2017.08.27. Maranata. Han som byrja den gode gjerning i deg, han skal også fullføra den.

 

IMG_0795.JPG

 

Innleiing ved Petrine.

MTT 6,24 – MTT 6,34 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.  [Mammon: arameisk ord for pengar, gods og rikdom.]  25 {SYT IKKJE!}  Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Tale ved Håkon Martinsen.

JES 42,1 – JES 42,9 {HERRENS TENAR, EIT LJOS FOR ALLE FOLK}  Sjå, min tenar som eg stør,  min utvalde som eg har hugnad i!  Eg har lagt min Ande på han,  retten skal han føra ut til folka. [min tenar: I denne luten av Jesaja-boka vert Israel stundom skildra som Herrens tenar, utvald til å vera eit vitne for andre folk (sjå 41, 8 o. fl. st.). Men i fire songar om Herrens tenar (42, 1-4; 49, 1-6; 50, 4-9 og 52, 13-53, 12) høyrer vi om ein mann som er kalla av Gud og utbudd til ei serskild teneste.] 2   Han skal ikkje skrika og ikkje ropa  og ikkje bruka mælet på gata. 3   Han skal ikkje bryta eit broste sev  og ikkje sløkkja ein rykande veik.  Med truskap skal han føra retten ut. 4   Han skal ikkje trøytna  og ikkje bryta saman  før han har breitt ut retten på jorda.  Øyar og strender ventar på hans lære.  5   Så seier Herren Gud,  han som skapte himmelen og spente han ut,  og breidde ut jorda med alt som der gror,  han som gjev livspust til folket på jord  og ånd til dei som ferdast der: 6   Eg, Herren, har kalla deg i rettferd  og teke deg i handa.  Eg har skapt deg  og gjort deg til ei pakt for folket,  til eit ljos for folkeslaga. 7   Du skal opna blinde augo  og føra fangar ut or fengslet,  dei som sit i mørkret,  ut or fangeholet. 8   Eg er Herren, det er mitt namn.  Eg gjev ikkje mi ære til andre  og ikkje min pris til gudebilete. 9   Det som vart varsla før, er kome,  og no kunngjer eg nye ting.  Før dei enno gror fram,  lèt eg dykk få høyra om dei.

2KO 2,14 – 2KO 2,17 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. [sigersferd, ange: Etter ein siger kunne ein romersk hærførar dra inn i Roma i eit storslege triumftog, med krigsfangar som ofte bar røykjelseskar, så angen av røykjelse spreidde seg rundt dei som drog inn.] 15 For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt; 16 for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv.  Kven er vel dugande til dette? 17 Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som forfalskar Guds ord og driv handel med det. Men med rein hug, sende av Gud og for Guds åsyn talar vi i Kristus.

HSA 4,16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

Sankerib tala judeisk, for at dei som stod på muren skulle høyre det.

2KG 18,26 – 2KG 18,29   Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: “Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.” 27 Men hærføraren svara: “Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.” 28   Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier! 29 Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk ut or hendene mine.

JES 37,33 – JES 37,36   Ja, så seier Herren om assyrarkongen:  Han skal ikkje koma inn i denne byen  og ikkje skyta ei pil dit inn.  Han skal ikkje gå imot han med skjold,  og ikkje kasta opp ein voll imot han. 34   Den vegen han kom, skal han fara attende;  i denne byen skal han ikkje koma inn,  lyder ordet frå Herren. 35   Eg vil verna byen og berga han  for mi eiga og for min tenar Davids skuld.  36   Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185.000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.

