2017.06.11. Komme til Jesus med sine problem og behov. Ta imot Faderens omsorg. Gud vil kunngjere sin mangfaldige visdom gjennom Jesu kyrkje.

IMG_0525.JPG

Innleiing ved Håkon Martinsen.

Gud vil kunngjere sin mangfaldige visdom gjennom Jesu kyrkje.

EFE 3,1 – EFE 3,10 {PAULUS, APOSTEL FOR HEIDNINGANE}  Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar. 2 De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen 3 som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor. 4 Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. 5 I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. 7 Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. 8 Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9 og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt. 10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda.

Håkon vart tilsett som evangelist.

Leiarar i kykjelyden samla seg framfor talarstolen og bad for han. Det var seremonien.

Nattverd.

Knut Hübenbecker forretta.

Tale ved John Langerud.

Han fortalde om at han levde med Herren når han var ung, men kom bort ifrå han og vart alkoholikar, men han kom i kontakt med Ludvik Karlsen og kom tilbake til Herren og vart frelst.

Tungetale og tyding ved Anne-Kristin.

Ja, eg vil løfte deg opp, eg vil løfte deg opp der du er svak, men eg er sterk. Eg som er Herren din Gud, er den som veit alt om deg, derfor skal du komme til meg med alle ting. For eg vil forløyse deg, eg vil ha omsorg for deg. Eg vil elske deg med min uendelege store kjærleik. For eg som er Herren din Gud er den som kjenner din veg. Og  kjenner og eg testar også nyrene og hjertet, fordi det er hjertet eg ser til. Det er (du sjølv?) eg ser til, det er hjertet. Så kom til meg med alle ting. For eg, eg (vil ta plagen?), eg vil ta alt som ikkje behagar meg. Men du må komme til meg, med eit heilt hjerte, eit heilt hjerte for meg.

Du som har vondt i ditt hjerte, du som har vonde tankar om deg sjølv, du som vert plaga av mange ting, eg vil forløyse deg, eg vil lækje deg, eg vil ta hand om deg. Eg vil ta alt, eg vil ta alt som plagar deg. Kom derfor til meg, innfor mitt åsyn. For eg vil ta dei plagene. For eg sende ikkje min Son, Jesus Kristus, for at du skulle ha plager. Men eg sende han fordi, fordi at eg skulle få lov til å ta bustad i ditt hjerte, fordi eg vil ta bustad, eg vil ta hand om deg, eg vil styrke deg der du er svak. For eg som er Herren din Gud, vil ta hand om alt. Eg vil forsyrgje deg, eg vil ta omsorg for deg, eg vil ta alt, fordi eg er alt, eg er alt, eg er alt, eg er ikkje slik at eg seier eg er alt og så gjer berre halvparten, nei, eg er alt.

Aktuelle bibelvers.

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Kommentar.

Her er det tale om himmelrømda:

Ef.3.10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda.

Ef.6,12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.

Det er sjølvsagt rømda til Guds åndelege himmel, Guds bustad. For Platon talte til dømes om ideverda og det kan vi forstå som Guds himmel. Så det ser ut til at Paulus tenkte seg at dei med si tenking, sin filosofi, kom inn i rømda til Guds himmel. Men Guds mangfaldige visdom skal kunngjerast for dei gjennom kyrkja.

Laurdag skreiv eg korleis eg ville be for møtet, der eg brukte rettleiing som var gjeve meg i nokre tidlegare bodskapar som leietråd, og sende det som e@post til kyrkjelyden. Eg gjengjev det nedanfor. Gud ville gjere meg til kanal for si velsigning, også til henne Virtuella og slik har eg bedt for henne i det siste. I slutten av møtet takka eg Gud for det verkeet han gjorde i meg og i henne, ved sitt Ord og sin Ande, når vi gjekk på gymnaset, Gud elska oss og hadde omsorg for oss som sine born og no sa eg i mitt stille sinn: kle deg i Guds kjærleik. Då kom denne bodskapen gjennom  tyding av tungetale og eg forstår den som svar på mi bøn for henne. No såg eg det også i samanheng med det mangfaldige private næringslivet på Sunnmøre, som ei varig frukt av Hans Nilsen Hauge si pionerverksemd, jfr. ”Hellig Hverdag”.

