2017.04.30. Heilag kvardag. Herren er oss nær og vi kan stole på han.

IMG_0466.JPG

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon talte over Luk.14,8-11, eg tek med litt meir:

LUK 14,7 – LUK 14,14 {SANN AUDMYKT OG GJESTFRIDOM}  Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, fortalde han dei ei likning: 8   Når du vert beden i gjestebod, så set deg ikkje øvst ved bordet. For det kunne henda at ein som er gjævare enn du, var beden, 9 og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: “Gjev rom for denne gjesten!” Då må du setja deg nedst og skjemmast. 10 Nei, når du er beden ein stad, så gå og set deg nedst ved bordet. Så kan verten koma og seia til deg: “Flytt deg høgare opp, venen min.” Då får du ære medan alle gjestene ser på. 11 For den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. 12   Han sa òg eit ord til den som hadde bede han: “Når du vil halda eit middags- eller kveldslag, så bed ikkje vener og brør og skyldfolk og rike grannar. For dei kjem til å be deg att, så du får vederlag. 13 Nei, når du vil halda gjestebod, så bed fattige, vanføre, lame og blinde. 14 Då vert du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje att. Men du skal få vederlag når dei rettferdige står opp.”

SLM 118,1 – SLM 118,4 {DETTE ER DAGEN SOM HERREN HAR GJORT}  Pris Herren, for han er god,  evig varer hans miskunn. 2   Så skal Israel seia:  Evig varer hans miskunn. 3   Arons ætt skal seia:  Evig varer hans miskunn. 4   Dei som ottast Herren, skal seia:  Evig varer hans miskunn.

Så tok han med eit vers ifrå Salme 18 om at Gud gav David siger over sine fiendar, det var kanskje vers 39:

SLM 18,37 – SLM 18,39   Du jamnar veg for mine steg,  og mine okle er støe. 38   Eg jagar mine fiendar og tek dei att;  eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei. 39   Eg knuser dei, så dei ikkje kan reisa seg,  men ligg under føtene mine.

SLM 18,37 – SLM 18,39   Du jamnar veg for mine steg,  og mine okle er støe. 38   Eg jagar mine fiendar og tek dei att;  eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei. 39   Eg knuser dei, så dei ikkje kan reisa seg,  men ligg under føtene mine.

Så refererte han til Paulus’ ord om at skuldbrevet mot oss vart nagla til korset:

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For eg er ikkje langt borte ifrå nokon av dykk, eg er komen nær. For eg er den som bryr meg også i dag. Eg vil ikkje etterlate dykk farlause og åleine i denne verda. Men eg har lova å vere med dykk alle dagar, til den dagen eg hentar dykk heim, til dei bustadar eg no førebur for deg. Men eg ynskjer å seie til deg i kveld, mitt kjære barn, eg er med deg, du treng ikkje frykte, for eg, Herren, er den som vann ein evig og fullkomen siger, då eg ropte for deg, på Golgata kors: Det er fullført. Det gjorde eg for deg, der tok eg all di synd, all di skuld og straff, den tok eg på meg, for at du skulle gå fri og få fred med himmelens Fader, han som har skapt alle ting. Derfor, fryd deg og gled deg mitt barn, for eg har frelst deg og eg er din Gud og din frelsar.

For eg ser dine dagar då du er einsam. Menneske har gått ein annan veg, menneske som du fleire gongar har satt din lit til. Men menneske, dei er ikkje til å stole på. Men du kan stole på meg, for eg, Herren, eg er klippen, den evige. Og det er på meg du er satt. Derfor treng du ikkje fly, hit eller dit. Men sett di lit til meg, for eg, Herren, eg er klippen, eg er det levande vatn. Eg er den som gjev deg alt kva du treng til. Derfor kom du til meg. Flyg ikkje til menneske, men kom til meg, du som strevar og eg, Herren, eg vil gje deg kvile. Eg ser dine dagar, eg veit om dine netter, men du er for mine auge. Amen.

Aktuelle bibelvers.

