2018.10.28. Sion Åheim & Maranatha Oslo. Du er fri til å velje, men kva vel du? Jesus er i går og i dag den same, han er vegen til Faderen.

Sion Åheim.

Tale ved Jarle Nygjærde.

Jarle fortalde at han var oppvokst i Hærøy men flytta til Ulsteinvikog vart tilsett i Hareid Elektriske og det det vart eit industri-eventyr. Han engasjerte seg i meinghetsarbeid og i politikken, men det vart for mykje. Kva med familielivet? Så han kutta ut politikken. Kona ville halde fram med å stelle heimen som tidlegare, så han fekk halde fram med å engasjere seg i menighetsarbeidet og no er han litt omreisande predikant også. 

Nokre hadde slutta i kyrkjelyden, men no var dei komne attende.

Så las han om at når disiplane handla på Jesu Ord, så fekk dei mykje fisk.

JOH 21,1 – JOH 21,14 {JESUS SYNER SEG FOR LÆRESVEINANE VED TIBERIAS-SJØEN}  Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til: 2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der. 3 Simon Peter seier til dei andre: “Eg vil av og fiska.” “Vi går med, vi òg,” sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko. 4   Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5 Jesus sa til dei: “De har vel ikkje noko fisk, born?”  “Nei,” svara dei. 6 “Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,” sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: “Det er Herren.” Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag. 9   Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød. 10 “Kom hit med noko av den fisken de fekk,” sa Jesus til dei. 11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota. 12 Jesus sa til dei: “Kom og få mat!” Ingen av læresveinane våga å spørja han: “Kven er du?” Dei visste at det var Herren. 13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken. 14   Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.  

LUK 5,1 – LUK 5,11 {PETERS FISKEFANGST}  Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. 2 Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. 3 Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten. 4   Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: “Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.” 5 “Meister,” svara Simon, “vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.” 6 Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. 7 Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. 8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: “Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.” 9 For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. 10 Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: “Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!” 11 Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.  

APG 28,25 – APG 28,28 Som dei ikkje kunne semjast, gjekk dei frå kvarandre då Paulus sa det eine ordet: “Det var sant, det som Den Heilage Ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja: 26   Gå og sei til dette folket:  De skal høyra og høyra, men ikkje skjøna,  sjå og sjå, men ikkje skilja. 27   For hjarta åt dette folket er hardt;  tungt høyrer dei med øyro,  og augo har dei late att,  så dei ikkje ser med augo  eller høyrer med øyro  eller skjønar med hjarta  og vender om, så eg får lækja dei. 28   Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra.”

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jarle.

Ja, seier Herren, sjå ikkje på det du har som lite og ringe. For når du kjem til meg, seier Herren, slik som dei gjorde, med dei fem brød og dei to fiskane, så vil eg velsigne det, seier Herren. Sei ikkje at du ikkje duger til noko i dag, seier Herren, for kom til meg med det og eg skal velsigen det, seier Herren. Mitt barn, ikkje gi opp på vegen. Om du ein gong sa farvel til meg, seier Herren, så kallar eg deg i dag til ny teneste, seier Herren, eg kallar deg til teneste. Eg vil ikkje gå bak deg med ei svepe, seier Herren. Eg piskar deg ikkje til teneste, seier Herren, eg går foran deg. Og du skal få sjå, eg går foran deg, du skal få kjenne mi hand, seier Herren. Og du skal få lov til å gå etter meg. Eg skal ta di hand, om du kjenner det at du har gått i grøfta, seier Herren, så er eg der og eg vil reise deg opp på nytt igjen.

Ja, seier Herren, ofte vert det sitert, at eg er i går og i dag den same, men det er ei sanning, eg er i går og i dag den same, og eg gjekk ikring på jord og gjorde vel. Du har kanskje fått eit kall, at du skal gå til ein venn. Vent ikkje, seier Herren, for dagen kan bli for seint, du skal gå til den vennen. Og du skal oppleve at eg er med deg, seier Herren. Eg piskar deg ikkje, eg går føre deg og du skal få lov å gå, du skal få lov å høyre mi røyst, når eg talar klart og tydeleg. Du skal få legge saman to og to. Du skal få å sjå, når eg er i kommando, du skal oppleve ei velsigning når du er lydig, seier Herren. Og eg skal sette deg over større ting, seier Herren, berre du er villig. 

Møte i Maranata. Gud skapte oss med fri vilje, så vi får lov til å velje.

Innleiing ved Arvid.

HEB 11,1 – HEB 11,4 {VITNEMÅL OM TRU}  Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege. 4   I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død. 

Tale ved John Miland.

1MO 2,16 – 1MO 2,17 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: “Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.”

Gud kalla Abraham til å vandre mot det lova landet, Lot vart med, men så vart det strid mellom tenarane til Abraham og lott og Abraham let Lot velje beitemarker, så for han sjølv til andre marker.

