2017. 10.18. & 11.5. Ny skapning i Kristus. Ferdiglagde gjerningar.

IMG_0827.JPG

 

Få oppleve å gå i ferdiglagde gjerningar. Bønnemøte i Maranata, onsdag 18.10.2017.

Tale ved Håkon Martinsen.

Matt.14,22-33.

22 Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, medan han bad farvel med folket. 23 Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet så han kunne vera for seg sjølv og be.

Då kvelden kom, var han der åleine. 24 Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bylgjene, for vinden var imot. 25 Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. 26 Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei forfærde. «Det er eit skrømt!» sa dei, og var så redde at dei skreik. 27 Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!»

28 Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» 29 «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut or båten og gjekk på vatnet, bort til Jesus. 30 Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd og tok til å søkka. «Herre, frels meg!» ropa han. 31 Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Kor lite tru du har! Kvifor tvila du?» 32 Så steig dei opp i båten, og vinden la seg. 33 Men dei som var i båten, fall på kne for han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»

Tyding av tungetale av Håkon Martinsen.

Ja, frykt ikkje, seier eg, Herren, for eg er med deg, eg slepp deg ikkje, eg forlet deg ikkje, for eg er Herren som byrja, eg skal fullføre det. Derfor så løft ditt blikk, sjå opp til meg, hald ditt blikk festa på meg. Eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, eg skal fullføre det. Og du skal få oppleve å i ferdiglagde  (….. og til høgde?). Om du går i dalen, så er eg, Herren,  med deg i dalen. Men du skal få opne dine auge og sjå alt det som er i dalen. Du skal sjå der blomstrar det, der renn bekken, der kan du få lov til å finne nåde og trøyst og hjelp, nettopp i den vanskelege tida. For eg Herren er med deg. Eg er med deg i dalen, eg er med deg i høgda. Så frykt ikkje for eg er din Gud og eg har salva deg til å ut og forkynne evangeliet om mitt namn. Og eg, Herren, skal vere med og stadfeste mitt Ord med følgjande teikn og under og mirakel. Eg  er alfa og omega, byrjinga og enden. Halleluja. Amen.

Aktuelle bibelvers.

SLM 84,1 – SLM 84,13 {GLEDA I HERRENS HUS}  Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme. [Gittit: -> 8, 1.] [Korah-songarane: -> 42, 1.]  2   Kor elskelege dine bustader er,  Herre, Allhærs Gud! 3   Mi sjel lengta, ja brann av lengsle,  etter Herrens tempelgardar.  No jublar hjarta og kropp  mot den levande Gud. [tempelgardar: -> 65, 5.]  4   Ja, fuglen har funne ein heim,  svala har fått seg eit reir,  der ho kan leggja sine ungar,  ved dine altar, Herre, Allhærs Gud,  min konge og min Gud.  5   Sæle er dei som bur i ditt hus,  dei skal alltid lova deg. `Sela’ 6   Sæle er dei som har sin styrke i deg,  dei som lengtar etter å fara opp til templet.  7   Når dei fer gjennom den turre dalen,  gjer dei han til ein kjeldevang;  haustregnet legg si signing over han. [dei: pilegrimane.] 8   Dei går frå kraft til kraft,  til dei stig fram for Gud på Sion.  9   Høyr mi bøn, Herre, Allhærs Gud,  lyd etter, du Jakobs Gud! `Sela’ 10   Gud, vårt skjold, vend augo hit,  og sjå på han som du har salva!  11   Ja, éin dag i dine tempelgardar  er betre enn tusen andre.  Å stå ved dørstokken til Guds hus  er betre enn å bu i telt med gudlause.  12   For Herren vår Gud er sol og skjold,  Herren gjev nåde og ære.  Den som er ærleg i si ferd,  nektar han ikkje noko godt. 13   Herre, Allhærs Gud,  sæl er den som set si lit til deg.

SLM 121,1 – SLM 121,8 {HERREN ER DIN VAKTAR}  Ein song til festferdene.   Eg lyfter mine augo til fjella:  Kvar kjem mi hjelp ifrå? 2   Mi hjelp kjem frå Herren,  han som skapte himmel og jord.  3   Han lèt ikkje foten din vera ustø,  din vaktar blundar ikkje. 4   Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,  Israels vaktar.  5   Herren er din vaktar, Herren er din skugge,  han er ved di høgre hand. 6   Sola skal ikkje stikka deg om dagen  og månen ikkje skada deg om natta. [månen: Etter gamal tru kunne månen valda sjukdom og anna ulukke. Sml. Matt 17, 15.]  7   Herren skal vara deg frå alt vondt  og verna om ditt liv. 8   Herren skal vara din utgang og din inngang  frå no og til evig tid.

