2017.05.15. Jesu frelseverk inkluderer alt vi treng.

Møte i Maranata. 

IMG_0489.JPG

IMG_0494.JPG

 

Innleiing ved John Miland.

MTT 14,34 – MTT 14,36 {DEI SJUKE VERT BORNE TIL JESUS}  Då dei kom over, la dei til lands i Gennesaret. 35 Folket der på staden kjende han att og sende bod kringom i heile grannelaget, og dei kom til han med alle som var sjuke. 36 Dei bad om at dei berre måtte få ta i kanten på kappa hans, og alle som gjorde det, vart friske.

Sist han var der, bad dei han fare derifrå, sikker fordi dei hadde mista svina sine.

MTT 8,28 – MTT 8,34 {TO FORGJORDE MENN FRÅ GRAVHOLENE}  Då Jesus kom over på hi sida, til Gadarenar-landet, møtte han to forgjorde menn som kom ut or gravholene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen. [Gadarenar-landet: Namnet kjem av Gadara, ein by som låg søraust for Gennesaret-sjøen. Folket der var ikkje jødar.] 29 Dei sette i og ropa: “Kva har du med oss å gjera, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?” 30 Eit godt stykke der ifrå gjekk det ein stor svineflokk på beite. 31 Og dei vonde åndene bad han: “Driv du oss ut, så send oss inn i svineflokken.” 32 “Far av stad!” sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i svina. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei. 33   Gjætarane rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt, og sa korleis det hadde gått med dei forgjorde. 34 Heile byen kom ut og ville møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.

Men i mellomtida hadde sikkert den mannen som hadde vorte frelst og fri vitna om kva Jeus hadde gjort for han, så dei var komne til tru på han og no kom dei til han med dei sjukd og dei vart lækte.

Tungetale ved John, tyding ved ei kvinne.

Bodskap 1A: Eg vil utgyte av min Ande (til salving?), eg som er herrane sin Herre, eg som er kongane sin konge. Eg vil utgyte av min Ande til alle menneske som vil tru på meg av heile sitt hjerte. Eg som er Herren din Gud. ( Be om kva du vil?). Du som har teke imot meg. Berre sjå at eg (vankar?) i ditt hjerte. Fordi eg er den som ordnar i alle sine hjerte. (Same om?) du kjernner det her no, så gjer eg det heile tida.

Bodskap 1B: Og eg skapte ikkje deg på grunn av vondskap. Eg skapte deg på grunn av min store kjærleik, ein kjærleik som du kanskje ikkje har forstått. Eg som er Herren din Gud, det er eg som gjev kjærleik til kvar den som trur på meg. Og når du får frelsesverket i ditt hjerte, så skal du få sjå og erfare at eg som er Herren din Gud, det er eg som gjev kjærleik, det er kjærleik som overgår all din forstand. Du forstår det ikkje, (eg ventar ikkje at du skal forså det heller?) fordi den kjærleiken er innplanta i deg, du skal berre få kjenne og erfare at eg som er (sanningens) Gud, og det er ingen andre gudar enn meg.

Tale ved Håkon Martinsen.

2KG 3,9 – 2KG 3,20   Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg. 10 Då sa Israels-kongen: “Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.” 11 Men Josjafat sa: “Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?” Ein av mennene åt Israels-kongen svara: “Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.” 12 Josjafat sa: “Ja, han har ord frå Herren.” Så gjekk dei ned til profeten alle tre, Israels-kongen, Josjafat og Edom-kongen. 13   Elisja sa til Israels-kongen: “Kva vil du meg? Gå til profetane åt far din og mor di!” Men Israels-kongen svara: “Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane hit for å gje dei i hendene på moabittane.” 14 Då sa Elisja: “Så sant Herren, Allhærs Gud, lever, han som eg tener: Var det ikkje av vørdnad for Josjafat, Juda-kongen, ville eg ikkje sjå på deg eingong. 15 Men henta no ein harpespelar til meg!” Då så harpespelaren tok til å spela, kom Herrens hand over Elisja. 16 Og han sa: “Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen! 17 For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar. 18 Men dette er det minste Herren kan gjera. Han vil òg gje moabittane i dykkar hand. 19 De skal ta kvar festningsby og kvar storby, fella kvart frukttre og dytta att kvar vasskjelde. Og kvar grøderik åker skal de øydeleggja med stein.” 20 Morgonen etter, på den tid grødeofferet vert frambore, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn. [grødeofferet: -> 1 Kong 18, 29.]

