2017.04.17&23 Gå ut i det frie området og legg ut på djupt vatn.

Møte i Maranata 2. påskedag og søndagen etter.

IMG_0462.JPG

Tale ved Tore Kristiansen.

1KG 17,1 – 1KG 17,16 {ELIA OG RAMNANE}  Elia frå Tisjbe, ein av innflyttarane i Gilead, sa til Akab: “Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei fyrste åra skal det korkje koma dogg eller regn utan at eg seier det.” [Tisjbe: stad i Gilead, aust for Jordan.] 2   Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 3 “Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan! 4 Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.” 5 Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til. 6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken.  7 {ELIA OG ENKJA I SAREPTA}  Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. 8 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 9 “Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg.” [Sarepta: by i Fønikia, sør for Sidon.] 10   Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: “Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!” 11 Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: “Ta med deg eit stykke brød til meg òg!” 12 Ho svara: “Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy.” 13 Elia sa til henne: “Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak fyrst eit lite brød av mjølet, og kom ut til meg med det! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. 14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.” 15 Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar. 16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

Gilead betyr “Vitnebyrdets røyst”.

Tungetale ved Karl, tyding ved Tore:

Eg, Herren, seier: Gå ut frå ditt tronge rom, gå ut i det frie området. Stol ikkje på dine eigne evner, men stol på at min Ande skal leie deg framover. Og så når min Ande leier deg, så skal du få oppleve at alt kva du gjer, skal du ha lykke til. Du skal få så ved alle vatn og du skal få oppleve at i tida sitt laup, skal du finne det igjen.

Legg båten ut på djupt vatn, lat all fortøying gå. Ikkje sit og tenk på omkostnadane, men kast det på meg, Herren, så skal eg føre deg ut i dobbeltbekken, eg skal føre deg ut i velsigninga, eg skal føre deg ut i denne herlege floda og du skal få kjenne, at livet ditt skal bli som ein blomstrande hage, for vinteren er borte, sommaren er komen og sangens tid er inne.

Aktuelle bibelvers.

SLM 18,34   Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg stå på høgdene.

HAB 3,19   Herren Gud er min styrke.  Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.

FRK 11,1 – FRK 11,6 {DU VEIT IKKJE KVA SOM VIL LUKKAST}  Kast brødet ditt på vatnet;  for med tida finn du det att. [Kast brødet ditt osb.: oppmoding til å våga noko, endå om ein ikkje kan rekna ut resultatet.] 2   Del det du har med sju eller åtte;  for du veit ikkje kva for ulukker  som kan henda på jorda. 3   Når skyene vert fulle av regn,  auser dei det ut over jorda.  Fell eit tre, mot sør eller nord,  vert det liggjande der det fall. 4   Den som aktar på vinden, får ikkje så,  den som kikkar på skyene, får ikkje hausta. 5   Likså lite som du veit  kva veg vinden blæs,  eller korleis beina vert til  hjå fosteret i mors liv,  likså lite kan du vita  korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk. 6   Så ditt sæde om morgonen,  og lat ikkje handa kvila om kvelden.  Du veit då ikkje kva som vil lukkast,  anten det eine eller det andre,  eller om alt er like godt.

FIL 3,1 – FIL 3,11 {Å VINNA KRISTUS}  Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. [skamskjer seg: Paulus siktar til omskjeringa.] 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. 4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. 5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, 6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. 7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

ESK 47,1 – ESK 47,12 {LIVSENS ELV}  Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret. 2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida. 3   Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla. 4 Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene. 5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja. 6   Han sa til meg: “Har du sett det, menneske?” Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der. 7 Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva. 8 Han sa til meg: “Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordan-dalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt. [sjøen: Daudehavet.] 9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. 10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. [En-Gedi: midt på vest-stranda av Daudehavet.] [En-Eglajim: langt nord på vest-stranda av sjøen.] 11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. 12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.”

HSA 4,12   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.

HSA 4,15 – HSA 4,16   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

HSA 5,1   “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,  og plukkar min myrra og balsam.  Eg et min honning og mi honningkake  og drikk min vin og mi mjølk.”   Ja, et og drikk, mine vener,  og lat kjærleiken riva dykk med!

JES 51,3   Ja, Herren skal trøysta Sion,  trøysta alle hennar aude tufter.  Han gjer hennar øydemark lik Eden,  hennar aude hei lik Herrens hage.  Der skal fryd og glede råda,  der skal takkesong og jubeltonar lyda.

JES 58,11   Herren skal alltid leia deg  og metta deg i det turre land.  Han skal styrkja deg;  du skal verta som ein vassrik hage,  ja, som ei rennande kjelde  der vatnet aldri tryt.

JES 60,21   I ditt folk skal alle vera rettferdige,  dei skal eiga landet til evig tid.  Dei er ei plante i min hage,  eit verk eg har gjort til mi ære.