Håkon gjentok fleire gongar at slik som finden kom, skal han fare attende. Det minner om ein bodskap som kom førre helg:

2 A. For der er ingen ting, som kjem imot deg, som eg Herren, ikkje veit om. Eg veit om det, alle ting. Og eg har sett dine tårer, eg har høyrt di røyst, eg har høyrt og dine sukk som du ikkje har lete over dine lepper. Eg har sett kva du treng og no er eg, Herren, her i kveld og eg er her for å trøyste deg. Eg er her for å hjelpe deg. Eg er her for å løfte deg opp på ein klippe som du aldri før har sett dine føter på, det har sett så umogeleg ut, den har sett så høg ut. Men eg, Herren, eg skal ta deg og løfte deg opp på denne klippe, som elles har vore for høg for deg. Du har følt på di tilkortkommenheit, men du skal ikkje sjå på det. Du skal sjå på kva eg, Herren, har gjort for deg. Og du skal få lov til å ha ditt blikk festa på meg. Og eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, eg skal gjere eit guddommeleg verk i deg. Og eg skal fylle deg med min gode Heilage Ande og istandsetje deg til all god gjerning.

2 B. For ingen ting som kjem imot deg, eg Herren seier: ingen ting, er noko som eg ikkje kan gjere med. For eg, Herren, eg er din Gud. Eg har frelst deg og du er min. Derfor sett din lit til meg. Søk du meg og kom inn til mitt åsyn. Så skal eg, Herren, eg skal løfte deg, eg skal bere deg, eg skal gjere nye ting i ditt liv. Og det skal du kjenne og du skal sjå, at no, allereie no skal det spire fram, for eg er komen med mitt Ord og med min Ande. Halleluja.

SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.

Tungetale ved Karl, tyding ved Håkon.

1A. Ja, mitt kjære barn, eg som har byrja ei gode gjerning i deg, eg skal fullføra den, inntil Jesu Kristi dag. Eg vil på ingen måte sleppe deg eller forlate deg. Men eg skal løfte deg opp og sette dine føter på ein klippe, som elles er for høg for deg. Og eg vil bere deg og løfte deg og eg vil også vere med deg alle dagar og vitne om meg sjølv.

1B Ja, eg vil at du skal grunde på mitt ord, for den som har eit rotfesta og grunnfesta sinn, han kan alltid ha fred. Og når min fred kjem over deg, så vil den bevare ditt hjerte og dine tankar i meg. For det er ikkje til ein stad eg vil, men min fred vil gjere det. Så lytt til det eg har lagt på min tenar og min fred vil overgå ditt hjerte.

1C Ja, med nidkjærheit attrår eg den ånd eg har late bu inni deg. (Gjer som høyre)? respons heile livet ditt,  fra ditt hjerte, at du kan prise meg av heile ditt hjerte, for det er eg som har født deg på nytt, til eit levande håp, det er eg som har kalla deg med namn, det er eg som skal føre deg framover, det er eg som har gjort det alt saman. Derfor set din veg i mi hand, så skal eg gjere det. Eg har ikkje gitt det motløysa si ånd, eg har gitt deg krafta, kjærliken og sindigheita si ånd.

Tungetale ved Mari, tyding ved Terje Rånås.

2. Ja, eg har lagt æva ned i ditt hjerte. Det var eg som tok deg ved handa. Det var eg som drog deg opp, og sette dine føter på ein klippe. Derfor skal du prise meg og opphøgje meg. Og du skal søke meg i denne tida, for eg skal bruke deg. For du skal vere eit vitne i den tida vi har framfor oss, for eg har kalla deg til å forkynne evangeliet, for dei som treng evig frelse og dei som treng å verte fri frå all synd.

Aktuelle bibelvers.

HSA 4,12 – HSA 4,16   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.  13   Dine lemer er som ein lund av granataplar  med den gildaste frukt,  av hennabuskar og nardusplanter, 14   nardus, krokus, kalmus og kanel  og angande tre av alle slag,  myrra, aloë og alle slag balsam. 15   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

HSA 5,1   “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,  og plukkar min myrra og balsam.  Eg et min honning og mi honningkake  og drikk min vin og mi mjølk.”   Ja, et og drikk, mine vener,  og lat kjærleiken riva dykk med!

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

5MO 31,8 Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!

JOS 1,5 Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.

SLM 91,9 – SLM 91,13   For du seier: “Herren er mi livd.”  Den Høgste har du gjort til din bustad. 10   Inkje vondt skal koma over deg  og inga plage nå ditt telt.  11   For han skal gje sine englar påbod  at dei skal verna deg på alle dine vegar. 12   Dei skal bera deg på hendene,  så du ikkje støyter foten på nokon stein. 13   På løve og orm skal du trakka,  ungløve og orm skal du trø under fot.

