Kva gjer Norge til høgkostland?

Artikkel i INNSIKT-spalta i Sunnmørsposten 10.4.2005.

For oss som jobbar i eksportindustrien må det vere interessant å finne ut korleis vi kan klare å motvirke at krona vert for sterk og at vi i endå større grad vert eit høgkostland med ein eksportindustri som slit, skriv Torbjørn Sivertstøl i denne artikkelen. Han er cand. mag. og trålbas på «Havbris».

Skrevet av: Torbjørn Sivertstøl er cand. mag. og trålbas på «Havbris». (fredag, 21.januar 2005 14:01)
Den høge kronekursen og det høge kostnadsnivået i Noreg er skadeleg for eksportindustrien og dette er den eigentlege forklaringa på problema i fiskerinæringa dei siste åra, både på landsida og på sjøsida, for den er vår nest største eksportnæring. Oljeindustrien er den største eksportnæringa, men den høge oljeprisen var sjølv med på å presse opp kronekursen. Dette klarte regjeringa og Noregs bank å motverke ved å skrive ned renta. Korleis vi kan klare å motvirke at krona vert for sterk og motvirke at vi vert eit høgkostland må vere interessante problemstillingar for oss som jobbar i eksportindustrien. I følgje Keynes økonomiske lære skulle staten prøve å spare pengar i tider med god økonomi, slik som oljeindustrien no har gitt oss, og så bruke dei i tider med dårleg økonomi og stor arbeidsløyse, slik som vi kan frykte vil komme når det vert slutt på oljen, for å få fart på økonomien igjen.

Sterke kjeder

På tid med det amerikanske presidentvalet hadde Sunnmørsposten ein artikkel om den amerikanske lavpriskjeda Wall-Mart som står på godfot med Bush-administrasjonen. Så godt som ingen av dei tilsette var fagorganiserte, dei hadde lang arbeidsdag og var lavtlønna, ikkje særleg haldbart for familiefolk. Amerikanske produsentar hadde problem med å levere varer rimeleg nok for Wall-Mart og flytta produksjonen til utlandet der dei fekk rimelegare arbeidskraft, slik som til Honduras, men sjølv der fekk dei problem med å selje til Wall-Mart. Dermed kunne også Wall-Mart tilby rimelege varer og stille sterkt i konkurransen om kundane og voks seg store på forholdsvis kort tid. Dette viser kor mykje makt ei slik handelskjede har, men i dette tilfellet verka det då til å halde prisane nede.
Fjernsynsprogrammet Forbrukarinspektørane på NRK1 har rapportert om at optikarforretningane som er tilslutta handelskjeder importerer brilleglas for nokre få kroner og sel dei igjen for mange hundrede kroner. Når ei optikarforretning som ikkje var tilslutta ei slik kjede byrja å selje rimelegare, så fekk ho problem med å få kjøpe brilleglas igjen frå grossisten og måtte prøve å finne seg ein annan leverandør i utlandet. Sjølv om det ikkje kan bevisast, så må forklaringa på dette rimelegvis vere at handelskjedene har så stor makt at dei klarer å tvinge grossisten til å stoppe leveransane til ei slik forretning. Vi kan i alle fall konkludere med at i dette tilfelle fungerer ikkje konkurransen godt nok og det gjer Noreg til eit høgkostland.
I det inntektspolitiske samarbeidet har politikarar og fagorganisasjonar prøvt å samarbeide for å unngå ei uansvarleg lønnsgliding som vil verte eit problem for bedriftene og gjere Noreg til eit høgkostland. Men årsaka til at Noreg vert eit høgkostland er tosidig, det er ikkje berre dei høge lønningane, men at handelskjedene ikkje konkurrerer om å halde prisane nede, men i staden samarbeider for å halde prisane oppe. Logikken må vere at kva skal vel vanlege folk elles med så mykje pengar, om dei ikkje brukar dei opp i forretningane. Dei kan spare dei eller investere dei. Og så har vi nyleg sett korleis folk vert lurte opp i stry av useriøse selskap som narrar folk til å investere.