Håkon sa også noko om livets elv som rann ut under dørstokken på austsida av tempelet (Esekiel.47). No er der ikkje lenger noko tempel, men lekamen er eit tempel for den Heilage Ande, og frå våre liv skal det renne straumar av levande vatn.

JOH 7,38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.”

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon:

Bodskap 2A: For himmelens sluser har eg opna, eg har ikkje halde nokon ting tilbake, men eg har gitt dykk alle ting, alt kva de treng, alt kva de behøver, det har du i meg. Derfor er det også i kveld opna opp ei kjelde, ei levande kjelde og det er mitt liv, seier Herren. Kom og rør meg i kveld og du skal få kjenne at der utgår framleis ei kraft i frå meg, som løyser og set alle plaga i fridom. Som  … å eg frelser endå i dag. Derfor kom til meg du som tørstar, kom til meg du som strevar, du som har tungt å bere. Legg det alt ved mine føter og eg Herren vil gje deg trøyst. Eg vil gje deg kvile. Eg vil gje deg kraft og styrke til å gå saman med meg. Halleluja.

Bodskap 2B: For eg har sagt deg, du kan grave grøft på grøft, du har høyrt mitt ord, du skal ikkje sjå noko teikn, du skal ikkje sjå noko bevis, men likevel, seier Herren, eg skal gje deg vatn, eg skal gje deg styrke, eg vil gje deg kva du treng, kva du vil ha, det skal du få, så kom berre til meg, for eg elskar deg og eg gav mitt liv for deg, for at du skulle få liv og overflod av liv. Det skal ikkje mangle deg nokon ting. Men søk først meg og mitt rike, så skal du få alt det du treng og du skal kjenne, eg er trufast, eg som byrja, eg skal fullføra. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

SKR 5,5 – SKR 5,11 {KVINNA I EFA-MÅLET}  Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: “Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.” 6 Eg spurde: “Kva er det?” Han svara: “Det som der kjem fram, er eit efa-mål.” Så sa han: “Dette er det ein kan sjå i heile landet.” 7 Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet. 8 “Dette er vondskapen,” sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga. 9 Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord. 10 Då spurde eg engelen som tala med meg: “Kvar skal dei av med efa-målet?” 11 Han svara: “Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.” [Sinear-landet: Babylonia. Sml. 1 Mos 11, 2.] [eit hus åt henne: eit tempel. Kanskje er det den babylonske gudinna Isjtar, “himmeldronninga” (Jer 7, 18), som representerer vondskapen.]

RMR 8,9 – RMR 8,17 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

EFE 1,13 – EFE 1,14   I han kom de òg til tru  då de høyrde sanningsordet,  evangeliet om frelsa dykkar.  I han er de merkte med eit segl,  Den Heilage Ande som var lova, 14   han som er pantet på arven vår  til dess utløysinga kjem for Guds folk,  til lov og ære for hans herlegdom.

HEB 11,1 – HEB 11,3 {VITNEMÅL OM TRU}  Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

JAK 1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

RMR 12,1 – RMR 12,13 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. 9   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. 13 Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde.

KOL 2,6 – KOL 2,15 {KRISTI FULLNAD OG DÅPEN}  De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

KOL 3,1 – KOL 3,10 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET}  Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han. 5   Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. 6 Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. 8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. 9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10 og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

EFE 2,1 – EFE 2,10 {FRÅ DØD TIL LIV}  De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. [hovdingen i himmelrømda: djevelen. Sjå 6, 12.] 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre. 4   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

Aktuell sak: Det har gått tilbake med dei gamle gudane, men Jesu kyrkje er liv laga.

Jesu kyrkje voks, til tross for at den vart forfølgd.

I den fyrste kristne tida voks kyrkja og kristendomen breidde om seg, sjølv om dei kristne var forfølgde. Folk kom til at den gamle religionen ikkje gav dei noko lenger, kristendomen og kyrkja gav folk noko som den gamle religionen ikkje hadde. På evangeliets grunnvoll får vi samfunn med Gud og kyrkja vert bygd på den grunnvollen, vi for samfunn med Faderen og Sonen og samfunn med kvarandre i den Heilage Ande og dette samfunnet er verifullt for oss. Folk fekk noko i den fyrste kristne kyrkja, derfor gjekk kristendomen fram. Sjølv om dei vart forfølgde å grunn av kravet om keisardyrking. Til slutt legaliserte keisaren kristendomen og då var det ikkje lenge før keisaren fann at han ville basere makta si på den, så han gjorde den til statsreligion. Sidan har kristendomen vore grunnleggande for utvikling av demokrati og nasjonal frigjering.

