2018.09.30. Sion Åheim. Når du har teke tilflukt til Jesus, så har han ansvaret for deg og du er trygg i hans hender.

Tyding av tungetale:

«Du skal vite det, at i mine hender, så er du trygg. Du skal vite at når du har teke din tilflukt til meg, seier Herren, så har eg teke ansvaret for deg og du er trygg i mine hender. Derfor skal frykt vere langt borte frå deg, seier Herren. Frykt er ei svøpe som Djevelen bruker. Men du skal lytte til mitt Ord, frykt ikkje. Igjen seier eg; fatt (mot?) i det namn, du er min. Og det ord som eg har tala til deg, er ånd og det er liv og det er lækjedom inn i din samanheng. Du skal vere i trygg i meg seier Herren, du skal vere trygg i mitt ord og trygg i min nåde. Så ver frimodig og gå fram med det som Gud gir deg. Og du skal få kjenne det og oppleve at eg Herren er med deg. Og eg skal bruke deg, på din enkle måte. Du synest det er vanskeleg, du synest det er tungt. Du synest det er vanskeleg overfor dine eigne, men eg skal bruke deg slik som du er. Du skal ikkje sjå på deg sjølv, og på dine enkle ting, du synest det er smått det du held på med, seier du. Men du skal vite det at eg, Herren, skal bruke deg gjennom det du har. Og eg skal bruke også deg til å møte menneske i din nærleik. Amen.

Det er menneske der ute som treng å høyre bodskapen om frelse, om fridom, om lækjedom. Eg har kalla dykk, min kyrkjelyd, til å tene og vere med å betene. Eg har ein tenar i – på denne jord, seier Herren. De skal vere med å tene med Ordet, ved Anden, de skal vere med å sjå under og teikn skje, ved at de går lydnadens veg og går i tru på mitt Ord. Amen. Amen. I Jesu namn.»

 

Tale ved Arnfinn Andersen.

2.Mos.3,13 Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?» 14 Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.» 15 Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.

Gud heiter «Eg Er» og Jesus brukte det namnet når han svarde soldatane, derfor fall dei attende, for det var makt i det namnet.

Joh.18,4 Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?»  5 «Jesus frå Nasaret», svara dei. «Det er eg», seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg.  6 Då Jesus sa: «Det er eg», tumla dei bakover og fall til jorda.  7 På nytt spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret», svara dei.  8 «Eg har sagt dykk at det er eg», sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse andre gå!»  9 Slik skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mista ein einaste.»

2.Mos.25,17 Du skal laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen lang og ei og ei halv alen brei. 18 På kvar side av soningsstaden skal du laga to kjerubar av hamra gull, 19 ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar. 20 Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden. 21 Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg. 22 Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.

Rom.3,21 Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. 22 Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23 for alle har synda og manglar Guds herlegdom. 24 Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus. 25 Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde. 26 Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus. 27 Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. 28 For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar. 29 Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg. 30 For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua. 31 Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Arnstein.

«Du skal vite det, at i mine hender, så er du trygg. Du skal vite at når du har teke din tilflukt til meg, seier Herren, så har eg teke ansvaret for deg og du er trygg i mine hender. Derfor skal frykt vere langt borte frå deg, seier Herren. Frykt er ei svøpe som Djevelen bruker. Men du skal lytte til mitt Ord, frykt ikkje. Igen seier eg; fatt (mot?) i det namn, du er min. Og det ord som eg har tala til deg, er ånd og det er liv og det er lækjedom inn i din samanheng. Du skal vere i trygg i meg seier Herren, du skal vere trygg i mitt ord og trygg i min nåde. Så ver frimodig og gå fram med det som Gud gir deg. Og du skal få kjenne det og oppleve at eg Herren er med deg. Og eg skal bruke deg, på din enkle måte. Du synest det er vanskeleg, du synest det er tungt. Du synest det er vanskeleg overfor dine eigne, men eg skal bruke deg slik som du er. Du skal ikkje sjå på deg sjølv, og på dine enkle ting, du synest det er smått det du held på med, seier du. Men du skal vite det at eg, Herren, skal bruke deg gjennom det du har. Og eg skal bruke også deg til å møte menneske i din nærleik. Amen.