SLM 118,5 – SLM 118,29   I trengsla ropa eg til Herren,  han svara og førte meg ut i ope lende. 6   Når Herren er med, reddast eg ikkje.  Kva kan vel menneske gjera meg? 7   Når Herren er min hjelpar,  kan eg sjå på mine fiendar utan otte.  8   Det er betre å fly til Herren  enn å setja si lit til menneske. 9   Det er betre å fly til Herren  enn å setja si lit til stormenn.  10   Alle folkeslag kringsette meg;  eg heldt dei frå livet i Herrens namn. 11   Dei var ikring meg på alle kantar;  eg heldt dei frå livet i Herrens namn. 12   Dei var ikring meg som bier.  Dei slokna som eld i klunger;  eg heldt dei frå livet i Herrens namn.  13   Dei støytte meg hardt, eg heldt på å falla,  men Herren kom meg til hjelp. 14   Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging.  15   Høyr, jubel og sigersrop lyder  i telta åt dei rettferdige!  Herrens høgre hand gjer storverk, 16   Herrens hand reiser opp.  Herrens høgre hand gjer storverk.  17   Eg skal ikkje døy, men leva  og fortelja om Herrens gjerningar. 18   Hardt har Herren tukta meg,  men han lét meg ikkje døy.  19   Lat rettferdsporten opp for meg,  eg vil gå inn og prisa Herren! [rettferdsporten: Tempelporten fører inn i heilagdomen, der Guds rettferd vert openberra.] 20   Her er Herrens port,  gjennom den går dei rettferdige inn.  21   Eg takkar deg fordi du svara meg,  fordi du vart mi berging. 22   Den steinen bygningsmennene vraka,  har vorte hjørnestein.  23   Det er Herrens eige verk,  underfullt er det i våre augo. 24   Dette er dagen som Herren har gjort;  lat oss jubla og gleda oss no!  25   Å, Herre, gjev frelse,  å, Herre, lat det lukkast! 26   Velsigna vere den  som kjem i Herrens namn!  Vi velsignar dykk frå Herrens hus. 27   Herren er Gud, han gav oss ljos.  Knyt festtoget saman med greiner  heilt opp til altarhorna! [festtoget: truleg pilegrimar som gjekk i prosesjon til templet med grøne greiner i hendene.] [altarhorna: Sjå 2 Mos 27, 1-2.]  28   Du er min Gud, eg takkar deg;  min Gud, eg lovsyng deg. 29   Pris Herren, for han er god,  evig varer hans miskunn.

SLM 18,1 – SLM 18,7 {KONGEN TAKKAR OG LOVSYNG}  Til korleiaren. Av David, Herrens tenar, som kvad denne songen for Herren då han hadde fria han frå alle fiendane hans og frå Saul. 2 Han sa:   Herre, min styrke, deg har eg kjær. 3   Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar,  min Gud, mitt fjell, som eg flyr til,  mitt skjold, mitt frelsehorn og mitt vern. [mitt frelsehorn: mitt sterke vern.] 4   Eg kallar på Herren, han som får lovsong,  og eg vert frelst frå mine fiendar.  5   Dødens lekkjer snørte seg om meg,  undergangsstraumane skræmde meg. 6   Helheims reip vart spente om meg,  dødens snarer låg i min veg.  7   Då kalla eg på Herren i mi naud  og ropa til min Gud.  Han høyrde mi røyst frå sitt tempel,  til hans øyra nådde mitt rop.

SLM 18,17 – SLM 18,20   Han rette ut si hand frå det høge og greip meg,  drog meg opp or det djupe vatnet. 18   Han berga meg frå min mektige fiende,  frå motstandarar som var meg for sterke. 19   Dei gjekk imot meg på ulukkedagen,  men Herren var ei støtte for meg. 20   Han førte meg ut i ope lende  og fria meg ut, for han har meg kjær.

SLM 22,2   Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?  Kvifor er du så langt borte frå meg?  Kvifor hjelper du ikkje når eg klagar mi naud?

SLM 35,22   Du har sett det, Herre. Tei ikkje!  Ver ikkje langt borte frå meg, Herre!

SLM 38,22   Forlat meg ikkje, Herre!  Min Gud, ver ikkje langt borte frå meg!