 Er kyrkja Jesu kyrkje?

I vår tid ser det ut til å gå motsett veg, ved at der er sterke politiske interesser som prøver å bryte denne koplinga mellom stat og kyrkje og det ser ut til at det går attende med kristendom og kyrkje, det er tydelegvis motivert av maktinteressa som låg i keisardyrkinga, så demokratiet og vår nasjonale fridom og sjølvstende og forfell innanfrå. Og dei kristne og alle dei som har verdsett kyrkja, vert meir og meir frustrerte. (Det minner misstenkeleg om Op.18).

Men de må lære dykk å sjå skilnad på årsak og verknad. Det var ikkje politikken som var årsaka. Men Jesu frelsesverk var fullført og fullkome. Han lever, hans Ord er ånd og liv og han gjev oss ånd og liv, det er årsaka. Er vi i han, som greiner på vintreet, så får vi sevje frå rota, det er årsaka, så ber vi god frukt, det er verknaden.

Det som skjer i samfunnet, i landet vårt og i verda i vår tid, det er oppfylling av profetiane og då skal vi løfte blikket og hugen opp til Jesus og vente på hans gjenkomst. Med den innstillinga tek vi imot den Anden og det livet han gjev oss frå det høge. Då er vi ikkje hjelpelause, han let oss ikkje vere att som foreldrelause barn, men han kjem til oss. Vi skal berre ta imot det han gjev oss av berre nåde og verte fyllte av den Heilage Ande. Vi skal kle oss i Guds full rustning. Då får vi eit heilt anna perspektiv på det. Dette er ikkje nedgangstida og depresjonstida for Jesus kyrkje, men det er oppgangstida og stordomstida for Jesu kyrkje. Det er berre om å gjere for dei kristne og for folk flest, kven som helst, å oppdage det, ta imot og verte med på det.

Platonisme eller kristendom?

I middelalderen kom gresk filosofi inn i kyrkja, fyrst og fremst platonismen og den fekk stor betydning. Platon meinte sjela opphavleg var i ideverda, der den hadde innsikt i dei fullkomne ideane, med det godes ide. Ved fødselen stupte den ned i materien og mista då mykje av denne innsikt. Ved ein lang læreprosess gjennom livet kunne den gjenvinne ein del av denne innsikta. Sjela vart tvinga til å opphalde seg i ein jordisk kropp, men ved døden vernder den tilbake til ide-verda, ”formane si verden”, derfor vil sanne filosofar glede seg til døden, her har Sokrates med sitt vitnemål har stor betyding.

filosofi.no/platon

Det er lett å sjå at mykje av dette finn vi igjen i kristendomen også. Men den lærde overklassa kalla Sokrates ein oppviglar og førde klagemål mot han og fekk med seg folket og dei kravde å få han hendretta.  Det var eit justismord og Platon tok pari med Sokrates og forsvarde han i ettertid i sine skrifter, så han førde klagemål mot dei som stod bak udåden. Så han ytra seg i filosofiske ordelag med klagemål mot mennesket med påstand om den vonde fysiske naturen. Slik argumenterte han for at ei lærde overklasse skulle styre med diktatorisk makt. Men slik vart det i praktisk politikk brukt som arguemnet for klasseskiljet og dermed faktisk brukt mot andre som ville prøve å ytre seg slik som Sokarets.

Bibelen forklarar det vondes problem med syndefallet, Djevelen lokka og forførde kvinna og ho fekk med seg mannen sin i syndefallet. Då førde Djevelen klagemål mot menneska. Slik klarde Djevelen å gjere seg til denne verda sin gud. Men Jesus sigra over han med sin død på korset. Synda skilde menneska frå den sanne Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, han bana vegen for oss inn i det høgheilage. Så når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, gjeld ikkje dette fundamentalistiske klagemålet mot oss lengre.