Det er menneske der ute som treng å høyre bodskapen om frelse, om fridom, om lækjedom. Eg har kalla dykk, min kyrkjelyd, til å tene og vere med å betene. Eg har ein tenar i – på denne jord, seier Herren. De skal vere med å tene med Ordet, ved Anden, de skal vere med å sjå under og teikn skje, ved at de går lydnadens veg og går i tru på mitt Ord. Amen. Amen. I Jesu namn.»

Tungetale ved Inger-Johanne, tyding ved Arnstein.

Ein gammal mann gjekk fram ti l forbønn, då kom denne bodskapen:

«Du har opplevd, mitt barn, at min nåde er deg nok. Du har opplevt å gå trua sin veg med meg, seier Herren. Når det har vore vanskeleg å gå, så har eg bore deg. Eg har bore deg gjennom vanskelege ….  og over høgder ….. Du har kjent min nåde gjennom ditt liv. Du skal vite at eg er Herren, som kalla deg ved namn. Eg har også teke vare på deg gjennom alle år. Du er mitt barn og skal få lov å leve i min nåde. 

Aktuelle bibelvers.

2.Kor.12,7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig.  8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.  9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

1.Kor.15,12 Men når det blir forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje finst noka oppstode frå dei døde? 13 For er det inga oppstode frå dei døde, så har heller ikkje Kristus stått opp. 14 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar. 15 Då står vi som falske vitne om Gud. For då har vi vitna imot Gud når vi seier at han har reist Kristus opp, noko han ikkje har gjort dersom døde ikkje står opp. 16 For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 17 Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar. 18 Då er òg dei fortapte som har sovna inn i Kristus. 19 Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.

20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde. Han er førstegrøda av dei som har sovna inn. 21 Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske. 22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23 Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24 Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, sin Far, etter at han har utsletta all makt og alt herredøme og alt velde.

Kommentar.

Jesus lever og er med oss. 

Eg tenkte på Paulus sine ord om at dersom Kristus ikkje er oppstått, så er vi dei svakaste av alle menneske. Men no er Kristus oppstått …. Så tenkte eg på at når vi kjenner oss svake, så vil gjerne Djevelen nytte den moglegheita til å få makt. Til samanlikning med når Jesus og disiplane hans var i Getsemane og så kom Judas med soldatane. Slik ser det ut og utartar det seg når dei svik Kristus, vår frelsar og Herre, og fornektar han. Men no er Kristus oppstått, vi trur på han og kjennest ved han. Det gjer skilnaden.

Jesus vil bruke meg gjennom det eg har, han vil bruke meg til å møte menneske i min nærleik.

Ja, Gud er ånd og han bles livets Ande i nasa til mannen og vekte han opp til liv i samfunn med seg. Og jammen vekte han opp ei kvinne også. Slik er det med den kristne vekkinga også, han berører oss i vårt indre menneske og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. 

Eg skal berre heilhjerta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik trur eg og ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Då skal eg tru at han allereie har gitt meg det, då er det noko eg har og skal bruke det i trua på Jesus, han vil bruke meg gjennom dette som eg soleis har. Han berører meg og vil berører andre menn på liknande måte. Han berører henne og vil berører andre kvinner på liknande måte.

Eg reiste til Oslo dagen etterpå og skal vere her i to veker, eg skal ha eksamen i midten av neste veke.

Aktuell debatt.

Jesus sa han vil bruke meg slik som eg er, på min enkle måte og eg fortod det slik at det var sikta til debatt som eg tek del i på internett.

På FB-sida til biologi-professor Kristian Gundersen har det vore ein livleg debatt i det siste. Gundersen forsvarer vitskapen og akademisk fridom, ytringsfridom og demokrati. Så mykje av det er altså å diskutere om vi skal diskutere, i staden for å diskutere dei reelle problema.

Eg har skrive så mykje på FB-sida hans tidlegare, at eg tenker av og til å halde litt igjen, eg vil ikkje framstå som brautande. 