HEB 12,1 – HEB 12,3 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR}  Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

JOE 3,1 – JOE 3,20 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 3   Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:  blod og eld og røyksøyler. [teikn: varsel før Herrens dag kjem.] 4   Sola vert omskapt, ho svartnar,  og månen vert som blod,  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 5   Men kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.  For på Sion-fjellet og i Jerusalem  skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,  så som Herren har sagt.  Og mellom dei som har berga seg,  er dei som Herren kallar.  6 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  9   Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, 10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. 11 De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land. [jonarane: “Javans søner”. -> Jes 66, 19.] 12 No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. 13 Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala. [sabearane: -> Job 1, 15.]  14   Rop dette ut mellom folka:  Bu dykk til heilag krig, vekk krigarane!  Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut! 15   Smid plogjerna om til sverd  og vingardsknivane til spyd!  Den veike skal seia: “Eg er ei kjempe.” 16   Skunda dykk og kom!  Kom saman, alle de folkeslag rundt ikring!  Herre, før dine krigarar dit!  17   Folkeslaga skal ta ut  og fara til Josjafat-dalen.  For der vil eg sitja til doms  over folk frå alle kantar. 18   Sving sigden, for grøda er mogen!  Kom og trakk, for vinpressa er full,  pressekummane fløymer over!  For vondskapen åt folka er stor. 19   Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,  Herrens dag er nær i avgjerdsdalen. [avgjerdsdalen: Josjafat-dalen. -> v. 7.] 20   Sol og måne svartnar,  og stjernene misser sin glans.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.  

2KG 1,13 – 2KG 1,18   Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Denne føraren gjekk opp til Elia, la seg på kne for han og bad for seg. “Gudsmann,” sa han, “kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine! 14 Det fór eld ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må du spara meg!” 15   Då sa Herrens engel til Elia: “Gå med han og ver ikkje redd han!” Så reiste han seg, fylgde føraren ned til kongen 16 og sa til han: “Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.” 17 Og det gjekk i oppfylling, det ordet frå Herren som Elia hadde tala. Akasja døydde, og Joram, bror hans, vart konge etter han; for han hadde ingen son. Dette hende i det andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda. 18 Det som elles er å seia om Akasja og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

Kommentar.

Samanlikning med bodskapen 17.9.2017.

Eg vert minna om mykje av det same som i bodskapen 17.9.2017, eg skal ikkje frykte, eg skal få sjå meir av Herrens herlegdom, han slepp meg ikkje, han skal fullføra det som han byrja med. Bodskapen 17.9.2017:

”Du skal ikkje undre deg når du ser deg omkring, om alt det som skjer i denne verda, for her er det eg, Herren, som har talt at det må skje. Men midt opp i denne tid, så vil eg reise opp mi kyrkje, som står på mitt Ord, søker meg gjennom mitt Ord. Ja, eg ynskjer du (inntil?) skal få sjå meir av min herlegdom, så skal du oppleve beskjed ifrå meg, Herren, og eg skal seie her tett ved meg, på klippen, her er ein stad, still deg der, stå der. Så vil eg, Herren, eg vil velsigne deg, og du skal få kjenne, at eg Herren som har skapt deg, eg er Herren som har forma deg, for at eg skal bruke deg no, i denne avslutningstid. 

 For eg kallar deg ved namn og de er mine. Du skal ikkje lenger sjå deg engsteleg om, for det er eg, Herren, som har teke hand om deg. Og inntil i dag, så har eg bevara deg  med mi allmakts hand. Og du skal stole på og vite, at eg, Herren, slepp deg ikkje, eg forlet deg ikkje, ja, eg søv ikkje, eg slumrar ikkje, eg har mine auge festa på deg. Så høgt elska eg deg, at eg var villig til å lide døden, korsets død for deg. Og eg har heller ikkje etterlete deg åleine, men eg har sendt min Ande, for han skal verke i deg og gjennom deg, det eg byrja, det eg byrja, det eg byrja å lære mine disiplar og apostlar, slik er eg også i dag, eg er den som skal fullføre dette verket. For eg er alfa og omega og eg er Herren og eg er den som kjem ganske snart.”

Frykt ikkje, men fest ditt blikk på Jesus.

