2017.12.10&17. Tal Guds Ord, det er levande og kraftig og gjer det verket han sender det til.

IMG_0840.JPG

 

Vere frimodig og halde fram Guds Ord. Møte i Maranata 10.12.2017.

https://www.youtube.com/watch?v=ahiJO2aF85A&feature=share

Innleiing ved John Miland:

Gud gjer under også ved å straffe og det fører til framgang for evangeliet.

Apgj.5,1 Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom.  2 Men han gøymde unna ein del av pengane, og kona visste om det. Så kom han med resten og la det ved føtene til apostlane.  3 Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjartet ditt, så du laug for Den heilage ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di?  4 Var ho ikkje di så lenge du hadde henne? Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Kvifor lét du dette få rom i hjartet ditt? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.»  5 Då Ananias høyrde dette, fall han om og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det.  6 Nokre unge menn kom og sveipte den døde. Så bar dei han ut og gravla han.

Apgj.13. 7 Han heldt til hos guvernøren Sergius Paulus, som var ein forstandig mann. Han bad Barnabas og Saulus til seg og ville høyra Guds ord.  8 Men Elymas – trollmannen, som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få guvernøren bort frå trua.  9 Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga 10 og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete? 11 Sjå, no legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda fall det skodde og mørker over han, og han famla rundt og leita etter nokon som kunne leia han. 12 Då guvernøren såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.

John var byggningsmann og så var der ein kollega ein som plaga han på jobb. Men Gud gav John  makt til å ta ifrå han søvnen og sa til han at heretter skulle han ikkje få sove, uten etter hans ord. Dei berre lo av han, men det var ikkje mange dagane før han kom og bad John om å be for han, så han fekk sove igjen. Og den natta fekk han tilbake søvnen.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved John Miland.

Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert verande det til evig tid. Og no skal du gå ut på mine lovnadar, seier Herren. Og du skal tru at eg er den eg har sagt meg å vere. Eg har no sagt at eg vil velsigne deg. Derfor skal du vere frimodig og ta til deg av dei rettar eg set fram føre deg. Ver frimodig, mitt barn, byrj å pris mitt namn, løft opp mitt heilage namn og du skal få oppleve at eg skal velsigne deg frå Sion. Ja, eg vil gi deg eit godt, stappa og rista mål, seier Herren. Du skal få kjenne mi salving og mi kraft i din kropp, seier Herren.

Ja, eg skal reise opp vitne i denne tida, seier Herren, som skal vere frimodige og dei skal ikkje halde noko tilbake, men dei skal forkynne heile mitt råd til frelse. Dei skal svinge Andens skarpe sverd, seier Herren. Dei skal ikkje ta omsyn til menneskelege meiningar og fordommar. Men dei skal vere frimodige og halde fram mitt Ord, seier Herren, for summen av mitt Ord, det er sanning, seier Herren. Og mitt Ord, det står fast til evig tid. Derfor, mitt barn, haldt fram mitt Ord, og du skal få oppleve at mitt Ord, det er levande, det er kraftig, seier Herren. Derfor skal du ikkje vere beskjeden, men du skal halde fram mitt Ord. Og du skal få oppleve at eg, Herren, er den som stadfestar det, seier Herren. Amen.

Tale ved Håkon Martinsen.

Ef.1,1 Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage *i Efesos•, dei truande i Kristus Jesus:  2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3 Velsigna er Gud,

vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus velsigna oss

med all Andens velsigning

i himmelen.

Ef.2,  4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik,  5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han,  7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.

Ef.2,12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.

1.Mos.3.11 Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken?

Håkon sa at det var Djevelen som hadde sagt dette, det var Satans klagemål. Men Jesus ahr sigra over han og vi skal sigre saman med han.

1.Mos.3.11 Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» 12 Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13 Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»

14 Då sa Herren Gud til slangen:

«Forbanna er du,

utstøytt frå alt fe og alle ville dyr

fordi du gjorde dette.

På buken skal du krypa,

og støv skal du eta alle dine levedagar.

15 Eg vil setja fiendskap

mellom deg og kvinna,

mellom di ætt og hennar ætt.

Han skal råka hovudet ditt,

men du skal råka hælen hans.»

