2018.03.25. Dette er vegen, vandre på den. Møte i Maranata.

Maranata 25.3.2018..jpg

https://www.youtube.com/watch?v=rY1nqDrG73g&feature=youtu.be

Innleiing ved ein mann.

Salme.2,Kvifor ståkar folkeslaga,

kvifor legg folka gagnlause planar?

2 Kongane på jorda reiser seg,

fyrstane legg råd i lag

mot Herren og den han har salva:

3 «Lat oss slita sund deira lekkjer

og kasta deira reip av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, ler,

Herren spottar dei.

Salme.1,Sæl er den som ikkje fylgjer

råd frå gudlause menneske

og ikkje slår inn på syndarveg

eller sit i lag med spottarar,

2 men har si glede i Herrens lov

og grundar på hans lov dag og natt.

3 Han er lik eit tre,

planta ved rennande bekker:

Det gjev si frukt i rette tid,

og lauvet visnar ikkje på det.

Alt det han gjer, skal lukkast.

Hoseas.6,3 Lat oss læra å kjenna Herren,

ja, jaga etter å kjenna han!

Han kjem like visst

som ljoset om morgonen.

Han kjem til oss som regnet,

lik vårregn som væter jorda.

Skriftlesing ved ein mann.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

Tale ved Håkon Martinsen.

1.Mos.15,7 Så sa han til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea og ville gje deg dette landet til eige.»  8 Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det til eige?»  9 Då svara han: «Henta meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs ver, ei turteldue og ein dueunge!» 10 Abram henta alt dette til han, skar dyra midt i to og la det eine stykket av kvart dyr beint imot det andre. Men fuglane skar han ikkje sund. 11 Rovfuglar slo ned på dei daude dyra, men Abram jaga dei bort.

Nehemja13,4 Ei tid før dette hende, hadde presten Eljasjib fått tilsyn med lagerroma i Guds hus. Han var i slekt med Tobia  5 og stelte til eit stort rom åt han, der dei før hadde lagt inn grødeofferet, røykjelsen og kara og tienda av korn, druesaft og olje, det som levittane, songarane og portvaktarane skulle ha etter lova, og gåvene til prestane.  6 Eg var ikkje i Jerusalem medan alt dette gjekk føre seg.

Håkon samanlikna rovfuglane med slike verdslege interesser som Tobia.

Jesaja51,9 Vakna, vakna, du Herrens arm,

og kled deg i styrke!

Vakna som i gamle dagar,

som i framfarne tider!

Var det ikkje du som felte Rahab

og gjennombora draken?

Jesajas52,Vakna, vakna,

kled deg i styrke, Sion!

Ta på deg ditt høgtidsskrud,

Jerusalem, du heilage by!

For aldri meir skal det koma inn i deg

ein uomskoren eller urein.

2 Rist av deg støvet og reis deg,

set deg på trona, Jerusalem!

Løys lekkjene du har om halsen,

du hærtekne Sion-dotter!

Så Gud vil bruke oss som sin arm, jfr.

Apgj.3,6 Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!»  7 Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla.  8 Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud.

Tungetale ved ein mann, tyding ved ein mann.

Ja, du skal få merke mitt Ord som står ved makt midt i (dykkar kyrkjelyd)? Det er eg som istandset og utrustar deg. Og du skal vite at når din plass er tom, så vil din plass verte sakna. Og du skal vite at eg har gått foran deg, bakkar skal eg jevne, dører av kopar skal eg sprenge, bommar av jern skal eg hogge sønder og sammen.

Ja, kvifor ser du deg fryktsom rundt ikring, du har gått til høgre og du har gått til venstre, men i dag lyder det ut ei røyst, «dette er vegen, vandre på den». 

Har eg ikkje befalt deg, ver du retteleg frimodig og sterk, gå på mitt Ord, ta vare på mitt Ord, så vil mitt Ord bevare ditt hjerte. For når du held deg nær til meg, så vil eg halde meg nær til deg. Og du vil oppleve at mitt Ord, det vil stadfeste seg, når du handlar på det, når du går på det, for eg er den Herren, som har henta deg frå jorda sine ytste kantar og eg har sagt deg, du er min.  

Aktuelle bibelvers.

Jesaja.30,19 Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg. 20 Han vil nok gje dykk trengsle, med lite brød og vatn. Men vegvisarane dine skal ikkje lenger halda seg løynde. Augo dine skal få sjå dei som syner deg veg, 21 og når de vik av til høgre eller venstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!» 22 Då skal du halda dei for ureine, dei sølvkledde gudebileta dine og dei gullkledde støypebileta dine. Du skal slengja dei bort som skitne filler. «Ut med dykk!» skal du seia.