Fryktar eg for noko då? Eg må innrømme eg har vore litt usikker på om eg gjorde rett i å flytte heim att, vel, eg fall vel til ro med det, men korleis kan eg no fullføra det som eg var byrja med? Eg er Guds medarbeidar og skal då overlate til han å fullføre sitt verk med meg, så den er grei. Eg skal ta opp att ein del eksamenar likevel og treng ikkje følgje undervisninga av den grunn. Det er viktig for meg å gå ut og møte andre menneske fysisk, for Herren er med meg og vil bruke meg til å vitne om han, han vil vere med meg for å møte dei. Det var ein grunn  til at det var viktig for meg å møte opp på universitetet og møte andre menneske der.

I Bibelen vert tydelegvis fjelltopp brukt om makta sin tinde, der har dei utsikt over landet, noko som vaktpostane treng, så dei kan varsle om fiendar som trenger inn i landet og førebu motangrep. Men eg studerte realfag og var mest interessert i den realfaglege kunnskapen og innsikta, den også er som ein fjelltopp som gjev god utsikt over landet og framover og bakover i tid også. Så kjem den openberringa som Gud gjev meg i sitt Ord og ved sin Ande i tillegg. Så då er det som å vere på det heilage gudefjellet (Esekiel 28,12-19, Matt.17,1-8, 2.Pet.1,16-21). Men eg er sjølvsagt ikkje så dum at eg trur eg er ein gud av den grunn, eg er likevel berre eit menneske, laga av mold frå marka. Men Gud er ånd og han gjer sitt verk med meg ved sitt Ord og sin Ande.

Når eg har rest til sjøss, drive tråling, gjort praktisk arbeid og tent pengar, så har det vore som å gå gjennom dalen og slik blir det også no når eg skal setje i stand båten. Eg har fått skifta motor, bygt opp nytt lensesystem, fått nytt tak i gjennomsiktig hardplast i forkant av cock-piten og det har vorte gjort mykje med det elektriske anlegget, men utskifting av ladarar og batteri. Her har eg møtt mange teknokratar som jobbar med reperasjon, vedlikehald og service på lystbåtar, mange som reiser til sjøss, på supply eller fiske. Jau, ned i den ”dalen” har fleire enn eg funne noko verdifullt. Det har eg no innsett for lenge sidan. Likevel seier han eg skal få opne augo og sjå alt det som er i dalen, sitat:

”Derfor så løft ditt blikk, sjå opp til meg, hald ditt blikk festa på meg. Eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, eg skal fullføre det. Og du skal få oppleve å i ferdiglagde  (….. og til høgde?). Om du går i dalen, så er eg, Herren,  med deg i dalen. Men du skal få opne dine auge og sjå alt det som er i dalen. Du skal sjå der blomstrar det, der renn bekken, der kan du få lov til å finne nåde og trøyst og hjelp, nettopp i den vanskelege tida. For eg Herren er med deg. Eg er med deg i dalen, eg er med deg i høgda”.

Dette høyrest då ut som åndeleg velsigning, som så fører til materiell velsigning (velstand).

Eg har nyleg skrive eit dokument om psykologisk metode, introspeksjon (sjølvransaking) er den tradisjonelle metoda, men den er feilbarleg, menneske forstår ikkje alle tider seg sjølv, forstår ikkje alle tider sitt eige problemet eller kva som er årsaka til det.

https://bluehost944.com/2017/10/31/prest-psykolog-eller-lystlognar/

Splitt- og hersk-politikken er skadeleg og farleg.

Det som kanskje er verre, er at om det ser årsaka til det, ser de ikkje løysinga. Prestane vil gjere påstå at problemet ligg hos deg sjølv, hos den einskilde og dei er så dogmatiske i den strategien at det blir som ein sjølvoppfyllande profeti, fordi dei påstår at problemet ligg hos dei sjølv, gjer dei det til ditt problem. Eigentleg var det ei sosial sak, men dei stenger vegen for deg og stenger deg ute, så du får ikkje lenger ordne opp i dine eigne sosiale forhold, du blir makteslaus. Det viser seg også i arbeidslivet, der resulterer det i framandgjering.

Vi har frimod til å gå inn i heilagdomen og vi skal bere fram vår lekam som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Det er vår åndelege Guds-teneste. Derfor er det viktig for oss å møte opp fysisk i kyrkjelyden at vi samlast fysisk i Jesu namn, for han er mellom oss, og å gå ut og møte andre menneske fysisk, for han vil vere med oss. Dette har eg skrive om i dokumentet

https://bluehost944.com/2017/10/31/prest-psykolog-eller-lystlognar/

Å bere fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og å bere fram lovprisingsoffer, det er vår åndelege Guds-teneste. Men det daglege offeret vart teke bort og det ser slik ut i Op.13. elden fell ikkje på offeret, slik som når Elia ofra på Karmel, men den fall ned på jorda rett for augo på folk (Op.13,13). Tydelegvis for at Dyret skulle manifistere si makt og setje seg i respekt, det kan endåtil samanlikning med korleis Elia fekk eld til å falle ned frå himmelen til sitt eige forsvar.