Johannes Openberring 12,

7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine,  8 men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.  9 Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa:

«Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud,

og herredømet den han har salva.

For klagaren er kasta,

han som dag og natt førte klagemål mot syskena våre

for vår Guds andlet.

11 Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammet

og det ordet dei vitna om;

dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.

 

5.Mos.28,1 Dersom du no vil lyda Herren din Guds røyst og trufast følgja alle boda hans som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda.  2 Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud:

3 Velsigna er du i byen

og velsigna ute på marka!

     4 Velsigna er frukta av ditt morsliv,

frukta av ditt åkerland

og frukta av din buskap,

det som blir fødd av storfe,

og det som kjem til av småfe!

5 Velsigna er di korg og ditt bakstetrau!

 

Salme.18, 33 den Gud som kler meg i styrke

og gjer mi ferd heil.

 

34 Han gjev meg føter som ei hind

og lèt meg stå på høgdene.

 

Jesaja.40,   31 Men dei som ventar på Herren,

får ny kraft,

dei lyfter vengene som ørna,

dei spring og blir ikkje slitne,

dei går og blir ikkje trøytte.

 

Der er ingen annan gud enn Herren og det er han som har skrive Bibelen. For profetane var inspirerte av hans Ande. Møte i Maranata 17.12.2017.

https://www.youtube.com/watch?v=9FOl_CUjAbQ

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon las ifrå:

Luk.14. 7 Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, sa han til dei i ei likning:

8 «Når du blir beden i gjestebod, så ta ikkje plass øvst ved bordet. For det kan henda at ein som står høgare enn du, er beden,  9 og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: ‘Gjev rom for denne gjesten!’ Då må du ta plass nedst og skjemmast. 10 Nei, når du er beden ein stad, så gå og ta plass nedst ved bordet. Så kan verten seia til deg når han kjem: ‘Flytt deg høgare opp, venen min.’ Då får du ære medan alle gjestene ser på. 11 For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

Så talte han om dei tre vise menn som kom for å spørje etter jøde-kongen som vart fødd og om Herodes som prøvde å rydje han av vegen. Gud gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande. Og Jesus er Guds Ord. Liksom Herodes heldt jøde-kongern for sin rival, held verdslege herskarar Guds Ord som rival (jfr. Farao).

Johannes.11. 43 Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!» 44 Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»

45 Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. 46 Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. 47 Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. 48 Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.»

Apgj.5.34 Men ein farisear som heitte Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt, reiste seg i Rådet, bad dei føra mennene ut ei lita stund 35 og sa: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene! 36 For ei tid sidan stod Tevdas fram. Han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken av tilhengjarar løyste seg opp og vart borte. 37 Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han drog med seg mykje folk, men han mista livet, og alle tilhengjarane hans vart spreidde. 38 Og no seier eg dykk: Hald dykk unna desse mennene! Lat dei gå! For dersom dette er menneskevilje og menneskeverk, blir det ingenting av det. 39 Men er det av Gud, kan de ikkje stansa dei. Det kunne visa seg at de strider mot Gud.»

Johannes Openberring, 21, 1

Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir.

4  Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,

og døden skal ikkje vera meir,

og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.

For det som ein gong var, er borte.»

22 Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje lys frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er lyset hans. 24 Folkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. 25 Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. 26 Og alt det verdfulle og herlege som folka eig, skal dei føra inn i byen. 27 Men noko ureint skal aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon Martinsen:

For der er ingen gud, utan meg, det er eg, Herren den allmektige, og det er eg, Herren, som har skrive denne boka, fordi Guds menn var inspirert av min Ande. Og det er mine ord som framleis er levande og dei er verksame og dei er kraftige til å fullføre kva dei var utsende til. Derfor, så ta mitt ord til deg og du skal kjenne at mine ord, dei skal bli i deg, levande ord som veller fram. Du skal ikkje vere bekymra for kva du skal tale, kva du skal seie. For det skal verte gitt deg der, når du treng det, så vil eg, Herren, eg vil gi deg mine ord, legge ned i din munn. Du skal tale driven av meg, for det er eg, Herren, som byrja.