23 Då skal Herren gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som jorda ber, og det skal ha både saft og kraft. Den dagen skal feet ditt beita på vide marker. 24 Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta salta blandingsfôr som vert kasta fram med skuffel og greip. 25 På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera rennande bekker, på den store drapsdagen, når tårna fell. 26 Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira.

SalOrdt.4,20 Lyd på det eg seier, son min,

vend øyra til og høyr mine ord!

21 Slepp dei aldri ut or syne,

gøym dei djupt i hjarta!

22 For dei er liv for den som finn dei,

og helsebot for heile kroppen.

23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,

for livet går ut frå det.

    24 Hald deg frå falske ord,

bruk aldri lippene til svik!

25 Lat augo dine sjå beint fram,

fest blikket på det som ligg framføre deg!

26 Legg merke til dei far du skal fylgja,

hald heile vegen stø kurs!

27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,

hald foten din frå det som er vondt!

Fil.4,204 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!  5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær!  6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.  7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Jak.4,4 De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende.  5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss.  6 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.  7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk.  8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga!  9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk.

Kommentarar.

Seglbåten, kvifor eg ikkje vart i Oslo til neste helg.

Eg var på møte i Maranata 18.3.2018.  Og så tok eg oppatt ein eksamen i molekylærbiologi dagen etter. Tysdag reiste eg tilbake til Ulsteinvik med nattbussen, for eg hadde avtalt at vi skulle ta på land båten på onsdag og skifte til større propell.

vi let båten henge i krana, medan vi gjorde jobben, først skulle eg spyle skroget med høgtrykk, men då viste det seg at mykje av malinga flakna så lett av, så her måtte det gjerast ein større jobb, til tross for at det var berre eit halvt år sidan den var pussa og sjøsett. 

Våge skifta propellen og så sette vi den ut att og prøvde den. Tysdag i påskeveka sette vi den på land og der vart den ståande til torsdag etter påske. Eg hadde brukt ovatrololje innst på skroget, den hindra rusting men overflata var for glatt, så grunnmalinga flakna av. Oljen hindra rusting, så den brukte eg igjen, men no blanda eg omlag 50% ovatrololje i grunnmalinga og rekna med at då skal den feste seg betre til oljehinna inst mot stålet. Så hadde eg to-tre strøk med to-komponent grunnmaling utan på det, så to strøk med bunnsmørjing.

Våge skulle reise på påskeferie på mandag, så då rakk han berre ein snartur innom verkstaden på formiddagen. Så skulle eg få gjort dette no, så måtte eg no ha reist til Ulsteinvik denne veka, slik som planlagt.

Jesus utrustar meg og set meg i stand til å tene han, slik gir han meg hjelp i form av ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Slik får vi merke at Guds Ord er verksamt mellom oss.

Gud sa at eg skal få merke at hans Ord er verksamt mellom oss, det er han som utrustar meg og gjer meg i stand til å tene han og det trur eg han gjer ved å gi meg ei frelst kvinne til kone, henne «Reella». Han har kalla meg til å tene han og han gir meg hjelp i form av ei kone, så ho blir for meg ei nådegåve som eg skal bruke.

Rom.6, 23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

1.Kor.7,Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.  2 Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.  3 Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen.  4 Kona rår ikkje over sin eigen kropp, men mannen. Like eins rår ikkje mannen heller over sin eigen kropp, men kona.  5 Hald dykk ikkje frå einannan utan at de har vorte samde om det, for ei tid, så de kan leva i bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kan vera fråhaldande.  6 Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod.  7 Eg skulle ynskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine så, den andre så.

1.Tim.4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg. 15 Ta deg av alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

SOrdt.19,14 Hus og gods er fedrearv,

ei vitug kone er ei gåve frå Herren.

Ja vel, så derfor merkast det når eg let plassen min stå tom, bortsett frå helg før, hadde eg vel ikkje vore der på møte sidan 10.9.2017.

Dette er vegen, vandre på den.

I denne bodskapen fekk vi høyre mykje av det same som vi har fått høyrt så mange gangar og eg har kommentert det mange gangar. Og eg er ikkje så særleg innstilt på å sitere dei same versa igjen og skrive dei same kommentarane. Jesus har sagt til meg mange gangar at eg skal sjå på han og gå den vegen har har staka ut for meg og eg har skrive om det og kommenterte det. Og det undrar meg at han no seier eg har gått til høgre og til venstre og eg har tenkt litt på kva tidsperspektiv eg skal sjå dette i.