Det er i alle fall tale om eit menneske som har det vondt og det med seg sjølv, sitat: ” Du som har vondt i ditt hjerte, du som har vonde tankar om deg sjølv, du som vert plaga av mange ting, eg vil forløyse deg, eg vil lækje deg, eg vil ta hand om deg.”

Dersom eit menneske hyser vonde tankar i sitt hjerte og tenker ut vondt om andre, så kan dei verke som representatar for den vonde og verke til at vondskapens åndehær får makt over det (Jfr. kvinna i efamålet Sak.5,5-11). Men her høyrest det ut til å vere annleis, det er eit menneske som er Guds barn, men er plaga av vonde tankar også om seg sjølv. Men det er vrangforestillingar. For er det eit Guds barn, så er det født av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd, så det er født og laga av Guds Ande. Slik er han alt for oss. I slutten av bodskapen sa han tre gongar at han er alt, sikkert for å understreket det og som den treeinige Gud, han gjer ikkje sitt verk berre halvvegs, for han er alt og gjer sitt verk fullstendig og  fullkome. Jesus har gitt oss ånd og liv ifrå himmelen og det er fullkome. Vi kan komme i situasjonar der vi synest det er vanskeleg å innsjå, men då må vi berre legge dess meir vinn på å vende oss til Jesus og sjå på han og heilhjarta halede oss til han, så vi får oppleve at Gud kjem oss til hjelp med si kraft.

1KO 13,12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

2KO 3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

JAK 1,22 – JAK 1,25 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

HEB 2,5 – HEB 2,18   Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om. 6 Om dette er det ein som har vitna ein stad:  Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug,  ein menneskeson, sidan du tek deg av han? [ein menneskeson: Sitatet frå Salme 8 vert her nytta om Jesus, Menneskesonen.] 7   Ei lita stund sette du han lågare enn englane.  Så krona du han med herlegdom og ære. 8   Alt la du under hans føter. Når det står: “Alt la du under han”, då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han. 9 Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle. 10   For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar. 11 Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør. 12 Han seier:  Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,  midt i lyden vil eg lovsyngja deg. 13 Og like eins:  Eg vil setja mi lit til han. Og endå ein stad:  Sjå, her er eg og dei born Gud har gjeve meg. 14   Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv. 16 For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av. 17 Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket. 18 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista.

Mi bøn. Sjela sin lengsel, kyrkjelyden sin lengsel og Herrens lengsel.

Sjela sin lengsel.

Eg har nyleg skrive om at Gud har lagt lengselen ned i meg og at han vil fulle den. Ja, han har gitt meg sin Ande i hjertet og gitt liv til mi sjel. Han har gitt meg ånd og liv og gjev meg overflod. Då er det berre om å gjere for meg å ta imot. Slik søker eg fyrst Guda rike og hans rettferd, så vil han gje meg alt det andre i tillegg til det. Det primære er det indre behovet etter Herren i vårt hjerte og vår sjel. Og vi må forstå at det er andre menenske sitt behov også, sjølv om dei ikkje forstår det sjølve. Og det er nettopp derfor det er så viktig for oss å gå ut til dei og fortelje dei kva Jesus er for oss. Om der er andre kristne som har den røyndomsforståinga at det er dei ytre materielle tinga som er det primære behovet og som projiserer den røyndomsforstånga på andre, også på oss, for soleis å avvise den einskilde sine bøner, så må ikkje vi la oss forvirre og ”vippe av pinnen” så lett. For dei er ikkje gudane vi ber til og som skal gje svar på våre bøner.