JER 31,12   Dei kjem med jubelrop til Sion-fjellet,  dei strålar av glede over Herrens gode gåver:  korn og vin og olje,  sauer og geiter og oksar.  Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage  og ikkje lenger lida naud.

HSA 2,8 – HSA 2,14 {SJÅ, HAN KJEM!}  Høyr, det er min ven.  Sjå der, han kjem  springande over heiane,  hoppande over haugane. 9   Min ven er som gasellen,  han liknar den unge hjort.  Sjå, der står han bortmed husveggen;  han glytter inn gjennom gluggen  og ser inn mellom sprinklane.  10   Min ven tek til ords og seier:  Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes,  regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane;  songtida er komen,  og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar,  og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla,  i livd under flogbratte fjell,  lat meg få sjå din skapnad,  lat meg få høyra ditt mæle!  For di røyst er så mjuk  og din skapnad så fager.

Kommentar.

”Hellig Hverdag”.

Eg fekk litt ventetid i Volda kvelden før, eg skulle Oslo med nattbussen, så eg gjekk inn på ein kafe og der møtte eg Gunnar Andås, han er ein av leiarane for Betel (den Frie
Evangeliske Forsamling) og jobbar med å selje og montere video-kommunikasjonsutstyr. Eg fortalde eg dreiv å studerte enno, men eg syntest det var litt betnkeleg å bruke opp pengande sine lsik. Eg sa eg kunne ha tenkte meg å vere på ”Hellig Hverdag” på Gardermoen om to veker, det er eit arrangement som tek sikte på å få folk til å engasjere seg etter Hans Nilsen Hauges førebilete. Då fortalde han meg at for omlag 5 år sidan fekk NHO nokon til å skrive bok om Hans Nilsen Hauge. For han har hatt så stor betyding både for den økonomiske utviklinga av landet og for vår nasjonale frigjering. Han var berre ein bondegut når han vart kalla til å forkynne. Han skreiv bøker og det tente han godt med pengar på. Han vart gründer både ved å investere sjølv og foreslå for andre låne dei pengar til å starte opp. Når han fekk igjen pengande, lånte han dei ut att, for å få i gang nye prosjekt.

Samanlikning med Elia og H. N. Hauge?

Elia kom til ei gammal enke og son hennar og dei fekk oppleve at Gud gjorde under og forsørgde dei. Eg kunne tenke meg at eg til samanlikning kom til ei kvinne, som vart kjærasten min og kona mi, så eg fekk prate med henne om dette skriveriet mitt og ho vart til hjelp for meg, så kunne det verte bøker ut av det, sjølvsagt for å bringe ut den gode bodskapen, men så hadde vi også tent pengar på det.

Men her må eg altså la den Heilage Ande leie meg, slik som det vart sagt i bodskapen. Med dette skriveriet mitt har eg vorte nokså passivisert heime med meg sjølv, vore på Blindern berre på fredagen og ikkje lese stort meir enn den dagen i fleire veker. Men Jesus kallar meg ut i det frie området.

No har eg meldt meg på ”Hellig Hverdag” og det ser eg fram til.

Forstanden, frimodet og tilfeldigheita.

Igjen vart vi minna om frimodet og tilfeldigheita, det vert svært godt forklart i For.11,1-6. Tilfeldigheitene betyr at vi kan ikkje føresjå nøyaktig kva som kjem til å skje, vi forstår det ikkje og kan ikkje styre det, i fylgje kvatefysikken er det ein meir fundamental eigenskap ved naturen enn kva vi tidlegare visste. Men Gud har kontrollen likevel og kan styre det slik han vil. Vi skal berre la tilfeligheitene få utspele seg, same enten det bles, regnar eller er finever, så skal vi så kornet uansett. Vi skal forkynne Guds Ord for alle og ein kvar, kven som helst, same enten vi synest det er godt eller dårleg ver til å gjere det. Kast brødet ditt på vatnet og du skal finna det igjen. Det betyr visst å ta sjansar. Når vi tek sjansar, skal vi få oppleve at Gud gjer sitt verk, vi skal få oppleve at den Heilage Ande leier oss.

Seglbåten, bustad og studiane.

Det ser ut til at eg skal få sjøsette seglbåten, Kintyre,  igjen i sommar, men eg kjem til å få ein god del å gjere på den sjølv også, for å sette den i stand. Igjen byrja eg å tenke på å segle den til Asker og bruke den til hybel. Men så kjem bror min, Arvid, heim frå Seattle og vert i Noreg frå 22.7 til 20.8, då skal vi dele arven etter morog så vert det å bruke tid på å feriere på heimlege trakter når han er der.