Oljepengar

Dersom det vert brukt meir oljepengar i vårt eige heimland, så vil det lett virke til å presse opp lønningane og prisane, presse opp kostnadsnivået og dermed har vi lite igjen for oljepengane. I alle fall har vanlege folk lite igjen for det. Dei store handelskjedene kan nok sitte igjen med den store profitten av dei høge prisane for dei er ikkje nøydde til å investere det igjen i Noreg, men kan investere det i lavkostland der dei får mykje meir igjen for pengane. Dette veit nok politikarane, men der kan også vere moglege måtar å bruke noko av oljepengane utan å presse opp kostnadsnivået i Noreg, til dømes ved å kjøpe helsetenester i utlandet, sende folk til utlandet for å verte opererte. Dersom det er så at dei forstår dette, og likevel vil bruke meir oljepengar, så bør dei også forklare korleis dei vil unngå at det skal føre til auka kostnadsnivå. Det same gjeld tiltak for å få ned arbeidsløysa, for arbeidsløysa har si årsak i høge lønningar, dersom vi får endå fleire folk ut i jobb med støtteordningar for å oppretthalde det vanlege lønnsnivået, så vil det vere med på å presse opp lønningane.
I ein kronikk i Sunnmørsposten skreiv Hans Petter Hildre, professor ved høgskulen i Ålesund, at heilt ifrå den industrielle revolusjon hadde den vanlege vestlege måten å leie bedriftene på vore at all organisering og alle endringar skulle komme frå toppleiinga i bedrifta. Men i bilkonsernet Toyota let dei mindre einingar organisere arbeidet sitt meir sjølve, dei både kunne og skulle prøve nye måtar gjere arbeidet på, prøve seg fram for å finne ut korleis dei kunne gjere arbeidet betre og meir effektivt. Og det vart ein suksess for bedrifta.

Toyota-modellen

Det er lett å tenke seg korleis fagorganisasjonen vil virke i dei to så ulikt organiserte bedriftene. I den typisk vestlege bedrifta vil der lett verte ein tradisjonell skarp motsetnad mellom fagorganisasjonen og bedriftsleiinga, men i Toyota-modellen, vil dei fagorganiserte heller sjå det som si oppgåve å vere med på den innovative prosessen i bedrifta og engasjere seg i å effektivisere arbeidet, dei får større moglegheit til å prøve å få til eit godt samarbeid og soleis forbetre bedrifta, i forventning av at det også vil forbetre lønningane. Toyota-modellen er eigentleg ikkje så framand for oss som driv fiske. Vi har lott, prosent av fangsten, og prøver derfor heile tida å få både maskineri og mannskap til å fungere effektivt. Dette har også virka til å gjere fiskebåtane effektive. Dessutan er der stadig endringar i arbeidet, særleg på tråldekket, alt etter fisket og botnforholda.
Det kan vere verdt å tenke over korleis vi kan få ulike interesser til å gå saman om å i iverksette meir langsiktige prosjekt, særleg når det vert brukt statlege eller kommunale midlar, det bør då vere til vårt felles beste. Det har vorte overført pengar til jordbruket for å bryte jord, der steinen skulle brukast til å bygge småbåthamner. Dermed har det dukka opp tett i tett med slike små og grunne småbåthamner med liten plass å navigere på. Dei hadde fått mykje meir ut av pengane om dei hadde samarbeidd om å bygge nokre større hamner, der andre som ikkje har gardar også fekk vere med, med plass til småbåtar, lystbåtar, fiskesjarkar og gjestebrygge, kanskje også med ei badestrand, ei marina med ferskvatn og straum, toalett og dusj. Utmerket for dei som er interessert i leige ut til turistar.

Å spare

På tilsvarande måte kan der vere fleire interesser i ein fjellveg, det kan vere skogplanting og skogshogst, vasskraft, vindkraft, idrettslag, skilag, turistforeining og alle som elles vil bruke fjellet til turterreng. På fjellområde der lyngen har teke over bør det plantast så skogen vinn over lyngen, kanskje er det nok å svi av lyngen og gjødsle litt, så vil blandingsskogen komme og det naturlege dyrelivet vende tilbake. Å spare i skog når vi er i høgkonjunktur vil stemme bra overeins med Keynes lære, same enten det er stat, kommune eller private som gjer det, i staden for å ha pengane i banken har vi kapital i skogen og den veks medan vi jobbar med noko anna. Det er då ikkje særleg god økonomi å subsidiere gardsdrifta berre for at garden ikkje skal gro til, når bonden eigentleg har funne seg ein betre jobb. Då må det vere betre å plante frukttre, bærtre og prydtre. Plantar ein til dømes ein eikeskog vil den på lang sikt vere svært verdifull som material, og i mellomtida kan den ha fungert som prydtre og som livd for andre plantar. Så spar heller både pengane og skogen til dess lavkonjunkturen kjem.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Økonomisk politikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s