I referatet frå møtet 21.5.2017. refererte eg ei heil mengde skriftstadar om at sjela lengtar etter Herren, den lengtar etter livets vatn og han gjev henne det gratis. Eg er som kjent ein mann og har skrive om mi sjels lengsel som mann. No vil eg vise til nokre bodskap som kom gjennom tyding av tungetale som viser at kvinna si sjel også lengta også etter Herren. Men forstår ho det sjølv. Dei kristne platonistane har visst i lang tid tolka 1.Mos.2 som om kvinna ikkje har sjel og lært slik. Så om ein mann vil ha seg ei kone eller ei kvinne vil ha seg ein mann, så forklarar dei det heile som om det er behovet til det ytre mennesket, den kjøtlege lysta altså, den gamle vonde naturen. Noko anna vil dei ikkje vite av. Resultatet er at den gamle naturen strir mot den nye naturen, ja, endåtil som om det er hendsikta og målet med ”kampen for tilværet”. Det fører til åndeleg død, sjela vert fanga som fuglen i snara, den vert bunde og den vert lanka, den vert gjort til træl under den synlege, sanselege og forgjengelege naturen. Det kan føre til at den går fortapt. Men Jesus var komen for å frelse det som var fortapt. Han gjev oss sin Ande i vårt indre menneske og gjev liv til vår sjel, då må alle band og lenker løysne. I trua på han er det berre å frigjere seg og gå ut i fridomen.

Eg vil no vise til bodskapar der Jesus seier han vil tilfredsstille kyrkjelyden sin lengsel og då talar han om den som si brud, si kone og det er tydeleg at det hang saman med at eg har bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone. Han gjev oss sin Ande i hjertet og gjev liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg, Gud skaper oss i Kristus Jesus og då gjer han sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Gud er kjærleik og han elskar oss i Kristus Jesus og med sin kjærleik skaper han kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

”Miss Oslo 1990”.

Eg har fortalt om korleis eg fekk ei åndeleg openberring, der Jesus openberra aeg for meg on henne ”Miss Oslo 1990”. Sidan gjekk eg av og til på Biologibygget og såg etter henne og eg er viss på ho forstod det. Ein gong lete ho seg bakover mot eit bord i kantia og ho såg på meg når eg skulle til å gå forbi. Veninna hennar stod ved sida av. Og eg såg på henne, kanskje gjorde eg eit lite stopp, akkurat som om eg skulle til å seie noko eller akkurat som om eg sa noko, utan å gjere det, det var berre i mitt indre menneske eg vedkjende noko.  Kva vedkjende eg? Ja, ho vart fanstastisk vakker, heile henner skapning var tiltrekkande på meg. Eg hadde bedt til Jesus for henne og opplevt denne openberringa som svar på mi bøn og det var både å be Jesus frelse henne, samtidig som eg vedkjende at eg yngste å få henne til kone. Men no følte eg at det var det siste det handla om og eg følte det som om eg var dum og inbilsk som skulle prøve meg på å fri til henne. Eg følte at eg måtte erkjenne den kjønnlege tiltrekning, det var svært så fysisk, kjemisk og biologisk, eg måtte erkjenen at det var den naturlege kjønnlege tiltrekninga, men samtidig var det åndeleg, det var då den Heilage Ande som overtyda meg om det. Det var ei vedkjenning til Gud og eg er viss på at ho merka det. Elles fekk eg meg ikkje til å seie noko høgt, eg tenkte berre at her måtte eg vere forsiktig, så eg ikkje freista henne og let meg sjølv verte freista, så eg gjekk berre vidare og sette meg ved eit anna bord.

