2018.06.17.SionÅheim. Når Gud talar og vi lyttar.

 

 

Innleiing ved Olav Harald Vik.

2PE 1,1 – 2PE 1,3 {HELSING}  Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd har fått den same dyre tru som vi. 2 Nåde og fred vere med dykk i rikt mål gjennom kunnskapen om Gud og vår Herre Jesus!  3 {TRUA SKAL SYNA SEG I LIVET}  Då vi lærte han å kjenna som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke, gav han oss i si guddommelege makt alt som tener til liv og gudsfrykt. 

Tale ved Arnstein Andersen.

1MO 1,3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos.

JOH 1,1 – JOH 1,4 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska.

Så siterte han nokre vers der det vert sagt at Guds røyst er som tora, den er sterk altså. Men så talar Gud til menneska, som hans høgste skapning og vist oss si kraft ved at han vekte Jesus opp frå dei døde. Arnstein kalla det for den sterkaste krafta.

HEB 1,1 – HEB 1,3 {GUD HAR TALA GJENNOM SONEN}  I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.  

Jesus ville gjere disiplane sine til sine vitne, det er noko meir enn å vere predikant. Det greske ordet for vitne er ”martyros”. Mange av dei fyrste kristne døde for si tru og vart vitne på den måten, så det er altså opphavet til dagens tyding av ordet martyr.

Så noterte eg meg to skriftstadar til:

JES 50,4 – JES 50,5 {HERRENS TENAR ER TILLITSFULL I TRENGSLER}  Herren min Gud har gjeve meg  ei læresveinstunge,  så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte.  Kvar morgon vekkjer han mitt øyra,  så eg kan høyra på læresveins vis. 5   Herren min Gud har opna mitt øyra.  Eg sette meg ikkje imot  og drog meg ikkje unna.

HSE 6,3   Lat oss læra å kjenna Herren,  ja, jaga etter å kjenna han!  Han kjem like visst  som ljoset om morgonen.  Han kjem til oss som regnet,  lik vårregn som væter jorda.  

Så sa han at svært ofte kan det vere viktig for oss å gå til dei som vi ikkje likar å gå til. Han minna oss om det synet Peter fekk då Gud kalla han til å gå til Kornelius. Hann skulle slakte og ete av desse dyra han fekk sjå i synet, men det baud han imot. Men Gud sa til han at det han hadde helga, skulle han ikkje halde for ureint. Så viste det seg at Gud hadde kalla Kornelius til å sende bod på han.

Tyding av tungetale.

Tungetale ved ei eldre kvinne, tyding ved Arnstein.

1A: ”Du skal ikkje tru at du ikkje kan brukast av meg, seier Herren. Eg har brukt deg og  vil bruke deg i fortsetjinga. Du kjenner i ditt hjerte at eg talar til deg, du har tenkt på ting, du har gått og ruga på ting, så du tenker er berre eigne tankar om. Men det er tankar som eg har gitt deg, seier Herren, som du får gå inn i. Eg vil legge ein ny – eg vil legge nye tankar inn i ditt liv, der du skal få lov til å gå i trua sitt liv med meg, seier Herren. Tida er komen til å bryte opp ifrå det som du har vore i og gå inn i noko nytt. Du veit kva eg snakkar om, mitt barn, du skal få lov til å gå i saman med meg. Om du synest det er vanskeleg og det er eit område du ikkje har vore på, så skal du få lov til å kjenne at eg skal gi deg kraft, eg skal gi deg visdom, eg skal gi deg nåde til å gå veien med meg, seier Herren. Eg ventar på ditt svar. Amen.

1B: Visdoms og openberrings Ande, til kunnskap om meg. Det har de fått i mitt Ord, seier Herren. Visdom og openberrings Ande til kunnskap om meg. Du skal få vere med å så så ut, ver med å dele, vere med å høyre, lytte til vinden, vere med å velsigne andre menneske, for – velsign og forbann ikkje. Velsign menneska. Del Ordet med andre menneske. Del tankar som du har fått, som Anden minner deg om. Du tenker ofte at det er dine eigne tankar, men det er min eld og du skal øve deg opp til å lytte til meg, øve deg opp til å lytte til min tale. Du skal få vere med å så inn i menneske sine behov. Så ver fullt våken når eg talar til deg mitt barn, når eg talar til deg i nattesyn, når eg talar til deg i søvne, når eg talar til deg på dagen. Du skal få vere eit reiskap for meg, seier Herren. Gå i fred og ten meg med glede. Amen.”