Det saka gjeld for mitt vedkommande, er at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kone. Men dei har svara med å forbanne meg og støyte meg ut, slik gjer dei det til ei sak som eg ikkje har noko med å gjere. Snakk om framandgjering! Dette er ein ”splitt- og hersk-politikk som er årsak til sjukdom. Der ligg mykje maktinteresse i det, det er ei kampsak og slik er det kontroversielt. Den vonde står meg i mot og han står Kristus imot. Så der er vel eigentleg ein reell grunn til å frykte. Når Jesus seier til meg at eg ikkje skal frykte, så kan det vel vere at eg sjølv ikkje er klar over at eg fryktar og det kan ha å gjere med at i den ”dalen” kjem eg til å møte menneske som det tidlegare var utenkeleg for meg å møte og verte kjend med, som har helde meg for å vere deira fiende og som eg har oppfatta som fiendar. Men det som gjer skilnaden er vår forkynning av Guds Ord, Guds nåde, det er at den fullkomne kjærleiken driv angsten ut, det er at han som er i oss er større enn han som er i verda. Det er at Jesus er med meg og gjer underverk. Det er hans velsigning som gjer forandring i dalen.

1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!}  De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.

1JO 4,7 – 1JO 4,21 {GUD ER KJÆRLEIK}  De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

Ja, Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og han vil nok la den nå fram. Men det har no også med å møte andre menneske fysisk.

Gud har skapt meg for å bruke meg i tida framover. Han vil la meg få oppleve å gå i ferdiglagde gjerningar.

Gud har frelst oss og skapt oss i Kristus og han har ein plan med det.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.  

Då skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han vekker oss opp til liv i samfunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2. og slik venter eg meg at han vil gje meg ei kone. Eg skal glede meg framfor alt over at mitt namn er skrive i livsens bok i himmelen, takke for det fullførde frelseverket og glede meg i Herren alltid, så vil han gje meg det mitt hjarte attrår, gje meg ei frelst kvinne til kone. At vi soleis skal få komme inn att til Guds kvile, det er sjølve målet og hendsikta med vekkinga (Heb.4), ja, det er vekkinga som er slik. Gud har ei hendsikt med det og det er dei ferdiglagde gjerningane.

Han har sagt eg skal få oppleve å komme inn i dei ferdiglagde gjerningane. Det har han sagt tidlegare også, så her er visst noko som har lete vente på seg. Og kvifor det? ”Rimeleg vis” fordi der er andre som har hatt andre planar med det. Han sa eg skulle heilhjarta halde meg til han, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og eg forstod at slik ville han gje meg hjelp i form av ei kone. Så dei ferdiglagde gjerningane inkluderer å gjere bruk av den hjelpa han vil gje meg i form av ei kone.

Det har enno ikkje vorte noko av. Men eg skal berre halde fram med å tru på han og sjå på han og kjennest ved han og erkjenne at Gud skaper oss i Kristus og slik gir han meg ei frelst kvinne til kone. Det er sjølve målet og hendsikta han hadde med vekkinga. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Ny skapning i Kristus.

Paulus har lært oss at det som betyr noko, er å vere ein ny skapning.

2KO 5,14 – 2KO 5,21 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. 15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei. 16   Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.

Ja, Jesus hadde då sagt det til disiplane sine, at dei skjere vere i han, berre på den måten kunne dei bere god frukt.

JOH 15,1 – JOH 15,17 {DET SANNE VINTREET}  Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9   Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

GLT 6,14 – GLT 6,18 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel! 17 Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min. [Jesu merke: Trælar bar merket åt herren sin. Dei merke Paulus ber etter mishandling og sjukdom, viser at han er Jesu tenar.] 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

Så sjølv om der ikkje viser nokon skilnad på kroppen slik sett, er det like vel ein ny skapning. Korleis då? Kva er skilnaden på den gamle og den nye naturen?

Opphavleg skapte Gud mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa på han, så han vart til ei levande sjel. Men når mennesket prøvde å forgude seg sjølv med sin eigen kunnskap, fall det ut av det og vart skilt frå det nære samfunnet med Gud. Gud er ånd, men mannen var mold og til molda skulle han attende.