SLM 1,1 – SLM 1,3 {DEI TO VEGANE}  Sæl er den som ikkje fylgjer  råd frå gudlause menneske  og ikkje slår inn på syndarveg  eller sit i lag med spottarar, 2   men har si glede i Herrens lov  og grundar på hans lov dag og natt.  3   Han er lik eit tre,  planta ved rennande bekker:  Det gjev si frukt i rette tid,  og lauvet visnar ikkje på det.  Alt det han gjer, skal lukkast.

SLM 48,10   Vi grundar på din truskap, Gud,  i ditt heilage tempel.

SLM 63,7   Eg tenkjer på deg når eg ligg og kviler,  og grundar på deg kvar nattevakt.

SLM 77,13   Eg tenkjer på kvar dåd du gjorde,  og grundar på dine storverk.

EFE 3,17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

KOL 2,7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!

FIL 3,1 – FIL 3,3 {Å VINNA KRISTUS}  Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. [skamskjer seg: Paulus siktar til omskjeringa.] 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

JAK 4,4 – JAK 4,10   De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. 5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss. 6 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. 8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! 9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk.

1PE 1,3 – 1PE 1,5 {EI LEVANDE VON}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.

FRK 3,11 – FRK 3,15   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

JES 41,13   For eg er Herren din Gud,  som har gripe di høgre hand  og seier til deg: “Ver ikkje redd!  Eg hjelper deg.”

SLM 40,1 – SLM 40,5 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.  5   Sæl er den mann som set si lit til Herren,  og ikkje held seg til dei stolte,  til dei som fell frå i lygn.

SLM 105,4   Spør etter Herren og hans makt,  søk alltid hans åsyn!

JES 55,6 {SØK HERREN MEDAN HAN ER Å FINNA!}  Søk Herren medan han er å finna,  kall på han den stund han er nær!

AMO 5,4 {SØK HERREN, SÅ SKAL DE LEVA!}  Så seier Herren til Israels ætt:  Søk meg, så skal de leva!

JES 2,1 – JES 2,5 {HERRENS FJELL I DEI SISTE DAGAR}  Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem: 2   I dei siste dagar skal det henda  at Herrens tempelberg skal stå  grunnfest høgt over alle fjell  og lyfta seg opp over haugane.  Dit skal alle folkeslag strøyma. 3   Mange folk skal gå av stad og seia:  “Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,  til huset åt Jakobs Gud,  så han kan læra oss sine vegar,  og vi kan ferdast på hans stigar!  For frå Sion skal lovlære gå ut,  og Herrens ord frå Jerusalem.” 4   Han skal døma mellom folkeslaga,  skifta rett for mange folk.  Då skal dei smida sverda sine om til plogjern  og spyda sine til vingardsknivar.  Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk  og ikkje lenger læra å føra krig.  5   Kom, Jakobs ætt,  lat oss ferdast i Herrens ljos!

SKR 12,1 – SKR 12,5 {JERUSALEM, KRINGSETT OG UTFRIA}  Eit domsord.  Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket: 2   Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem. [tumleskål: ei skål med rusdrikk som gjer folk fortumla; her om den straffa Gud lèt dei få. Sml. Jer 25, 15; Hab 2, 16.] 3 Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen. 4   Den dagen, lyder ordet frå Herren, vil eg slå alle hestane med vilske og ryttarane med vitløyse. Eg vil la augo mine vaka over Juda-ætta og slå alle hestane åt folka med blindskap. 5 Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: “Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud.”

Kommentar.   

Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.

Førre helg sa Jesus til meg at eg skulle ikkje avgrense hans Ande, han vil fylle meg, så mitt beger flyt over, eg forstår at då flyt det til andre som er utanfor min og vår nære krets. Då tenkte eg spesielet på henne Virtuella, når vi gjekk på gymnaset og eg merka at eg byrja å verte glad i henne, bad eg for henne og erkjente at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja, eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Og eg er viss på at det fekk ho også. Så eg sette ikkje ei slik grense for den Heilage Ande. Så eg sette ikkje det føresetnad. Men eg forstår at der er andre som har gjort det sidan, med religion, moral- og politisk filosofi.