Gud la fram for israelsfolket vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velje vegen til livet.

JOS 24,15 – JOS 24,16 Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren. 16   Då svara folket: “Aldri skal det henda at vi går bort frå Herren og dyrkar andre gudar.

Utan at du vert fødd på nytt, kan du ikkje sjå Guds rike eller komme inn i det.

JOS 24,20 – JOS 24,28 Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk.” 21   Folket svara: “Nei! Herren vil vi tena.” 22 Då sa Josva til dei: “Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.” Dei svara: “Ja, vi er vitne.” 23 Josva sa: “Få då bort dei framande gudane som er hjå dykk, og bøy hjarta til Herren, Israels Gud!” 24 Folket svara: “Herren vår Gud vil vi tena, og hans ord vil vi lyda.” 25   Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og sette lov og rett for dei. 26 Han skreiv opp desse orda i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der under eika som står attmed Herrens heilagdom. 27 Og Josva sa til heile folket: “Sjå, denne steinen skal vera eit vitne mot oss; for han har høyrt kvart ord som Herren tala til oss. Han skal vitna mot dykk, så de ikkje gløymer dykkar Gud.” 28 Så lét Josva folket fara, kvar til sin eigedom.  

JOS 24,31   Israelittane tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei endå var i live, dei gamle som levde lenger enn Josva, og som kjende til alle dei storverk Herren hadde gjort mot Israel.

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

Tala skulle sendast på radio dagen etterpå, så han henvende seg til lyttarane.

Gud kastar ikkje nokon til helvete, man han har gitt dei fridom til å velje. Vel dei noko anna i staden for han, vert dei bundne av det, synda og Djevelen får makt over dei, så dei går til helvete på grunn av sitt eige val.

OSP 5,22   Den gudlause vert fanga av sin eigen udåd,  syndene held han fast som snarer.

Jesus kom for å løyse dei bundne og sette plaga sjeler fri.

SLM 50,15   Kall på meg den dag du er i naud,  så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.  

1JO 1,7 – 1JO 1,9 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Her ser vi igjen at Gud let menneske velje sjølve.

ÅPE 3,20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

”Dørklinka” på denne døra er på innsida, det er ditt val.

Tungetale ved Mari, tyding ved John.

Ja, seier Herren, dersom du er villig til å gå på den vegen som eg har lagt ut foran deg, den vegen som eg har forklart deg her i kveld, ja, du skal vite, seier Herren, at eg er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved meg, dersom du er villig å høyre og lytte til det ordet og gjere etter det, så skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Eg skal rikeleg velsigne deg og eg skal bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren.

Tru ikkje det at det er så vanskeleg å følge meg. La ikkje den vonde få innbille deg at det er så vanskeleg at det maktar du ikkje. Eg har no sagt i mitt ord at du skal få kraft i det den Heilage Ande kjem over deg. Og du skal få oppleve at eg gir deg kraft, slik som dangen er, skal din styrke vere. Og du skal få kjenne det at det er min Heilage Ande og mi kraft som skal bere deg gjennom prøvingar, gjennom vanskar, seier Herren, for sjå, seier Herren, eg har lova å vere med mine alle dagar, inntil verda sin ende. Derfor har du ingen ting å frykte, seier Herren. Dersom du vender om til meg og tek di tilflukt hos meg, då er du trygg, seier Herren.

Kommentar.

Mine tankar før møtet.

I det siste har eg teke del i viktig debatt på Facebook, om ytringsfridom og akademisk fridom, historieskaping og historieskriving. SAIH vil ”avkolonisere” Akademika og det vart det debatt ut av, det vart til debatt om det finst universalia og objektiv kunnskap. Debatten om Terje Tvedts bok, ”Det Internasjonale Gjennombruddet”, vart også ein debatt om historieskriving, korleis forstå vår nære historie og samtid.

Eg har teke del i denne debatten og laga eit referat som eg har teke med i dokumentet

Kvar ifrå fekk pietistane det pedagogiske slagordet: “Bryte barnets vilje”. Det synest som vi møte det igjen i postmodernistane si ulogiske tenking og i deira interesse av å bryte med den kvite mann og halde han utanfor.

Her skriv eg om korleis eg forstår vår nære historie og samtid. Gud kalla meg til å skape histore som hans medarbeidar, ved å bygge vidare på den grunnvollen som pionerane la, evangeliets grunnvoll og gå med den glade bodskapen om frigjering og gjenoppretting.

Her spør eg kvar ifrå pietistene fekk det pedagogiske slagordet ”bryte barnets vilje”. Det er tydelegvis frå verdslege maktinteresser som stir mot å hylle Kristus som vår frelsar og Herre og det har vorte forsterka ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Vi veit at Gud virker i oss både å ville og virke til hans velbehag, men der er altså ei verdsleg makt som bryt med den viljen og verksemda, for å få makt. Det førde til fråfall som er som syndefallet på nytt, så dei braut med Kristus slik som israelsfolket braut med Herren sin Gud.  Eg hevdar det viser seg i postmodernistane sitt brot på den logiske tenkinga.

