2018.04.15. Jesus er med meg. Maranata.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon las ifrå Apgj2.

Apgj.2,41 Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. 42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. 43 Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.

Tungetale ved Karl, tyding ved ein mann:

Be og du skal få, leit  og du skal finne, bank på, så skal det lukkast opp for deg. Mitt barn, mitt barn, eg elskar deg. Sjå deg ikkje engsteleg omkring, for eg er din Gud. Eg støttar deg når som hjertet ditt er heilt for meg, seier Herren. Ver ikkje redd, eg er med deg, alle dagar, inntil verda sin ende. Du går ikkje åleine, eg er med deg, seier Herren.

Ja, eg er din Gud og eg går med deg. Du skal ikkje vere engsteleg og redd, for eg støttar deg når hjertet er heilt. Og du skal vite at når mørkret omsluttar deg, så er eg ditt lys. Og du skal ikkje sjå deg engsteleg omkring. For eg elskar deg. Hald deg berre nær til lovnadane og hold deg nær til meg. Eg er din Gud og eg går med deg, seier Herren. Amen.

Aktuelle bibelvers.

Jesaja.41,8 Men du Israel, min tenar,

Jakob, som eg har valt ut,

du ætt av Abraham, min ven!

9 Eg henta deg frå heimsens endar

og kalla deg frå den ytste utkant.

Eg sa til deg: «Du er min tenar,

eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»

10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

        Sjå deg ikkje rådvill ikring,

        for eg er din Gud!

        Eg styrkjer deg og hjelper deg

        og held deg oppe med mi frelsarhand.

    11 Sjå, dei vert til spott og skam,

alle som harmast på deg.

Dei vert til inkjes, går til grunne,

dei som set seg opp mot deg.

12 Om du leitar, finn du dei ikkje,

dei som står deg imot.

Dei går heilt til grunne,

dei som strider mot deg.

13 For eg er Herren din Gud,

som har gripe di høgre hand

og seier til deg: «Ver ikkje redd!

Eg hjelper deg.»

Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.

9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Matt.28,16 Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Kommentar.

Ny Oslo-tur.

På møtet 18.3. vart vi minna om å sjå på Jesus og ikkje ta av, verken til høgre eller venstre. Søndagen etter, palmesøndag, var eg der ikkje, men fekk sjå og høyre møtereferat på Facebook. Då sa Jesus at du har teke av til høgre og til venstre og at du skal vite at det merkast når du let plassen din stå tom. Eg har tenkt på korleis dette  kunne vere talande til meg og har diskutert det i møtereferata 

https://tsivert.com/2018/03/19/2018-03-18-herren-er-sjolv-profetroysta-sa-lytt-ikkje-til-ei-kvar-profetroyst-i-denne-tida-mote-i-maranata/ 

https://tsivert.com/2018/04/08/2018-03-25-dette-er-vegen-vandre-pa-den-mote-i-maranata/ 

og i artikkelen

https://bluehost944.com/2018/04/14/nar-de-vik-av-til-hogre-eller-venstre-skal-oyro-dine-hoyra-det-ordet-bak-deg-dette-er-vegen-ga-pa-den-jesaja-3021/ 

Så eg tenkte på å reise til Oslo og vere her ei veke, reise til Ulsteinvik seinast fredag og overnatte i seglbåten, men vart ikkje ferdig med den siste artikkelen tids nok. Men så var onkelen min i Kristiansand på hytta, like ved, nokre dagar, så eg fekk haike med han til Vigra og tok same flyet til Gardermoen. Bestillte rom i «Abirbnb» til tysdag. Så eg fekk vere på dette møtet. Eg hadde med meg bøker å lese i, så eg kunne godt forlenge opphaldet til neste helg.

«Sjå deg ikkje engsteleg ikring».

Men denne bodskapen overtyder meg om at bodskapen som kom palmesøndag, når eg ikkje var der, ikkje var primært eller hovudsakleg til meg, eg trur nok at det merkast godt at eg let plassen min stå tom i kyrkjelyden, men at eg ikkje er der betyr likevel ikkje at eg tek av til høgre eller venstre. Eg har lete det ransake meg og eg har diskutert det for mitt vedkommande, sjølv om eg har teke del i debatt på sosiale medier, også politisk debatt, betyr det ikkje at eg tek av frå vegen, om eg berre vert forstått rett. Men det kan vere sikta til henne Virtuella, for Jesus hadde no ein plass til henne også, men den har ho så tydeleg lete stå tom. Men eg vil no helst sleppe å hefte meg med henne noko meir. Ho og mange andre har teke av frå vegen, også med sitt politiske engasjement og det er skadeleg, både for den kristen kyrkja og for det politiske livet.