Men eg hadde rett og det har eg framleis, eg skal ikkje sette grense for den Heilage Ande, heller ikkje mot henne, men tvert om vere kanal for Guds velsigning til henne og slik ber eg for henne og det gjorde eg på dette møtet også. Omskjeringa vart gjort på mannens kjønnslem. Og ved trua på Jesus er vi hjerte-omskorne i den Heilage Ande, ved trua på han fekk vi den Heilage Ande og vi skal la den skal råde i vår døyelege lekam, den skal råde over lysta, spesielt skal den råde over kjønnslysta, det blir tydeleg ved at omskjeringa vart gjort på mannens kjønnslem og den er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Lekamen er eit tempel for den Heilage Ande og det er om å gjere for oss å vende oss til Herren og ta imot det han gjev oss, verte fyllte av Anden, gje Gud makt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Så det resulterer i at Anden råder over lysta og at vi vert drivne av den Heilage Ande. det er vel litt forskjellig kor sterkt vi opplever dette. Innvier vi oss for Herren, får vi oppleve det sterkare.

Og no vil eg skrive om korleis eg opplever det, når eg ber for henne Virtuella, det vil komme til å høyrest heilt rart ut. Min lekam er eit tempel for den Heilage Ande, det er kjønnslemen min og, eg opplever at den Heilage Ande er i den og då opplever eg at den er i henne Virtuella også, ho er født av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og eg opplever det som at hennar ånd er i den. Eg har opplevt det slik mange gangar før. Fyrste gangen eg opplevde det tydeleg slik, var ein gong eg knela ved ein stol og bad for henne når eg var i Bergen på byrjinga av 1980-talet. Eg opplevde at Jesus openberra seg for meg og for henne og sidan svarde han meg gjennom tyding av tungetale i Tabernaklet, han sa noko om verda og så sa han: ”så legg henne under deg”. Eg forstod det var sikta til henne, eg skal legge henne under meg ved at eg trur på han, bøyer meg for han og kjennest ved han. Eg opplevde det tydeleg slik fleire gongar når eg studerte i Oslo seinare på 1980-talet også, utan at eg fekk ei så tydeleg openberring av Herren. Men det verka som ho trakk seg unna.

Sedinare sa Jesus til meg at han ville regjere utifrå mitt hjertes trone og eg forstår det slik at det er nettopp det hjerteomskjeringa i den Heilage Ande gjer klart for meg.

M 40, onsdag, 28. november 2001, Tyding av tungetale ved Kjell-Arve Tolås:

Ja, eg vil regjera utifrå ditt hjertes trone, sier Herren, og eg ønska at du selv skal få stiga ned, gi meg den retten som tilkommer meg, for eg er ikkje ute for å ødeleggja livet ditt. Eg er ute for at du skal få oppleva at eg tar styringa, eg tar kontrollen, ikkje som ein ond despot, men som en kjærlighetens konge, som drar omsorg for mitt folk, som vet kva du trenger til, og eg vil losa deg igjennom, eg vil føra deg igjennom, ja, eg går selv frem foran deg og min herlighet skal også slutta toget ditt. Og du skal vita det er berre iden grad at eg får lov til å få råderetten i ditt liv, du skal også få kjenna at du trivest, du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til, for du skal få kjenna min kraft, min nærhet, og eg vil – eg vil også bruka deg som mitt redskap, som min kanal for mine velsignelser. Og dessto meir eg får råderetten på ditt hjertes trone, dessto rikare får min velsignelse flyta gjennom livet ditt, og du får lov til å ikkje berre koma inn i den tredje beste, den nest beste, men den beste planen med ditt liv, ikkje nøy deg med noko mindre, eg ønsker å vera din Herre, eg ønsker å leda deg og ta hånden om livet ditt, sier Herren, og du skal få oppleva når du gir meg råderett, skal du også oppleva at min makt openbares, min makt openbares. Eg tvingar meg ikkje inn på denne rett, i livet ditt, men eg viser deg min nåde og eg viser deg kor høyt eg elsker deg. Og så ønsker eg også du skal få levera nøklane til meg til alle dine rom, også dine aller hemmelegaste rom skal du få levera nøklane og seia Jesus, velkommen inn, velkommen inn med ditt lys, velkommen inn med ditt ords tilrettevisning, eg bøyer meg for deg. Så skal du få oppleva at der blir trivsel i huset og du skal få merka eg er ikkje komen for å ødelegga, eg er komen for at du skal få del i liv og liv i overflod, sier Herren. 