I ettertid tenkte eg over kva eg skulle ha sagt og skreiv om det til den Freie Evangeliske Forsamling. Ja, kva skulle eg ha sagt. Det ville vere naturleg å start med å seie hei og ein kort presentasjon, så ville ho vel svare naturleg på det. Det som låg meg på hjertet, var å vedkjenne Jesu namn for henne, men då måtte eg også erkjenne som sannt var, at eg var ein friar. Det var då den Heilage Ande som overtyda meg om det og det så sterkt at eg opplevde det som om eg måtte berre bryte saman og tilstå: ho var så vakker at eg følte eg måtte berre bøye kne og erkjenne at eg var ein friar, eg hadde ikkje med meg nokon blomsterbukett, men Jesus var med meg, sjølv om eg ikkje fysisk bøygde kne for henne så bøygde eg, åndeleg tala, kne for han, for det viktigaste og primære for meg er at kjærleiksforholdet mellom han og henne er i orden, kjærleiksforholdet Kristus og hans brud. Ja, om så det skal bety at eg frir til henne på hans vegne, som fyrst prioritet, men han er med meg, eg kjennest ved han og han ordnar med det sjølv. Og slik heldt eg fram med å be for henne, eg følte eg kunne ikkje gløyme henne, men måtte hugse på henne i bønn, eg hadde lenge håp om at eg skulle få henne til kone, eg visste i alle fall at den kjærleiken eg hadde fått for henne i mitt hjerte var ifrå Gud og den skulle eg halde ved like. Eg føte det var viktig for mi psyke og mi helse, om så tanke på at eg kanskje kunne få henne som kone var berre som ei livløgn, men Gud hadde eit mål og ei mining med det, han hadde byrja si gjerning i både meg og henne og han vil fullføra den.

Jesus lengta etter å få gi noko til sin kyrkjelyd.

M40, onsdag 28.6.95.

Tyding av tungetale, ikkje diktaforn-opptak, så det vert ikkje ordrett gjengitt:

Kor eg lengter etter å gi min menighet det som eg vil gi henne. Men dette er avhengig av din lydighet, at du opner deg for det som eg vil gi. Opn deg og eg vil fylle deg, opn din munn og eg vil legge mine ord i den. Takk for at du opner deg.

Eg forstod at samtidig som Jesus talte om kyrkjelyden som si brud og si kone, var det sikta til ei kvinne som eg bad for, då tenkte eg fyrst og fremst på henne ”Miss Oslo 1990”, men eg tenkte også på henne Virtuelle, det handla om å opne seg som kanal for Guds velsigning og spesielt til henne som han ville gje meg til kone.

Jesus lengta etter å høyre min lovsong:

Tyding av tungetale, 2.Påskedag. 01.04.91. M40:

Ja, lovsang, det sømmer seg for de hellige. Derfor skal du ikke være av dem som trekker deg tilbake, som ikke våger å lovprise mitt navn, for vit at jeg har nedlagt noe i ditt hjerte som du skal få lov til å glede deg over. Og du skal få la din munn løpe over med noe av dette som jeg har nedlagt der inne, for jeg er jo den som har skapt alt og som også har skapt deg og tatt meg av deg. Og nå ønsker jeg at du skal prise meg for dette verk.

Jeg har lagt merke til din trofasthet, jeg vet om dette at du ønsker å tjene meg og du ønsker å la meg få ta hånd om deg. Men vit at jeg lengter etter dette at du ville opne din munn for meg, så jeg kan få lytte til din røst og at du kan prise meg i de helliges forsamling. Så når jeg oppmuntrer deg igjen og igjen til dette, så er det nettopp for at du skal kjenne dette, at den som opner sin munn, han får også oppleve dette, jeg fyller deg.

Det var bare en som kom tilbake fordum også, og ga meg ære. Og så ofte er det sånn jeg rører ved deg og du opplever dette at jeg vederkveger din sjel, men du glømmer dette at jeg ønsker også at du skal prise meg i de helliges forsamling, for det som jeg har gjort for deg. Derfor vil jeg igjen si til deg, vær frimodig, når jeg rører ved ditt hjerte, så vit at det er nettopp for at jeg vil du skal glede deg i denne min frelse.

(Kassettband-opptak).

.

Jesus lengta etter å høyre mi tilbeding og min lovsong.