Tungetale ved Ingelill Stahl, tyding ved Arnstein.

2. ”Det var min nåde som frelste deg mitt barn og det er min nåde som har bevart dykk inntil i dag. Og det er også min nåde som skal føre dykk vidare, på trua sin veg. Sjå dykk ikkje engsteleg rundt, sjå ikkje på dykk sjølv, sjå ikkje på alder, men sjå på meg, seier Herren. De skal få tene meg i tru og kjenne det at eg skal møte dykk på ein spesiell måte, i tida som ligg foran. De skal få tene meg med ånds og krafts bevis. Så ver våken for min tale, i mitt Ord, gjennom alle menneske, gjennom kunnskaps Ord, skal de vere våken, skal de få lov til å tene meg i menigheta og utanfor menigheta, i møte med andre menneske. Så ver frimodige og gå, gå med det de har. Med det som de har fått av Herren, skal de få lov til å gå med. Mi kraft vert fullenda i skrøpelegdom. Om du føler deg skrøpeleg, så er eg her med min nåde og mi kraft, seier Herren. De skal få tene meg med ånds og krafts bevis. Amen.”

Tungetale ved Olav Harald Vik, tyding ved Arnstein.

3. ”Den siger som vann på Golgata kors, det såg ut til å vere eitt av dei største nederlag som noko menneske kunne oppleve. Men den sigeren som eg vann på Golgata, det var sigeren over Djevelen, over makter og myndigheter, over verda sine herrar i dette mørket, vondskapens åndehær. Det var ein siger som er din siger i dag. Det er ein siger som du skal få lov å gå inn under og tene meg med, seier Herren. Eg vann ein evig siger og den sigeren er her i dag. Om du kjenner på makter og myndiheter i ditt liv som vil trykke deg ned, så skal du få lov til å komme inn for nådens trone, inn i løynkammeret og anrope nådens trone, seier Herren. Og du skal få kjenne at den rike kraft som er gitt, skal få komme inn i ditt liv på ein ny måte. Eg ynskjer å møte deg mitt barn, eg ynskjer å møte deg der eg møtte deg før. Det har vorte (litt kaldt hos deg??), men eg skal møte deg igjen. Er du villig til å bøye deg under meg, seier Herren, så skal eg møte deg med det Ordet som er talt, som er ånd og som er liv og som er lækjedom. Og eg skal gi kraft i dine lemer, seier Herren, eg skal gi kraft i di ånd. Men du har unnlatt å ete, mitt barn. Derfor er det blitt (tynnt)? hos deg, men du skal få ete av Ordet, ete av Ordet og eg skal føre deg ut i (dammen??), seier Herren, ut i dansen med dei glade. Du skal få lov å kjenne det at Anden gjer levande, Anden gjer levande. Og du skal få kraft og mot til å gå i teneste for meg. Det skal ikkje vere akk og ve, men det skal vere takk og lov i ditt liv. Når du skal vente på ein ny dag, (så med iver?) tenk kva gjer Herren for meg i dag.  Du skal få lov til å gå i teneste for meg, seier Herren, i ferdiglagde gjerningar. Så søk meg, søk inn i løynkammeret. Du og eg skal tale saman. Det skal verte ånd og det skal verte liv, seier Herren. Amen.”

Aktuelle bibelvers.

Denne kjelda er kjelda med det levande vatnet, frelseskjelda. Symbolsk er det tale om den allereie i 1.Mos.2.

1MO 2,4 – 1MO 2,10   Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte.  {MENNESKET I GUDS HAGE}  På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5 fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. [På hebr. heiter mann adam og mark eller jord adama.] 8   Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. [Eden: Namnet likjest eit hebr. ord for glede. I den gr. oms. vert hagen kalla paradeisos, av det vårt “paradis”.] 9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt. 10   Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner.