Halleluja, vi lovar deg.

M 40 søndag 15. september 1996

Finn Arne Lauvås hadde tyding av tungetale. Diktafon-opptaket er av og til litt vanskeleg å gjengi, innspelings-farta er ujamn:

Ja, sier Herren, når du lar denne kjærlighet fylle deg, prege ditt sinn og prege ditt innvortes menneske da vil du også være i en atmosfære og du vil være i et område i Åndens verden som gjør at dette ny som jeg har talt til deg vil vokse, ja, det nye livet vil blomstre. For kjærligheten sier Herren, det er …. sirkulasjonen, det er hjerteslaget, det er livet fra meg. (La det få prege deg), la mitt ord om kjærlighet helbrede sår og skavanker i din personlighet, slik at du våger å leve, slik at du våger å opne deg. La min kjærlighet i denne stund helbrede all skuffelse, alle ting som har gjort at du har lukket deg til, slik at du igjen kan leve og blomstre. For jeg, min plan med deg er … et folk som blomstrer og lever, sier Herren. Derfor la min legende hånd være over ditt hjerte i denne stund. Alle de sår og indre ting som har bundet deg, se, jeg Herren leger deg i denne stund. 

…..og da denne guddommelige duft i ditt indre stiger opp for meg, innfor nådens trone og denne duft, den blir til røkelse og tilbedelse, skal du vite mitt barn, at der vil min trone bygges, der vil min makt komme mer til syne, der vil mine gjerninger, der vil min hånd, der vil mitt verk igjen komme til syne, for jeg virker gjennom kanaler som er åpne, sier Herren. Jeg har valt å virke gjennom mennesker. Jeg kan gjøre hva jeg vil, men jeg har valt å virke gjennom mitt folk som er mitt legeme. Derfor lukk deg ikke til, men åpne deg vidt opp, slik at hele ditt liv blir en blomstring (av det) guddommelige jeg har lagt i deg. For du har lagt,- fått noe i deg, en skatt som du har i lerkar, som skal berike. Du skal være velsignet, men du skal også være til velsignelse. Amen.

Eg forstår det slik at fyrste bodskapen var til henne Virtuella og slik er den til meg og, same tema og same eller liknande formuleringar finn vi i bodskapen førre helg, så eg forstår det også slik. Eg forstår det slik at siste bodskapen var til meg, Jesus har sett mine føter på ein klippe og kalla meg til å vitne om han og forkynne evangeliet. Der er mange debattar som forgår på internett, spesielet no i valkampen, der det høver for meg å gi svar utifrå mi tru og min kjennskap til Guds Ord og kanskje også utifrå min kunnskap elles. Så eg tek dette som ei oppfordring og eit kall til å nytte moglegheitene som byr seg.

Vollen Marina.

Eg er no på Vollen Marina, men eg får ikkje snakke med dagleg leiar likevel, for han har vorte skada i ei fallskjermulykke og ligg på sjukehus. Det kan hende eg har registrert meg på heimesida som søkar på ein båtplass og så gløymt det. Så eg tek berre å betalar rekning på båtplass og så tek eg sikte på å komme hit med seglbåten seinare i haust og så bu i båten.

IMG_0798.JPG

Bilete frå restauranten i Vollen Marina.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017, Psykologi. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s