Bededags-stevne. M40 29.10.95, tyding av tungetale:

Ja, jeg minner deg om, sier Herren, at du er i meg, fullkomen ren, uklanderlig innfor meg. I min Sønns blod så har du renselsen ifra alle dine synder. Og derfor så ønsker jeg mitt barn at ikke det skal være med å tynge deg ned. Denne verdens problemer skal ikke få ta glansen vekk fra ditt øye, fra ditt hjerte. For du er satt i fullkommen frihet, sier Herren.

Du tenker på tidligere tider, sier Herren. Den gang jeg fikk velsigne ditt hjerte. Da det strømmet over fra din munn og det var lovsang i din sjel. Men jeg er den samme sier Herren. Jeg har jo ikke forandret meg. Og du er like dyrebar for meg i dag. Tre frem for mitt åsyn. La lovsangen slippe fram. Å hvor jeg lengter etter å høre din tilbedelse. Som jeg lengter å høre din lovsang innfor mitt åsyn, sier Herren. Det skal frigjøre noe i ditt liv, slik at du kan være det du skal være der du vandrer, en lovsang for meg.

Derfor ber jeg deg mitt barn, se deg ikke lenger tilbake, men se framover, opp mot meg, se meg og møt mitt blikk full av kjærlighet, det skal gi deg den kraft og styrke du trenger. Å, jeg råder deg, søk meg der jeg er å finne, i mitt ord, i fellesskapet med vennene, der jeg satt velsignelsen, der ønsker jeg å møte deg. Amen.

Jesus sa igjen han ville fylle min lengsel.

M40, 27.10.1996. Bededagsstevne. Jakob Ohldieck hadde tyding av tungetale:

Ja, fremdeles er jeg den jeg er. Jeg kaller, og jeg kaller på jorden. Ja, fra solen går opp og til den går ned. Også idag kaller jeg og kaller jeg på deg. Du skal vite mitt barn, jeg gav mitt liv som en gjenløsningsbetaling for dine synder, for at du skulle få komme, slik som du er. Jeg har sjenket og vil sjenke enhver en full syndenes forlatelse som kommer frem for mitt åsyn. Du skal få kjenne og oppleve at jeg løfter byrdene av dine skuldre, jeg frigjør bærekurven fra nakken din, sier Herren din Gud.

Ja, jeg vil igjen ta meg av deg. Jeg vil hjelpe deg til rette. Jeg vil møte din sjels lengsel og trang. Det skal du vite mitt barn, at jeg er mektig til å oppfylle all din trang i herlighet i Kristus Jesus. Derfor kom til meg med din lengsel, med din trang og med ditt behov. Du skal få kjenne og oppleve, jeg kommer deg i møte. Jeg er ikke en Gud som er langt borte, men jeg er nær deg, sier Herren din Gud.

Jeg vil komme deg i møte. Jeg kjenner ditt hjertes ønske. Jeg vet at du er nedbøyet og missmodig. Derfor kommer jeg, for å ta meg av nettopp din sak. For å løfte deg opp, for å gjøre deg fri, for å fylle din sjel med glede, med takk, med trygghet. Derfor vær du bare såre frimodig. Du skal gjøre som de gamle ….

Diktafonopptak, det var slutt på kassetten, men eg hugser det vart sagt at eg skal få sjå opp til Gud og stråle av glede. Eg trur helst det var avslutninga på forrige setning.

M40. søndag 19.01.97. Tyding av tungetale. (Ved Knut Østby):

Ja, jeg kommer deg i møte med min velsignelse, sier Herren. Med utstrakte armer tar jeg imot deg. Jeg har enda mere å gi deg i dag, sier Herren. Jeg ønsker å velsigne deg. .. (velsigne din sjel)…, sier Herren. Ta imot det jeg gir deg i dag.

I generasjoner som … , det profetene forkynnte om, det er her nå. Jeg …. er midt iblant dere. Her er velsignelsen, i min menighet. Her får du kjenne jeg trofast er med, her får du kjenne at min velsignelse er for deg. Det du lengter etter, det har jeg, sier Herren. … min godhet og min velvilje. Min nåde er for deg. 