Menneske vil undre seg over at framleis, så vil nådegåver vere i bruk, framleis vil mirakler, teikn og under skje og menneske skal få komme og sjå, at det er heilt vanlege menneske eg har valt meg ut. Og midt opp i din storm, så vil eg Herren, stige ombord i din båt. Og eg skal byde vinden, eg skal byde bølgjene og det skal verte blikkstilt, for eg, Herren, skal føre deg over til den andre sida. For eg har befalt deg, at eg skal vere med deg, like som eg har vore med mitt folk, opp gjennom heile tida. Så vil eg og vere med deg. Så frykt ikkje, mitt barn, for eg Herren, er og bur i din båt.

Aktuelle bibel-vers.

Heb.13. 8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.

2.Mos.3,14 Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.» 15 Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.

Salme.23,

Ein salme av David.

Herren er min hyrding,

eg manglar ikkje noko.

2 Han lèt meg liggja i grøne enger,

han fører meg til vatn der eg finn kvile.

3 Han gjev meg nytt liv.

Han leier meg på rettferds stigar

for sitt namn skuld.

4 Om eg så går i dødsskuggens dal,

er eg ikkje redd for noko vondt.

For du er med meg.

Din kjepp og din stav,

dei trøystar meg.

5 Du dukar bord for meg

          framfor mine fiendar.

Du salvar mitt hovud med olje.

Mitt beger renn over.

6 Berre godleik og miskunn

skal følgja meg alle mine dagar,

og eg skal bu i Herrens hus

gjennom alle tider.

Ef.3,10 Slik skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrommet, 11 slik Gud frå evig tid hadde fastsett og no har fullført i Kristus Jesus, vår Herre. 12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. 13 Difor bed eg dykk: Mist ikkje motet om eg må lida for dykkar skuld; det er ei ære for dykk!

Heb.4,14     Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

Heb.10,19 Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen, 20 dit han har innvigd ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, som er kroppen hans. 21 Og sidan vi har ein så stor prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarte og full visse i trua, med hjartet reinsa for vondt samvit og kroppen bada i reint vatn.

1.Joh.3,18 Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! 19 Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. 20 For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 21 Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. 24 Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

Salme.128,

Ein song til festreisene.

Sæl er den som fryktar Herren

og går på hans vegar.

2 Du får nyta frukta av ditt strev.

Sæl er du, det skal gå deg vel.

3 Kona di er som ein fruktbar vinstokk inne i ditt hus,

borna er som unge oliventre rundt bordet.

4 Ja, slik blir ein mann velsigna

når han fryktar Herren.

5 Herren velsigne deg frå Sion

så du får nyta Jerusalems lukke alle dine dagar!

6 Måtte du sjå born av dine born!

Fred over Israel!

Salme.134.Ein song til festreisene.

Velsign Herren, alle Herrens tenarar,

de som står i Herrens hus om nettene!

2 Lyft hendene mot det heilage

og velsign Herren!

3 Herren velsigne deg frå Sion,

han som skapte himmel og jord!

1.Joh.2,27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

Esekiel.2,1Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.»  2 Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg.

Heb.4,12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

Heb.2, 3 Korleis kan då vi sleppa unna om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Ho vart fyrst forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.  4 Gud har sjølv vitna for denne frelsa med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den Heilage Andens gåver etter sin vilje.

2.Pet.2,19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20 Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

Luk.12, 8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.  9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.

Fil.1, 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Matt.14,22 Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, medan han bad farvel med folket. 23 Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet så han kunne vera for seg sjølv og be.

Då kvelden kom, var han der åleine. 24 Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bylgjene, for vinden var imot. 25 Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. 26 Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei forfærde. «Det er eit skrømt!» sa dei, og var så redde at dei skreik. 27 Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!»

28 Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» 29 «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut or båten og gjekk på vatnet, bort til Jesus. 30 Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd og tok til å søkka. «Herre, frels meg!» ropa han. 31 Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Kor lite tru du har! Kvifor tvila du?» 32 Så steig dei opp i båten, og vinden la seg. 33 Men dei som var i båten, fall på kne for han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»

Joh.6,16 Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen. 17 Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei. 18 Sjøen gjekk høg, for det bles hardt. 19 Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. 20 Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!» 21 Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.

Jesaja.41, 8 Men du Israel, min tenar,

Jakob, som eg har valt ut,

du ætt av Abraham, min ven!