Dette semesteret byrja ganske bar, men så dabba det av, det vart meir og meir skriving og mindre og mindre studering. Sidan midten  av februar har eg vore på Blindert ein dag i veka, fredag, og ikkje studert stort meir enn den dagen, då har eg vore på trening også, på kvelden. Eg trekte meg frå to av tre fag og skal ta oppatt eksamen i to, eitt av dei er fysikalsk kjemi 2, men det er noko ulikt dei to andre, så no tenker eg på å trekke meg frå det også. Til hausten vil eg ta oppatt informatikkfaget og den informatikken kan eg bruke i fysikalsk kjemi 2. Då kan det passe å jobbe med dei to faga i sommar og så sløyfe seilasen. Etter dette som vart sagt i denne bodskapen, synest det å falle på plass slik. Når eg studerer, skal eg ikkje stole på mine eigne evner, men stole på den Heilage Ande og la den leie meg, så eg ikkje slit i eigne krefter, men let Guds kraft vere verksam i meg.

Han sa eg skulle kaste laust fortøyingane og legge ut på djupt vatn, ja, eg skal nok bokstaveleg tala kaste laust og legg ut på djupt vatn med Kintyre, i sommar. Men eg trur nok helst dette har symbolsk betydning. Det refererer til at Jesus sa disiplane skulle legg ut på djupt vatn og då fekk dei så mykje fisk. Det vert brukt symbolsk om å vere menneskefiskar (Luk.5.1-11). Eg forstår det slik at det har å gjere med å tenke meir generellt og ordlegge seg i meir genrelle former, som å vere meir teoretisk.

Meir samanlikning med Elia. Klosterkultur og Descarts rasjonalisme. 

Elia.

Elia talte mot kongen fordi han hadde vendt seg bort frå Gud og dyrka avgudane. Derfor tok han også røminga og søkte tilflukt ut i øydemarka, men Gud var med han og forsørgde han.

Jfr bodskapen 26.3.2017:

Mitt Ord, det er levande. Og mitt Ord, det er virkekraftig. Og mitt Ord, det skaper det som ikkje er til, som om det var til. Og mitt levnade Ord, det er din mat. Ta til deg av maten, så du har brød å ete. Ja, du skal ha brød i løyndom, som dei andre ikkje veit noko om. Og når det er tørt og hungersnaud rundt omkring deg, så har eg, Herren, openberra meg for deg, i løyndom. Og medan det omkring deg er ufruktbart, så kjenner du i ditt hjerte, du har glede, du har fred, du har frimod. Alt dette vil eg gi til den som tek til seg av mitt levande Ord.

det var Gud som leia han dit ramnan gav han mat og sidan til denne enka. Sidan leia Gud han til å stå fram på Karmel, der Gud gjorde eit mektig under som viste at han var Gud. Likevel måtte han flykte for Jesabel og vart igjen åleine ut i ei fjellhole. Der møtte Gud han og sa at der framleis 10000 som ikkje hadde bøygt kne for Ba’al-gudane. Dette minna Herren meg om og sa at i denne tida er det mange fleire som ærar hans namn.

Bodskapen 11.6.2011.

Misjonsbefalinga.

Jesus lærde dissiplane sine å søke Gud i einsemda, i løynkammerbøna, sjølv gjekk han opp i fjellet for å be til Gud i einsemda, så steig han fram og talte til folket. Når Jesus hadde stått oppatt frå dei døde, gav han dei misjonsbefalinga:

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

Ssite setninga er både ein lovnad og eit påbod, det er gjerne slik med lovnadar at der er ei forutsetjing og påbod, for å å få lovnaden oppfyllt, slik også her, men ein del av føresetnaden og oppfyllinga er to sider av same sak, vi skal få sjå at han er med oss, men då må vi også sjå etter han. Vi må ha den innstilllinga at vi vender oss til han, søker han og ser etter han. Fyrst skulle dei halde seg i ro og vente på det som han ville gi dei frå himmelen. Så dei stengde seg inne i fellesskap og når den Heialge Ande kom over dei, gjekk dei ut og vitna for kven som helst.

Klosterkulturen, ikkje drikke av denne verda sine sprukkne brønnar, men av den levande brønnen.

Paulus sa at dei levde i ei vond tid, derfor frårådde han folk å gifte seg. Det vart nok sidan eit godt argument for klostertilvære, men å gå ut å vitne for kven som helst, vart det heller lite av. Og det kjenner vi igjen i vår tid. Kva er eigentleg grunnen til at vi ikkje skal gå ut, er det fordi verda er vond, tida er vond, nei, det viser i så fall at verda treng den glade bodskapen vi har å bringe, så det er tvert om eit argument for at vi skal gå ut. Eg har så mykje teoretisk arbeid å gjere, ja vel, men pedagogisk sett er det ein fordel for meg å gå ut og vere i lag med dei andre studentane.

