2018.04.29. Maranata. Vert fyllt av den Heilage Ande og la den leie deg.

IMG_0998.JPG

 

Innleiing ved ein mann.

JER 33,3 Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til. 

Jesus er vegen, sanninga og livet. Han gir oss kjelda med det levande vatnet.

Fyll alle kammera i ditt indre menneske. Nåden er ny kvar dag. Eg kan ause av frelseskjelda med glede. Jesus er med oss kvar dag.

Tale ved John Miland.

1KO 1,10 – 1KO 1,13 {ÅTVARING MOT USEMJE}  Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: “Eg held meg til Paulus”, andre: “eg til Apollos”, “eg til Kefas” og “eg til Kristus”. 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?

Vi har ein advokat i himmelen.

Når vi vert fyllte av den Heilage Ande, blir vi eitt i Anden og så går vi ut og vitnar om Jesus. 

John fortalde at når han skulle forkynne i Tempelet i Bergen minna Anden han om å tale over eit ord der Gud sa til israelsfolket at der var ugudlege mellom dei. 

Så minna han om

JOH 8,31 – JOH 8,46 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.” 33 “Vi er Abrahams ætt,” la dei imot, “og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?” 34 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.” 39 “Vår far er Abraham,” sa dei. Jesus svara: “Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.”  “Vi er ikkje fødde i hor,” sa dei. “Vi har éin far, og det er Gud.” 42 Jesus sa til dei: “Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?

JOH 7,53 {KVINNA SOM HADDE BROTE EKTESKAPET}  Så gjekk dei heim, kvar til seg, [vantar i dei eldste handskriftene. Ei gamal overlevering utanom Johannes-evangeliet ligg truleg til grunn for dette stykket.] 

JOH 8,1 – JOH 8,11 og Jesus gjekk ut til Oljeberget. 2 Tidleg om morgonen dagen etter kom han til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei. 3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram 4 og sa: “Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. 5 Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?” 6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. 7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: “Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.” 8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. 9 Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. 10 Då rette han seg opp og sa: “Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?” 11 “Nei, Herre, ingen,” svara ho. Då sa Jesus: “Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!”   

RMR 5,20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større. 

JES 53,5   Men han vart såra for våre brot  og sundbroten for våre synder.  Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,  og ved hans sår har vi fått lækjedom.  

SLM 133,1 – SLM 133,3 {NÅR BRØR BUR FREDELEG SAMAN}  Ein song til festferdene. Av David.   Sjå, kor godt og fagert det er  når brør bur fredeleg saman! 2   Det er som når dyr olje på hovudet  renn ned i skjegget,  renn ned i Arons skjegg  og over saumen på hans kjortel. 3   Det er som når dogg frå Hermon  fell på Sion-fjellet.  For der gjev Herren velsigning  og liv til alle tider.  

SLM 134,2 – SLM 134,3   Lyft dykkar hender til heilagdomen,  og lovsyng Herrens namn! [Lyft dykkar hender: -> 77, 3.] 3   Herren velsigne deg frå Sion,  han som skapte himmel og jord!  

1KO 1,18 – 1KO 1,21 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.

Så minna han oss om forteljinga om hærføraren Na’am og profeten Elisa.

2KG 5,10 – 2KG 5,14 Elisja sende ut ein mann som skulle seia: “Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.” 11 Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: “Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen. 12 Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?” Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne. 13   Men tenarane hans kom til han og sa: “Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!” 14 Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein.

Dette var så enkelt at det verka dumt for Na’am og han vart sikkert fornærma for mottakinga han fekk også. Men når han vart overtalt av tenaren sin og tok til vita og gjorde dette som var så enkelt, fekk han oppleve at det virka. Slik er det med evangeliet også.

Så fortalde han at i 1936 kom der i Larvik ein profetisk bodskap der Herren sa at når dei finn olje og gass i Nordsjøen, då skal de vite at hans komme er såre nær. Den same profetiske bodskapen kom i Moss eit år seinare. Og i 1973 fann dei olje og gass i Nordsjøen.

Tungetale ved Mari, tyding ved John.

Ja, eg har sagt i mitt ord korleis det skal vere før eg kjem att, seier Herren, det skal vere krig og det skal vere rykter om krig og folk skal reise seg mot folk, det skal vere hunger og det skal vere pest, seier Herren. Dette har eg tala om i mitt eige ord, seier Herren. Og kva skal de då gjera, seier Herren, når de ser alt dette skjer? Då skal de ikkje verte deprimerte, då skal de ikkje verte missmodige, men då skal de sjå opp til meg. Og de skal få vite og de skal få  kjenne at eg kjem snart, seier Herren. For sjå, seier Herren, når de ser alt dette, så vit at mitt komme, det er såre, såre nære. Derfor syt for å verte fyllt av min Heilage Ande i denne tida og la deg leie av den Heilage Ande og du skal få oppleve ufattelege ting med meg, seier Herren.