9 Eg henta deg frå heimsens endar

og kalla deg frå den ytste utkant.

Eg sa til deg: «Du er min tenar,

eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»

10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Sjå deg ikkje rådvill ikring,

for eg er din Gud!

Eg styrkjer deg og hjelper deg

og held deg oppe med mi frelsarhand.

11 Sjå, dei vert til spott og skam,

alle som harmast på deg.

Dei vert til inkjes, går til grunne,

dei som set seg opp mot deg.

12 Om du leitar, finn du dei ikkje,

dei som står deg imot.

Dei går heilt til grunne,

dei som strider mot deg.

13 For eg er Herren din Gud,

som har gripe di høgre hand

og seier til deg: «Ver ikkje redd!

Eg hjelper deg.»

Jesaja.43,Og no, så seier Herren,

han som skapte deg, Jakob,

og laga deg, Israel:

Ver ikkje redd!

Eg har løyst deg ut

og kalla deg ved namn, du er min.

2 Går du gjennom vatn, er eg med deg,

gjennom elvar, skal dei ikkje riva deg bort.

Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg,

og logen skal ikkje brenna deg.

1.Kor.1,26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Kommentar: Kallet og meininga med livet.

Jesus er livet og han gir oss meining med livet. Han er den gode hyrdingen og kallar sauene sine ved namn, så kvar einskild av dei har dei har fått eit personleg forhold til han. Med sitt kall gir han dei meining med livet. Men hyrdingen vart slått i hel og sauene vart spreidde.

Sakarja.13, 7 Vakna, sverd, mot min hyrding,

mot mannen som står meg nær,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Slå hyrdingen, og lat sauene spreiast!

Mot dei minste vil eg lyfta mi hand.

8 I heile landet, lyder ordet frå Herren,

skal to tredjepartar rydjast ut og døy,

men ein tredjepart skal leivast.

9 Denne tredjeparten lèt eg gå gjennom eld,

eg reinsar han, som ein reinsar sølv,

og prøver han, som ein prøver gull.

Dei skal kalla på mitt namn,

og eg vil høyra bøna deira og seia:

«Dei er mitt folk,»

og dei skal svara:

«Herren er vår Gud.»

Mark.14,26 Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 27 Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å venda dykk frå meg, for det er skrive: Hyrdingen slår eg, og sauene skal spreiast. 28 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»

Når Jesus vart krossfesta og døde, verka det for disiplane som om den meiningamed livet som han hadde gitt dei vart knust, så dei som tidlegre hadde vore fiskarar, gjekk tilbake til fiskaryrket. Men når Jesus stod opp att, kalla han dei på nytt og gav dei misjonsbefalinga og sa dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Men fyrst måtte dei vente på at han ville sende dei den Heilage Ande frå himmelen.

Likevel er det mange som framleis vil rydje han vekk, ja, endåtil prøve å erstatte han. Det verkar framleis til å gjere livet meiningslaust for oss, så denne problemstilliinga er der framleis. Men då må vi berre vende hugen opp til han og sjå på han.

Det stormar rundt oss til samanlikning med læresveinane på Genesaret. Peter gjekk han i møte på vatnet, han såg på bylgjene og byrja å synke, men han måtte vende seg til Jesus og sjå på han. Til samanlikning kjem Jesus til oss og vi må vende oss til han og sjå på han, han kjem til meg og eg må sjå på han.

Så dette har ikkje si årsak i at der er ein arbeidsgjevar som gir oss jobb og ein arbeidsleiar som seier til oss kva vi skal gjere eller at der er ein skulelærar eller ein professor som gir oss lekser. Men det står over dette. Det har si årsak i at Gud er den han er, den han har sagt seg å vere, han er den same og skaper oss i samsvar med 1.Mos.2, han sette Adam til å dyrke og verne hagen og det var det Eva skulle hjelpe han med. Men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Og den gjerning vi skal gjere er å tru på han. Han er livet og ved at vi trur på han, har vi meining med livet.

Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristendom, Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

One Response to 2017.12.10&17. Tal Guds Ord, det er levande og kraftig og gjer det verket han sender det til.

  1. Pingback: Kristendomen og naturvitskapen, kunnskap og fridom til livsutfolding med vit og forstand. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s