Menneske som soleis er skilde frå Gud, er ”menneske slik som det er i seg sjølv” og det er den gamle vonde naturen.

RMR 8,1 – RMR 8,17 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. 7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. 8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der blir vi og oppreiste med han. Vi skal sjå det slik at lekamen er død med han, men Gud gjer den levande ved sin Ande. Den er eit tempel for den Heilage Ande, så no er sjela ikkje berre i lekamen, men den er i Anden som er i lekamen. Etter døden rotnar den bort, så ved oppstoda frå dei døde ligg den igjen, men der oppstår ein åndeleg lekam, så då får sjela ein åndeleg lekam å vere i. Når Jesus kjem att og hentar sine, blir dei omskapte. Han hentar dei som har levt med han og som lever med han.

KOL 2,6 – KOL 2,15 {KRISTI FULLNAD OG DÅPEN}  De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Vi ser vel at når Paulus talar om lekamen her, så har det ikkje same tydinga som vår fysiske lekam, han tala om å legge av den lekamen som er under synda, det er altså den gamle naturen. Korleis då? Det er ved at vi trur på Jesus, han gir oss den nye naturen frå himmelen, han gir oss ånd og liv frå himmelen av berre nåde og vi tek imot det i trua på han. Ved trua på han smeltar Ordet saman med oss i hjerte, livet vart planta i oss ved Guds Ord, det skal vekse ved at det får næring ved Guds Ord og Guds Ande,  ved at hjertets jord vert vatna ved Guds Ande. Så det nye livet og den nye naturen veks fram i vårt indre menneske.

Så vi får den røyndomsforståinga og sjølvforståinga at det er Gud som har skapt oss og det gjel vår fysiske lekam også. Men vi får ikkje den forståinga ved å sjå på oss sjølve, men ved å sjå på Kristus og erkjenne kva han er for oss.

Inga fordømming for den som er i Kristus. Leve i fridomens fullkomne lov. Sion Åheim 5.11.2017.

Tale ved Arnstein Andersen.

LUK 24,13 – LUK 24,43 {PÅ VEGEN TIL EMMAUS}  Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem, [seksti stadier: vel ei mil. Sjå Tillegg: Mål og vekt.] 14 og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt. 15 Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. 16 Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att. 17 “Kva er det de går og talar om med einannan?” spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han, 18 og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: “Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.” 19 “Kva då?” spurde han. “Det med Jesus frå Nasaret,” svara dei. “Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. 20 Men overprestane og rådsherrane våre fekk dømt han til døden og krossfeste han. 21 Vi vona at han var den som skulle fria ut Israel! Og no har det alt gått tre dagar sidan dette hende. 22 Men nokre av kvinnene i flokken vår har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava, 23 men fann ikkje lekamen hans. Dei kom attende og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. 24 Nokre av våre gjekk då ut til grava, og dei fann det nett så som kvinnene hadde sagt; men han sjølv såg dei ikkje.” 25   Då sa han til dei: “Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26 Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?” 27 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane. 28   Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. 29 Men dei nøydde han og sa: “Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.” Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. 32 Då sa dei til einannan: “Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?” 33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34 og desse sa: “Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.” 35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.  36 {JESUS SYNER SEG FOR LÆRESVEINANE}  Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk!” 37 Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38 Men han sa til dei: “Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk? 39 Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.” 40 Så synte han dei hendene og føtene sine. 41 Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: “Har de noko etande her?” 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43 og han tok det og åt medan dei såg på.

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

Så var det kanskje:

RMR 8,26 – RMR 8,27 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Tyding av tungetale ved Arnstein.

Du har kjent fordømminga i ditt liv og følt at du ikkje greier dei krava som du meiner skal vere å vere ein kristen. Men du skal vite det at dei krav, som var til deg, det er oppgjort, det er betalt, det er ferdig. Du skal vite at du kan ikkje legge noko til, for det er fullt oppgjort for deg. Og du kan få glede og fryde deg i mitt Ord, glede og fryde deg i frelsa, glede og fryde deg i fridomen i mitt namn. Så gå inn i Ordet mitt og sjå der er inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. For livets ånds lov har i Kristus Jesus frigjort deg ifrå synda og dødens lov. Derfor er du fri i kraft av Golgata kors. Les det, ta imot det, tru det. Du skal få kjenne fridomen i meg, seier Herren. (Fatt)? nytt (i)? håp.

