2018.05.13. Jesus gir oss ånd og liv.

Innleiing ved ein mann.

Jes.64,7 Men no, Herre, er du vår far!

Vi er leira, du han som formar oss,

alle er vi verk av di hand.

Tale ved Håkon Martinsen.

Rom.5. 7 Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god.  8 Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv!

Håkon talte om eika som heldt lenge på dei gamle, visne, brune blada, den gjorde ikkje noko for å riste dei av seg, men når den nye knoppen kom, måtte dei sleppe taket. Han brukte dette som symbol på korleis det nye livet som Jesus gir oss erstattar det gamle. Han brukte så forteljinga om Arons stav som talande nettopp slik.

4.Mos.17,8 Det vart morgon neste dag. Då kom Moses inn i vitnemålsteltet, og sjå, Arons stav, staven for Levis hus, hadde sett friske skot. Han hadde fått knoppar, blømde og bar mandlar.

Joh.21,6 «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått.  7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.  8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.

9 Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. 10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei.

Håkon brukte dette om perioder i våre liv då vi kan få stagnasjon i vår åndelege utvikling, tider då vi opplever lite åndeleg velsigning og lite av Guds kraft i våre liv, medan vi tenker på tidlegare tider med rik velsigning. Men Gud er den same og vi må sjå moglegheitene til fornying.

Så fortalde han at på eit møte i Finnmark var der ei kvinne som ville ha han til å be for mannen sin, han var så sjuk at han låg nær sagt som ei grønnsak, gav ikkje mykje lyd frå seg. Og ho var visst ikkje frelst. Han bad ei kort bøn og ferdig med det. Søndagen etter heldt han møte langt derifrå. Men då kom ho og ville ha han til å be for henne også, og fortalde at no var mannen hennar oppe og gjekk. 

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

For det er fordi eg er levande, dette her er mogleg, eg er ikkje lengre på korset, eg er ikkje lengre i grava, men eg er stått opp og eg er verksam, eg er verksam i mellom dykk. Derfor ver frimodig i mitt namn og de skal få kraft i det den Heilage Ande kjem over dykk og de skal vere mine vitne. Ååå, eg har lova eg skal vere med dykk. Derfor legg hendene på dei sjuke og dei skal verte lækte, i mitt namn. Og det er Jesu namnet. Og det bleiknar aldri, åå, det tærest ikkje. Fordi mitt namn, er i går og i dag, til evig tid, eit namn som frelser.

For det er mitt liv, det er  mitt eige liv, det er min Ande, min Ande er til stades og tek bustad i dykk. Og det er han som skal gjere verket. Og alt som er umogleg for dykk, det vil eg gjere, for at mitt namn skal herleggjerast, slik at eg skal få ære. Og det er eg, Herren, som skal få all ære. For eg deler ikkje mi ære med nokre menneske. Derfor er eg ute etter menneske som er villige til å legge seg heilt ned, for mitt namn skuld. Og så skal eg Herren, eg skal løfte deg opp. Og det er eg, som skal bere deg. Det er eg som skal forme og danne deg. Det er mitt eige liv som skal gjere det. Det er ikkje menneske, men det er ved min Ande, seier Herren. Fordi eg er Herren din Gud.

Aktuelle bibelvers.

SKR 4,6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  

DNL 10,5 – DNL 10,18 Då eg såg opp, fekk eg auga på ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet. [Ufas-gull: -> Jer 10, 9.] 6 Kroppen hans var som krysolitt, andletet skein som lynet, og augo var som eldslogar; armane og føtene såg ut som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som larmen av ein stor folkehop. 7   Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje, men det kom stor redsle over dei, og dei sprang og gøymde seg. 8 Så vart eg att åleine. Og då eg hadde dette store synet, vart eg reint maktlaus. Eg skifte farge og vart likbleik; all mi kraft var borte. 9 Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, seig eg sanselaus ned med andletet mot jorda. 10 Då var det ei hand som tok i meg og hjelpte meg opp på hender og kne. 11 Han sa til meg: “Daniel, du som er så høgt elska av Gud, gjev akt på dei orda som eg vil tala til deg, og reis deg opp att! For no er eg send til deg.” Då han tala såleis til meg, reiste eg meg skjelvande opp. 12   Så sa han til meg: “Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen. 13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen. [Fyrsten over Persarriket: ein vond engel.] [Mikael: ein engel som vernar Guds folk. Sml. v. 20; 12, 1; Jud 9; Op 12, 7.] 14 No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.” 15   Medan han tala såleis til meg, bøygde eg hovudet og stod mållaus. 16 Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippene mine. Då eg opna munnen, kunne eg tala. Og eg sa til han som stod framfor meg: “Herre, synet har teke så på meg at all mi kraft er borte. 17 Korleis skulle eg, den ringe tenaren åt herren min, kunna tala med ein herre som deg? Kreftene sviktar, og eg kan ikkje pusta lenger.” 18   Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: “Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!” Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: “Tal, herre! For du har styrkt meg.”