JER 31,32   ei pakt som er annleis  enn den eg gjorde med fedrane deira,  den gongen eg tok dei i handa  og førte dei ut or Egypt,  den pakta med meg som dei braut,  endå eg var deira rette herre, seier Herren. 

JER 34,18 Dei mennene som braut pakta med meg og ikkje oppfylte vilkåra for den avtalen dei gjorde for mitt åsyn, med dei gjer eg som med den kalven dei skar i to, så dei kunne gå mellom stykka. [kalven dei skar i to osb.: rituale når ei pakt vart skipa. Sml. 1 Mos 15, 9 f.]

HSE 7,11 – HSE 7,16   Efraim har vorte som ei due,  godtruen, utan vit.  Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assyria. 12   Så snart dei fer av stad,  breier eg nettet mitt ut over dei.  Eg dreg dei ned som fuglane i lufta;  eg vil tukta dei, som folket alt har høyrt. 13   Ve dei, at dei rømde frå meg!  Død over dei, fordi dei braut med meg!  Eg ville løysa dei ut,  men dei tala lygn mot meg. 14   Dei ropar ikkje til meg av hjarta,  men ligg og jamrar på lega si.  Dei rispar seg opp for å få korn og vin,  men dei vender seg bort frå meg. [Dei rispar seg opp: symbol for sorg og klage.] 15   Det var eg som lærte dei opp  og gav deira armar styrke,  men dei tenkte ut vondt mot meg. 16   Dei vender seg til det som ikkje gagnar,  dei har vorte lik ein boge som ikkje duger.  Deira hovdingar skal falla for sverd  fordi dei forbanna med si tunge.  For dette vert dei spotta i Egypt.  

EFE 3,18 – EFE 3,21 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.  

FIL 2,13 For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje.

Simon Malkenes uttalte seg til massemedia om problem i Oslo-skulen og det vart også ei sak om ytringsfridom. Sidan har det vist seg at der føregår ein maktkamp i Oslo-skulen, men kven forstår seg på det?

Men i Bibelen har vi universalia i trua på Gud og hans Ord, etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde sa han til læeresveinane sine at han hadde fått all makt i himmelen og på jorda, derfor skulle dei gå ut og gjere alle folkeslag til hans disiplar. Dei skulle berre vente til dess den Heilage Ande kom over dei.

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”   

APG 1,3 – APG 1,11 Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera. 4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: “De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om. 5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.”   6 {KRISTI HIMMELFERD}  Medan dei var samla, spurde dei han: “Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?” 7 Han svara: “Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. 8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.” 9   Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira. 10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei 11 og sa: “Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.”

Problemet er tydelegvis at kvinna let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, ho vert lokka av ormens ord om at dersom dei et av frukta på kunnskapstreet, så skal dei verte liksom Gud og kjenna godt og vondt. Det vil ho ha med seg mannen på eller hevdar han har vore med på. Derfor varkar dei Kristus og vender seg bort frå han. For dei vil så gjerne sjølve ha ein maktposisjon som erstattar han. Men då viser det seg at dei er ingen og har ingen læremessig autoritet til å erstatte han med.

Så eg reknar med at Gud svarde meg på dette.

Legge sammen to og to. 

Jesus sa du skal få legge sman to og to, det er enkel matematikk. Det får meg til å tenke på at Gud skapte menneska til mann og kvinne som høver saman i eit ekteskap (1.Mos.2). Eg har skrive så mykje om det som kommentar til bodskapar som har kome tidlegare, at eg tek meg ikkje tid til å kommentere dette noko meir i denne samanheng. Det skal då vel ikkje vere nødvendig å gjenta det same til det kjedsommelige?

Universalia og velsigninga. 

Vi vil gjerne tru på og hevde universelle menneskerettar. I ”Det Internasjonale Gjennombruddet” skreiv Terje Tvedt om at norske politikarar og massemedia har gitt inntrykk av at deira forståingn av menneskerettane har vorte global i historisk samanheng og slik har vi fått internasjonalt gjennombrot for norsk politikk. Men det er heilt feil.

Det får meg til å tenke på Jesu likning om den bortkomne sonen. Jesus er vegen til Faderen, ved å tru på han og ta imot han, vert menneske fødde på nytt, dei vert Guds born. Og i barnekåret hos Gud får vi universelle menneskerettar.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Velsigninga betyr å oppleve Guds nærvær og komme inn i samfunnet med han. Til samanlikning med Adam og Eva før syndefallet og Israelsfolket i det landet Gud gav dei, der han var deira Gud og dei var hans folk.  Er Gud universaliet, betyr velsigninga at universaliet får gjennombrot i historisk samanheng. 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte, Kristne møte 2018. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s