SLM 71,12   Gud, ver ikkje langt borte frå meg!  Skund deg og hjelp meg, min Gud!

OSP 15,29   Herren er langt borte frå dei vonde,  men han høyrer bøna åt dei rettferdige.

JES 29,13 {MENNESKEBOD OG HERRENS VISDOM}  Herren sa: Fordi dette folket  held seg nær til meg med munnen  og ærar meg med lippene,  medan hjarta er langt borte frå meg,  og fordi deira age for meg  er menneskebod som dei har lært seg,

JER 12,2   Du plantar dei, og dei røter seg;  dei veks og ber frukt.  Nær er du i deira munn,  men langt borte frå deira hjarta.

JOH 14,16 – JOH 14,18 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.

JOH 14,1 – JOH 14,7 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.” 5   Tomas seier til han: “Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?” 6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.”

JOH 1,29   Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: “Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!

JOH 1,36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: “Sjå, der er Guds lam!”

HEB 9,24 – HEB 9,28 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

SLM 33,4   For Herrens ord er sanning,  alt han gjer, kan ein lita på.

JES 2,22   Hald opp med å lita på menneske  som berre har ein pust i nasen!  Kva er dei å rekna for?

JES 50,10   Dei av dykk som har age for Herren,  skal høyra på hans tenar.  Den som ferdast i mørker  og ikkje ser det minste ljos,  han kan lita på Herrens namn  og stø seg til sin Gud.

JER 12,6   Brørne dine og farsætta di,  jamvel dei er trulause mot deg;  dei ropar etter deg av full hals.  Du må ikkje eingong lita på dei  når dei talar venleg til deg.

SLM 1,1 – SLM 1,6 {DEI TO VEGANE}  Sæl er den som ikkje fylgjer  råd frå gudlause menneske  og ikkje slår inn på syndarveg  eller sit i lag med spottarar, 2   men har si glede i Herrens lov  og grundar på hans lov dag og natt.  3   Han er lik eit tre,  planta ved rennande bekker:  Det gjev si frukt i rette tid,  og lauvet visnar ikkje på det.  Alt det han gjer, skal lukkast.  4   Så er det ikkje med dei gudlause.  Dei er lik agner som spreiest for vinden. 5   Difor skal ingen gudlaus  stå seg når domen fell,  og ingen syndar vera med  der dei rettferdige samlast. 6   For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige,  men vegen åt dei gudlause  fører til undergang.

5MO 31,30 {MOSES BER FRAM SITT AVSKILSKVAD}  Så bar Moses fram heile dette kvadet for Israels-lyden:

5MO 32,1 – 5MO 32,4   Lyd etter, himmel, eg vil tala,  høyr orda frå min munn, du jord! 2   Lat læra mi risla som regn,  talen min drypa som dogg,  som regnskurer på grøne graset,  som regndropar over det som gror. 3   Herrens namn vil eg forkynna,  og de skal gje vår Gud ære.  4   Han er Berget,  fullkome er hans verk,  rettferdige er alle hans vegar.  Ein trufast Gud, utan svik,  rettferdig og rettvis er han. [Berget: Gud. Sml. v. 18 og 30.]

SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.

SLM 23,1 – SLM 23,6 Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.

MTT 11,25 – MTT 11,30 På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

JER 2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.

JER 17,13 Herre, du Israels von, alle som går bort frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg i landet, skal skrivast opp. For dei har gått bort frå Herren, kjelda med levande vatn.

ÅPE 11,4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.

SKR 4,14 Då sa han: “Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.”

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

1PE 3,12 For Herrens augo fylgjer dei rettferdige, og han vender øyra til deira bøn. Men Herren vender seg mot dei som gjer vondt.

1PE 2,1 – 1PE 2,10 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta: Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar. 7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

ÅPE 4,8 – ÅPE 4,11 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11 Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få all pris og ære og makt. For du har skapt alle ting; du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

ÅPE 5,7 – ÅPE 5,14 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song: Verdig er du til å ta imot boka og bryta segla på henne. For du vart slakta og har med ditt blod frikjøpt for Gud menneske av alle ætter og tungemål, av alle folk og folkeslag. 10 Du har gjort dei til eit kongerike, til prestar for vår Gud, og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst: Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia: Han som sit på kongsstolen, han og Lammet skal ha all takk og ære, pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Kommentar.