Jesus sa til meg at eg skulle ikkje vere redd, for han er med meg alle dagar, inntil verda sin ende. Ja, det minner meg bodskap som kom for lenge sidan, tett før eg skulle til å reise på sjøen, der han sa til meg at han er med meg, at han går med meg. Så sjølv om eg var langt borte frå forsamlinga, var han med meg. Ja, dei som Jesus sende ut med evangeliet og vart pionerar, måtte då nettopp gå langt bort frå forsamlinga, nettopp for å utbreie evangeliet. Men Jesus hadde fått all makt i himmel og på jord og dei skulle få sjå at han var med dei.

No sa han også: «Ja, eg er din Gud og eg går med deg. Du skal ikkje vere engsteleg og redd, for eg støttar deg når hjertet er heilt. Og du skal vite at når mørkret omsluttar deg, så er eg ditt lys. Og du skal ikkje sjå deg engsteleg omkring. For eg elskar deg. Hald deg berre nær til lovnadane og hold deg nær til meg. Eg er din Gud og eg går med deg, seier Herren. Amen». 

Korleis omsluttar mørkret meg? Det har vel noko å gjere med at eg ser ingen veg og kjem ingen veg og får ingen framgang og kjem ikkje vidare med dette som er mi sak. Men vegen opp til Jesus er open og han er mitt lys, eg trur på han kan bie på han.

Be, leit, bank på.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han har no overtyda meg om at det er ho Reella, så då ber eg for henne slik og slik bad eg for dette møtet. Men det ser ikkje ut til at eg kjem nokon veg med det, «mørkret omsluttar meg», sjølv om eg er på møte, for ho er der då ikkje og eg veit eg får motstand langt inn i dei kristne forsamlingane. Likevel er Jesus mitt lys, i han er liv og livet er lyset til menneska, han gir oss ånd og liv og eg trur han frelser henne og gir henne ånd og liv, så ho som ei frelst og frigjort levande sjel tilhøyer han og tilhøyrer meg, som kona mi.

For nokre år sidan sa han at han gir meg ei herleg og vidunderleg fred og kvile som overgår min forstand, eg forsttod det slik at han gav meg henne Reella til kone og at det var ved den Anden han gir meg frå frå himmelen. Jau, trua gir kvile og Anden eg får ved trua er herleg. Det verkar likevel svakt, som om eg ikkje har så mykje å stille opp med. Men vi veit då at Gud utrustar oss til å tene han ved Anden, han utrustar meg til å tene han og det gjer han ved at han gir meg hjelp i form av ei kone også, ved at han utruster henne også til å tene han. Så om det verkar lite og svakt, til å byrje med, så er det det vesle som skal til og som trengst.

Eg sa til Jesus at eg syntest ho var så vakker at eg ville ha henne til kone, sjølv om eg ikkje kjende henne eller hadde prata med henne eller visste noko meir om henne og eg har fått oppleve at han har svart meg og eg har fått oppleve samfunnet med han som at han også likar henne og er glad i henne og elskar henne og det gjer han gjennom meg. Så då skulle det vel vere heilt greitt for meg, å halde fram med å tru på han, elske han og halde meg heilhjerta til han, halde meg nær til han og vere glad i henne ved at eg let han elske henne gjennom meg, vere kanal for Guds velsigning til henne. Så at eg skal halde meg heilhjerta til han, heng saman med at eg skal halde fram med å vere glad i henne, be for henne, be han frelse henne for æva og frelse henne som kona mi.

Han har sagt til meg at han har sett framfor meg ei opna dør, som ingen kan late att, der eg er kalla til å gå inn. Og nyleg har han sagt at han går føre meg og banar vegen for meg. Og no minner han meg om å be, så skal eg få, leite, så skal eg finne og banke på, så skal det latast opp for meg. Ja, eg skal be til han. Men å leite og å banke på, kan ha å gjere med både å studere Bibelen og å studere realfag og å gå ut i verda med evangeliet.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte 2018, Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to 2018.04.15. Jesus er med meg. Maranata.

  1. Pingback: Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar frå himmelen. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s