JER 2,13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.  

JES 12,3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.  

HSA 4,15   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  

Kommentar.

Mine tankar og mi bønn før møtet.

Eg ser det som svar på noko som eg har tenkt på i det siste og vil skrive litt tom det her.

Sjå på Kristus og sjå på den åkerlapp de har fått tildelt.

For nokre år sidan kom der ein bodskap der Jesus sa til menigheta at den skulle sjå på den åkerlapp som var den tildelt og der var lovnad om vekst. Bodskapen 28.2.2010:

”Når du høyrer ordet bli forkynt, så tenker du, gjeld dette her for meg. Og grunnen til at du spør, mitt barn, det er for at du har hatt tunge tider. Du har hatt mange tunge tak å bære. Og vanskelege forhold rundt deg. Men du skal vite at ingen ting er skjult for meg, sier Herren. Eg har sett dine fotetrinn, eg har sett din smerte, eg har sett din nattevak. Eg har sett alt du har bært. Men husk, mitt barn, at eg har bært saman med deg. Eg har gått saman med deg heile veien og det er ein opning i tunellen, det er ein veg ut. Og du skal få legge desse tinga som du ber på og som du held så fast på, skal du få legge hos meg, seier Herren. Og eg skal føre deg ut i fritt rom og du skal kjenne, at i sannhet Herren lever, eg er den eg har sagt meg å være. Men du må vere villig til å legge det på meg, seier Herren, for eg har bært det for deg fordum. Og du skal vere villig til å legge det på meg og eg skal føre deg ut i fritt rom, der du kjenner at det er godt å leve, du skal få fryde deg i blant de frelse og kjenne det at eg, Herren, gjer menneske fri.

Eg talar til dykk, mi menighet, sjå på den åkerlapp som du har fått, for du har fått ein åkerlapp du, på lik linje med alle dei andre. Sjå på det område du betener, seier Herren, sjå på det området du går, blant de menneske du møter, eg har gitt deg eit område du skal få vere med å tene i. Og du veit også kva teneste eg har gitt deg, du er fullt viss på kva du har fått av meg, seier Herren. Eg ynskjer at du skal vere med på å tene med det du har fått, for då vil eg også utvide dine områder. Og du skal få sjå at når du byrjar å ause ut av det eg har gitt deg av den Heilage Ande, så skal du få lov til å kjenne og oppleve at det aukar i tall, det aukar kvalitet… i kvantitet.  Og du skal og oppleve at du kjem i kontakt med menneske på ein måte som du aldri gjorde før. Du skal få vere med på å gi positive impulsar inn i familiar der menneske skal verte frelst. Bli …  våken, lytt etter Andens røyst i ditt liv, eg talar som fordum, seier Herren, og eg talar i dag til mi menighet, eg brukar mi menighet og eg ynskjer å bruke dykk, ja, det skal høyrast fryderop om frelse i dykkar leir, det skal verte trongt om plassen, seier Herren.  Om de berre er villige til å gå på mitt ord og gi avkall på alle om og men og stige ut av båten og gå bortover havet, så skal du kjenne det, at du får oppleve min nåde over nåde i ditt liv. Eg kallar dykk til fornya innsats. Ver ikkje seine til å høyre, men eg vil gi dykk disippeløyre, så de høyrer som disiplar høyrer, ver frimodige …. Eg går med dykk. Amen. Amen.”

Vi må kle oss i Guds fulle rustning, for der er ei konflikt mellom Guds rike og verda, så vi må vere forebudde på at verda vil vere fiendtleg og at den vil prøve å få makt over oss. Derfor må vi samtidig vende hugen og blikket opp til Herren. Når vi går ut og prater med folk, er det om å gjere å vere vakne for kva Anden talar til oss og driv oss til, så vi nyttar den laglege tid. 