Men eg la inn ein kommentar til eit innleg som ber meir preg av «meta-kongisjon», å tenke på det vi tenker på. I min kommentar skreiv eg om at realistar tenker logisk, søker enkle og gode forklaringar og mykje kan vere gjort med å stille avklarande problemstillinga, slik blir vi klartenkte. 

I det siste har eg tenkt på å komme med nokre korte kommentarar som stiller opp avklarande problemstillingar, men eg har også tenkt meg at det kanskje kan virke for enklet, så det kan virek dumt. Så eg har lurt på om eg i det heile tatt skal skrive det. Eg forstår det slik at denne bodskapen sikta nettopp til dette, så den oppmuntrar meg til å skrive det. Dette første enkle vil eg ta med her.

Metakognisjon om debatten.

Terje Strand 

til

Kristian Gundersen

28. september kl. 21:50 ·

Utrolig at du har energi og engsjement til å engasjere deg i så mange saker – både innenfor ditt fag – men mest utenfor. Din kunnskap er viktig (innenfor biologi) og viktig at du får plass i media, men kan det være slik at vel så viktige synspunktet i forskjellige sammenhenger ikke får den tilgang eller plass i relevante kanaler?

Kristian Gundersen Det er vel et sånnt spørsmål som bare kan besvares med et ja. Men ikke skjønner jeg hva du prøver å si?

Terje Strand Kanskje at du alene får for stor oppmerksomhet, og at det til tider overskygger viktige temaer som andre prøver å få frem, eller deres måte å gjøre det på. Dessverre er alt media slik. Vi er ganske like i å provosere.

Kristian Gundersen Det har nok toppet seg litt nå. Og føler meg av og til overeksponert og holder stundom igjen. Det tar jo endel tid. Skjønner også at folk som er uenige med meg irriterer seg. Likevel er det jo en stor offentlighet der ute så vet ikke helt hva du mener? Hvilke forskningsrelaterte spørsmål mener du liksom skulle fortrenges?

Torbjørn Sivertstøl Ja, det er imponerande, at du maktar å vere så engasjert og utholdane og er så tolmodig med dei som seier deg imot, du er ein helt som forsvarar både vitskapen og ytringsfridomen. Eg er takknemmeleg for at eg har fått skrive så mykje på tidslinja di utan problem, eg har lagt vinn på å vere sakleg og gjennomtenkt. 

Eg synest SAIH-representantane var svært urettferdige overfor deg når dei påstod du senka takhøgda i Akademia og var ekstrem. Det er då dei som vil ha forandring og som med det senker takhøgda. «Avkoloniserings-ideologien» manglar innhold, den har ingen ide, men går til åtak på andre sine idear, på usakleg grunnlag. Derfor utarta debatten seg til å verte temmeleg meiningslaus, der trongst ei oppklaring, men SAIH var ikkje i stand til å oppklare. 

Realistar søker etter enkle og gode forklaringar, ei kort formulering som forklarar eit vanskeleg problem rett og godt, så det blir forståeleg. Det er bra. Og i samfunnsdebatten kan vi forenkle mange problem både ved å stille problemstilling og ved å vise til logikken og forskingsmetodene og ta del i diskusjonen med fagleg innsik. Men svært ofte er det moralfilosofar som stiller problemstilling og set agenda og diskusjonen vert ikkje særleg fruktbar, for moralfilosofi gir ikkje svar på alt.

Linda Lai Stor takk til deg Kristian Gundersen! Antydningen om at du skulle stå i veien for andre (forskere) som ønsker å ytre seg i mediene, faller på sin egen urimelighet og er særdeles dårlig “timet” i lys av debattene du har engasjert deg sterkt i den siste tiden – på vegne av nettopp (oss) forskere.

Ein forskar ved NTNU fekk refs for å ha uttalt seg til nettstaden Resett.