ÅPE 1,10 – ÅPE 1,20 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun. 11 Ho sa: “Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.” 12   Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. 17   Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:  Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma. 20   Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.   

RMR 1,2 – RMR 1,4 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt, 4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde.

RMR 9,33 som det står skrive:  Sjå, eg legg på Sion ein støytestein  og eit berg til fall.  Men den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar.  

RMR 10,6 – RMR 10,11 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

RMR 1,16 – RMR 1,17 {EVANGELIET, GUDS KRAFT TIL FRELSE}  For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.  

1KO 1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

1KO 15,19 – 1KO 15,28 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.] 21 Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske. 22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23 Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24 Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde. 25 For han skal vera konge til Gud har “lagt alle fiendar under hans føter”. 26 Den siste fienden som vert tynt, er døden. 27 For “alt har han lagt under hans føter”. Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han. 28 Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

Kommentar. 

Eg var ikkje på møtet, men eg såg det på https://www.facebook.com/MaranAta.no/

Ohola og Oholiba var Guds koner (Esek23), men dei fall ifrå han og vart horer, ved at dei dyrka avgudane. Då straffa han dei for det og då var det tydelegvis ulike skjebner for einskilde kvinner. Folket vart bortførde frå landet sitt, men etter nokre år fekk dei vende tilbake til landet sitt. Då skulle dei bygge opp att tempelet og då profeterte Sakarja om det, det skulle ikkje skje med hær eller menneskeleg makt, men ved Guds Ande. I Sak.11 profeterte han om den Duglause Hyrdingen, den profetien strekker seg over ei lang historie og hendrettinga av Kristus er sentral i den. Sjølv om han vart fødd ved jomfrufødsel, altså ved eit Guds under, så var han av kjøtet av Davids ætt, levde som eit menneske, men syndefritt og feilfritt til Guds ære og Gud var med han og gjorde sitt verk med han. Han døde som eit menneske. Men vart levandegjord i Anden. Av herlegdoms Ande var han Guds veldige Son, slik det viste seg då han stod opp att frå dei døde. Så vi kan trygt seie at det var ikkje i det heile tatt ved hær eller ved menneskeleg makt, men ved Guds Ande.

Jesus er hjørnesteinen til det nye tempelet som er hans kyrkje. Han stod opp i Andens kraft og den vert oppbygt i den krafta, ikkje ve hær og ikkje ved menneskeleg makt, men ved Guds Ande. Han gir oss ånd og liv og overflod av liv og det er det som er så viktig for oss å oppleve. (Joh.10, Joh.6).

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då gir han meg henne ved at han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Dette har eg skrive mykje om på bloggesida mi. Siste dokumentet la eg ut for eit par dagar sidan. Så tilføya eg noko i dag (15.6.2018) og det tek eg med her.

Sitat frå https://bluehost944.com/2018/06/13/prestar-og-politikarar-sine-behov-for-ei-krystallnatt/ :

DEN DUGLAUSE HYRDINGEN ER KORRUPT. MEN FRELSA I KRISTUS ER GRATIS.

Religiøsitet som er avspora seksualitet? Korrigering!

Eg kjem i hug noko som ein lærar sa når eg gjekk i 7.klasse på ungdomsskulen. Han var lærar i  matematikk og naturfag og når han i ein naturfagstime underviste om menneska sitt kjønnsliv, sa han at formeiringa var den naturlege hendsikta med kjønnslysta. Så den skulle motivere formeiring. Dette er heilt vanleg naturfagleg tankegang, det gjeld dyr også og vi har sikkert høyrt det mange gangar, både i lærebøker, populærvitskplege skrift og ikkje minst i naturfilmar. Det er sjølvsagt og det er bra vi tenker over det og innrømmer det og så tenker konstruktivt med tanke på formeiringa og omsorga for den oppveksande slekt. Dette er då å vere forstandig.

