Konkurranse og samarbeid i fiskerinæringa

Hovudsaka med konklusjonane frå Grønnevet-utvalet er at foredlingsindustrien i land vil ha tak i kvotene, dei vil eige fisken før dei kjøper den, det er den interessa bukken har for å passe havresekken. Men det var då ikkje slik marknadsøkonomien skulle fungere»

Fiskerilovgjevinga har verna distrikta mot sentralisering og soleis har den også hindra fusjonering og oppkjøp frå storkapitalen. I medhald av Råfisklova er der salslag som har fått lovvern for førstehands sal av råfisk. Dette fungerer som eit administrativt samarbeid om fiskesalet, så det vert eit samspel mellom konkurranse og samarbeid for småbedrifter, det vert konkurranse om å få kjøpe fisken og prisen vert fastsett deretter.

Råfisklaget og minsteprisen

Dette fungerer bra i Sør-Noreg, her kjem fisken på auksjon og prisen vert fastsett deretter, og slik fungerer det i Danmark også. Men Råfisklaget, som administrerer fiskesalet i Nord-Noreg, forhandlar fram ein minstepris på sentralt hald. Dermed fungerer ikkje den same konkurransen mellom båtane om å få best mogleg kvalitet for å få best mogleg pris, og det vert heller ikkje den same konkurransen mellom fiskemottaka. Dersom dei skal klare å få betre pris, må dei gjerne frakte fisken langt, og det er berre større fiskebåtar med større last som tek seg tid til å frakte den særleg langt. I tillegg er der fiskemottak som har fått dispensasjon frå deltakarlova til å eige og drive større fiskebåtar, trålarar, som fekk leveringsplikt til desse fiskemottaka. Det betydde at dei fekk berre minstepris, medan andre båtar, både norske og utanlandske, fekk meir. Retningslinjene for Råfisklaget sa at dei skulle arbeide for best mogleg pris ved første hands sal av råfisk, men dette fungerte meir slik som når bukken passa havresekken, og slik vart desse fiskemottaka priviligerte framfor andre. Men i tida frå 1998 til 2000 klarde havfiskarane gjennom Sjømannsforbundet å forhandle seg fram til meirpris, vi gjorde bruk av ein paragraf i tariffen som sa at dersom det vart gitt meirpris i “prissona”, (Råfisklagets soneinndeling), så kunne vi forhandle om å få oppgjer etter høgste meirprisen. Så det gjekk i orden.

Lofotfisket

Under høgsesongen for Lofotfisket hender det at sjarkane vert liggjande i kø ved fiskemottaka for å få levert fisken, og ventetida går ut over kvaliteten på fisken. I slike tilfelle fungerer minsteprisen som ei sikring mot at fiskarane må selje god fisk til dumpingpris. Dersom minsteprisordninga brått fall bort, ville det verte økonomisk risikabelt for sjarkfiskarane. Men dette problemet har likevel si årsak i at samspelet mellom konkurranse og samarbeid ikkje får fungere skikkeleg, vi må prøve å få det til å fungere litt betre enn dette. La oss til dømes tenke oss at nokre sjarkfiskarar gjekk saman om å bruke eit kjøle- eller fryselager, det kunne vere ein kjøle- eller frysecontainer eller eit moderskip. Så kunne dei få frakta fisken ut til fjernare filetfabrikkar og frosenfisken kunne dei i tillegg få selt til betre pris i lavsesongen. Bruk av fryselager er den einaste måten til å gi filetfabrikkane ein jamnare og sikrare råstofftilgang. Her kan fisken verte sortert før den vert sendt ut til filetfabrikkane, som så kan verte meir spesialiserte, ein fabrikk produserer småfisk av sei og hyse med hovud, ein produserer småtorsken, ein produserer klippfisk av storfisken og på ein annan plass produserer dei tørrfisk. Dermed vert det lettare å få ein desentralisert næringsstruktur med småbedrifter.