Ein forskar ved institutt for sosialt arbeid ved NTNU uttalte seg til nettstaden Resett om dobbeltdrapet i Trondheim og det har det vorte mykje debatt av, sitat frå https://www.universitetsavisa.no/politikk/2018/09/26/Kalt-inn-på-instituttlederens-kontor-etter-intervju-med-Resett-75522.ece :

Eikrem er forsker ved Institutt for sosialt arbeid (ISA). Han ble intervjuet av en journalist i Resett, som utba seg en kommentar i forbindelse med dobbeltdrapet på de to afghanske mennene i Trondheim nylig.

Intervjuet ble publisert på Resett forrige tirsdag. Neste morgen fikk Eikrem en epost fra instituttstyrer Riina Kiik, hvor hun kaller ham inn til møte umiddelbart. Her skriver Kiik blant annet at «hele instituttets omdømme blitt skadet fordi du står fram som forsker og 1. amanuensis ved ISA.»

Kort tid etter mottar Eikrem enda en epost fra instituttets ledelse, denne fra nestleder Edgar Martinsen, hvor han blant annet skriver at «som kollega og ansvarlig for forskning reagerer jeg på din kommentar på Resett.» I eposten anklager ISAs nestleder Eikrem for ikke å overholde instituttets verdinormer, og han oppfordrer Eikrem til å «gå i deg selv», fordi uttalelsene hans etter nestlederens konklusjon «harmonerer ikke med et av våre viktigste standpunkter; respekt og anerkjennelse.»

Deretter drar Eikrem til instituttet og møter på instituttlederens kontor. Eikrem forteller at han opplevde lederen som svært sint, og hele seansen som ubehagelig.

– Jeg opplevde ingen interesse for å diskutere sakens innhold, nemlig mine uttalelser, men derimot at fokuset var på instituttets omdømme og posisjon, sier Eikrem til Universitetsavisa.

I intervjuet sier han blant annet at «fremstillingen av hendelsen (dobbeltdrapet, red.anm.) som bare en tragedie, er naiv. Her finnes en nødvendig kontekst å ta med i betraktningen; Norge lar en masse unge menn komme hit, man fremstiller mennene som hjelpeløse stakkarer, som små barn som trenger omsorg, og at man bare må behandle dem godt, så kommer det til å gå bra.»

Eikrem peker videre på at risikoen forbundet med slike unge menns tilpasning til det norske samfunn «er tabubelagt».

  • Det er ikke en urimelig forventning at yngre menn med oppvekst og bakgrunn fra krigssoner vil kunne involveres i groteske voldsepisoder, også etter ankomst til Norge, sier Eikrem til Resett.

Hald kjeft.

https://morgenbladet.no/aktuelt/2018/09/hold-kjeft?utm_source=Morgenbladets+ukesnyhetsbrev&utm_campaign=648c238176-EMAIL_CAMPAIGN_2018_09_14_08_11&utm_medium=email&utm_term=0_9d304fba02-648c238176-55407493 

Torbjørn Sivertstøl I artikkelen https://khrono.no/…/gundersen-ntnu-beskytter…/239610

skreiv Gundersen:

«Hovedkritikken mot Eikrem synes ikke å dreie seg om innholdet i det han sier, men at han har uttalt seg til Resett. Selv ville jeg uttale meg til fanden selv om han ringer, om jeg var sikker på at jeg ville bli sitert korrekt. Jeg mener dette er en del av min akademiske frihet og kanskje også plikt. Boikott av medier er en åpenbar politisk strategi for å begrense mediemangfoldet, og det må være helt klart at forskere ikke er forpliktet til å delta i politiske strategier.»

Forskaren uttaler seg som fagperson, den faglege kunnskapen og innsikta relaterer til metoda, den er ikkje dogmatisk, men vi kallar ikkje den realfaglege kunnskapen for relativ av den grunn. Så resonerer han utifrå fagleg kunnskap og innsikt og seier kva han meiner og reknar med at han vert sitert rett. Han talar inn i ein bestemt situasjon eit bestemt publikum og vil rimeleg vis resonnere og formulere seg deretter. Men den faglege kunnskapen vert ikke endra av den grunn.