Når eg gjekk på gymnaset høyrde eg om Freud sine påstandar om at menneske vert motivert av aggresjon og seksualitet og at religiøsitet er avspora seksualitet. Eg vegra meg litt for det, men eg hadde då fått Guds Ande og Guds kjærleik i hjertet og det er suverent over lysta, eg tenkte som so at eg vart motivert av Guds kjærleik og driven av den Heilage Ande. Når Freud tala om avspora seksualitet, så heldt han det for gitt at det er noko som ikkje er avspora seksualitet og som soleis er rett. Slik også i kristendomen, avgudsdyrking er årsak til avspora seksualitet (Rom.1) og det er synd. Og som med all annan synd, må vi bøye oss for korsets fot og vedkjenne vår synd, så Jesu blod reinser oss frå all synd og urettferd. Ta imot den Anden og det livet som Jesus gir oss frå himmelen, verte fyllte av den Heilage Ande, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Han er den same, han skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2.

Eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Han vil frelse si kyrkje som si brud og slik vil han frelse ei kone til meg. 

Eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og Jesus har svart meg på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Gud openberra si frelse for meg i Kristus, han openberra den for meg og henne Virtuella. Eg bad for henne og fekk ei nye fylde av den Heilage Ande, så eg er viss på at det gjaldt henne og. Det var barnekårsanden, som gjer at vi ropar Abba Far. I barnekåret hos Gud, ber vi til han og han gir oss gode gaver. Det han i sin nåde har gitt oss, openberrar han for oss ved sin Ande. 

Men seinare vende ho seg bort ifrå han og fekk eit anna evangelium og ei anna ånd, ei trelldomsånd, så ho spurde etter menneskelege prestasjonar, krav og forteneste i staden. Ho bytte bort Guds herlegdom med verdsleg rikdom og dyrka styresmaktene som avgudar (Rom.1, Joh.Op.17-18). Men dei kan ikkje tilfredsstille behova hennar. Det er det berre Kristus som kan og han har lengta etter å gi henne det som han vil gi henne og som han veit at ho treng. Men har ho teke imot han?

Eg vil referere til ein bodskap som kom sommaren eller litt ut hausten 1995, tyding av tungetale, ikkje diktaforn-opptak, så det vert ikkje ordrett gjengitt:

Kor eg lengter etter å gi min menighet det som eg vil gi henne. Men dette er avhengig av din lydighet, at du opner deg for det som eg vil gi. Opn deg og eg vil fylle deg, opn din munn og eg vil legge mine ord i den. Takk for at du opner deg.

Den frie forskaren i universitets demokratiet og den frigjerande bodskapen i evangeliet.

Når altså ein ung mann vert glad i ei ung jente, held dei han for å ikkje vere kompetent til å snakke med henne. Det underliggande problemet er nok at dei held han for å ikkje vere økonomisk sterk nok. Men vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Og det gjer vi ved å ta imot hans Ord, tru det, vedkjenne sanninga, tale sanning til kvarandre og soleis samtale med kvarandre. 

Men då held dei altså den unge mannen for å ikkje vere kompetent til det. Fordi dei meiner seg å vere så mykje meir lærde og kompetente. Slik lagar dei ei motsetjing mellom barnelærdomen med barnekåret hos Gud og deira universitetslærdom. Men for meg er den motsetnaden kunstig, eg har då studert realfag, samtidig som eg har behelde barnelærdomen og levt i barnekåret hos og nettopp det har vore viktig for meg medan eg har studert.

Med sin visdom har dei helde fram med å seie meg imot og stå meg imot og ikkje villa høyre på meg, men soleis har dei då også stått Herren imot og ikkje villa høyr på hans Ord og kva Anden talar til kyrkjelydane. Og då vert det tydeleg at at visdomen deira ikkje stemmer overeins verken med kristendomen eller med metodene realfag, det stemmer ikkje med naturfag.