Jesus har mange gangar minna meg om å sjå på han og så han han sagt eg skal sjå på det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Det trur eg er at han gir meg ei frelst kvinne til kone, slik velsignar han meg og gjer meg til kanal for si velsigning. Det primære er å verte velsigna og det vert vi ved å velsigne Jesus. Så vert vi til velsigning for andre med den velsigninga han gir oss. Ved den velsigninga ventar eg meg at ho vert til hjelp for meg, eg skal dyrke og verne Guds hage og det ventar eg meg at ho vil hjelpe meg med.

Frelst mann med frelst kone. Jesu brud.

OSP 5,15 – OSP 5,19   Drikk or din eigen brunn,  rennande vatn or di eiga kjelde! 16   Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,  bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17   Du skal ha dei heilt for deg sjølv  og ikkje dela dei med andre. 18   Då skal kjelda di vera velsigna.  Gled deg over din ungdoms kone, 19   den elskelege hind, den yndefulle gasell!  Fryd deg støtt ved hennar barm,  lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!  

Så i kjærleiksforholdet mellom han og henne, er dei begge liv i Gud og auser av frelseskjeldene, Guds kjærleik er mellomdei og det er grunnleggande viktig for kjærleiksforholdet og ekteskapet mellom dei. 

Vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, så i den nye pakt lever kvinna i eit slikt kjærleiksforhold til Kristus, same enten ho er gift eller ikkje, ho får sjå seg sjølv som Jesu brud og som Jesu kone. Vi menn er også forsona med Gud i Kristus, så vi seier oss samde i det. Dette kjærleiksforholdet mellom kvinna og Kristus er så fundamentalt viktig at kyrkjelyden vert kalla Jesu brud, så det er identiteten til Jesu kyrkje. Eg tek det i denne rekkefølge for å gjere det klart at Jesus er hjørnesteinen, så det mest grunnleggande er at den einskilde ved trua på han kjem inn i eit personleg Guds-forhold.

2KO 11,2 – 2KO 11,4 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Jesus har sett fram for meg ei opna dør, då kan ingen lukke den.

Jesus har minna meg fleire gongar om at han har sett fram for meg ei opna dør:

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   

 Det er himlens dør og det er døra inn til sauene og det er han sjølv som er den døra. Eg forstår det har å gjere med at han kalla meg til å studere realfag igjen, biologi og at han vil gi meg ei kone, ho Reella. Og eg tenker meg at i denne samanheng er motstandskampen mot at eg skulle få meg ei frelst kvinne til kone, representert ved Satans synagoge.

Virtuella.

Det er rart kor mange gangar eg har gjenteke det same, som om det står i stampe, men Kristus har då drege oss opp av gjørma og sett våre føter på ein klippe. Eg skal prøve å forkorte med å seie det vesentlege, vel, det vesentleger er kva Guds seier til oss i sitt Ord og ved sin Ande. Men når eg ber til Gud og får oppleve at han svarar meg, så blir det som eg sa i mi bønn vesentleg. Eg snakkar med Jesus og han svarar meg og då blir det som eg seier vesentleg og betydningsfullt. Når vi ser på verda og det som er rundt oss, og kanskje tenker på det som vi opplever eller har opplevt, så får det lett betydning for det vi seier. Men når vi ser på Jesus og vedkjenner for Gud kva han er for oss, så får vi oppleve Guds frelseskraft i våre liv. Og det er no nettopp derfor det er så viktig for oss å vende oss til han og sjå på han.

1PE 3,21 – 1PE 3,22 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.] 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde. 

1PE 4,1 – 1PE 4,2   Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda. 2 Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda.

Når eg gjekk på gymnaset og vart kjend med henne Virtuella og byrja å verte glad i henne, bad eg til Gud over det og vedkjende at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Så eg opna meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Legg merke til at her er ei erkjenning av noko som er sikkert og så stiller det henne på val. Dette samsvarar med fridomen i barnekåret og vi kan også seie at det samsvarar med fridomen i eit demokratisk samfunn. 

Seinare bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar og då fekk ho vite at eg var glad i henne og at dette kom som eit bønnesvar. Sidan var det ikkje råd å få møte henne igjen og snakke noko meir med henne. Men eg fekk då halde fram med å snakke med Jesus, også om henne. Og han har kalla på henne. Og kva så? Jesus er vegen til livet, vegen til Faderen. Ho har vore fri til å velge og har teke av til høgre og til venstre, men han ho høyrt på og brytt seg om stemma som seier at dette er vegen, vandre på den? 