Gå ut i det frie området.

Jesus har nyleg sagt eg skal gå ut ifrå det tronge romet mitt og ut i det frie området (bodskapen 2. påskedag) og det minner om Salme.118,5 og Salme.18,20. Eg skal ikkje stole på mine evne men stole på at hans Ande skal leie meg, så skal eg ha lukke med det eg tek meg iføre. Eg skal vitne om han med frimod, så ved alle vatn, så kal eg finne det att. Eg skreiv ein god del om det i kommentaren og eg byrja å lure på om eg skulle stoppe dette skriveriet mitt og satse på å snakke med andre og nye menneske i staden. Satse på at Guds Ande vil leie meg i kvardagen også med tanke på å finne meg ei kone. Men det er ikkje eit enten eller, for Jesus er døra inn til sauene og eg skal både gå inn og eg skal gå ut og han er den gode hyrdingen som vil leie oss til dei grøne engene og til vatn der vi finn kvile. Skriveriet mitt skal eg nok fortsette med og det har å gjere med å gå inn gjennom døra til sauene og få oppleve at den Hyrdingen steller vel med oss der, så det er ein balansegang, ei veksling, mellom det og å gå ut og finne beite.

Ikkje flyge hit og dit.

Eg har bedt han om å gje meg ei kone og han har sagt eg skal komme til han med den saka og slik svarar han meg no igjen, han er ikkje langt borte frå oss, så vi treng ikkje leite etter han andre plassar i staden, for han er her hos oss, han let oss ikkje vere att som farlause born åleine i denne verda.  Eg treng ikkje frykte, for han vann ein evig og fullkomen siger, då han ropte ut på korset: ”Det er fullført”. Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på han, han er klippen og han har sett meg på den. Derfor treng eg ikkje fly hit eller dit. Han er klippen og han er det levande vatnet og han vil gje meg alt kva eg treng. Derfor kan eg komme til han med denne saka, eg skal ikkje flyge til menneske. Det vart eit strev, men skal komme til han med det og han vil gje meg kvile.

Ja slik talte han til meg når eg studerte i Oslo på slutten av 1980-talet også. Eg hadde bedt han om ei kone og den saka kunne eg trygt overlate til han, eg kunne trygt stole på han, frelsesverket var fullført og fullkome, ei kone var innkludert. Så eg kunne berre ta det med ro og konsentrere meg om studiane. Han gav meg kvile, fred og ro i mitt sinn og min tanke og det var viktig for meg når eg studerte. Det var viktig for meg når eg var i praktisk arbeid også, på fiske, midt i ein stressande arbeidssituasjon var det viktig for meg å behalde roen i mitt hjerte, mitt sinn og min tanke.

Ulven spreier sauene.

Det er så tydeleg at her er stikk motsette og motstridande lærer, interesser og leiarskap i kyrkja, kristne organisasjonar og mellom dei kristne. Det er slik som dei motstridande interessene mellom David og Saul, Saul hadde fornekta Guds ord, likevel heldt han fram som konge og leiar over Guds folk og forfølgde David. Til samanlikning har dei kristne i Noreg hovudsakleg eit leiarskap som har fornekta Guds Ord, både skapinga (1.Mos.2) og forsoninga, evangeliet om at vårt forhold til han vert gjenoppretta i Kristus. Derfor står dei meg og mi sak imot. Men Jesus kalal rmeg ut i ope rom og det viser til Salme.18 der David takkar Gud for at han hadde gitt han siger over sine fiendar, for Saul var fallen. Så David takka Gud for at han leia han ut i open lende.

Dei motstridande interessene viser seg også ved at ulven spreier sauene, men Kristus er den gode hyrdingen og han samlar dei.

Jesu brud.

I Høgsongen les vi om at bruda leitte etter sin brudgom.