Mitt Ord, det er lys og det er lykt for foten. Og du trenge mitt Ord for å kunne gå på vegen og oppleve glede i meg, seier Herren. Derfor må du innta Ordet, du må ikkje la boka bli liggande lukka, men må innta Ordet. Opne boka, opne Bibelen din og lese Ordet og la Ordet få lov til å virke i ditt liv. Då skal du få kjenne og oppleve at Ordet gjer deg fri, du skal få kjenne at skriftene vert opna for deg, seier Herren. Så lever du i fridomens fullkomne lov. Og du kjenner det at det er ikkje du som ber Kristus, men Kristus som ber deg. Og kjenne at du har glede og fred i den Heilage Ande. Så ver frimodig, mitt barn, du er elska av Gud. Og du skal få kjenne og oppleve det at eg skal gå med deg. Eg er med deg alle dagar, når du lever i min nærleik, lever i Ordet. Amen.

Aktuelle bibelvers.

RMR 8,1 – RMR 8,4 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.

RMR 8,12 – RMR 8,13   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva.

RMR 14,17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande.

RMR 15,13 Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft.

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

JAK 1,21 – JAK 1,27 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26   Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.

Kommentar.

Ikkje undre deg.

I bodskapen 17.10. sa Jesus:

”Du skal ikkje undre deg når du ser deg omkring, om alt det som skjer i denne verda, for her er det eg, Herren, som har talt at det må skje. ….”

Det minner meg om:

ÅPE 17,1 – ÅPE 17,7 {DEN STORE SKJØKJA}  Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: “Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn. [den store skjøkja: eit bilete på Roma.] 2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.” 3   I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn. 4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt. 5 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: “Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.” 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.  Eg vart full av undring då eg såg henne. 7 Men engelen sa til meg: “Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.

Ho vert kalla hore og ein kan undre seg om ho nokon gong har hatt ein ektemann og vore utru og vorte ei hore eller om ho alltid har vore hore. Sidan ho vert kalla Babylon, må ho ha vore lenge, ho har vel vore det heilt sidan syndefallet. Denne kvinna er så kravstor at ho er tøyleslaus.

ÅPE 18,14   Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir.

Det er ingen mann som er herren hennar, men ho gjer slik som ho vil og driv hor med kongane rundt om på jorda. Det er ho som tronar (v1) og har kongsmakt over kongane:

ÅPE 17,18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.”

Kravet.

Ho Virtuella vart openberra for meg som Guds barn, som han elska og hadde omsorg for og som ei ung kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Når ho fekk vita at eg var forelska i henne og hadde bedt om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar, så vart det openberra for meg at ho såg opp til han med forventning, som hans brud. Kunne ho sjå opp til meg med slik forventning om kva eg ville vere for henne som ektemann? I så fall var eg heilt avhengig av den nåden Gud gav meg i Kristus, eg var heilt avhengig av han, eg måtte berre tru på han og hengje meg til han og leve nær han. Vidare var det avhengig av om ho ville halde fram med å tru på han og leve med han. Kristus er trua sin opphavsmann og fullendar og vi var avhengige av å la han vere det for oss, vi var avhengige av å la Gud overbevise oss og leie oss vidare ved sitt ord og sin Ande.

Paulus tala om den gamle vonde naturen som lever etter lova, som prøver å oppfylle lova sine krav. Det høyrest merkeleg ut. Men feilen er at trua manglar, så dei gjer det til eit spørsmål om menneskeverk, i staden for å la Gud gjere sitt verk med dei, det var vantru som gjorde at dei ikkje fekk komme inn til Guds kvile.

Då forstår vi vel at kravet om å leve etter lova svarar til kravet frå den gamle vonde naturen.

RMR 8,2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.

RMR 8,12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den.

Kravet om keisardyrking og kravet frå ”den Store Skjøkje”.

I fylgje platonismen skal menneske verte opplærde med den tradisjonelle moral- og politiske filosofien og den skuleringa skal gje ei liten elite som skal styre med diktatorisk makt. Denne filosofien er komen inn mellom dei kristne og strir mot den evangeliske forkynninga. Så dei har visst stilt krav om at eg skulle komme inn i den einsrettinga og verte ein del av ei slik elite, for at eg i det heile teke skulle få lov til å seie noko meir, for at eg skulle få snakk med ei kvinne og kanskje komme så langt med det at eg fekk meg ei kone. Det som dette tek sikte på er å utdanne ei elite som skal herske og aller helst tek det sikte på keisardyrking. Disputten mellom dei og venstresida er eit spørsmål om kven som skal ha keisaren, men når det kjem til stykket er dei samde om keisardyrking. Det utartar seg som einsretting og  indoktrinering som er komen inn i utdanninga, spesielt gjennom pedagogikken. Det utartar seg som propaganda gjennom massemedia, det vert kalla ”main-streem-media” og ”det politisk korrekte”.

