Konkurranse og samarbeid

Artikkel i Sunnmørsposten 10.4.2005.

«Når nokon har fått tildelt konsesjon og kvote gratis frå staten, og så sel den til dyre domar, då er det noko som ikkje rimar, det er noko som ikkje er rett»

I det siste har det vorte stadig meir av at bedrifter har fusjonert eller små bedrifter har vorte oppkjøpte av større, og fordelen er klar, dei har fått erstatta konkurranse med samarbeid eller fått fjerna konkurrenten. Vi kan synest det er rart at store konsern treng fusjonere, kvar vert det av konkurransen? Argumentet er at dei må verte større for å kunne klare seg i konkurransen med endå større europeiske konsern. Men vi finn same trenden her, med fusjonering og oppkjøp. Ei årsak til det er at dei finn skattemessige fordelar ved å bokføre kjøpesummen som kostnad. Dei amerikanske anti-thrust-lovene skulle sikre at konserna ikkje vart så store at det øydela konkurransen og det norske konkurranse-tilsynet skal passe på nettopp dette.

Både og

Det spørst om ikkje det kan vere mogleg å få ei alternativ utvikling, i staden for at konkurransen fullstendig bryt saman til fordel for samarbeidet, så kan vi tenke oss eit samspel mellom konkurranse og samarbeid der det er samarbeid på nokre område og konkurranse på andre. Men då må vi sjå meir på kva som har vore fordelen med samarbeidet. Formålet med konkurranse er at vi skal verte meir effektive, og samarbeidet kan ta sikte på å sikre at så er tilfelle i større samanhengar, både i tid og rom, ikkje minst med tanke på å få ei god ressurs-forvaltning. Så dette må vi ikkje berre overlate til dei store konserna, men det er også ei sak for styresmaktene. Dette er eit spørsmål om samfunnet skal utvikle seg til å verte meir likt det gamaldagse føydalsamfunnet eller om styresmaktene vil sikre ein levande marknadsøkonomi med små og mellomstore bedrifter.
Når Volvo vart oppkjøpt av Ford, så vart det sagt frå Volvo-leiinga at dei vart for små overfor oppgåva med å utvikle meir miljøvennlege bilar, med anna drivstoff enn bensin og olje. Kanskje vert offentlege forskingsinstitusjonar også for små i den samanhengen, men eigentleg er det vel fordi dei ikkje ser det som si oppgåve å ta opp konkurransen med næringslivet, men heller supplere det med grunnforsking.
Den store fordelen med fusjonering og oppkjøp har elles vore å samarbeide om dei administrative oppgåvene. Når dei små kjøpmannsforretningane vart utkonkurrerte eller oppkjøpte av dei store handelskjedene, så var det først og fremst samarbeidet på innkjøpssida som var fordelen. Når dei private lakseoppdretta vart oppkjøpte av store konsern, så låg vinninga i samarbeidet om marknadsføring og sal til utlandet, og i forskinga på oppdrett av andre fiskeslag. Ein kunne godt tenke seg ei alternativ utvikling, der dei små kjøpmannsforretningane byrja å samarbeide om innkjøpet og dei private lakseoppdretta samarbeidde om forsking, marknadsføring og sal, men då er også vegen ganske kort til samanslåing i aksjeselskap.

Havbruk

I fiskoppdretta vert laksen halden i fangenskap og det hadde vore interessant å få greie på kor mykje olje som vert forbrukt for å produsere eit kilo laksefilet. Vi må fiske mat til fisken, tørke den, for så å kaste det i havet igjen, så han får ete det. Det høyrest unekteleg litt dumt ut, med sin sterke spor er det ikkje noko problem for laksen å fiske maten sin sjølv, slik som det passar seg for ein glad laks. Så kan vi spørje kor mykje olje vi må forbrenne for å fiske eitt kilo fri laks. Men vi må også hugse på at laksen brukar å komme tilbake til den same elva som den voks opp i, så den vil sannsynlegvis leite seg oppatt. Dette er ein ressurs som grunneigarane langs elva og fiskarane ved fjorden kan disponere i fellesskap, og ser vi det slik, kan det vere verdt at dei i fellesskap prøver å auke mengda med smolt i elva, så dei kan fiske dess meir når laksen kjem tilbake.