Men i middelalderen kom platonsk filosofi inn i kyrkja, med den platonske argumentasjonen for det tradisjonelle klasseskiljet, eigentleg med tradisjon endå lengre bak i tid, til den gamle religionen, med klagemål mot mennesket om at det er med sin fysiske natur vondt, klagemål om at det er syndig og synda skil det frå Gud. Derfor trengst det ein mellommann mellom menneske og Kristus og slik vert det atter argumentert for eit klasseskilje til samanliknig med Hellas på Sokrates si tid og med liknande argumentasjon og prosedyre som vart brukt mot Sokrate.

Så Guds rike vert utsett til etter døden og til ein gong i framtida, førebels er det keisaren som har makta, så mykje tyder på at keisarens rike er kome inn i kyrkja med ei fornya keisardyrking. Så her er det ikkje lengre så lett å skilje, kva er Guds rike og kva er Dyrets rike? Men det blir tydeleg ved at vi tek imot Guds Ord og trur på det og vedkjenner vår tru på Faderen og Sonen, dei som då ikkje trur, men fornektar trua, vil då avsløre seg ved at dei seier imot. Antikrist fornektar Faderen og Sonen, ettersom Antikrist er komen, er mange antikristar komne.

Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Det er om å gjere for oss å få dette til å fungere. Vi har fått barnekår hos Gud og det er om å gjere for oss å legge alle våre behov fram for han i påkalling, bøn med takkseiing. Og Guds fred som overgår all forstand, skal vare våre hjarto og våre tankar i himmelen i Kristus Jesus. Men det er då så tydeleg at her er sterke interesser som strir mot at vi skal få alt det andre i tillegg, som strir mot barnekåret, som strir mot at vi skal få be til Gud som vår Far og få det som han i sin kjærleik til oss og i si omsorg for oss vil gje oss. Og eg forstår det slik at dei tenker platonsk, at det er først etter døden at menneskesjela får innsikt i dette, slik at menneske forstår seg på det og tek imot det, elles får det vente til ein gong i framtida, når Guds rike kjem. Men då har dei visst enno ikkje forstått betydinga av, at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og ved dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også ved tru på han som vekte Kristus opp frå dei døde oppreiste med han.

Den fyrste Adam var av jorda og vart til ei levande sjel. Men den siste Adam er ifrå himmelen og har for oss vorte ei livgjevande ånd. Han frelser vår sjel for æva og gjev oss evig liv. Han gjev oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med Gud. Gud skaper oss i Kristus Jesus, han er den same no som då han skapte og skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2.

Mi sak og Jesu kyrkja si sak.

Eg har fortalt at eg har bedt Gud frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. For meg har det vore ei prioritetsordning, først at Gud frelser menneske, så at eg får ei frelst kvinne til kone. Og det samsvarar med at vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Men kvifor har det då teke så lang tid? Vel, eg har nok vore meir eller mindre klar over motsetnaden heile tida, men kva så? Her var det berre om å gjere å ta til seg av Guds Ord, vekse i nåde og kjennskap, tru og erkjenning. Og då har det berre vorte dess tydelegare kor fundamental denne motsetnaden er, det er mørkets rike, Dyrets rike (Op.13) som står Guds rike imot. Så endåtil dei som kallar seg kristne hevdar og meiner at å søke fyrst Guds rike og hans rettferd og vente seg at ein skal få alt det andre i tillegg, det får vente til etter døden eller til eit framtidig samfunn, sameleis med barenkåret, at eit vanleg menneske skal kunne be til Gud og vente seg at det skal få noko. Dermed har kyrkja tapt noko vesentleg som var sjølve drivkrafta i framveksten av kyrkja, så den er ikkje lenger heilt kva den var, det er som om ordet ”kyrkje” vert brukt om to ulike fenomen og eg skil det med å kalle den opphavlege kyrkja for Jesu kyrkje, som ei presisering, i vår tid er det vanskeleg å skilje, men det er han sjølv som skal skilje sauene frå geitene.

Jesus er mellommann mellom Gud og menneske, han er hovudet for lekamen og vi er dei andre lemene.

Korleis har dei fått til dette? Paulus snakka om at der var dei som forkynte evangeliet, men som ikkje var heilt ærlege, for dei gjorde det for eiga vinning skuld.