Javel, og så skal eg vitne om at eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og tydeleg gje uttrykk for at eg ventar at han vil gje meg ei ung, vakker kvinne til kone. Men vil ho oppleve det som gledeleg å få ein ektemann som er på alder med bestefar hennar? Tanke på det gjorde meg tungsindig og endå meir tung i sessen enn eg er, så det kjendest tungt å gå ut. Men eg følte Faderen minna meg om den heimeverande sonen, han gjerkk ut og ville ikkje delta i festen som Faderene stelte i stand for den bortkomne sonen. Men Faderen gjekk ut og sa til han at alt mitt er ditt. Då innsåg han vel at han hadde noko å glede seg over likevel. Til samanlikning må eg med trua og med hjertets opplatne auge innsjå at eg har noko å glede meg over, når eg skal gå ut og forkynne den glade bodskapen for andre menneske.

Jfr. bodskapen 22.1.2017:

Du drikk ikkje lengre av dei sprukkne brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv. 

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er oventil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.

Descarts rasjonalisme.

Dette får meg igjen til å tenke på Descarts rasjonalisme. Der er kanskje dei som kallar det forstandstru, som om det er å tru å eigen forstand, tru på eigne evne, men eg kallar det ei feilformulering, for som eg har forklart tidlegare er aksioma i matematikken utganspunkt som vi tenker utifrå, då er det om å gjere å bruke forstanden og forstå. Slik kjem vi fram til læresetningar som vi tenker vidare utifrå, slik reknar vi og kjem fram til svar. Det går vel an å rekne feil og ikkje alle er like flinke til å rekne. Når vi sansar noko, brukar vi også forstanden og hukommelsen til å prøve å oppfatte kva det er vi sansar. Og vi kan ta feil. Descart argumenterte for at det han forstod var det sikre, det han sansa var meir usikkert, men så var han også eit matematisk geni. Går det an å seeie at slik er det meir generellt? Det vesentelge poenget blir då å samanlikne trua på det fullkomne med matematikken.

Slik samanliknar eg Guds Ord med matematikken, trua på Gud og hans Ord er utgangspunktet eg har å tenke og leve utifrå, Jesus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, han gjev meg ånd og liv ifrå himmelen og det er fullkome. For meg svarar det til det fullkomne som Descart talte om. Det er frå himmelen og er dermed suveret over den sansbare fysiske naturen og suvertent over mine fysiske sansar. Det er likevel ikkje berre teori, men ein åndeleg røyndom som eg erfarar i mitt indre menneske, med mi sjel, som om eg har ein sjuande sans. For eg fekk den Heilage Ande av berre nåde og den openberrar Ordet for meg. Eg er rettferdig ved trua på Jesus, av berre nåde, eg fekk Anden ved tru av berre nåde, den rettferdige, ved tru skal han leve, så då lever eg ved å ete Guds ord, ved at eg vedvarande tek imot den Anden og det livet som Jesus gjev meg frå himmelen (Joh.6).

FIL 3,12 – FIL 3,21 {FRAM MOT MÅLET}  Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet! 17   Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi. 18 Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross. 19 Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting. 20 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.

Det er to fysiske sansar som likevel er viktig for oss i vårt forhold til Gud, det er hørsla, så vi kan høyre forkynninga av Guds ord og det er synet, så vi kan lese det. Likevel er der også ei ånedeleg side av saka, å ha hjertets opplatne auge og å ha øyre for kva Anden talar til oss.

EFE 1,15 – EFE 1,23 {TAKK OG BØN}  Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

HEB 12,18 – HEB 12,29 {SINAI OG SION}  De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: “Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.” 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: “Eg er så redd at eg skjelv.” 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, [Sion-fjellet: tempelhøgda i Jerusalem. Sjå 2 Sam 5, 6 ff; Sal 48.] 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: “Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.” 27 Her står det: “endå ein gong”. Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

ÅPE 2,7   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

Eg brukar forstanden til å prøve å oppfatte rett det eg sansar, til å forstå realfag, til å forstå Guds ord, profetisk tale er fyrst og fremst ei åndeleg nådegåve, men den som talar profetisk brukar vit og forstand. Sjølv om eg ikkje heilt kan stole på mine eigne evne, heller ikkje på forstanden, så er tross alt eigne evne gode å ha og dei er til for å brukast, mitt eige vit og forstand er tross alt noko av det mest verdifulle eg har, eg kan ta feil, men då er det berre å tenke om att og eg kan tenke om att mange gongar, for å forsikre meg om at eg tek tenker rett. Sjølv om eg på sett og vis tenker rett, så kan det hende eg på sett og vis likevel må tenke nytt, på grunn av motstand frå verda. Men så stoler eg ikkje på eingne evne, men eg stolar på Gud, på hans Ord og hans Ande, Gud fornyar meg ved sitt Ord og sin Ande.

RMR 12,1 – RMR 12,5 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

Kvifor skulle kvinna bruke slør i kyrkjelyden?