Jordbruk

I staden for å bruke krefter, tid og pengar på å drive småbruk, kanskje berre for å halde jorda i hevd, er det berre å plante frukttre og bærtre og anna skog og la skogen leve sitt eige liv og la naturen sjølv gjere jobben for oss, og sidan er det berre å hauste av det som naturen produserer når vi synst det passar oss. Skogen lagar jord av karbon i lufta, så den fornyar matjorda, og dette kan trengast, både for ei skrinn og utpint matjord og for atmosfæren. For å få i gang skogplanting, så vi får tilbake skogen på fjellområde der det naturleg skulle vere skog, så trengst det samarbeid med meir langsiktig fellesskapstenking, folk må verte einige om korleis dei skal disponere det i fellesskap, både til rekreasjon og til nytte. Etter kvart som oljelagera i verda minkar vert skogen meir verdifull. Då spørst det om bøndene i fellesskap har klart å stå for den langsiktige tenkinga, eller om dei har overlate det til storkapitalen.

Konkurranse om fisken

Der er konkurranse om å få fiske fisken, men deltakarlova, konsesjonsordninga og kvotesystemet sikrar at der vert eit visst samarbeid om ressurstilgangen så ikkje fiskebestanden kollapsar på grunn av overfiske. I medhald av råfisklova er der salslag som har fått lovvern for omsetting av råfisk på først hand, det sikrar at der vert konkurranse om førstehands sal av råfisk, men samtidig fungerer salslaga som eit administrativt samarbeid om salet. Så lovverket sikrar at der vert eit samspel mellom konkurranse og samarbeid. Dette reduserer behovet for fusjonering og hindrar oppkjøp frå store konsern.
I det siste har det vorte meir og meir vanleg med kjøp og sal av kvotar og konsesjonar både innan fiske og oppdrett. Når nokon har fått tildelt konsesjon og kvote gratis frå staten, og så sel den til dyre domar, då er det noko som ikkje rimar, det er noko som ikkje er rett. Det er som eit generasjonsskifte der det vert dyrare og vanskelegare for neste generasjon fiskarar å få seg fiskebåt med kvote og dette private initiativet vert meir og meir spelt over til storkapitalen. Denne politikken passar dårleg med formålet til deltakarlova, å sikre at haustinga av dei maritime ressursane framleis skal komme kystbefolkninga til gode.

Ressursane i havet

Det er konkurranse mellom nasjonane om ressursane i havet, men med eit internasjonalt samspel mellom konkurranse og samarbeid kan vi prøve å få til ei planmessig god forvaltning av ressursane i havet. Russarane har heile tida meint at torsken må fredast i gytetida og det ser ut til at vi må komme russarane i møte på dette punktet, for å få freda oppvekstområde for småtorsken. Det er i grunnen for gale at vi skal fiske torsken rett før den skal til å gyte, så det hadde sikkert ikkje skada om vi byrjar å tenke nytt om det tradisjonelle “Lofotfisket”. Vi kunne prøve å få til eit samarbeidsprosjekt der vi fangar fisken levande, til dømes med juksa, snurrevad eller not, og leverer den levande med brønnbåtar til oppdrettsanlegg for produksjon av torskeyngel. Får vi først til dette, så er det ei enkel sak å sleppe mesteparten av den befrukta rogna eller yngelen tilbake i havet. Slik kan vi langt på veg sikre at vi kvart år får ei vellukka gyting. På denne måten kan vi også få tilbake torskebestanden ved Grønland.
Auka etterspurnad og redusert tilbod av fisk gjer at fiskeprisen stig. Auka pris skulle stimulere til auka produksjon, det var slik marknadskreftene skulle virke. Problemet er at det verkar ikkje slik alltid når vi haustar av naturen, for vi grip inn kun på forbrukssida medan produksjonen er heilt overlaten til naturen sjølv, utan at vi grip inn og stimulerer den på nokon måte. Dersom reiarlaga hadde leigt torskekvotane av staten og leiga gjekk til å finansiere eit slikt samarbeidsprosjekt, så kunne vi auke produksjonen ettersom tilbodet minka og etterspurnaden auka.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Økonomisk politikk, Fiskeripolitikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s