Kven skal tildele kvotene?

«Tendensen har vore klar; sidan kystfiskarane ikkje vil vere med på den nødvendige struktureringa i kystflåten, tek fiskeindustrien over og gjennomfører den»

Skrevet av: Torbjørn Sivertstøl er cand.mag. og trålbas om bord på M/T Havbris. (onsdag, 07.desember 2005 15:12)
Råfisklova seier at fisken skal seljast gjennom offentleg godkjende salslag og deltakarlova seier at fiskebåtane skal vere eigde av aktive fiskarar. Den har som formål at havets ressursar skal komme kystbefolkninga til gode. Ved at det har vorte gitt dispensasjon frå deltakarlova har fiskeindustri, særleg i Troms og Finnmark fått eige fiskebåtar. Her vert fisken selt gjennom Råfisklaget som gjennom sentrale forhandlingar med Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforbund (FHL) kjem fram til ein minstepris. For dei båtane som var eigde av fiskeindustri betydde det at dei fekk berre minstepris, når dei leverte til eigne anlegg, medan andre kunne få ein god del meir. I dei andre salslaga og i Danmark vart fisken seld på auksjon og det betydde jamt betre pris enn dette. Fiskarane på havgåande båtar er organiserte i Sjømannsforbundet og for om lag 7 år sidan byrja fiskarane på havgåande båtar som var eigde av fiskeindustrien å gjere bruk av ein paragraf i tariffen som sa at dersom det vart gitt meirpris (over minstepris) i Råfisklaget si prissone, så kunne dei forhandle om å få oppgjerd etter den meirprisen.

Konflikt kyst – hav

Om lag på same tid vart der ei oppheita konflikt mellom kystfiskarane og Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i Noregs Fiskarlag. I 1994 hadde dei vorte eining om ei kvotefordeling mellom hav- og kystflåte for 7 år. I havfiskeflåten prøvde dei å slå saman kvoter for å redusere flåten, men kystfiskarane kom seg ikkje i gang med ein slik struktureringsprosess, ulønsam overkapasitet kunne brukast politisk til å krevje subsidiering og no ville dei i staden reforhandle denne avtala slik at dei skulle få meir kvote frå havfiskarane. Kvotestriden var også ei sak for fiskeindustrien, og fiskeripressa såg ut til å vere meir på parti med fiskeoppkjøparane enn havfiskarane, deltakarlova gav liksom ikkje noko betre grunnlag for at «ein skrivebordsreiar i sør» skulle få eige fiskebåtar enn at fiskeindustrien skulle få gjere det, og det var ubegripeleg at dei kunne vere så blinde for kor viktig det var at deltakarlova og råfisklova skulle hindre at same person sat på begge sider av forhandlingsbordet ved prisfastsetjing. Fiskemottaka ville sjølvsagt ha mest mogleg fisk så rimeleg som mogleg og eit viktig argumentet frå FHL si side var at sidan fiskebåtreiarar får eige fiskemottak, (Jfr. Røkke), så må også fiskeindustrien få eige fiskebåtar. Men det vesentlege for fiskarane må vere å få fisken på auksjon, organisert av salslaga, slik at marknadsøkonomien fungerer for slike små aktørar også, og her burde sjølvsagt kystfiskarane og havfiskarane spele på lag for å veren om sine rettar og interesser.