Hausten 1976 møtte eg igjen henne Virtuella på Studentsenteret i Bergen. Ho fekk vite at eg var forelska i henne og hadde bedt Jesus om å få møte henne igjjen og tok dette som eit bønnesvar. Då var dette sjølvsagt noko som eg ville snakke meir med henne om, men sidan fekk eg ikkje møte henne igjen og snakke med henne eller ha noko meir med henne å gjere. Men eg gjekk i den Frie Evangeliske Forsamling og pinsemenigheiter og der fekk eg oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale og eg forstod at det gjaldt mitt forhold til henne. Han hadde kalla henne, men ho vende seg bort frå han og fall ifrå. Og det har vist seg no siste åra, at han framleis kallar på henne.

På slutten av 1970-talet protesterte kvinnerørsla og dei venstreradikale mot Paulus sine ord om at kvinna skulle bruke slør og teie i kyrkjelyden og slik gjekk dei til åtak mot kristne organsisasjonar som rekna seg for å vere Bibel-trugne, som Ungdom i Oppdrag og det kristne skulelaget. Eg går ut ifrå at folk kjenner til Paulus sine sine forklaringar, korleis han argumenterte for det.  For det forste skapte Gud kvinna av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Slik skulle ho underordne seg mannen sin og det skulle sløret hennar symbolisere. Det var kvinna som let seg lokke og forføre ved syndefallet, så det vart nok eit argument. Ho skulle teie i forsamlinga og ta imot lærdom og dersom ho hadde noko å spørje om, skulle ho spørje mannen sin heime med seg. For Gud er ordens Gud.

Poenget er at vi skal lese Guds Ord og lytte til det, til det brukar vi augene og øyrene og let den Heilage Ande openberre Ordet for oss og minne oss om det, vi skal lytte til han som talar til oss frå himmelen og det er med den Anden han har gjeve oss, det er med den åndelege og forstandige innsikta Gud gjev oss med sitt Ord og sin Ande. Vi skal rette hugen og blikke topp til Jesus og ta imot den Anden og det livet som han gjev oss frå himmelen. Då er det klart at dette kjem i tillegg til det vi kan sanes med dei fysiske sansane.

Ei kvinne kan fort verte eit blikkfang for ein mann, spesielet om det er ei ung, vakker kvinne, spesielt om ho sit og pratar, slik at det verkar til å få hans merksemd bort frå Guds Ord, bort frå Herren, så det kjem i motsetnad til heilaggjeringa, for den går ut på at vi skal vende blikket på Jesus og helge han som Herre i vårt hjerte. Om kvinna opplever at ho soleis vert blikkfang, kan ho vel kjenne seg brydd og det verkar til at hennar merksemd også vert trekt bort frå Herren. Då er det ein fordel både for henne og for mannen at ho ber slør. Dette kan synest merkeleg i ein verdsleg samanheng, men då vil eg minne om at Gud er kjærleik, Jesu kyrkje er Jesu brud og det er Guds verk, når vi tek imot Jesus i tru, blir kjærleiks-forholdet mellom Kristus og hans brud integrert i oss, slik at det for oss gjeld kjærleiks-forholdet mellom mann og kvinne. For å forstå dette og bevare det, begripe det og gripe det (Fil.3,12), må vi vere klar over at denne åndelege innsikta og rasjonaliteten kjem i tillegg til det som vi fysisk kan sanse.

Det vart ikkje noko påbod om at kvinna skulle bruke slør i kyrkjelydane og det var det vel inge som venta seg heller, vi lever i eit fritt land og kvinne vel sjølve om dei vil ha noko på hovudet både i og utanfor kyrkjelyden. I dei frie kyrkjelydane er det mange som deltek på ulik vis, ja, som ulike lemer på lekamen, slik som Paulus sa. Det hender også at der er kvinner som held tale, der er kvinnelege pastorar og i  kyrkja er der kvinnelege prestar. Ærleg tala er dette ikkje strengt teke etter Paulus sine ord. I vår tid diskuterer dei om kvinna skal bruke burka eller hijab, endåtil i det sekulære samfunnet og så kritiserer dei Listhaug for at ho ber korset som smykke. Men  kva var symbolverdien, kva var det sentrale og verdifullet poenget? Det var at vi skulle lytte til Guds Ord, høyre på han som talar til oss frå himmelen, den som har øyre han høyre kva Anden talar til kyrkjelydane.

Men det vart tvert om protestert mot at kvinna skulle høyre etter, dei kalla det frigjering, men i praksis verkar det som forbod mot at mannen skulle få tale, altså forbod mot det som var det sentrale og verdifulle poenget. Så det kan samanliknast med prestane som ville forby Hans Nilsen Hauge å forkynne Guds Ord, så dei endåtil fekk han fengsla for det. Stikk i strid med Guds Ord betyr det forbod mot å bruke språksansen, med synet og hørsla, til kommunikasjon mellom mann og kvinne. For kyrkja og mange kristne organisasjonar kjem dette endåtil i tilelegg til at vi ikkje skulle få bruke dei andre sansane, for kvinna skulle vere tildekt og skjult. Slik er altså mørkmannskulturen, det er mørkets rike, som den rake motsetnaden til lysets rike.