Jesus tala om den smale vegen og den tronge porten som fører til livet, få er dei som går den vegen, men den breide vegen og den vide porten fører til fortapinga, mange er dei som går den vegen. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Trur vi at der er ei Sanning, så må vi vere klar over at der er ei Løgn også, ja, mange Løgner. Løgnaren er Antikrist og der er mange antikristar komne. Det er enklast å velge Løgnene og på kort sikt kan det ofte synast gå vel med dei som vel løgnene, men det held nok ikkje i lengda. Det er ei nådetid og det er om å gjere å bruke den til å verte frelst og komme til erkjenning av sanninga.

Men ho Virtuella vart med i protesten mot Paulus si lære, det var å fornekte Sanninga og velje den breie vegen. Ho var fortapt, men Jesus var komen for å frelse det som var fortapt. Då må ho på nytt velge han og gå den vegen som han kalla henne. 

Jesus sende meg med den glade og frigjerande bodskapen og sa til meg at han ville vere med meg, så ei lita helsing frå han kunne vere nok for han til å gjere storverk, for den Heilag Ande ville bruke det. Det var ikkje mi oppgåve å overtyde verda som synd, rettferd og dom, for han sende den Heilage Ande til verda, for at den skulle gjere det.

Jesu ord er ånd og liv, det vekker oss opp til liv i samfunn med Gud.

Knapt eit halvt år etter at eg byrja å studere, tala Jesus til meg på denne måten: Du som fekk livet planta i deg, dette livet skal vekse. Då visste eg med meg sjølv at det vart planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge.

JAK 1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Ordet vart forkynnt for meg, eg trudde og tok imot det. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Eg forstod etter kvart at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så når eg vart noko eldre byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Han har svart meg positivt på det heilt sidan eg var ung, det er inkludert i det fullførde frelsesverket.

Denne bøna var det Gud svarde meg på, også når eg bad for henne Virtuella, ja, spesielt då, dette var det saka gjalt for mitt vedkommande og det var samanfallande med mi bøn om vekking og mange andre si bøn for vekking også. Det samsvara med Paulus si lære, det er Guds Ord. Jesu Ord er ånd og liv, det er det som vekker oss opp til liv i samafunn med Gud.

Det gjekk likevel ikkje så bra med meg i mitt forhold til henne Virtuella.

Mi sak; Reella. 

Men mi sak er framleis at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg på det, Han er Guds Ord og han er den same, Gud er den same og han har skapt alle ting med sitt Ord, han frelser oss med sitt Ord og skaper oss med sitt Ord i samsvar med 1.Mos.2.

Når eg oppdaga henne Reella, syntest eg ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne. Så leia Anden meg slik at eg møtte henne, så eg vedkjende i mitt stille sinn:” Der er ho”. Då fekke eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same:” Der er ho”, samtidig som eg sa det.

Eg tek det som hans svar på mi bøn om ei kone. Kvifor skulle så ho godta det, slik utan vidare? Jau, ho studerte realfag, biologi, så ho søkte den realfaglege sanninga, det var hennar interesse. Og Kristus er sanninga, så denne openberringa gav henne det rette svaret på mange av livets grunnlegganede spørsmål, ja, han er då Livet som gir livet meining for oss. Trua og håpet gir livet meining for oss, la då desse tre vere, tru, håp og kjærleik, men størst av dei er kjærleiken. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarto ved den Heilag Ande som er oss gitt. Kristus er av herlegdoms Ande Guds veldige Son, som hans brud vert vi tiltrekte av hans herlegdom, når han vart oppløfta, ville han trekke alle til seg.

Han sa til meg at han hadde lagt lengselen ned i meg og han ville sjølv fylle den. Eg forstod at slik svara han på mi bøn om ei frelst kvinne til kone. Det er ved at han frelser henne og gir henne ånd og liv, Herren er sjølv kjelda med det levande vatnet. Når vi kjem til han og drikk av det, vert det i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Den kjelda har eg i meg og når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så skal ho også ha den i seg.