Sosionomen sin kunnskap er også relatert til metoda. No har ikkje eg mykje greie på kva slags metoder dei bruker på samfunnsfag, men om dei forskar som deltakarar i det som dei forskar på, så dei påverkar det, så synest eg dei bør fortelje det. Elles synest eg dei bør vere fri til uttalse seg offentleg. Dei uttalar seg om menneskets liv i samfunnet, sjølvsagt blir det meir usikkert enn realfagleg kunnskap og tenking, men det bør ligge som grunnlag for deira aktivitet. Men dersom dei i staden angrip og distanserer seg frå realfag, er dei fort på ville vegar.

Dette handlar ikkje berre om Resett, men om forskarar skal ha rett til å uttale seg til folket. Kva er alternativt? Skal dei førast bak lyset? Kva blir det neste? Stortinget er dei folkevalde, skal dei også førast bak lyset?

Torbjørn Sivertstøl Skal vi vere saklege, må vi vel gå ut ifrå ein samanliknbar situasjon. Men vi kan også vere interessant å tenke oss andre situasjonar. I følgje lamarkismen vert genane endra i eit individ ved tilpassing til miljøet og under Stalintida vart det godkjend biologi (Lycenko-fadesa), for den høvde bra med marxistisk filosofi. Då ville han som biolog verte bedt om å stadfeste den, men han ville tvert om avkrefte den og seie det som han meinte var sann vitenskap. 

I vår tid ser vi at moralfilosofar og politikse aktivistar fremleis er så dogmatiske at realfaga står i vegen for dei, så dei vil prøve å endre dei med sin dialektikk og då står biologien atter utsatt til.

Når Gundersen vart intervjua på Resett, sa han at dersom han vart truga med ein pistol mot tinningen, så ville han sjølvsagt gå med på å lyge. 

Vi kan tenke oss nokon som under andre verdskrig vart innkalla på teppet til gestapo og spurt om opplysningar om nordmenn som dei misstenkte for å vere motstandsfolk. Men dei vil ikkje vere angivarar som svik dei og derfor meiner dei at dei gjer rett i å svare sant eller usannt utifrå interessa av å verne dei, sjølv om det er ein risiko for dei sjølve. Eller dei kan velje å svare sant så lenge det ikkje set nokon i fare, men nekte å svare om nokon vert sett i fare.

Kristus sa han var sanninga, men Djevelen var ein lygnar frå opphavet og far til lygna. Så han vil altså forføre, lure og bedra menneska med løgn. Dei første kristne ville ikkje tilbe keisaren som gud, derfor vart dei forfølgde, straffa, piska og drepne. Likevel heldt dei fram med å tru på Kristus og kjennast ved han og forkynne evangeliet og den kristne kyrkja voks likevel. Slik har den kristne vekkinga vore grunnleggande viktig for ytringsfridom som ein menneskerett og det er den framleis.

Arne Nygaard Humbolt-universitetet gikk fra å være verdens beste (målt i #Nobelpriser) til et middelmådig kader-universitet styrt av politisk korrekthet under kommunismen. Vi bør definitivt ikke undervurdere kreftene som ønsker å regulere ytringsfrihet !

Bernt Marius Torfinn Tromsdal Det er en teori med noen mangler. Vi har sett volden på ekstrem venstre her i Norge. Og i valgkampen i USA så var det ukentlige videoer med Trump supportere som ble banket opp på åpen gate. 

Det er ingen som roper på å begrense kommunister og anarkister å uttale seg, men de er fortsatt voldelige.

Jeg tror årsakssammenhengen er komplisert. Men vi er kommet dit at det er greit med vold, så lenge du utfører det mot de riktige folkene.

Menneske drep, ikkje kulturen deira.

Kristian Gundersen

1. oktober kl. 17:08 ·

Akkurat her er det ikke vanskelig å være enig med Rollnes. Dette er åpenbart en konflikt mellom ulike skoleretninger som altså ikke egner seg for inngrep av ledere i linjen.

UNIVERSITETSAVISA.NO

Mennesker dreper, ikke kulturen deresMennesker dreper, ikke kultur. Mennesker er ikke sin kultur. Å hevde slikt er «kulturalisering». Det bryter med de verdiene professor Berit Bergs fag bekjenner seg til.