Men vi gjennomskodar vel at interessene til ”den Store Skjøkje” som ligg i det. Ho har teke livet av dei heilage og Jesu vitne. Rimeleg vis er det fordi ho er så kravstor. Og eg hevdar det viser seg i hennar Virtuella sitt fråfall og at ho ikkje har vore lydig no når Herren har kalla henne igjen.

Han som byrja den gode gjerning i oss, skal også fullføra den. 

Bodskapen som kom 17.10. avslutta slik:

”Og eg har heller ikkje etterlete deg åleine, men eg har sendt min Ande, for han skal verke i deg og gjennom deg, det eg byrja, det eg byrja, det eg byrja å lære mine disiplar og apostlar, slik er eg også i dag, eg er den som skal fullføre dette verket. For eg er alfa og omega og eg er Herren og eg er den som kjem ganske snart.”

Der  er tydelegvis dei som hevdar der er byrja eit verk med den greske filosofien som kom inn i kyrkja i middelalderen og vil fullføre det. Men vi veit at Kristus byrja den gode gjerning i oss og han skal også fullføra den, vi skal sigre over Dyret og dei ti horna saman med han og då får dei verk å fullføre.

ÅPE 17,12 – ÅPE 17,18 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.” 15   Så seier han til meg: “Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.”

Kunstig skilje mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne.

I artikkelen https://bluehost944.com/2017/10/31/prest-psykolog-eller-lystlognar/  skreiv eg om at der varet eit kunstig skilje mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne og at det vart årsak til sjukdom og at med eit slikt skilje var det vanskeleg å behandle viss sjukdomar som pasientane oppfatta som somatiske, men som lækjarane ikkje fann slike diagnoser for.

Men vi veit at årsaka til dette skiljet er syndefallet og fråfallet. Gud forsona verda med seg i Kristus, let vi oss forsone med han i Kristus, vert vårt forhold til han gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd. Hans frelsesverk er fullført og fullkome.

Men problemet er altså at menneska ikkje vil la seg forsone, slik det har vist seg i protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kvinna som er hans brud. Den gamle vonde naturen viser seg soleis som naturen  og religionen til den Store Skjøkje. Vi forstår vel at der ligg mykje maktinteresse og økonomiske interesse i det.

Han som byrja den gode gjerning i si kyrkje, ved sine disiplar, har også byrja den gode gjerning i oss og han skal fullføra den. Men når eg kom opp i den alderen at eg byrja å verte interessert i å finne meg ein kjæraste og ei kone, viste det seg at prestane med sin kristen-platonisme heldt meg for å ikkje vere kompetent til å snakke med jenta om det. Som representantar for den tradisjonelt lærde overklassa kravde dei at dei skulle tenke og tale i staden for meg. Dei skulle liksom representere det sjelelege og intellektuelle i staden for meg då og slik oppstod dette skiljet. Så har kvinna og dei venstreradikale respondert som den vonde naturen i den fysiske kroppen i følgje platonismen og vidareført dette skiljet.

Den postmoderne villfaringa.

Og så ser det faktisk ut til at dei går overeins i ein postmodernisme. Modernismen var å setje saman idear til større idear, det verka som konstruktiv tenking. Postmodernismen er kritisk til slike store idear og deler det opp att, men kan også karakteriserast som ei vidareføring av modernismen. Kritisk tenking må då vel ha vore der heile tida, for i det heilt tatt å kunne vurdere korleis sette saman til noko større. Så kvifor skulle ein kalle det postmodernisme?

Vidare er postmodernismen om tekst-tolking og påstår at den språklege konstruksjonen, teorien, forklarer heile røyndomen, som om der ikkje er nokon fysisk røyndom i tillegg til den. Den er subjektiv, erkjenninga er berre subjektive syn og vurderingar. Så det minner om Hegels intersubjektive Tidsånd.