JOH 4,10 – JOH 4,18 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.” 15 Kvinna seier til han: “Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.” 16   Då sa Jesus til henne: “Gå og hent mannen din og kom hit att!” 17 “Eg har ingen mann,” svara kvinna. “Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,” sa Jesus. 18 “For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.”

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Eg har nyleg skrive om at Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, eitt tempel for den Heilage Ande. Og Jesus sa til meg at eg skulle gi han nøklane til alle roma og ynskje han velkommen inn med sitt lys. Eg forstod at det var sikta spesielt til rom som kjenslemessig hadde vore knytt til henne Virtuella, sidan eg hadde opplevt så sterk kjærleik til henne. Men sidan har no Jesus overtyda meg om at han gir meg henne Reella til kone i staden, så det betyr vel at desse roma skal verte knytt til henne i staden. For Gud er kjærleik og eg ventar meg at han med sin kjærleik vil knyte henne til meg i samsvar med 1.Mos.2. Så eg skal la henne Reella få denne plassen i mitt liv i staden for henne Virtuella. Det er nok dette det er sikta til, når Jesus seier han ventar på mitt svar. 

Bodskap 1A: 

”Du skal ikkje tru at du ikkje kan brukast av meg, seier Herren. Eg har brukt deg og  vil bruke deg i fortsetjinga. Du kjenner i ditt hjerte at eg talar til deg, du har tenkt på ting, du har gått og ruga på ting, så du tenker er berre eigne tankar om. Men det er tankar som eg har gitt deg, seier Herren, som du får gå inn i. Eg vil legge ein ny – eg vil legge nye tankar inn i ditt liv, der du skal få lov til å gå i trua sitt liv med meg, seier Herren. Tida er komen til å bryte opp ifrå det som du har vore i og gå inn i noko nytt. Du veit kva eg snakkar om, mitt barn, du skal få lov til å gå i saman med meg. Om du synest det er vanskeleg og det er eit område du ikkje har vore på, så skal du få lov til å kjenne at eg skal gi deg kraft, eg skal gi deg visdom, eg skal gi deg nåde til å gå veien med meg, seier Herren. Eg ventar på ditt svar. Amen.”

Eg skal i alle fall vere snar med å seie at eg ynskjer han skal la henne Reella få denne plassen i mitt liv i staden for henne Virtuella. Eg kjenner meg trygg på at ho Reella er ei skikkeleg kvinne, ho er vituge og ho er verkeleg og forstår kva det vil seie å vere kvinne og vere kone. Eg veit korleis Jesus har vitna om henne ved sin Ande, ved å svare på mine bøner og han er mektig til å frelse henne og bevare henne.

Eg har nyleg skrive om at verdsleg makt prøver å få makt over kvinna og kyrkja i staden for Kristus, for å bruke henne til å lokke mannen med, for å prøve å få makt over han også. Og det vart tydeleg med henne Virtuella, så mitt forhold til henne vart misslukka. Men Jesus døde i staden for meg, det såg ut som eit stort menneskeleg nederlag, men då sigra han over vondskapens velde og då sigra han for meg og den sigeren skal eg komme inn under og nytte meg av, ved at eg bøyer meg for han. Slik svarar han meg i bodskap 3, eg siterer:

”Og du skal få kjenne at den rike kraft som er gitt, skal få komme inn i ditt liv på ein ny måte. Eg ynskjer å møte deg mitt barn, eg ynskjer å møte deg der eg møtte deg før. Det har vorte (litt kaldt hos deg??), men eg skal møte deg igjen. Er du villig til å bøye deg under meg, seier Herren, så skal eg møte deg med det Ordet som er talt, som er ånd og som er liv og som er lækjedom. Og eg skal gi kraft i dine lemer, seier Herren, eg skal gi kraft i di ånd. Men du har unnlatt å ete, mitt barn.”