Så eg ser det i samanheng med det som vart sagt først i bodskapen, at det er noko han gjer ved sitt Ord i denne kyrkjelyden. Ja, det har eg no forstått, innsett og erkjent for lenge sidan, men kjem eg nokon veg med det? 

Ordet bevarer hjertet.

Vidare ser eg det på bakgrunn av den bodskapen som kom helga før:

«For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.

Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen,  og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.»

Eg skal ikkje bekymre meg for det materielle, men søke først Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg til det. Og her sa han igjen at han ville forsørgje meg, eg skulle erkjenne at alt som tilhøyrde han, var mitt, jfr. den heimeverande sonen.

Så det er om å gjere å halde seg heilhjerta til Herren, tru hans Ord med hjertet, slik at hans Ord bevarer hjertet, så vi får oppleve at hans Ande openberrar Ordet for oss, så vi med hjertets opplatne auge ser på han som er Ordet. Vi festar blikket på han og då ser vi den vegen vi skal gå, Jesus er vegen til Faderen.

Herren har henta meg frå jorda sine ytste kantar.

Jesus har henta meg frå jorda sine ytste kantar. Eg er frå Sunnmøre, men eg har drive tråling, i Nordsjøen og Barentshavet, frå Egersundbanken til Novaja Semlja, Svalbard og Bjørnøya. Ved Island, Grønland, New Foundland og New Zealand.

Takke Jesus for at han gir meg henne Reella til kone, ved at han frelser hennar sjel.

I bodskapen som kom helga før, overtyda Jesus meg om at han gir meg henne Reeella til kone, ved at han frelser hennar sjel, slik som eg skreiv i kommentaren, han gir ånd og liv til mi sjel og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og då gir han ånd og liv til hennar sjel også og vekker henne til liv i samfunn med meg seg. Og med meg, slik at ho vert kona mi. Sidan har eg takka han for det og det kjennest som eg opplever det i mitt indre menneske, i mi sjel, i min lekam, heilt inn i beingrinda. Ja, for Gud skapte kvinna av mannens sidebein. Heilt inn i beinmargen, den er rett nok i lårbeina og der er stamcellene til blodet og i følgje Bibelen er sjela i blodet. Det har nok ei tyding, sikkert nærslekta til genetisk arv, at «det ligg i blodet». Ei uvitug og gagnlaus kone er som verk i beina, men no gir Jesus meg ei vitug kvinne til kone, ved at han frelser hennar sjel.

S.Ordt.12,4 Dugande kone er ei krone for mannen,

duglaus kvinne er som verk i hans bein.

Han kjem meg til hjelp med si kraft og slik gir han meg hjelp i form av ei kone. Slik er det med hans frelseskraft også, den er sterk og eg får kjenne den heilt inn i beinmargen. 

Livet vart planta i meg ved Guds Ord, når eg var ein liten gutunge. Og når eg byrja å studere, sa Jesus til meg at det skulle vekse. Eg trur det er som eit livsens tre og eg frir til henne ved å spørje henne om ho vil vere med meg å ete av livsens tre og ho vil dele det livet med meg. 

i bodskapen 18.3.18. sa den Heilage Ande at den ville biringe meg ord frå heilagdomen, så det er berre for meg å seie «takk, Jesus, for at alt ditt er mitt». Når han har frelst henne, så tilhøyrer ho han og då tilhøyrer ho meg, som kona mi. Ho er ei svært vakker kvinne og Jesus såg til hennar hjerte og det lærde han meg også å gjere, ja, som ei frelst sjel er ho ein herleg skapning og det kjennest herleg for meg heilt inn i beinmargen. For ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, å få oppleve Guds frelseskraft slik, er herleg.

Med tid og stunder venter eg meg at han vil gi både meg og henne ei større fylde av den Heilage Ande, så han utruster oss til å tene han på ein ny og betre måte. Eg skal tene han og då ventar eg meg at ho vil hjelpe meg med det, så eg ventar meg at han vil utruste både meg og henne til den tenesta han har for oss. Gud er kjærleik og når vi dyrkar han, dyrkar vi kjærleiken. Og det håper eg ho vil hjelpe meg med.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von.  5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte, Kristne møte 2018. Bookmark the permalink.

2 Responses to 2018.03.25. Dette er vegen, vandre på den. Møte i Maranata.

  1. Pingback: Når de vik av til høgre eller venstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!» (Jesaja.30,21). | Trua & entropien.

  2. Pingback: Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar frå himmelen. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s