FIL 1,12 – FIL 1,26 {ALT SOM HAR HENDT, TENER EVANGELIET}  Eg vil de skal vita, brør, at det som har hendt meg, heller har vorte til framgang for evangeliet. 13 Det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre, at det er for Kristi skuld eg er i lekkjer. [borga: Paulus er i fangenskap, truleg i Roma.] 14 Gjennom mitt fangenskap har dei fleste av brørne fått ei slik tillit til Herren at dei med endå større frimod enn før vågar å tala Guds ord. 15 Det finst nok dei som forkynner Kristus fordi dei er misunnelege og vil ha strid, men somme gjer det av god vilje. 16 Dei forkynner Kristus av kjærleik, fordi dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet. 17 Dei andre gjer det for å hevda seg og ikkje med ærleg hug, i den tru at dei kan gjera fangenskapet mitt tyngre å bera. 18 Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det. 19 For eg veit at alt dette skal verta til frelse for meg, av di de bed for meg, og Jesu Kristi Ande gjev meg hjelp. 20 Eg vonar og ventar at eg ikkje skal verta til skammar i noko, men at alle, no som alltid før, skal få sjå kor stor Kristus er ved det som hender med meg, anten eg lever eller døyr. 21 For meg er livet Kristus og døden ei vinning. 22 Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg lever lenger, då veit eg ikkje kva eg skal velja. 23 Eg kjenner meg dregen til begge sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. 24 Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får leva. 25 Det er eg viss på, og difor veit eg at eg skal få leva og vera hjå dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua. 26 Og når eg kjem til dykk att, skal de i Kristus Jesus få rikeleg grunn til å prisa dykk lukkelege for mi skuld.

APG 20,18 – APG 20,38 Og då dei kom, tala han til dei:  De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. 19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. 24 Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje. 28   Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! [med sitt eige blod: kan òg omsetjast: med sin eigen Sons blod; sml. Ef 5, 25; 1 Pet 1, 18 f.] 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få. 36   Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 37 Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han. 38 Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet.

Og i vår tid er det sjelden heile Guds råd til frelse vert forkynt, så Guds Ord er dyrt, det er sjelden det vert forkynt at Jesu frelsesverk er fullført og fullkome. Korleis vert det forkynt då? Som om det har manglar og derfor må du prøve å gjere noko sjølv. Slik vert dei gjorde til trælar, for menneske er ikkje slik som Gud og kan ikkje fullføre hans verk.

FRK 3,14 – FRK 3,15   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

Likevel prøver dei å framstille seg sjølve som mellom-menn mellom Kristus og menneske, for soleis å halde fram som den lærde overklassa. Og kvifor det? Fordi dei vil ha pengar og makt, tradisjonen tru. Dette bryt med at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det, det bryt med barnekåret og gjer Guds born til bortkomne søner og døtre.

Eg vil tenke på henne ”Miss Oslo 1990” og be for henne.

Eg har nok i spesielle høve fått merke den maktinteressa i evangeliske forsamlingar også, men i all hovudsak har der ikkje vore ein slik mellommann mellom meg og Kristus, mellom oss og Kristus, men vi er alle lemer på Jesu lekam, han brukar oss som sine lemer, slik tener vi han og slik tener vi kvarandre.

Dette har med vårt frimod å gjere, vi har frimod til å stige fram for nådens trone og få miskunne og finne nåde til hjelp i rette tid, vi har frimod til å gå inn i heilgdomen, vi har frimod til å gå ut og vitne om Jesus, vi skal få sjå at han er med oss, så når vi møter andre menneske, får dei moglegheit til å møte han.

Så eg tenkte meg at slik ville han leie meg i kvardagen og la meg finne meg ei kone, men då svarar han meg at han er ikkje langt unna, men han er komen nær, han minner meg om at han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, han har gitt oss den Heilage Ande og slik kjem han til oss. Eg skal ikkje flyge hit og dit, han har sett meg på Berget. Så seier han til meg at hans ored er lykte for min fot og lys for min stig, bodskapen 7.5.2017:

”Ikkje la deg dirigere av kva dine auge ser, ikkje la deg dirigere av kva dine sansar føler. Men den tru eg har gitt deg, knytt den til mitt Ord og la det verte det som avgjer for deg. For mitt Ord, det er ei lykte for foten og eit lys på din sti. Derfor, knytt trua di til mitt Ord. 