Russiske fiskarar

I vår vart det rapportert i nyheitene om islandske trålarar som fiska i “Smutthullet ” og dumpa store mengder med småtorsk. Heldigvis var der fiskarar som tok affære, og det viser at det er fiskarane og folket sjølve som må stå for samkjensla og solidariteten. Dette problemet er sikkert større på dei russiske fiskebåtane, same enten dei fiskar i Gråsona, i “Smutthullet” eller i Svalbardsona. Norske båtar har prøvt å fiske ilag med dei og fått så mykje småfisk at dei heldt det for å ikkje vere brukande og har berre gått derifrå, medan dei russiske båtane har halde fram med å fiske på dette feltet. Dette har ikkje vorte noko betre etter kommunismens fall. Fiskarane har dårleg løn, små rettar og lite dei skulle ha sagt overfor den nye eigaren som er så fjern at dei kanskje ikkje ein gong veit kven han er. Dette kan sikkert forklarast utifrå den nye samfunnsstrukturen, den er dominert av storkapital og mafia. Feilen er at det ikkje vart satsa på å bygge opp samfunnet frå grunnen av, med småbedrifter. Kvar vart det av den “internasjonale solidariteten”? Dersom den nokon gong var der, så kunne den vel ikkje forsvinne så brott? Her trengst det å arbeide for solidaritet med dei russiske fiskarane, også med tanke på å få ei betre ressursforvaltning.

Fiskekjøparane

Når Grønnevet-utvalet klagar over at norsk fiskeindustri har dårlegare konkurransevilkår enn våre naboland, og vil ha betre konkurransevilkår, så må vi berre rekne med at Russland er ein vesentleg del av dette samanlikningsgrunnlaget, sjølv om det i hovudsak samanliknar med Island, der det har vore store endringar dei siste åra, ved at fleire og fleire av fiskebåtane har vorte eigde av store børsnoterte selskap i tillegg til at dei for ein stor del er eigde av fiskeindustrien. Dei innrømmer imidlertid, som eit unntak, at dansk fiskeindustri har same konkurransevilkår som den norske, men det er då nettopp dansk fiskeindustri som er den reelle konkurrenten til den norske, og som derfor burde vere samanlikningsgrunnlaget for å prøve å finne ut av kva som kan gjerast betre i norsk fiskeindustri. Norske båtar får neppe til Island for å levere fisk, same enten det skal til Europa eller Japan.
Ved fiskemottaka kan ein god del av fangsten verte selt vidare som ferskfisk. Større båtar med god last kan finne det lønsamt å gå heilt til Danmark for å levere fangsten. Dermed får fiskemottaka konkurranse om denne handelen, men dei prøver å få kontroll med den ved å argumentere om sikker råstofftilgang og langsiktige leveringsavtaler. Alle som har drive fiske veit at råstofftilgangen er usikker, det er eit lotteri. Dette har både fiskarar og kystbefolkning levd med og tilpassa seg.

Sjøsida mot landsida

Grønnevet-utvalet klagar over at alt fungerer så mykje betre på fiskebåtane enn på landsida. Ja, då bør det også samanlikne effektiviteten om bord i ein fabrikktrålar med effektiviteten i fiskeindustrien for å prøve å finne ut kva dei kan gjere betre. Det er høgt arbeidstempo og stor effektivitet på trålarane, eller i fiskeflåten i det heile, for vi må få produsert fisken medan den er fersk og prøve å produsere mest mogleg medan det er godt fiske. Små fiskebåtar har hatt sei ståande i steng på Finnmarkskysten og hatt problem med å få selt det, inntil fabrikktrålarar har reist på “sei-hoving”, kjøpt fisken og produsert den. Kvifor klarar ikkje desse bedriftene å produsere småfisken like effektivt og lønsamt som fabrikktrålarane? I staden for å klage over at det er meir lønnsemd på sjøsida enn på landsida, der dei også har teke snurparane med i rekneskapet, for så å ville kjøpe fiskebåtar, bør dei heller sjå det positive i at fabrikktrålarane er effektive, og bruke pengane på å investere i like effektive maskiner. Det er då nettopp slik effektivisering som er poenget med konkurransen.
Etter det som har kome fram i avisene har visst dette utvalet slakta diverse heilage kyr, slikt som råfisklova, deltakarlova, kvote- og konsesjonslovgjevinga, men då har det tydelegvis behandla fiskeindustrien som ei heilag kyr som det ikkje ein gang skal vere lov til å kritisere på nokon måte. Men var det ikkje så at det skulle undersøke kva som kunne gjerast for å få større lønnsemd i fiskeindustrien då? I staden argumenterer dei for at fiskeindustrien må få eige og drive fiskebåtar, og hovudsaka er at dei vil ha tak i kvotene, dei vil eige fisken før dei kjøper den, det er den interessa bukken har for å passe havresekken. Men det var då ikkje slik marknadsøkonomien skulle fungere.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Fiskeripolitikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s