HSA 5,6 – HSA 5,8   Så opna eg døra for min ven,  men min ven hadde fare sin veg.  Eg vart reint ifrå meg fordi han var borte.  Eg leita etter han, men fann han ikkje;  eg ropa på han, men han gav ikkje svar.  7   Då møtte eg vaktmennene  som sveiv ikring i byen.  Dei slo meg så eg fekk sår.  Dei reiv sjalet av meg,  vaktmennene på murane.  8   “Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer!  Om de finn min ven,  kva skal de då seia han?  At eg er sjuk av kjærleik.”

Kjærleiksforholdet mellom bruda og brudgomen i Høgsongen er førebilete på kjærleiken mellom Kristus og hans brud (hans kyrkje), så dette talar profetisk om at Kristus vart hendretta. Hyrdingen vart slått ihel og sauene spreidde, men han stod opp att og samla dei hos seg. Han samlar oss som si kyrkje og den er hans brud. Det sentrale poenget med Jesu kyrkje er kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, vert dette kjærleiksforholdet integrert i oss, slik at det  for oss gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Då er det nettopp dette som er det sentrale og viktige poenget med Jesu kyrkje. Jesus er sanninga som set oss fri. Gud skaper oss i Kristus Jesus, han er den same no som då han skapte og han gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2.

”Hellig Hverdag”.

Eg var på konferansen ”Hellig Hverdag” på Gardermoen frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag og eg fekk helse på mange nye menneske og prate med dei, også nokre av foredragshaldarane. Særeleg ved middagen ut på kvelden. Og her tek eg med noko av det eg sjølv sa og noko som elles har relevans til den bodskapen som kom på søndag.

Vårt forhold til Gud er gjenoppretta ved trua på Jesus.

Eg er realist som trur på Jesus og prøver å sjå korleis skapingssoga og naturvitskapen kan sameinast. Prestane tolkar Bibelen utifrå det historiskfilosofisk perskeptivet dei har ifrå gresk filosofi, men det blir feil, derfor forstår dei ikkje skapingssoga. Men eg let Bibelen tolke seg sjølv og då kjem eg til at den er meir naturvitskapleg enn kva prestane har forstått. Sjølv om Gud fullførde sitt verk då han skapte, var det hans mål og hendsikt at menneska framelis skulle leve i samfunn med han og få oppleve at han gjorde sitt verk i deira liv. Dette forholdet til han vert gjenoppretta ved vår tru på Jesus, så vi får oppelve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.

Og i denne bodskapen sa Jesus til meg at han døde i staden for meg, for at eg skulle gå fri og få fred med himmelens Fader, han som har skapt alle ting.

Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Jesus.

Eg fortalde om at eg hadde vore fiskar og då var det viktig for meg å vere ein god kollega, samarbeidspartnar og kammerat, det var viktig for meg å gjere ein god jobb og det var krevande. Det var ein konkurranse, ei ”kniving” og eg måtte bite frå meg, men eg måtte lære meg å gjere det også på ein skikkeleg måte. Når så høvet baud seg, kunne det passa å fortelje dei at eg trudde no på dette eg.

Eg må nok innrømme at det stilna vekk, sjølv om eg hadde trua i hjertet og vende meg til Jesus i mi løynkammerbønn. Jesus hadde sagt til meg at han ville gjere meg til eit vitne om seg på arbeidsplassen og eg forstod at det var ved å gje meg ei kone. Men det vart det ikkje noko av. Derfor stilna det vekk, men eg visste og forstod at det var først og fremst fordi teologar og kristne leiarar ikkje ville vite av vedkjenninga mi, men vart mine fiendar som stod meg imot og det gjorde dei politikk ut av. Sidan har andre politiske interesser teke over og gått vidare med det på sin måte.

Eg er realist som trur på Jesus, om andre ikkje trur fordi er realistar og naturvitarar, så venta eg meg at dei i det minste at dei kan snakke med meg på ein vitug og forstandig måte om den saka som realistar og naturvitarar, kollega og medstudentar. Men så viser det seg at det heller ikkje går. Så då påstår eg at det er fordi dei har ersatatta trua på den sanne Gud med avgudar. Dei argumenterer gjerne mot trua på Faderen og Sonen, utifrå naturvitskaopen, men då kjem dei ut med religiøs overtru som erstatning for trua på den sanne Gud. Dette har eg nyst skrive om og eg trur Jesus svarar meg på det slik:

”For eg ser dine dagar då du er einsam. Menneske har gått ein annan veg, menneske som du fleire gongar har satt din lit til. Men menneske, dei er ikkje til å stole på.”

