2017.05.07. Knyt trua di til Guds Ord og la det vere lykte for din fot og lys på din sti.

IMG_0481.JPG

Innleiing ved Ola-Kåre Bjørneset.

Ola-Kåre las 1.Tit.2,4.

1TI 2,2 – 1TI 2,4 Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 3 Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, 4 han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna.

Vi ber om frelse for slekt og venner, men Gud vil at dei alle skal verte frelst og han vil det endå meir enn oss.

Tale ved Tore Kristiansen.

5MO 31,30 {MOSES BER FRAM SITT AVSKILSKVAD}  Så bar Moses fram heile dette kvadet for Israels-lyden:

5MO 32,1 – 5MO 32,4   Lyd etter, himmel, eg vil tala,  høyr orda frå min munn, du jord! 2   Lat læra mi risla som regn,  talen min drypa som dogg,  som regnskurer på grøne graset,  som regndropar over det som gror. 3   Herrens namn vil eg forkynna,  og de skal gje vår Gud ære.  4   Han er Berget,  fullkome er hans verk,  rettferdige er alle hans vegar.  Ein trufast Gud, utan svik,  rettferdig og rettvis er han. [Berget: Gud. Sml. v. 18 og 30.]

Når Gud kalla Moses, unnskylda han seg med at han var ikkje særleg talefør, men Gud valde ut Aron til å hjelpe han, han kunne tale. Og no, på slutten av si gjerning med å leie Guds folk, heldt han slik ei mektig tale, han tala til himmelen og til jorda.

Når Gud ville føre israelittane ut or Egypt, skulle dei førebu seg med å slakte påskelammet og stryke blodet på dørstolpane. Så skulle dei tilbereie det og vere klar til å fare medan dei åt det, med belte om livet, skor på føtene og stav i handa. Men når dei for, kom egyptarar og slo seg ilag med dei og dei hadde ikkje førebutt seg slik. Derfor bidrog dei sidan til å vende hugen til folket tilbake til Egypt, når dei møtte motstand og vanskar, så dei lengta tilbake til kjøtgrytene i Egypt. Til samanlikning kan der vere interesser i dei kristne forsamlingane som vender forsamlinga si interesse tilbake på verda i staden for å vende den opp til Jesus.

David talte også om Berget, det er Jesus.

SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.

Moses slo på Berget og det strøymde fram vatn.

2MO 17,5 – 2MO 17,6 Herren sa til Moses: “Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.” Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på.

Det er symbol på at Jesus vart slegen for vår skuld. Men no skal vi tale med han.

1KO 10,1 – 1KO 10,4 {ISRAEL I ØYDEMARKA, EI ÅTVARING FOR OSS}  Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. 2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten 4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

Ikkje la deg dirigere av kva dine auge ser, ikkje la deg dirigere av kva dine sansar føler. Men den tru eg har gitt deg, knytt den til mitt Ord og la det verte det som avgjer for deg. For mitt Ord, det er ei lykte for foten og eit lys på din sti. Derfor, knytt trua di til mitt Ord.

Det naturlege mennesket lever i sansane sitt område. Men det gjenfødde mennesket lever i trua sitt område. Og den rettferdige, han lever av tru, til tru. Derfor la deg ikkje påverke av det som er rundt deg. Men la deg påverke av mitt Ord, så skal mitt Ord danne deg. Mitt Ord skal framstille min skapnad i deg. Og mitt ord, det skal halde deg oppe, som ei kraft og som ei makt i ei tid som er vanskeleg. Halleluja.

Aktuelle bibelvers.

HEB 4,1 – HEB 4,13 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE}  Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:  Så svor eg i min vreide:  Dei skal aldri koma inn til mi kvile!  Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:  I dag, om de høyrer hans røyst,  så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

SLM 119,105   Ditt ord er ei lykt for min fot  og eit ljos på min stig.

HAB 2,4   Sjå, frekk og uærleg er han.  Men den rettferdige skal leva ved si tru. [uærleg er han: fienden.] [tru: Det hebr. ordet kan tyda truskap òg.]

RMR 1,17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.

RMR 5,1 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.

GLT 3,11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva.

HEB 10,38   Min rettferdige skal leva ved tru;  men dreg han seg unna,  har eg ikkje hugnad i han.

1PE 2,11 {DET KRISTNE LIVET I SAMFUNNET}  Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.

1PE 4,3 Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking.

2PE 2,10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.  Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter.

2PE 2,18 For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt.

JUD 1,23 andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame så de jamvel skyr kappa som dei har flekka til i si sanselege lyst.

GLT 4,19 Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk!

2KO 3,16 – 2KO 3,18 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

SLM 37,27 – SLM 37,31   Hald deg frå det vonde og gjer det gode,  så skal du for alltid bu trygt. 28   For Herren elskar det som er rett,  han forlèt ikkje sine trugne.   Dei vert haldne oppe til evig tid,  men ætta åt dei gudlause vert utrudd. 29   Dei rettferdige skal arva landet  og alltid få bu i det.  30   Den rettferdige talar visdom,  rett er det som kjem frå hans munn. 31   Han har Guds lov i sitt hjarta,  og hans steg er alltid støe.