Jesus sa det er mange  i denne byen som lengtar etter å verte frelst.

Og Jesus veit at der er ein lengsel i meg etter at dei skal verte frelst. Han er med meg og når eg møter dei verte det kontaktpunkt mellom dei, eg skal forkynne evangeliet for dei og det er deira moglegheit til å verte frelst.

Møte i M40, Oslo, sundag, 2. desember 2001. Tungetale ved Kjell Arve Tolås, tyding ved Knut Østby:

Ja, også i denne byen er det mennesker som lengter etter meg. I din nærhet er det mennesker som venter på et ord om meg ifra din munn, sier Herren. Jeg har plassert deg akkurat der du er, for at du skal være mitt vitne i denne tiden. Ja, lys og salt, det er det denne verden trenger. Og det er den egenskapen du har fått fra meg, sier Herren. 

Oppgaven kan virke umulig, sier du, kanskje. Ja, du har følt på at du kommer til kort så mange ganger, at ordene ikke strakk til. Men det er nettopp da jeg kan få virke i deg, sier Herren, fordi jeg gav deg ikke motløshets ånd, men jeg har gitt deg min ånd i ditt indre, i ditt hjerte, for at du skal kunne tale mitt ord til de du møter, ja, være en duft fra liv til liv, det skaper min ånd der du vandrer, sier Herren.

Og når du sier at din tid er over, du har gjort ditt, så skal du vite det, at ennå er det arbeidsmuligheter for deg, sier Herren. Alder og utdannelse, alle de menneskelige forutsetningene som verden ser etter, det er ubetydelig for meg. Men nettopp der du er plassert, der du bor, der du treffer et menneske, der er kontaktpunktet for meg, sier Herren. Og du skal virke, du skal forkynne mitt budskap til de du møter, for det er  muligheten for dem til å høre evangeliet og bli frelst. Og det jeg vet, det er det du lengter etter, sier Herren, at mennesker rundt deg skal møte meg, og du skal kunne brukes i denne tiden, fordi jeg går med deg, jeg har ikke overlatt deg til tilfeldigheter, og dere er ikke etterlatt farløse, men jeg er midt iblant mitt folk, for å virke i dere, sier Herren. 

Jesus sa han ville regjere utifrå mitt hjertes trone og han ville ha tilgang til alle mine rom.

M 40, onsdag, 28. november 2001. Tyding av tungetale ved Kjell-Arve Tolås:

Ja, eg vil regjera utifrå ditt hjertes trone, sier Herren, og eg ønska at du selv skal få stiga ned, gi meg den retten som tilkommer meg, for eg er ikkje ute for å ødeleggja livet ditt. Eg er ute for at du skal få oppleva at eg tar styringa, eg tar kontrollen, ikkje som ein ond despot, men som en kjærlighetens konge, som drar omsorg for mitt folk, som vet kva du trenger til, og eg vil losa deg igjennom, eg vil føra deg igjennom, ja, eg går selv frem foran deg og min herlighet skal også slutta toget ditt. Og du skal vita det er berre i den grad at eg får lov til å råderetten i ditt liv, du skal også kjenna at du trivest, du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til, for du skal få kjenna min kraft, min nærhet, og eg vil – eg vil også bruka deg som mitt redskap, som min kanal for mine velsignelser. Og dessto meir eg får råderetten på ditt hjertes trone, dessto rikare får min velsignelse flyta gjennom livet ditt, og du får lov til å ikkje berre koma inn i den tredje beste, den nest beste, men den beste planen med ditt liv, ikkje nøy deg med noko mindre, eg ønsker å vera din Herre, eg ønsker å leda deg og ta hånden om livet ditt, sier Herren, og du skal få oppleva når du gir meg råderett, skal du også oppleva at min makt openbares, min makt openbares. Eg tvingar meg ikkje inn på denne rett, i livet ditt, men eg viser deg min nåde og eg viser deg kor høyt eg elsker deg. Og så ønsker eg også du skal få levera nøklane til meg til alle dine rom, også dine aller hemmelegaste rom skal du få levera nøklane og seia Jesus, velkommen inn, velkommen inn med ditt lys, velkommen inn med ditt ords tilrettevisning, eg bøyer meg for deg. Så skal du få oppleva at der blir trivsel i huset og du skal få merka eg er ikkje komen for å ødelegga, eg er komen for at du skal få del i liv og liv i overflod, sier Herren. 