Når eg kom tilbake til Oslo laurdags kvelden, var eg på eit grill-selskap med lærde menneske. Eg var frimodig nok til å fortelje dei litt ifrå konferansen ”Hellig Hverdag”, men der var ikkje særleg stor interesse av å ta opp tråden og prate vidare om noko av dette (dette skriv eg meir om lengre nede). Nei, det har seg nok slik at menneska gjekk ein annan veg, derfor vart eg einsam. Jesus seier at menneske har gått ein annan veg, menneske som eg fleire gongar har sett min lit til, men dei er ikkje til å stole på. Korleis har eg fleire gongar sett mi lit til dei? Det må då vere som venner. Men dei er ikkje til å stole på.

Men det er no litt rart også, for Jesus har nyleg sagt at eg skal vere frimodig, eg skal så ved alle vatn, så eg skal vere frimodig og vitne for kven som helst og det er nettopp det eg har gjort. Vi skal vere lys og salt i verda og saltet må trenge inn i eit kjøtstykke for å konservere det. Kva er vel då meir verdifullt enn at vi er gode kollegaer, medarbeidarar og medstudentar, kammeratar og slektningar, samtidig som vi lever med Jesus og får oppleve at han er med oss i kvardagen?

Men generelt sett skal vi ikkje stole på menneske, men vi skal stole på Gud. Jesus har nyleg sagt til meg at eg skal ikkje stole på mine eigne evner, men eg skal stole på at den Heilage Ande vil føre meg vidare. Han har tidlegare sagt til meg at eg kan ikkje stole på, eller rekne med menneske, men eg kan rekne med hans kraft. Eg skal heilhjarta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft. Og eg ventar meg at slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone.

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

Jesus ser mine dagar og veit om mine netter, men eg er for hans auge.

Det vart mykje kaffidrikking og når eg la meg vart eg liggande vaken utan å få sove. I det siste hadde eg fått ein god del tankar og idear som eg kunne tenke meg å skrive, så eg stod opp att og skreiv ned stikkord som skulle minne meg om det. Så når Jesus sa han visste om mine netter, minna det meg om nettopp dette, som om han visste om det eg skreiv ned. Eg skreiv noko om at menneske kan med si fysiske makt stride mot forstanden. Og eg reknar med at slik strir mørket mot lyset. Og Gud kalla mørket natt og lyset kalla han dag. Så det kan hende  det var sikta til dette også.

1MO 1,1 – 1MO 1,5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

Kommentarar om “Hellig Hverdag” på Facebook.

Kommentarar til konferansen.

https://www.facebook.com/pg/hellighverdag/photos/?tab=album&album_id=1282622688503724

Torbjørn Sivertstøl Frank Årebråt fortalde om reformasjonen. For Henrik den 8. var det viktig å få skilje seg og gifte seg oppatt, derfor støtta han reformasjonen, men elles heldt han fram som katolikk. https://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_VIII_av_England Det var også eit krav frå ein av dei tyske fyrstane, for at dei skulle støtte Luther. Sidan patriarkane hadde fleire koner let han fyrsten også få det og det gjrode sitt til at katolikkane fekk meir vind i segla. http://www.robin.no/~arildjo1/luther/Full6.htm#6.2 Luther arbeidde eigentleg for å reformere den katolske kyrkja, men det vart ei protestantisk kyrkje og reformasjonen i den katolske kyrkja kom også. Dei tyske småfyrstane la vekt på arbeid og nøysemd (jfr calvinismen), som motsetnadd til å site og drikke på vertshuset og det har sidan prega pietismen og dermed haugianarane og dei fek betydning for vår nasjonale frigjering, men dei høge herrane på Eidsvoll var nok meir prega av liberale filosofar som Voltair.