Det naturlege mennesket lever i sansane sitt område. Men det gjenfødde mennesket lever i trua sitt område. Og den rettferdige, han lever av tru, til tru. Derfor la deg ikkje påverke av det som er rundt deg. Men la deg påverke av mitt Ord, så skal mitt Ord danne deg. Mitt Ord skal framstille min skapnad i deg. Og mitt ord, det skal halde deg oppe, som ei kraft og som ei makt i ei tid som er vanskeleg.”

Eg trur Gud gjev meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, slik knyter eg trua mi til Guds Ord, det er lys for min fot og lykte for min sti, å gå den smale vegen betyr å gjere viss val, så eg vel å tenke slik at han gjev meg henne ”Miss Oslo til kone” og slik vil eg no be for henne. Men det er litt problematisk, for etter så lang tid er ho sikkert gift og har vore det lenge. Og vi er ikkje slik som dyra, der hanndyra kjemper om hodyra, kanskje så brutalt at det går på livet laust. Eg tenker meir slik at er der andre menn, av vårt eige folk, som også likar henne, så er vi samde og liknar kvarandre i det. For henne var det ein fordel at der var mange som likte henne, så ho hadde mange å velje mellom. Har ho gjort sitt val, så må det respekterast. Og eg vil ikkje verken henne eller mannen hennar så vondt at eg øydelegg det for dei.

Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, eg skal vite å vinne meg mi eiga kone i helging. Men dersom der er ein som vil vere mellommann mellom Kristus og menneske, så bryt han med denne heilaggjeringa og det viser seg at det var nettopp dette som var poenget med å bryte barnets vilje, det var dette det tok sikte på. Og det er nettopp dette som viser seg i protesten mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna og slik skulle Kristus vere hovudet for kyrkja som er hans brud. Men det er då nettopp dette som er det sentrale poenget med Jesu kyrkje. Så dette som er ei så viktig sak for meg personleg, det er også ei viktig sak for Jesu kyrkje.

Jesus sa eg skulle ikkje la meg dirrigere av det eg ser og sansar rundt meg. Men eg har ikkje sett henne på år og dag, kanskje var det ho som gjekk forbi meg for 3-5 år sidan, eller så har eg ikkje sett henne på omlag 25 år. Men Gud er god og han elskar meg som sitt barn og eg er då viss på at dersom han ville gje meg henne til kone, så var han ikkje så stor ein gniar og ville meg så vondt at eg skulle måtte vente i eit kvart hundre år utan å få sjå henne igjen og snakke med henne eller ha noko som helst med henne å gjere. Gud ville sjølvsagt gje meg ei kone når eg var ung, men politikken er ein annan, kven sin politikk? Der er ein som vil stille seg som mellommann mellom Kristus og menneske, som bryt med helginga og det viser seg i politikken. Med sin religion og politikk gjev han folket inntrykk av at gud er ein vond og/eloler fattig gniar som ikkje unner oss noko godt.

Men Jesus sa også at eg skal knyte trua mi til Guds Ord og la det vere lykte for min fot og lys for min sti. Eg vert helga ved Guds Ord og den Heilage Ande. Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande og vekker oss opp til liv med seg i samsvar med 1.Mos.2. Jesus er oppstått i meg og gjev meg ei kone ved at han er oppstått i henne også. Og det trur eg er ho Miss Oslo 1990. Så eg vel å tenke slik og be for henne slik og slik førebur eg meg på møtet i Maranata 14.5.2017.

https://tsivert.com/2016/09/27/2016-09-18-m-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-opna-dor/

Dette sende eg til Maranata i god tid før møtet 14.5.2017. og skreiv at slik ber eg for møtet som skulle vere på kvelden. Og Gud svarde meg gjennom tyding av tungetale to gongar.

Kristen platonisme eller klassekamp eller misjonsbefalinga. 

Kristen platonisme i fylgje Simone Weil.

http://filosofi.no/platon/

Simone Weil var ein kristen platonikar. Ho såg fram til den fysike døden, som om det ville bety liv for hennar sjel. Ho arbeidde i ein fabrikk og for henne var det som døden, tydeleg vis for hennar sjel, hennar indre menneske:

«Ingenting overgår Platon» skrev den franske filosofen Simone Weil i 1943.1 Fra den første skolestilen som er bevart etter henne og frem til de siste, dypt religiøse tekstfragmentene var hun preget av Platon og av platonisme.2 Hun defineres gjerne som «kristen platoniker»

Det var i siste instans bare døden som kunne forklare livet og hun lengtet etter døden samtidig som hun kjempet mot den.