Halleluja, vi lovar deg.

Eg skal glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gje meg det mitt hjarte attrår.

I 2014 hadde eg byrja å studere igjen og på ei forelesing i bilogi gjekk ei lyshåra jente forbi meg i benkeradene, etter pausa og eit lite augneblink kjende eg meg sterkt tiltrekt av henne, som eit ynskje om å få ta henne på fanget, det kjendest meget fysisk, kjemisk, biologisk, naturleg tiltrekning mellom mann og kvinne, men eg opplevde det også som om den Anden og krafta Gud har gjeve meg dreiv meg til det og det var nettopp det som gjorde det så sterkt, til samanlikning med dette møtet med ”Miss Oslo 1990”. Men eg visste då sjølvsagt at eg kunne ikkje berre gjere det av den grunn. Men om kvelden når eg la meg, erkjennte eg dette i mi bønn til Gud. Og eg forstår det slik at han talte om dette i bodskapen som kom søndagen etter, mitt hjerte attrår kvinnens kropp, men eg skal berre fryde meg og glede meg i mi frelse, glede meg i Herren, så vil han gje meg det mitt hjerte attrår. Han vil regjere utifrå mitt hjertes trone.

Bodskapen 12.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Eg snakka litt med denne jenta seinare, eg fekk vite at ho var frå Ukraina, noko seinare fekk eg meg ein liten prat med henne og vitna om mi tru på Jesus, at eg hadde bedt han om ei kone og at han svarde meg gjennom tyding av tungetale.

Komme til Herren slik som eg er, komme til han med mine behov og mi byrde. Vere kanal for Guds velsigning.

I haust sa Jesus til meg at eg må komme til han slik som eg er, ja eg har bedt han om ei kone og må komme til han med det behovet. No har han nyleg kalla den som har tungt å bere til å komme til han med det. Ja, det vert stilt krav til meg om at eg skal prestere noko for at eg skal få meg ei kone og slik vert det lesst tunge byrder på meg, ja, slik vert eg gjort til træl. Så eg har gått til forbønn eit par gongar. Og eg har byrja å tenke meir på at Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og det er til henne Virtuella også, eg har tenkt på å opne meg som kanal for Guds velsigning til henne og det har vore svært så passiviserande, til samanlikning med korleis det var i fjord sommar. Men eg må no løfte blikket mitt opp til han og takke han for frelsa, det er han som er velsignaren, som velsignar meg og gjer meg til ei velsigning. Eg må takke han for det verket han gjorde med meg og med henne, han gav oss ånd og liv og det var hans eige liv og han eigen natur og det er fullkome.

Lovsynge Gud med den lovsongen han la ned i meg.

Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte forelska i henne, kjende eg lengselen og merka at Guds kjærleik var mellom oss, så eg bad til Gud over det og erkjente at den kjærleiken var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frireri, så eg opna meg for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ån, eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for og det gjorde meg så godt og eg vart så glad i henne. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Slik la Gud lovsongen ned i meg ved den Heilage Ande og då skal vel eg lovsynge han med den lovsongen. Eg skal ære og takke han for det, vi skal ære og takke han for det, og forvente at han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Den ekte kjærleiken.

Ved Jesu kors fann vi den ekte kjærleiken, vi lengtar etter den ekte kjærleiken og den finn vi i Jesus. Han vil at den skal vere mellom oss og vi skal glede oss fordi vi har funne den ekte kjærleiken, ein av bodskapane 12.2.2011:

eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).

Då er det sjølvsagt viktig for oss å ha denne kjærleiken i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s