Då kan vi samanlikne kvinna med krokodilla, den har ikkje språksans, slik som menneska, den er ikkje eit pattedyr og har ikkje så mykje omsorg for avkommet sitt som pattedyra. Den har ikkje ei tynn og følsom hud, men ei tjukk, sterk og ufølsam hud som er som eit panser, så den triveast godt i vatnet og i gjørma, der stein og røter skarper mot skinnet, det tåler det godt, ingen smerter med det. I Bibelen vert slike krypdyr brukt som symbol for usivilserte menneske som lever langt borte frå det siviliserte samfunnet, bysamfunnet, men som også kan opponere mot det ”opplyste”, siviliserte mennesket/ samfunnet (jfr. syndefallet).

Dei venstreradikale ville bryte ned det beståande, kapitalistiske samfunnet, for å omforme det, gjere revolusjon, så dei kjempa mot kapitalinteressene og leitte etter argument for det og metodar til det. Slik argumenterte venstreradikale kvinner mot mannen, dei såg på han som kapitalist, med kapitalistiske interesser, derfor skulle dei frigjere seg frå han og kjempe mot han. Men det var den einskilde, vanlege mannen, men nokså vanlege ressursar å rutte med, det gjekk ut over. I staden for åv ere ei hjelp for han, som kona hans, med å bygge opp hus og heim, med familieliv, deira felles økonomi, så vart ho ein fiende for han, som kjempa imot han for å prøve å rive ned det han prøvde å bygge opp. Som om ho var av ein annan art, ormeætta som kjempa mot kvinna si ætt.

I vår tid viser det seg så at dei same venstre-radikale menneska er svært så ”gode busser” med diverse storkapitalistiske interesser. Så konklusjonen er, at ved å fornekte Kristus som vår frelsar og Herre, vart menneska endå meir hjelpelause overfor dei storkapitalistiske interessene.

Kjønnsroller er naturleg, men kva betydning har det at vi trur på Gud og hans Ord?

Kvinneforsking?

Når ein ung mann som trur på Jesus, vil ha seg ein kjæraste og ei kone, så vert det viktig for han å komme i kontakt med mange unge kvinner og prate med dei. Han gjer heilt rett i gjere det i samsvar med misjonsbefalinga, slik at han får sjå at Jesus er med han i det også. Samtidig som han ser dei og sansar dei, ser han på Jesus, slik har han den åndelege innsikta og rasjonaliteten, samtidig som han brukar dei fysiske sansane til å kommunisere med andre menneske, også med kvinner, også med tanke på å få seg ei kone. Samtidig som han har den åndelege innsikta og rasjonaliteten, lærer han noko nytt ved å bruke sansane, så han lærer gjennom erfaring. Slik kan han vel oppfatte seg sjølv som forskar, men må passe på å halde seg til den rasjonalieteten og åndelege innsikta han har fått. Når han vil ha seg ein kjæraste og ei kone, så må han opptre som gentelmann og friar overfor henne og etter kvart som seier ja til hans frieri og hans tilnærminagar, får han erfare meir av henne. Seier ho ja til hans frieri og verte kona hans, betyr det at han med sin kjærleik til henne, på sett og vis, får makt over kroppen hennar, men det må skje i helging, slik at Gud ved sitt Ord og sin Ande råder i kroppane deira, slik vert dei ein kropp, eitt tempel for den Heilage Ande.  Då er det rett, fordi Gud har skapt oss slik. Jesus er den døra han går inn gjennom, for å møte Jesus i løynkammeret og i kyrkjelyden, for å søke samfunn med Gud. Og Jesus er den døra han går ut gjennom, ut i verda for å få oppleve at Jesus leier oss som sauer til grøne enger og til vatn der vi finn kvile.

Men det som er så merkeleg i denne tida, det er at prestar og politikarar, lærarar og filosofar opptrer som konkurrentar til den unge mannen, så dei prøver å få makt over kvinna i staden for mannen og slik prøver dei å få makt over kyrkja i staden for Kristus. Så kallar dei det kvinneforsking og legg vekt på den empireike erfarigna som motsetnad til den åndelege og rasjonalistiske innsikta. Slik prøver dei tydelegvis å bruke ”erfarings-vitskapen” som motsetnad til den åndelege og rasjonalistiske innsikta, skapingssoga i 1.Mos.2, kreasjonismen.