Og det er no fatalt for universitetsmiljøet og for universitets-tilsette om det skal konkluderast med at dei ikkje er kompetente. Og det føregår no ein debatt om korleis universiteta skal styrast, kor demokratiske dei skal vere, om forskarens fridom og det berører også studentdemokratiet. 

Vel, studentdemokratiet har eg ikkje brytt meg særleg om, eg kan ikkje hugse at eg har stemt ved noko av vala til studentparlamentet eller kva dei no kallar det. For meg har det vore om å gjere å vende meg til Kristus, sjå på han og ta imot det han gir meg frå himmelen, kle meg i Guds fulle rustning og gjere bruk av den utrustninga han gir meg ved sin Ande. Det er sanningens Ande, den gjer meg kompetent til å delta i undervisninga og i samfunnet.

No har Jesus sendet meg med ein frigjerande bodskap og kalla meg til å studere biologi, realfag igjen. Eg har fått dette gratis, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Og nettopp det er sentralt i den frigjerande bodskapen. Det er like mykje gratis til dei andre. Når vi tek imot hans Ord i tru og tek imot den Heilage Ande av berre nåde, så gjer han oss kompetente ved sitt Ord og sin Ande.

Bibelens Gud er alfa og omega, ingen var til før han og ingen kjem etter han. Så ingen kunne komme med noko krav til han. Kan vel leiren seie til pottemakaren:” Kvifor skaper du meg slik?” Han gjer akkurat slik som han vil. Men når vi tek imot nåden i Kristus, vert vi som ein mjuk leirklump i pottemakarens hand og då skaper han det til eit kar til si ære.

Jesu blod talar betre enn Abels blod.

Ho fall ifrå og opponerte mot Paulus si lære og dermed mot Herren som er Anden. Men framleis talar Jesu blod betre enn Abels blod. 

HEB 11,4   I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

HEB 12,22 – HEB 12,29 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, [Sion-fjellet: tempelhøgda i Jerusalem. Sjå 2 Sam 5, 6 ff; Sal 48.] 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: “Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.” 27 Her står det: “endå ein gong”. Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.  

1JO 3,7 – 1JO 3,17   Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig. 8 Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg. 9 Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. For det sædet Gud har lagt ned i han, er i han; han kan ikkje synda lenger, fordi han er fødd av Gud. 10 Såleis syner det seg kven som er Guds born og kven som er djevelens born: Den som ikkje lever rett og ikkje elskar bror sin, han er ikkje av Gud. 11   For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige. 13   De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. 17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?  

Abel bar fram eit betre offer enn Kain. Derfor vart Abel velsigna. Men Kain vart ikkje tilsvarande velsigna. Derfor hata Kain Abel og slo han i hel. Dette viser den fundamentale skilnaden mellom dei to naturane, det er ei svart-kvitt-tenking, vi opplever nok alle konflikta mellom dei to naturane i våre liv. Men Kristus sigra over den vonde og over verda og stod opp att frå dei døde, derfor er det så viktig for oss å tru på han, ta imot han, velge han, vende oss til han, sjå på han og helde oss nær til han. Han er den siste Adam som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, det er berre for oss å tru på han og ta imot det han gir oss frå himmelen av berre nåde.

Denne gamle naturen, slik Johannes definerer den og forstår den, er av djevelen og vi kan forstå det som striden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Og det er tydeleg at det er naturen til den Lovlause, han har si kraft ifrå Satan og det er nok nettopp ved at han hatar den rettferdige med eit djevelsk hat. Han hatar den som er rettferdig ved trua på Jesus. Fornektinga av trua på Kristus er som ein rasjonalitet, sjølv om dei kanskje nektar for rasjonaliteten, så har dei likevel ein rasjonalitet som vi kan kalle det ormen sin rasjonalitet. Og med den rasjonaliteten prøver dei å finne motiv for sitt hat. Med den rasjonaliteten kan dei endåtil drive forsking, det pregar tydelegvis mykje av kvinneforskinga. Med si fornekting av trua på Kristus vil dei ikkje vite av annan rasjonalitet og forskinga deira vert som eit bestillingsverk, dei er berre ute etter ein kunnskap som gir motiv for deira hat, elles er det ikkje interessant og vert ikkje godteke som kunnskap. Så denne vonde naturen med dette djevelske hatet ligg i protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. 