I hennes øyne har slaven har en mulighet fabrikkeieren ikke har, nemlig til å nærme seg Gud. I den viktige lille teksten «Arbeidets mystikk» fra 1941 (altså skrevet mange år etter fabrikkarbeidet og sterkt farget av kristen mystikk og egne grenseerfaringer) skriver hun at arbeidernes privilegium er at de ikke har noe overflødig de først må kvitte seg med for å stige opp. «Å arbeide når man er fullstendig utslitt er å underkaste seg tiden og materien.» Det er paradoksalt nok denne underkastelsen Simone Weil trenger for å løsrive seg fra «det som tynger». Arbeiderne er i hennes øyne nakne og «arbeidet er som en død». Dette utgangspunktet kobler hun sammen med en lesning av Gorgias 523 c: «Når det blir avsagt så mange gale dommer, er det fordi de som dømmes, dømmes påkledt.» Hos Platon er konklusjonen at menneskene skal dømmes nakne og etter at de er døde.

Dermed kan Simone med utgangspunkt i Platon knytte sammen nakenheten og døden, og takket være sin egen fabrikkerfaring forbinde dette med arbeidet: Nettopp fordi arbeiderne mangler alt, «det er ingen jordisk målsetting som skiller arbeiderne fra Gud.»19 Derfor er arbeidet en død, en overgang. Døden kommer vi tidsnok tilbake til, nå til Simone Weils åndeliggjøring av arbeidet.

Sitata er henta frå:

http://aigis.igl.ku.dk/aigis/2015,1/Platonakta22/Amadou.pdf

Klassekamp.

I dokumentet ”Heilag kvardag” har eg skrive om korleis dei venstreradikale argumenterte for klassekamp, som motsetnad til ei slik sjølvfornekting, for å få noko godt ut av dette livet her og no, altså som motsetnad til å berre vente seg at ein skal få det betre i eit liv etter døden.

Misjonsbefalinga.

Men for oss som trur at Jesus stod oppatt frå dei døde og som innstiller oss på å sjå at han er med oss alle dagar, så er platonismen fattigsleg. Vi vender oss til Kristus fyrst og fremst for å verte frelste for æva og så for å få eit rikare liv her og no, så vi får oppleve at han er med oss i kvardagen, så den er slett ikkje som døden, slik som Simone meinte. Dette har eg goså skrive om i dokumentet ”Heilag kvardag”.

Leve som eit menneske eller degenerere til eit lavare dyrisk nivå.

Skrive på facebook:

Det er tale om falske nyhende, kva med vitskapen? Kva med alternative nyhende og alternative fakta? La oss tenke oss at ein naturvitar lagar ein dokumentarfilm om ein bestand av antiloper og/eller løver. Dyra kommuniserer på sine måtar og forskaren prøver å forstå seg på det. Då er det dyra som lagar ”fakta” det vet filma og presentert som film. Der kunne vere andre forskarar som var ute etter blodprøver, så det vart alternative fakta.

La oss så tenke oss at ein samfunnsforskar forskar på eit samfunn av menneske. Då er han klar over at han sjølv er ein av dei og kommuniserer med dei og soleis påverkar han det han studerer. Det veit dei og dei kan og bør prøve å gjer minst mogleg av det, eller dei kan innstille seg på det, i det dei hevdar at deira påverknad er god, slik at den subjektive innstillinga svarar til rasjonaliteten, jfr. Kant. Men då må dei vel ha ei viss forståing for kva som er den menneskelege livsforma. Har dei det?

Om vi samanliknar med ein dyrebestand, så vil eit hanndyr vere revirhevdande og markere sitt territorium. Det er tydelegvis denslags interesse som kjem til uttrykk i den såkalla kvinneforskinga og som også kjem til uttrykk ved at dei vil undertrykke populistiske tankar og meiningar. Kven sine tankar og meiningar. Med den såkalla kvinnefrigjeringa vert lærar, prest og politikar og journalistar konkurrentar til mannen når han vil prøve å finne seg ei kone. Slik vert dei rivirhevdande. Men det ber ikkje særleg preg av den typiske menneskelege livsforma, men ber preg av ei meir primitiv livsform. Dette har eg skrive om i denne artikkelen.