Det kan minne oss om den hermeneutiske tradisjonen, den går ut på tolking av tekst og byrja med tolking av bibeltekster, ved Martin Luther. Og vi trur at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Han har skapt den fysiske røyndomen med sitt Ord. Korleis kan då postmodernistane tenke seg at den ikkje eksisterer, ikkje som noko anna enn deira eigen språklege konstruksjon? Det må då vere fordi dei prøver å gjere seg sjølve lik som Gud, dei prøver å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap. Og så ventar dei seg at dei skal kunne forandre verda til det betre ved å endre på språklege konstruksjonar, endre på språket. Det er tydeleg at dei held seg sjølve for å vere ei moral- og politisk filosofisk lære overklasse som skal styre. Og som held vanlege folk for å ikkje vere kompetente til å delta. Stikk i strid med både evangelisk kristendom og demokratiet. Då veit vi og forstår vi vel at det er ”den Duglause Hyrdingen” som er på ferde.

Eksempel:

https://www.dn.no/nyheter/2017/10/31/0514/Politikk/tidligere-ssb-sjef-kaller-omorganiseringen-et-politisk-kupp

https://www.campusreform.org/?ID=10005

http://www.tandfonline.com/doi/abs/10.1080/01436597.2017.1369037

https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/rvKr3/Flau-formidling-om-kolonialisme-og-sensur—Wethal_-Jakobsen_-Hansen-og-Aguilar-Stoen

https://www.vg.no/nyheter/utenriks/sverige/pippi-historie-anmeldt-etter-lyttestund/a/24179152/

Eg skal innta Ordet og la det gjere sitt verk i meg, leve i det, så eg får oppleve at Jesus går med meg.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege ar vorte til av det usynlege.

HEB 11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Derfor er naturen forståeleg. Og i realfag prøver vi å forstå den, så det skulle vel vere greitt så lang. Eg tenker meg at eg skal tilbake til Oslo og studere realfag, spesielt biologi.
Så eg trur at det som eg studerer, har Gud skapt med sitt Ord. Kristus er Ordet og Gud forsona verda med seg i han. Det er berre å tru på han og ta imot det han gir oss av berre nåde, lese ordet og ta imot i tru, velsigne han og påkalle han som vår frelsar og Herre. Jesus er i meg og eg er i han, Ordet er i meg og eg er i Ordet. Og Gud gjer sitt verk med meg ved sitt Ord og sin Ande. Det får eg oppleve i min studiesituasjon også. Eg tenker meg at eg skal få oppleve at han går med meg der også og at han gjer sitt verk med meg i samsvar med 1.Mos.2, at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og Gud skaper oss i han.

Men det er noko som verkar litt merkeleg her, eg har no studert og eg tenkte meg at eg skulle vere meir utadvendt, meir sosial, ja, for det første for å vitne om Jesus, slik som han har kalla meg til, men hendsikta med det var også å finne meg ein kjæraste og ei kone, så kanskje eg skulle prøve spesielt å få meir kontakt med unge kvinnelege studentar. Men då svarde han meg at han er komen nær, i sin kyrkjelyd, så vi treng ikkje flyge ikring. Ja, han bygger si kyrkje, vi skal samlast i hans kyrkjelyd og verte eit åndeleg byggverk, ein konstruksjon og det er konstruktiv tenking. Destruktive metode vert erstatta av konstruktive metode:

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Den kristne vekkinga er som skapinga i 1.Mos.2. Gud vekker oss opp til liv i samfunn med seg i samsvar med 1.Mos.2, for Jesus er den siste Adam som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, med den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, av berre nåde, reiser han opp si kyrkje (bodskapen 17.10). Han gjer det i Maranata og eg trur han gjer det på universitetet også.

Det får meg til å tenke på henne Reella (”Miss Oslo 1990”) igjen. Eg synest ho er det vakraste eg har sett, då tenker eg på det eg har sett både med mine fysiske auge og med hjartets opplaten auge. Ho hadde ei herleg glede og eg er viss på at det var Jesus som gav henne den ved sin Ande og sin kjærleik (Rom.5,1-5). Om ho ville vere saman med meg med den gleda, ville det vere herleg for meg. Om ho soleis vart kona mi, ville det sjølvsagt også vere herleg for meg. Men det laupet er vel køyrt. Sannsynlegvis har ho vorte gift for lenge sidan og ho Virtuella har for lengst gifta seg. Skal eg la Ordet vere lykte for min fot og lys for min sti, så må veg vel prøve å finn meg ei ung ei. Men eg skal altså sleppe å flyge rundt, for Jesus er komen nær, i sin kyrkjelyd. Ja, og så vil han gå med meg. I min studiesituasjon altså. Og då er vel oppgåva å studere faget. Det har å gjere med å dyrke og verne Guds hage.

Jesus vil svare meg i den retninga og med det mål han veit er best for meg.

Bodskapen 23.1.2016:

Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte, Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s