Magne Lindholm Det er klart at kulturelle mønstre kan disponere for handlinger. Hvor sterk effekten kan være kan man diskutere, den er vanskelig å måle. Men å slutte fra kultur direkte til enkeltmenneskers konkrete handlinger er det vi kaller en nivåfeilslutning. Man kan ikke slutte direkte fra data på gruppenivå til individnivå når man opererer med en sannsynlighet. (Som altså er umulig å tallfeste i et tilfelle som dette)

Tony Burner Enda et tilsvar: https://khrono.no/…/fagligheten-som-forsvant-i…/239918

Torbjørn Sivertstøl Med andre ord er det einskilde mennesket ansvarleg for sine handlingar, same kvar det kjem ifrå. Unntaksvis kan dei verte rekna som utilreknelege i ei straffesak. Dette kjem klart til uttykk i det Eikrem sa også, dei er ikkje som små born som vi berre kan dulle med og vente at dei blir slik vi ynskjer.

Vi vert alle påvirka av miljøet og opplæringa og det må vi vere klar over, for å ta ansvaret for våre eigne liv. Til dømes vert ein sjåfør påverka av passasjerane, samtala i bilen, radioen eller musikken og av bilen som ligg bak. Det bør han vere klar over, for å passe på at han tek ansvaret for eiga køyring. Slik må opplæringa uansett ta sikte på å gjere folk ansvarlege for det som dei gjer.

Men betyr det å frikjenne kulturen, med politikken, moralen og religionsutøvinga, politiske og religiøse leiarar, dei som driv med opplæring og maktpersonane i samfunnet? Kva med Hitler-Tyskland til dømes. Eli Wiesel sa at det motette av kjærleik er ikkje hat, men taushet og likgyldighet. Eg er ikkje samd med han i det, men eg forstår frustrasjonen over at under andre verdskrig var jødane si sjebne noko som det ikkje vart snakka om i Tyskland. Det er som om taushet får ansvaret for drap «taushet drep». 

Men dersom vi ser dette i sin rette historiske samanheng, så veit vi at Jesus sende disiplane sine ut i heile verda med evangeliet, dei skulle forkynne det for kven som helst. Men jødane sine religiøse leiarar, stod bak kristendomsforfølgingane, dei kristne vart tekne til fange, fengsla, straffa og drepne, så med våpenmakt vart dei brakt til taushet. Så kan ein diskutere kva som kom først, taushet eller våpen. 

Men det er vel meir interessant og fruktbart å høyre på kva som vert sagt, tenke over det og så samtale om det?

Torbjørn Sivertstøl PST har fleire gongar åtvara mot at heimvende Syria-krigarar kunne vere farlege og gjere terrorhandlingar, både på grunn av traumar og på grunn av opplæring/indoktrinering. https://www.vg.no/…/politiets-sikkerhetstjeneste-pst… Så dei reknar med at faren er større for desse enn for afganarar. Men no har det likevel skjett eit dobbeltdrap i det afganske miljøet. 

Eikrem ser det på bakgrunn av deira historiske bakgrunn og det er då heilt vanleg både i menneskevitskap og i samfunnsvitskap. Det er lett å forstå og meldingane frå PST underbygger hans påstandar. Det som verkar rart i denne samanheng er at samfunnsvitarar byrjar å argumentere for at han gjorde feil i det. Det er ikkje særleg tillitsvekkande for dei som fagfolk og heller ikkje for faget deira.

VG.NO

Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) advarer Syria-krigere

Mennesker dreper, ikke kulturen deres

Mennesker dreper, ikke kultur. Mennesker er ikke sin kultur. Å hevde slikt er «kulturalisering». Det bryter med de verdiene professor Berit Bergs fag bekjenner seg til.

– Kulturell bakgrunn bestemmer ikke handlinger, fastslår Berit Berg, professor ved Institutt for sosialt arbeid.

https://www.universitetsavisa.no/politikk/2018/09/30/Mennesker-dreper-ikke-kulturen-deres-75568.ece 

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Filosofi, Kristendom, Kristne møte 2018, religion og politikk, Vitskap og religion. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s