Heilag kvardag.

Kommentar.

Bodskap 1.

Gud talar til meg og til oss og han har sagt han vil gjere meg til kanal for si velsigning, så då kan eg vel kanalisere det vidare, som det vart sagt i den andre bodskapen: ”Grav grøft på grøft”. Eg forstår det som at han talar til henne Virtuella. Han skapte henne ikkje på grunn av vondskap, men han skapte henne på grunn av sin store kjærleik. Det har ho tydelegvis ikkje forstått. Når ho får frelsesverket i sitt hjerte, får ho sjå og erfare at det er han som gjev kjærleik, den overgår all hennar forstand, ho forstår det ikkje men den er innplanta i henne. For når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Livet er  planta i oss ved Guds Ord og det har kraft til å frelse sjelene våre.

JAK 1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

I denne bodskapen er det snakk om å få erfare at det er Gud som gjev kjærleik. Men det er ikkje med våre fysiske sansar eller sansane til vårt ytre menneske, men det er med vår sjel, det er med vårt indre menneske (Jfr. dokumentet ”Heilag kvardag”).

Bodskap 2.

Ja, så eg gjekk til forbønn etter møtet og stilte meg framfor talarstolen og når Håkon kom bort til meg og spurde meg kva eg ville vi skulle be om, sa eg at eg hadde bedt Gud gje meg ei kone. Og nå var det henne ”Miss Oslo 1990” eg tenkte på, slik som eg har skrive lengre oppe. Han la hendene på hovudet mitt og bad Gud om å gje meg alt eg trengde. Eg vender hugen og blikke opp til Jesus og tek imot det som han gjev meg frå himmelen, han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, han gjev meg ånd og liv og eg ventar meg at han gjev meg ei kone ved gjenfødinga, ved at han føder henne på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Så for meg var dette ei stadfesting av at eg gjorde rett i å vende hugen og blikket opp til han i forventning til at han ville gje meg henne.

Korleis kan det ha seg at eg strevar og har tungt å bere? Eg har tidlegare skrive om den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane, så Guds folk vart selde tilbake til trældomen og til døden. Og no har eg nyst skive om at der er dei som vil stille seg som mellommenn mellom Kristus og menneske. Som om dei på grunn av si synd og sin gamle, vonde natur er komne bort frå han. Som om synda skil dei frå han og derfor skal dei vere mellommenn mellom dei og han, men då fungerer dei slik som synda som skil menneska frå Gud. Dei argumenterer som om Jesu frelsesverk ikkje fullført og fullkome, som om det har manglar, som om han ikkje er fullkomen, som om han og hans frelsesverk ikkje er bra nok for oss. Men det er det. Han tok bort synda med sitt offer ein gong for alle, hans frelsesverk er fullført og fullkome, han har nått fullendinga og er fullkomen. Hans frelsesverk innkluderer alt kva eg treng.

Gud skapte mannen og planta Edens hage og dyrelivet der og sette mannen til å dyrke og verne den. Han såg at det var ikkej godt for mannen å vere åleine, så han ville gje han ei hjelp som høvde for han. Så han skapte kvinna av sidebeine hans og førde henne til han. Alt dette er inkludert i Jesu fullførde frelsesverk. Eg har bedt han om ei kone og det vil han gje meg. Eg skal berre komme til han med mitt behov, eg skal heilhjarta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gje meg hjelp i form av ei kone.

Som det vart sagt her, skal eg grave grøft på grøft. Han ville gjere meg til kanal for si velsigning, så eg forstår det slik at dette har å gjere med å kanalisere hans velsigning. Han vil gje meg vatn, han vil gje meg styrke, kva eg vil ha, skal eg få, eg skal berre komme til han, for han elskar meg og gav sitt liv for meg, for at eg skal ha liv og overflod. Eg skal ikkje mangle noko. Eg skal berre søke han og hans rike først, så skal eg få alt eg treng. Eg skal få kjenne at han er trufast og han som byrja, han skal fullføra. Ja, han svarar då på akkurat det eg har skrive om. Det var ingen annan som byrja den og det er ingen annan som kan fullføra den. Men hans om er alfa og omega, byrjinga og enden, han byrja den gode gjerning i oss og han skal fullføra den.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s