all-aere-og-pris/

https://tsivert.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/

https://tsivert.com/2016/08/23/1996-08-21-m40-komme-fram-for-herren-og-stille-mitt-hjerte-til-ro-innfor-hans-asyn/

I bønn til Gud ville eg opne meg som kanal for Guds velsigning både til henne Reella og henne Virtuella, på dette møtet bad eg slik først for henne Reella, så for henne Virtuella og då kom denne bodskapen. Så eg tenker slik at den var spesielt til meg og til henne.

Anden og livet vart planta i meg ved gjenfødinga. Jesus vil føre meg fram for trona (nådens trone), han gir meg seg sjølv og vil at han skal vinne skikkelse i meg.

https://tsivert.com/2016/08/23/1997-02-16-m40-ver-ikkje-trongsynt-men-utvid-hjertet-gud-har-planta-livet-i-meg-jesus-er-livet-han-er-kongen/

https://tsivert.com/2016/08/23/1997-02-23-m40-herren-vil-openberre-sin-plan-sa-rettferdssola-gar-opp-med-laekjedom-under-sine-vinger/

Kvilestaden som er utgangspunkt for all teneste. La Faderen ta omsorg for sine born og sine henders verk. Be som arving, lese både det gamle og det nye testamentet som arving.

https://tsivert.com/2016/08/14/2006-11-12-betel-kanal-for-guds-velsigning/

Kanal for Guds velsigning. 

Eg har fortalt at når eg var ung, merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Vi hadde samfunn med Faderen og Sonen og når eg møtte henne igjen i Bergen opplevde eg at Jesus openberra seg for meg og for henne. Ho gjekk bort ifrå han, men han har kalla på henne sidan. Guds kjærleik var mellom meg og og henne, den var rett og det er den framleis.

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte og heilhjarta halde meg til han. Så mi innstillling og mitt standpukt er at ho framleis skal leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Her var det tale om å be i den den Heilage Ande, bruke bønnespråket, spesielt tungetale. Og det trur eg gjeld både meg og henne.

På slutten av 1980-talet, når eg studerte i Oslo oppdaga eg henne Reella og når eg sat på den store lesesalen øvst i Vilhelm Bjerknes hus vedkjende eg for Herren at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne elles og ikkje hadde snakka med henne. Litt seinare, når eg sat på lesesalen merka eg at den Heilge Ande minna meg om henne og dreiv meg til å gå ut, ja, eg kunne vel gå det vanlege ærende på toalettet i kjellaren, men når eg kom ned siste trinna til første etasje kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då vedkjende eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då var de om himmelen opna seg og eg opplevde ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same til henne. Og der har nyst kome ein bodskap der Jesus overtyda meg om at, jau, det er henne han vil gi meg til kone, han kunne ikkje seie noko utan å gjere det.

https://tsivert.com/2018/03/19/2018-03-18-herren-er-sjolv-profetroysta-sa-lytt-ikkje-til-ei-kvar-profetroyst-i-denne-tida-mote-i-maranata/

Sidan hugsa eg på henne i bønn, eg følte eg kunne ikkje gløyme henne, ja, Herren minna meg om henne, eg skulle berre la kjærleiken flamme opp og vere brennande i ånda. At Jesus openberra seg for meg og for henne hadde å gjere med at Jesus vann skikkelse i meg og i henne og slik ville han gjere seg til kjenne for verda. 

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte og heilhjerta halde meg til han, slik skal eg ta parti med han. Så mi innstilling og mitt standpunkt at er både ho Virtuella og ho Reella skal leve i slike kjærleiksforhold til Faderen og Sonen. 

Eg skal tre fram for nådens trone og vekse opp til han som er hovudet for lekamen, slik at han vinn skikkelse i meg. Det er visst hovudsaka for han, han han gir meg ikkje ting, men han gir meg seg sjølv. Vel, eg har no bedt han gi meg ei kone og han har svart meg positivt på det, så eg reknar med det følgjer med.

Sommaren 1977 var eg med eit team i Ungdom i Oppdrag og ein gong vi bad byrja vi alle å tale i tunger, som ei lita lovprising, dei byrja og eg vart dregen med i det av den Heilage Ande. I mitt indre menneske kjendest det som den Heilage Ande hjelpte meg i mi takkebøn, å takke for at Jesus hadde gjort sitt verk med henne Virtuella.

Og no spør eg meg sjølv, korleis kan eg tale i tunger? Det kjennest slik, i mitt indre menneske, at det er ved at eg opnar meg som kanal for Guds velsigning til henne Virtuella, men det kan godt hende det handlar vel så mykje om at ho skal tale i tunger. Eg forstår i alle fall at det er viktig for henne å få komme fram for nådens trone og la si røyst lyde der, snakke med Faderen og Sonen og få svar, ta imot Faderens kjærleik og omsorg.

Paulus sa at han tala mykje i tunger, men i kyrkjelyden ville han heller tale nokre få ord med forstanden enn ei heil drøss med ord i tunger, for det forstod ikkje dei andre, men tala han slik at dei fortod det, tyde tungetale eller tala profetisk, så var det fruktbart for dei andre. Den som tala profetisk, tala til påminning, oppbygging og trøyst.

Men her vert du (eg og/eller ho og kven som helst av oss) altså oppfordra til å tale i tunger, for då forstår ikkje din motstandar kva du seier. I verda får vi motstand, der har vi mange motstandarar, men no har vi altså motstandarar i dei kristne kyrkjelydane, det kan vere partistrid mellom dei kristne, men det har seg nok helst slik at med si verdsleg makt står dei imot, som våre motstandarar og motstandarar av Guds sak. Dei høyrer og forstår det same som vi, at Gud elskar oss og har omsorg for oss, men dei tek standpunkt imot at det skal vere noko av. Så det er om å gjere å tale i tunger, slik at dei ikkje forstår kva vi seier.

Eg har no prøvt å bruke forstanden både til å studere Guds Ord og studere realfag. Men Gud gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Det er berre om å gjere for meg å heilhjarta halde meg til han og ta imot i tru.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2018. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s