Henrik VIII av England (engelsk Henry VIII) (født 28. juni 1491, død 28. januar 1547) var konge av England og Lord…
NO.WIKIPEDIA.ORG
Torbjørn Sivertstøl Dette var svært interessant for meg, men det var framleis berre som innleiing til det han eigentleg skulle snakke om: “Kristne samfunnsbyggarar frå Hauge til i dag”, men no var han allereie på overtid og måtte til å runde av og då tala han om at no hadde vi fått kvinnelege prestar og no ville dei ha homofile ekteskap i kyrkja. Ja, det er vel nok eit døme på at dei som har politisk makt har heilt andre interesser enn dei som forkynte og som forkynner den kristne trua. Det som er det sentrale poenget i den kristne trua hoppar dei over og ignorerer, ja, teier det i hel.
Torbjørn Sivertstøl Men eg har framleis håp om at det skal vere hovudpoenget for Oase og “Hellig Hverdag”, at på evangeliets grunnvoll er vi forsona med Gud, så vårt forhold til han er gjennoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Vi kjem inn i samfunn med Gud og får oppleve at hans gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han er den same no og gjer framslis sitt verk i samsvar med 1.Mos.2 og vårt oppdrag er framleis å dyrke og verne Guds hage. så hovudsaka for oss er å vere Guds medarbeidarar, fyrst og fremst ved at vi let han gjere sitt verk med oss.
Torbjørn Sivertstøl Jeff Van Duser talte om at Guds opphavlege meining med menneska var at dei skulle dyrke og verne Guds hage. slik har han framleis mål og meining med vårt arbeid og vår næringsverksemd. Det er vanleg å rekne økonomisk resultat som hendsikta, men med vår tru på Gud får vi eit anna perspektiv på det, som om det er sjølve arbeidet og næringsverksemda som er hendsikta. Så viste han døme på at ein kan komme i dilemma, når ein skal prøve å gjere “det rette val”.
Torbjørn Sivertstøl Alf Inge Wang er norges einaste professor i spelteknologi, han har vore med på å utvikle “Kahoot”, som vert brukt i quiz.
Torbjørn Sivertstøl Werner O Filtvedt har doktorgrad i fysikk og er forskingssjef ved Dynatek. Dei er i ferd med å utvikle eit solcellepanel som vert mykje billigare. Han viste eit kart over Sahara, om ein forholdsvis liten firkant var dekt av solecellepanel, ville det vere nok til å forsyne heile verda med energi. Og eg som såg for meg at det kunne brukast til skugg for sola, så ikkje plantane sveid av og tørka ut. Men her er no bruk for mykje meir kraft til å pumpe opp grunnvatn eller lage ferskvatn ved avsalting.

Torbjørn SivertstølCato Lyngøy var i ein god jobb, men hadde fått ein ide om å skapte noko nytt, det var eit originalt påfunn og det ville vere risikabelt å sate på det, men han bad lenge til Gud om råd, for å forvisse seg og vart meir og meir overbevist, inntil han satsa på det. http://www.bt.no/btmagasinet/Og-Gud-skapte-egget-281b.html

Vårherre gav han ideen. Oppfinnar Cato Lyngøy er sikker på at eit gigantegg kan revolusjonera norsk oppdrett.

Kommentarar med tilknyting til grillselskapet laurdags kvelden.

 