Mange av mine born har i denne tida sovna hen og dei har resignert, seier Herren. Derfor vil eg at du, mitt barn som kjenner elden brenne i ditt hjerte, du skal vere med og du skal oppmuntre dei og du skal vekke dei og du skal forkynne at eg kjem snart, seier Herren. Du skal vere med og du skal vekke dei til ny innsats, seier Herren. For sjå, eg vil ikkje at nokon skal skal gå fortapt, men eg vil at alle skal omvende seg og leve. Du som ein gong opplevde freden og gleda og salvinga i den Heilage Ande, sjå, eg kallar deg tilbake, seier Herren. At du skal komme til meg igjen og eg skal på nytt fylle deg, seier Herren. Eg skal fylle deg med mi salving og mi kraft og du skal vere med og verte til velsigning der du går fram på din veg. Amen.

Aktuelle bibelvers.

ESK 18,32 Eg vil ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de leva!  

MTT 24,1 – MTT 24,36 {TEMPLET SKAL ØYDELEGGJAST}  Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2 Men han sa: “Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.”   3 {TRENGSLENE TEK TIL}  Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: “Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?” 4   Jesus tok til ords og sa:  Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: “Eg er Messias.” Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene. 9   Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.   15 {DEN STORE TRENGSLA}  Når de då ser at “den øydande styggedomen”, som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  [“den øydande styggedomen”: Ordlaget er henta frå Dan 11, 31; 12, 11. Syrarkongen fekk i 167 f. Kr. reist eit heidensk altar framfor templet i Jerusalem. Dette gjorde templet ureint, og all gudsteneste laut stogga. På tilsvarande måte skal templet krenkjast, og det skal verta øydelagt.] 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;  [taket: Taket var flatt og tente til opphaldsstad. Sjå Apg 10, 9. På utsida førte ei tropp opp til taket.] 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.   23 {NÅR MENNESKESONEN KJEM}  Om nokon då seier til dykk: “Sjå her er Messias”, eller: “Der er han”, så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: “Han er ute i øydemarka”, så gå ikkje dit, eller: “Han er inne i huset”, så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast. 29   Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.   32 {LÆR AV FIKENTREET!}  Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. 34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.   

JOH 17,13 – JOH 17,26 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. 14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda. 15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde. 16 Dei er ikkje av verda, liksom eg ikkje er av verda. 17 Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning.  [Helga, vigsla: Grunnteksten har same ordet på desse to stadene.] 18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. 19 Eg vigslar meg for dei, så dei òg skal vera vigsla ved sanninga. 20   Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.   

Kommentar.

Eg var ikkje på dette møtet, men fekk det med meg på linken:

Riker oppstod og gjekk til grunne.

I det gamle testamentet les vi om at rike oppstod og gjekk til grunne og Gud sa det var han som gjorde det slik, han viste det ved å la sine profetar profetere om det. riker oppstod med kongar som vart mektige, men dei ovmoda seg og gjorde urett og Gud straffa dei og gjorde slutt på makta deira, ved at dei leid nederlag og fall i krig. Men så vert det fortalt om at Gud ville la eit evig rike oppstå, det er Guds rike, der er Kristus konge.

Korleis går det med Noreg?

Når vi fann olje og gass i Nordsjøen, vart Noreg rikt og mektig og då viser det seg at også norske politikarar ovmodar seg mot Gud og vil ha æra for de, som om det er dei som gjer sitt verk. Vel, fører dei ein bra politikk og vi ser at den verkar bra, så er det på sin plass å påstå det, er det den rette forklaringa, så er det på sin plass å bruke den, den æra kan dei då godt få. 

Men vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, han har openberra si frels for oss i Kristus og det skal vi ære Gud og Lammet for.  Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og det skal vi takke han for og ovelate det til han få fullføre det verket han har byrja på. Han gir ingen annan si ære.

Men så viser det seg at prestar og politikarar og mange med dei ikkje vil ære Gud og Lammet slik likevel. Og kvifor det? Det er ei tilsniking der dei framstille det som om det er dei som gjer sitt verk og vil ha æra for det, slik prøver dei å forgude seg sjølve. Men det er løgn, dei er ikkje i stand til å gjere Guds verk, dei er ikkje i stand til å fullføre det. Det er den Lovlause som set seg inn i Guds hus og gjer seg sjølv til gud. 