Rett før denne bodskapen kom, bad eg spesielt for henne Rella, om å få henne til kone, altså, men eg var no litt stusse også, for det er no så lenge sidan eg har sett henne, gjorde eg rett i å be for henne slik? Men han seier han vil møte meg der han møtte meg før og eg forstår at det er som svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ung, mi bøn om ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Han seier han vil møte meg der som han har møtt meg før og då tenker eg på desse roma i min lekams tempel, der eg får kjenne meg knytt til henne, kjenne meg som ein kropp med henne, eitt tempel for den Heilage Ande, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Han er kjelda med det levande vatnet og den skal eg og ho ha i lag, han gir ånd og liv til våre sjeler. Jesu ord er ånd og liv og eg må ete meir av det, så det vert til mat for kropp, sjel og ånd (Joh.6), det er mat for den kroppen som er eit tempel for den Heilage Ande. Og eg trur eg skal få oppleve at det gir kraft til lemane mine. Men eg må altså tenke som so at i følgje Guds Ord, 1.Mos.2, så er eg ein kropp med henne.

I slutten av bodskap 3 kom der ei setning som var litt vanskeleg å høyre og oppfatte kva som vart sagt:” Når du skal vente på ein ny dag, (så med iver?) tenk kva gjer Herren for meg i dag.”  Tala var så hurtig at det var vanskeleg å få det med seg, så først tenkte eg meg det vart sagt: tenk kva eg kan gjere for Herren i dag. Er det ikkje slik vi ofte tenker eller tenker oss at vi burde tenke. Og så vert det lett eit spørsmål om eigne prestasjonar. Men det vart då sagt: Tenk kva Herren gjer for meg i dag.  Då er det han som vert fokus, vi får oppleve at han er med oss og gjer sitt verk med oss og gjennom oss. Slik får vi oppleve å gå i ferdiglagde gjerningar, for det er han som gjer sitt verk og det vert avgjerande for kva vi gjer. 

Men altså, eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg har fått snakke med han om det, han har svart meg på mi bøn og valt ut henne Reella til det. Han har sagt eg skal glede meg i han, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår og det er no henne, så eg vil be han frelse henne som kjærasten min og kona mi.

Mine siste dokument.

Eg ser  desse bodskapane som svar på det eg har skrive i mine siste dokument

https://tsivert.com/2018/06/16/2018-05-13-jesus-gir-oss-and-og-liv/ 

https://bluehost944.com/2018/06/13/prestar-og-politikarar-sine-behov-for-ei-krystallnatt/ 

https://bluehost944.com/2018/06/04/liberalisme-eller-populisme-den-frigjorde-kvinna-har-erstatta-den-frie-personlege-samtala-med-goebbels-retorikk/ 

https://bluehost944.com/2018/05/26/jesus-vert-de-verande-i-mitt-ord-er-de-rette-laeresveinane-mine-da-skal-de-fa-kjenna-sanninga-og-den-skal-sette-dykk-fri-macciavelli-malet-helgar-middelet/ 

Tilleggskommentar.

Tilleggskommentarar kjem i dokumenta

Menneska ber sine avgudar og trælkar under dei. Men den levande og sanne Gud har openberra si frelse for oss, ved at han vekte Kristus opp frå dei døde.

Jesus gjer meg til kanal for si velsigning. Velsigning er som kjelda i Edens hage.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2018. Bookmark the permalink.

4 Responses to 2018.06.17.SionÅheim. Når Gud talar og vi lyttar.

  1. Pingback: Menneska ber sine avgudar og trælkar under dei. Men den levande og sanne Gud har openberra si frelse for oss, ved at han vekte Kristus opp frå dei døde. | Trua & entropien.

  2. Pingback: Jesus vil leie oss inn til Guds kvile. Då må vi sjå til at ingen vert liggande etter. | Trua & entropien.

  3. Pingback: Jesus leier oss inn til Guds kvile (1.Mos.2) i dag. Samtidig er det ei vandring som når Moses leia israelsfolket mot det lova landet. Då må vi sjå til at ingen vert liggande etter. Helst ikkje med kronisk utmattelsessyndrom heller. | Trua & entrop

  4. Pingback: Jesus gjere meg til kanal for si velsigning. Velsigning er som kjelda i Edens hage. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s