1PE 1,3 – 1PE 1,9 {EI LEVANDE VON}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid. 6   Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. 7 Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord; 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.

JUD 1,1 {HELSING}  Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, som er elska av Gud Fader og haldne oppe for Jesus Kristus. [Judas: ein av brørne til Jesus. Matt 13, 55.]

1KO 1,17 – 1KO 1,25 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

JES 8,16 – JES 8,18 {VITNEMÅL OG VENTING}  Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. [vitnemålet, bodskapen: forkynninga og påminninga frå profeten sjølv. Sml. v. 20.] 17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. 18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet. [teikn og varsel: Sjå 7, 3; 8, 3.]

Kommentar.

I kommentaren til møtet 17.4.17 (2.påskedag) skreiv eg om tru og sanse-erfaring, Descarts rasjonalisme og kvifor Paulus sa at kvinnene skulle bruke slør i kyrkjelyden, det var for at vi ikkje skulle verte opptekne av det vi såg og sansa rundt oss, men verte opptekne av Herren og lytte til hans Ord. Dette har eg teke inn i eit større dokument og skrive meir om.  Og Herren svarar meg på det i denne bodskapen, han sa at eg skulle ikkje la meg dirigere av det eg såg og sansa rundt meg, men den trua han har gitt meg, skal eg knyte til hans Ord.

Dette er ein fin oppfølgjar til det han sa førre helg om at han er komen nær, derfor treng vi ikkje flyge rundt. Han er klippen som eg er sett på.

Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande og vi veit at vi skal opne alle våre rom for Guds lys og Guds Ande, ja, Jesus har gang på gang minna meg om å ta imot av berre nåde og verte fylt av den Heilage Ande og eg venta meg at slik ville han gjere meg til ein kanal for si velsigning. Og eg har fortalt at Gud brukte meg som kanal for si velsigning til henne Virtuella og eg har forklart at når eg opnar meg slik har eg opplevt det som at han framleis brukar meg som kanal for si velsigning til henne. Gud elska både meg og henne og det var rett og sant. Men så føler eg at det også hadde å gjere med at eg bad Gud om ei kone og det vart det ikkje noko av. På dette møtet sat eg igjen og opna meg for Guds velsigning slik, eg følte at det framleis hadde med mitt forhold til henne å gjere, at eg var kanal for Guds velsigning til henne og det var då rett, men eg følte også at det hadde å gjere med at eg hadde med kjærleiksforholdet mellom  mann og kvinne å gjere, for eg hadde bedt Gud om ei kone, men eg tenkte det hadde mindre betyding at eg følte det slik, for det vesentlege er å opne meg for Guds velsigning og vere kanal for den.

No var ikkje dette å vere oppteken av det som eg ser og sansar rundt meg, men Gud har gjort sitt verk i mitt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande og han skal fullføra det, så dette handla først og fremst om å opne meg for hans velsigning og la han fullføra det. Men eg har då sette og sansa kva som har skjett rundt meg, ho vart ikkje kona mi, eg fekk ikkje sjå henne igjen, eg vart berre meir og meir einsam. Men Jesus sa at eg skulle ikkje la meg dirigere av det eg såg og sansa rundt meg. Men den trua han har gitt meg, skal eg knyte til hans Ord.

Han har gitt meg den trua at han gjev meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Og den trua er suveren over den sanselege fysiske naturen, den er som Descartes rasjonalisme. Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Og han sette han til å dyrke og verne hagen. Gud han opp til å leve i samfunn med seg og han skapte kvinna til å vere ei hjelp for han, som levde  i saman med han. Til samanlikning skaper Guds oss i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige, for at vi skal vandre i dei. Jesus frelser vår sjel for æva og gjev oss evig liv, han gjev oss ånd og liv og vekker vår sjl opp til liv i samfunn med Gud. Han sa at hans Ord skal framstille hans skapnad i meg. Det minner meg om det Jesus sa til meg  i haust, om at han er oppstått i mitt indre menneske og slik ville han gjere seg til kjenne for mine medmenneske. Då opplevde eg det som om Gud vekte henne ”Miss Oslo 1990” opp til liv i samfunn med seg og med meg og med oss, med sitt Ord og sin Ande (1.Joh.1).

No er det fantastisk lenge sidan eg har sett henne og møtt henne og som eg har skrive tidlegare, må eg vel rekne med at ho er gift for lenge sidan og eg må innrømme at eg har byrja å tenke på at Gud kanskje vil gje meg ei anna jente til kone, ei jente som studerer biologi, ei jente som eg tilfeldig møter i kvardagen, for Jesus er no med meg i kvardagen, han har kalla meg og han vil leie meg vidare. Men så seier han at han er komen nær, så eg skal ikkje flyge rundt, for han er klippen som eg er sett på. Eg skal ikkje la meg dirigere av kva eg ser og sansar rundt meg, men den trua han har gitt meg, skal eg knyte til hans Ord.

Så dette tyder på at eg framleis skal rekne med at han gjev meg henne ”Miss Oslo 1990” til kone. Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Gud, eg kan stole på hans Ord, hans lovnadar og hans kraft.

https://tsivert.com/2016/09/27/2016-09-18-m-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-opna-dor/

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s