Med oljeindustrien har Noreg vorte eit rikt land og det betyr at nordmenn også vert verdifulle. Så viser det seg tydelegare at der er ein motsetnad mellom korleis verda verdset oss som arbeidskraft, og korleis Kristus verdset oss som frelste sjeler, som hans forsamling og kyrkje, som hans brud. Og slik er der også ein motsetnad mellom korleis verda verdset den norske kvinna og korleis ein frelst, norsk mann vil verdsette henne som kjæraste og som kone. I verda vert menneska verdsette som salsvare, som trælar, som motsetnad til at Gud verdset oss som frelste sjeler. 

Vente på Jesu gjenkomst.

Men når Jesus kjem att, skal han tyne han med pusten frå sin munn. Det er vårt håp og det er ein god grunn for oss til å sjå opp til han og vente på hans gjenkomst i tru og med håp og så trøyste kvarandre med desse orda. Så det rette svaret er å forkynne at han kjem att for å hente sine, for å frelse dei frå vreiden.

HEB 9,28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.  

JOE 3,1 – JOE 3,8 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 3   Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:  blod og eld og røyksøyler. [teikn: varsel før Herrens dag kjem.] 4   Sola vert omskapt, ho svartnar,  og månen vert som blod,  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 5   Men kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.  For på Sion-fjellet og i Jerusalem  skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,  så som Herren har sagt.  Og mellom dei som har berga seg,  er dei som Herren kallar.  6 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

Men kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å frelse oss for æva og gi oss evig liv og verdsleg rikdom og makt er for ingen ting å rekne samanlikna med det.

Kjelda med det levande vatnet. Vere brennande i Anden.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Då er det viktig for meg å ha det klarte for meg at kjelda med det levande vatnet skal eg og ho ha i lag og den skal vere vår gledeskjelde, det er den som gir oss liv.

OSP 5,15 – OSP 5,19   Drikk or din eigen brunn,  rennande vatn or di eiga kjelde! 16   Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,  bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17   Du skal ha dei heilt for deg sjølv  og ikkje dela dei med andre. 18   Då skal kjelda di vera velsigna.  Gled deg over din ungdoms kone, 19   den elskelege hind, den yndefulle gasell!  Fryd deg støtt ved hennar barm,  lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!  

Så eg ventar meg at eg skal få oppleve dette i mitt kjærleiksforhold til henne som Gud gir meg til kone, dette er fundamentalt i vårt liv med Gud, liksom kjelda som vella opp og vatna Edens hage. Gud skaper meg i Kristus og då får eg oppleve at han gjer sitt verk med meg i samsvar med 1.Mos.2 og gir meg ei kone på denne måten. Eg trur framleis det er ho Reella og innstiller meg på å få oppleve dette rike livet i Gud saman med henne. Vi får oppleve at Guds kjærleik er mellom oss og med den kjærleiken skal eg vere brennande. Guds kjærleik er utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande, den kjærleiken til henne skal eg la flamme opp, med den kjærleiken skal eg vere brennande i ånda.

RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

HSA 8,5 – HSA 8,7 {KJÆRLEIKEN ER STERK SOM DØDEN}  Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,  stødd til sin ven?  Under apalen vekte eg deg,  der mor di hadde føderier,  der ho fødde deg.  6   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  

SKR 3,1 – SKR 3,2 {ØVSTEPRESTEN JOSVAS SKULD OG FRIKJENNING}  Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: “Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?”

RMR 12,11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

Dette har eg skrive meir om i min  kommentar til møtet på Sion Åheim 18.6.2018:

https://tsivert.com/2018/06/18/__trashed/

 

 

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte 2018. Bookmark the permalink.

3 Responses to 2018.04.29. Maranata. Vert fyllt av den Heilage Ande og la den leie deg.

  1. Pingback: Menneska ber sine avgudar og trælkar under dei. Men den levande og sanne Gud har openberra si frelse for oss, ved at han vekte Kristus opp frå dei døde. | Trua & entropien.

  2. Pingback: Jesus vil leie oss inn til Guds kvile. Då må vi sjå til at ingen vert liggande etter. | Trua & entropien.

  3. Pingback: Jesus leier oss inn til Guds kvile (1.Mos.2) i dag. Samtidig er det ei vandring som når Moses leia israelsfolket mot det lova landet. Då må vi sjå til at ingen vert liggande etter. Helst ikkje med kronisk utmattelsessyndrom heller. | Trua & entrop

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s