Struktureing

Det er ikkje lenge sidan det vart vist eit program på NRK1 om sjarkfiskarar som ikkje klarte å behalde båtane, og det enda med at fiskeoppkjøparane fekk kontroll over kvotene ved å kjøpe båtane, kondemnere dei og samle kvotar på større havgåande båtar. Hadde sjarkfiskarar i staden gått saman om ein slik struktureringsprosess, så kunne til dømes 3-5 fiskarar eigd ein større fiskebåt i lag, drive den meir effektivt og ein større del av året. Ei slik strukturering burde eigentleg ikkje vere så framandt eller fjernt for fiskarar, tenk berre på dei gamaldagse notlaga, der fiskarane såg fordelen av å samarbeide for å få til ei større driftsform, der dei vart deleigarar av fangsten, det som sidan vart til lottsystemet. Så det var litt pussig at det skulle verte slik skarp motsetnad mellom kyst- og havfiskarar. Det er då ein naturleg prosess at ei bedrift utviklar seg og vert større, når den har moglegheita til det, og då er det også ein naturleg prosess at den nye generasjon som skal ta over og styre ei større bedrift legg meir vekt på dei administrative oppgåvene. Om fiskebåtreiarar kjøper seg fiskemottak, som så gjer at dei kan sitje på begge sider av forhandlingsbordet ved prisfastsetjing, så er det ei heilt anna sak, då er det kanskje eit hol i regelverket som bør tettast, men det vesentlege problemet er at gjennom dispensasjonar frå deltakarlova har regelverket vorte aldeles uthola, og gjennom den medfølgjande leveringsplikta har fiskarane mista retten til å få fisken på auksjon. Om eit reiarlag kjøper eit slikt fiskemottak, så kan ein like gjerne sjå det som eit forsøk på å få båtane og kvotene tilbake på fiskarhand. Det er i alle fall temmeleg drygt å påstå at dersom til dømes ein arabisk oljesjeik gjennom aksjekjøp på børsen kjøper opp fiskeindustri i Noreg, med båtar og kvoter, så oppfyller han like mykje kravet i deltakarlova som «ein skrivebordsreiar i sør», når reiarlaget har vorte bygt opp frå grunnen gjennom generasjonar og soleis lukkast i å oppfylle intensjonen i deltakarlova om å sikre at haustinga av havets ressursar kjem kystbefolkninga til gode.

Kvotehandel

I staden for at små reiarlag fusjonerte, så skjedde altså mykje av denne struktureringa gjennom kjøp og sal av kvotar og denne struktureringa med omsettelege kvotar gjer det for dyrt for vanlege fiskarar å få seg kvotar. Dessutan er dette pengar som vert trekt ut av næringa, som i staden kunne ha vorte brukt til å bygge større båtar med mjølfabrikk. Når eit reiarlag har fått tildelt kvote gratis av Staten, så er det litt merkeleg at det skal kunne selje den vidare til dyre dommar. På den andre side er ikkje ein fiskebåt mykje verd utan kvote. Når eit reiarlag kontraherer eit nybygg, må det ha kvoten som tryggleik for investeringa, så då er den allereie innbakt som verdi av båten. Ved samanslåinga av kvotar vert kvoten og verdien av den løyst frå båten, og då verkar det merkeleg. Dersom ein kan rekne med at det går til dømes 30 år før båten bør skiftast ut, så kan kvoten vere tildelt for den tida, slik at etter 15 år er den verdt halva.

Fiskeindustrien tek over

Dersom Staten markerte seg sterkare som eigar av kvotene, så kunne struktureringa ha skjett ved at konsesjonar og tal på kvotar vart redusert frå Staten si side, medan kvoten berre vart finjustert. Kven skulle då ta på seg den politiske belastninga det ville vere å avgjere kven som ikkje skulle få kvote lenger? Den politiske strategien har vore å la Fiskarlaget diskutere kvotefordelinga og la rabalderet forgå der, og så lytte til det som dei kjem fram til. Når fiskemottak har fått tildelt kvote ved dispensasjon frå deltakarlova, så er det unntak frå regelen, og denne kvotetildelinga burde då vere den første til å opphøre. Men det er heller det motsette som har skjett. Problemet var at kystfiskarane med sin motstand mot Fiskebåt og manglande solidaritet med havfiskarane ikkje ville vere med på den struktureringa som kunne skape eit brukbart og berekraftig alternativ. Tendensen er klar, sidan kystfiskarane ikkje ville vere med på den nødvendige omstillinga, tek fiskeindustrien over og gjennomfører den. I forhold til å oppfylle intensjonen med deltakarlova er dette ei fallitterklæring for fiskarane og Fiskarlaget, for same kor mykje det går an å krangle om deltakarlova, sidan ho kan virke noko forelda etter den utviklinga som har skjett i mange fiskebåtreiarlag, så er det i alle fall Fiskarlaget si oppgåve å tale fiskarane si sak, om så det skulle bety at nokre av dei vart skrivebordsreiarar.Som eit mottiltak prøvde Karl Eirik Schjøtt-Pedersen å få til eit system med regionskvotar, kvoter som skulle tildelast kommunar, noko som ville vere totalt i strid med deltakarlova. Det ville kanskje virke som ein desentralisert form for sosialisme, men det må vel vere enklare å markere sterkare Staten som eigar av kvotene.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Fiskeripolitikk. Bookmark the permalink.

One Response to Kven skal tildele kvotene?

  1. Pingback: NASJONAL FRIGJERING OG FORVALTING AV FISKE-RESSURSANE. | sivert

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s