Dersom ein naturvitar forskar på ein flokk antiloper, så er det antilopene som skaper og gjev han dei empiriske erfaringane som han registrerer som data. Presenterer han det som nyhende i dokumentarfilm og magasin, massemedia, så er det antilopene som skaper nyhende. Forskar dei på menneske, så er det menneske som skaper nyhende. Eg reknar med at samfunnsvitskaplege forskarar og journalistar er klar over at dei påverkar dei menneska og det samfunnet dei forskar på, så dei er med på å skape nyhende. Men når forskingsresultat vert presentert, vert ikkje dette alltid forklart for dei som det vert presentert for. Det vert tvert om brukt bevisst, men skjult, for å oppnå bestemmte mål og derfor forteia for det publikum det vert presentert for. Forskinga og resultata kjem til erstatning for menneskets ytringsfridom og så vert det brukt til å ta avgjerder over hovudet på oss, med konseekvensar for vore liv. Det blir då så tydeleg når dei fortenger den unge mannen for å drive ”kvinneforsking”, for å få makt over kvinna i staden for at han skulle få henne til kone.

2017.04.23. Måtte vår kjærleik verte rikare på dømmekraft og skjøn, så vi kan dømme rett i ymse spørsmål og stå reine og lytelause på Kristi dag. 

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon byrja å lese frå Fil.1,8, men eg byrjar med vers 3 for samanengen skuld og fordi eg lengre nede refererer til ein bodskap som minner oss om vers 6.

FIL 1,3 – FIL 1,11 {TAKK OG BØN FOR KYRKJELYDEN}  Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. 4 Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede. 5 For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet. 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7 Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet. 8 Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. 9   Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn, 10 så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.

ÅPE 3,6 – ÅPE 3,8   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   7 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Kommentar.

I det siste har eg tenkt meir på at det er eit verk Gud gjer i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande, slik som det vart sagt i bodskapane 19.3.2017:

På din lange ferd, så har du vorte trøytt. Men du gav ikkje opp, men du fann vissa for din fot, for eg har gått føre deg. Bakkar skal eg jamne og kvar ein port skal eg sprenge. Og eg har gått føre deg, for eg har bana veg for deg like inn i heilagdomen, der du kan få nåde og hjelp til rette tid. Eg har sett din motgang og den prøvinga du har gått gjennom. Men den prøvde tru er kostelegare enn …… gull. Og når du er skrøpeleg, då skal du vite at du er sterk. Og når du ingen krefter har, då skal eg gje deg stor styrke. For eg som har byrja den gode gjerning i deg, eg vil fullføra den inntil Jesu Kristi dag. Eg slepp deg ikkje og eg forlet deg ikkje. Og før beina dine vart danna i mors liv, så såg eg dine dagar, før dei vart talde. Og eg har lovnad om at du skal gå på mitt Ord og eg skal bere deg på mine armar. Og eg vil aldri sleppe deg. Så kast alt på meg, som er tungt å bere, så skal eg gje deg kvile. For eg har omsorg for deg.

Eg er Herren din lækjar, eg er Herren din styrke, eg er Herren di kraft, eg er Herren som har lova å vere med deg. Og eg har tala inni ditt hjerte her i kveld, at du skal ta imot mitt Ord i eit vakkert og godt hjerte og det vil skape det det nemner. For mitt Ord, det vender ikkje tomt tilbake, men det skal ha framgang til det eg sender det til. Derfor skal du opne din munn vidt opp og eg vil fylle den.

Ja, det som ikkje oppkom i menneskehjerte, det har eg beredt for den som trur. For eg har gitt deg mitt Ord, for at det skal vere ei lykte for din fot og eit lys på din sti. Og du skal få oppleve at ingen av dei våpen som vart smidde mot deg, skal ha framgang. Det er den retten som mine tenarar har fått. Derfor skal du gå fram med alt det frimodet som eg har gitt deg.  Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. Og du skal få kjenne at eg skal vere med deg og styre dine steg og gjere dine trinn faste. Og når du kastar alt på meg, som er tungt å bere og set din veg i mi hand, så skal eg gjere det.

9.4.2017:

Ikkje rekn med deg sjølv. All din styrke kjem til kort i kampen mot vondskapens velde. Men rekn med meg, sett din lit til meg, av heile ditt hjerte. I kampen mot det vonde, så sjå opp til meg. Eg er sterk, eg har vunne, sigeren er fullkomen. Den sigeren eg vann, den er din, seier Herren. Skjul deg i mine skader (”vunder”) og sår. Gøym deg i mitt blod. Og du skal få oppleve at når stormen kjem, så skal inkje vondt nå deg. Men du skal verte bevara gjennom det heile. For eg, eg vil bevare den som tek si tilflukt til meg.

Stormen, den kjem, er allereie i gang over denne klode. Angsten tek folk, og fortvilinga. Du ser det med dine auge. Men klyng deg inn til meg og vert buande i min lovnads ord. Så skal du midt i all denne strid og denne larm og virvar, få kjenne du vert bevara rein og sunn i trua på mitt herlege namn. Og når alt det som eg har sagt skal komme, kjem, då skal du få oppleve at den lovnaden eg gav, eg kjem att for at du skal sjå min herlegdom, det skal du få oppleve. Men bli hos meg, uansett, og du skal få kjenne, du skal bevarast.