Ho Virtuella let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet og har prøvt å forgude seg sjølv med sin kunnskap. Så ho fall ifrå og vart med i denne protesten, det var ikkje frigjerande, men ho vart tvert om gjort til trellkvinne. Men dette sviket vart som ei mafia-dronning og med dette djevelske hatet vart ho som ei satanist-dronning.

 Men Jesus har kalla på henne igjen og igjen, for å frelse henne og setje henne fri. Han har makt til det, men det er opp til henne om ho vil vende om til han og ta imot han.

Med denne protesten mot Paulus si lære har kvinna erstatta behovet for Kristus og behovet for mann med noko anna og gjort slutt på kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og på ekteskapet mellom mann og kvinne. Det er det sentrale problemet og det sentrale poenget i metoo-aksjonane og i PrideParadene.

Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone, frelsa er gratis, så eg får henne gratis. 

Men eg har altså bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne vil kone og når eg oppdaga henne Reella, sa eg til han at dersom eg kunne få henne, så ville eg ha henne. Så leia han meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn:” der er ho.” Då fekk eg ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne ogsa det same, samtidig som eg:” Der er ho”. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,1-5). Når eg møtte henne igjen på Biologibygget, var det tydeleg at ho hadde denne herlege gleda og det gleda meg. Ho var som eit kjærleikens vesen. 

Vi skal ikkje prøve å gjere oss betre som mann og kvinne, vi skal berre lengte etter han som gir liv. Ved Jesu kors finn vi den sanne kjærleiken, den kjerleiken skal vere mellom oss. Og så skal vi glede oss for at vi har funne den sanne kjærleiken. 

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ 

Frelsa er gratis, Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone, han gir meg henne ved at han frelser henne som kona mi, så eg får henne gratis, eg skal berre bøye meg for han og ta imot. Eg skal berre glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjerte attrår. Så eg vil tenke tilbake på då eg såg henne på biologibygget og ho hadde denne herlege gleda og var som eit kjærleikens vesen og så vil eg takke Jesus for det. Eg tenker meg at eg velsigner henne på den måten at eg Gleder meg i Herren og takkar for at han har frelste meg og så takkar eg han for at han frelser henne som kona mi, så ho også gleder seg i Herren og takkar han for at han frelser henne. Og det får eg oppleve i mitt indre menneske. Slik får eg oppleve Guds frelseskraft i mitt indre menneske, gleda i Herren er vår styrke. Jesus har lagt lengselen ned i meg og slik vil han tilfredsstille den. Gud gir oss livets vatn for inkje, heilt gratis.

2017.06.18. Ekte kristendom: frelsa er gratis, vi må berre audmjuke oss og ta imot i tru, av berre nåde. Møte i Maranata.

Frelsa er som ei kjelde med friskt vatn, som vi får drikke av heilt gratis, eg får drikke av den og oppleve at den gir liv til mi sjel og at Jesus gir meg ei kone ved at han gjer hennar sjel også levande, saman med meg. Eg frå oppleve det i mitt indre menneske, min lekam er eit tempel for den Heilage Ande og eg får oppleve det i dette tempelet.

Bibelvers om det levande vatnet.

HSA 4,12   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.  

HSA 4,15   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  

JER 2,13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.  

JER 17,13   Herre, du Israels von,  alle som går bort frå deg, skal verta til skammar;  dei som vik frå deg i landet,  skal skrivast opp.  For dei har gått bort frå Herren,  kjelda med levande vatn.  

ÅPE 21,6 Så sa han til meg: “Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.

OSP 5,15 – OSP 5,19   Drikk or din eigen brunn,  rennande vatn or di eiga kjelde! 16   Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,  bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17   Du skal ha dei heilt for deg sjølv  og ikkje dela dei med andre. 18   Då skal kjelda di vera velsigna.  Gled deg over din ungdoms kone, 19   den elskelege hind, den yndefulle gasell!  Fryd deg støtt ved hennar barm,  lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!  

JES 12,1 – JES 12,3 {ISRAELS LOVSONG FOR HERRENS FRELSE}  Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre.  Du var harm på meg.  Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. 2   Sjå, Gud er mi frelse,  eg er trygg og ottast ikkje.  For Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.  

JOH 4,10 – JOH 4,11 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 

JOH 7,38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.”

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Filosofi, Historie, Kristendom, Kristne møte 2018, Politikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s