Grillselskap 29.4.2017.jpg
Karine Grønli Kvalvaag Kan dere vekke mannen min før dere går? 😳
Torbjørn Sivertstøl Grilla elgkjøt, øl og wiskey på toppen av myke god mat tidlegare i helga, sidan eg kom rett frå konferansen “Hellig Hverdag” på Gardermoen og fortalde litt om foredraget til professor Frank Årebråt. Her var no heilt sikert folk med historisk interesse. Så set verten på musikk av gruppa “Satan”, så eg misstenker det var ein demonstrasjon av at eg ikkje var velkommen likevel, ein mørkemannskultur som ikkje tek imot lyset. Men eg lurer no på kven i helvete som er mannen din? Same kven han er, så treng de nok å verte oppvekte av Sanningens Ande de også.
Karine Grønli Kvalvaag Han gledens herre, nr 2 fra venstre!
Torbjørn Sivertstøl Johannes Openberring.12,7Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
Torbjørn Sivertstøl Siterer frå Paulus brev til Kolossarane kap.2: 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Kai Runar Wang Kol 4 5-6 er nok mer relevant akkurat nå:
5 Gå fram med visdom blant dem som står utenfor, og bruk den dyrebare tiden godt.  
Torbjørn Sivertstøl For Paulus var det verset eg siterte sjølve visdomen. Eg hadde referert til Årebråts tale om reformasjone og bemerka kor stor betydning militær makt hadde i det politiske spelet. Midt opp i dette stod dei som vitan om si tru på Jesus og forkynte rettferd ved tru. Så sitatet er sentralt i den samanheng også.
Petter Ludvik Berger APO PANTOS KAIKODAMONOS!!
Håvard Skaadel = “Away, every evil daimon!”
Fra nettet: «This is often said to be derived from the Greek Orthodox liturgy.» Nærmere bestemt etter den hl. Basilios 🙂
Håvard Skaadel Alle kristne er vel enige om at Skaperen elsker verden, og Forløseren har forløst den – så alt vennskapelig samvær er godt og velsignet. Utover det må bemerkes at sanne Lutheranere også bør spille lutt 🙂 🎶
Håvard Skaadel «Alt er rent for den rene,» Titus 1,15. Så i slikt et trivelig vennelag kan man slappe av og vite at man er velkommen akkurat slik man er 🙂
Når satan først er kastet ned fra jorda, er det forresten betryggende at han ikke driver med verre ting enn å romstere rundt i engelskspråklige gutteband og spille dårlig rock.
Torbjørn Sivertstøl I tidlegare tider trudde menneska at Djevelen var gud, men Jesus sigra over han og dei som risikerte livet på å vitne om det fekk hjelp frå Guds englar, så Djevelen vart kasta ned frå himmelen, eg reknar med at slik mista han sitt gude-status. Likevel er det framleis mange andre plassar på jorda som må lide smerteleg for si tru på han og mange som lid martyrdøden, men dei også skal få hjelp frå Guds englar. Vi som tolker Bibelen utifrå Bibelen får forståelse for at Djevelen ikkje er ein gud, men eit lavtståande dyr og eg påstår at metodane hans er ein primitiv, dyrisk trong til sjølvhevding.
Torbjørn Sivertstøl Verten, ståande til venstre og han som sit på mi høgre side har hovudfag i astronomi og underviser i fysikk. Eg filma dei når dei sat i klosterruinane i gamlebyen og spelte middelaldermusikk. Men av all mogleg moderne musikk valde dei i denne samanheng dette. Då var bibelsitatet frå Johannes Openberring12 treffande, for det fortel kva som har skjett i mellomtida, nokre vitna om si tru på Jesus, draken vart styrta, det vart glede i himmelen, men arme jord og hav …..
Torbjørn Sivertstøl Desse to kammeratane er venstremenn også. Det var eg også når eg var ung. Då var partiet oppteke av å verne små og mellomstore bedrifter og definerte seg langt på veg som populistisk, særleg Unge Venstre, for dei la vekt på lokaldmokrati og desentralisering. Dei la altså opp til å støtte privat initiativ, spesielt i distrikta, for å få til næringutvikling. Slike røyster og tonar har stilna vekk i Venstre. Det heng nok saman med at einsrettinga i massemedia er så massiv. Men Hans Nilsen Hauge var både forkynnar og dreiv grunderverksemd også og det fekk store konsekvensar både politisk, for nasjonal frigjering og for den økonomiske utviklinga av landet og “Hellig Hverdag” oppmuntrer folk til følge opp. Og eg ventar meg av venstremenn at dei skal vere i stand til å sjå det verdifullet i det.
Are Vidar Boye Hansen Venstres gründerpolitikk fra side 67, for de som måtte være interessert: https://www.venstre.no/…/Venstres-stortingsvalgprogram…

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Økonomisk politikk, Kristne møte 2017, religion og politikk, Vitskap og religion. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s