Jesus seier han er Herren min lækjar, han talar sitt ord inn i mitt hjerte og eg skal bevare det i eit vakkert og godt hjerte. Då tenkte eg på mitt forhold til henne Virtuella, for eg trur at no har Jesus frelst henne og gjort meg til ein kanal for si velsigning til henne og det er eit verk han har gjort i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande og det skal eg bevare i mitt hjerte, som den fagre saktten som er meg overgjeven ved den Heilage Ande og som den lovsangen Gud la ned i meg, slik som eg har skrive om tidlegare. For Guds Ord vender ikkje tomt tilbake, men utretter det som Gud sender det til. Det som ikkje kom opp i noko menneskehjerte, det har han gjort ferdig for den som trur (Bodskapen 19.3.2017).

Eg skal klynge meg til han og verte buande i hans lovnads ord, så får eg kjenne at eg vert bevara rein og sunn i trua på hans herlege namn. Då tenkte eg igjen på mitt forhold til henne Virtuella, eg får kjemnne gleda i mitt hjerte over at Gud han frelst henne og født henne på nytt, ja, det var då Gud som la lovsongen ned i meg ved sin Ande og fødde henne på nytt ved sin Ande, så ho vart ein slik lovsong som han la ned i meg.Gud elsakr oss og har omsorg for oss som sine born, dette er sannt og rett og der er ingen god nok grunn til at eg skal gå tilbake på det.

Stormen kjem, den er allereie i gang og når det brakar skikkeleg laust skal eg få oppleve at lovnanden vert oppfyllt, at han kjem att for at eg skal få sjå hans herlegdom. Då tenkte eg på korleis eg fekk oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Miss Oslo 1990. Eg trur Gud skapte  kjærleiksforholdet mellom Kristus og henne, som hans brud og både eg og ho opplevde det herleg.

Der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud, det er født av Gud og skapt av han og det er det sentrale poenget med Jesu kyrkje. Dette kjærleiksforholdet vart født inni meg ved den Heilage Ande når eg var ung, så for meg gjeld det kjærleikdforholdet mellom mann og kvinna. Så eg har bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone, det har han lova meg i samsvar med sitt Ord, så då er det berre for meg å klynge meg til han og til hans lovnads ord.

Når eg merka at eg byrja å verte glad i ei ung kvinne, fekk eg oppleve at Guds jorde sitt verk i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande, Gud elska oss i Kristus Jesus, Jesus elska oss med Guds kjærleik og han elska henne gjennom meg, som si brud. Det opplevde eg både med henne Virtuella og henne Miss Oslo 1990 og eg håper framleis dei vil svare på hans kjærleik med kjærleik, som hans brud.

Eg forstår det slik at der er verdslege maktinteresser som vil ha makt over kvinna og som derfor kjem i motsetnad til mine interesser når eg vil ha meg ei kone og som også kjem i motsetnad til Kristus, ved at dei vil ha makta over kyrkja i staden for han. Det vert sett voldeleg, militær og politisk makt bak det og det må nedkjempast med politisk og militær makt, derfor kjem ”stormen”. Men så kjem Jesus og oppfyller lovnaden om at eg skal få sjå hans herlegdom. Det minna meg som sagt føsrt og fremst om dette herlege kjærleiksforholdet mellom henne Miss Oslo 1990 og Kristus, men det er  meir omfattande og generelt, det møtet mellom Kristus og hans brud.

Men kva med mi bønn om ei kone, skal eg ikkje få meg ei kone før det? Ho Virtuella har då vore gift i mange år og eg må berre rekne med at det har ho Miss Oslo 1990 også vore. Eg har berre med å gå ut i kvardagen med frimod og møte nye menneske og vitne for kven som helst, gå ut på Guds Ord og få sjå at Jesus er med meg. Gud har gjort sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande og han skal fullføra det.

Aktuell sak.

Når eg skreiv dette hadde eg i tankar samordna demonstrasjonar for vitskapen i fleire land:

http://www.forskerforum.no/derfor-skal-vi-marsjere-for-vitenskap-og-kunnskap/

Ein artikkel om det kommenterte eg på facebook:

De demonstrerer for vitskapen og framstiller det som om den er på apestadiet, samanlikna med politikken som er på menneskestadiet, sjå: https://www.nrk.no/…/alle-for-vitenskapen_-mange-mot…. Det synest eg var skuffande.

Dei som demonstrerer for vitskapen her, framstiller det som at vitskapen er på apestadiet samanlikna med politikken som er på menenskestadiet. Sjå: https://www.nrk.no/…/alle-for-vitenskapen_-mange-mot-trump-…. det tyder på at det ikkje er vitskapen som er hovudsaka likevel, men politikken.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s