Har vi eigentleg ei kraftkrise?

INNSIKT

Vi må gjere energiøkonomisering til ein større del av energidebatten, med særleg oppfordring til dei som ropar høgast om energimangel. Kva med å få installert varmepumer og automatisk varmestyring i offentlege bygningar til dømes, spør Torbjørn Sivertstøl i denne artikkelen. Han er frå Fiskåbygd og er cand. mag. og trålbas om bord på MT «Havbris»

Skrevet av: Torbjørn Sivertstøl er frå Fiskåbygd og er cand. mag. og trålbas om bord på (onsdag, 16.november 2005 12:11)
I det siste har det vore skrive mykje om at energiforbruket kjem til å stige, så vi må auke produksjonen. Men vi må også prøve å gjere energiøkonomisering til ein del av den politiske debatten og då treng vi å få greie på kva som er årsaka til den venta auken i energiforbruket. Den vert brukt som argument for å få realisert Statoil sine planar om gasskraftverkt på Tjeldbergodden, der spillvarmen skal brukast til fiskeoppdrett. Men fisk er som kjent kaldblodige, så det skulle vere heilt unødvendig for oss å varme opp badebasseng for fisk. Dette tyder ikkje på mangel av energi, men heller på overflod og sløsing med energien, det minner om korleis amerikanarane demonstrerer si overflod i si omsorg for kjæledyra sine. Men då hadde det vore betre å plassere gasskraftverket nær ein by, som til dømes Ålesund, og bruke spillvarmen til å varme opp både husvære og badebasseng for menneske, for dei er tross alt varmblodige og treng det sikkert meir enn oppdrettsfisken.

Næringsinnhald

Norferm på Tjeldbergodden er eigd av Statoil og Dupont med 50 prosent på kvar, og produserer fiskefor og for til kjæledyr av ein bakteriekultur som lever i vatn på 45 grader og vert fora med naturgass. Dei vert hausta ved sentrifugering, filtrering og tørking. Det verkar litt merkeleg når politikarane samtidig snakkar om at vi må bruke meir bioenergi, for å spare på oljen og naturgassen, som å blande maisolje i dieselen til drivstoff på bilane. Dette er då å gå motsatt veg. Dette fiskemjølet har 70 prosent protein, 10 prosent fett, 12 prosent karbohydrat og 8 prosent mineral, så det har rett nok langt meir høgverdig næringsverdi enn maisolje. Men det går an å bruke markene til kjøtproduksjon i staden for å dyrke mais, og då har vi ferdigprodusert mat for menneske, så det vert samanliknbart likevel.
Og kva med alt fiskeavfallet som det kunne verte produsert mjøl av? Dette har også høgverdig næringsinnhald, det vert brukt til fiskefor, men vert også selt på helsekostforretningar som sunt og næringsrikt kosttilskot. Med tanke på all matmangelen i verda burde eigentleg alt dette mjølet gå til menneskemat, når mjølet først er tørka, verkar det dumt å kaste det på havet igjen, for å sende det gjennom fiskemagen ein gang til. Der er andre måtar å ta vare på fiskeavfall også, som å produsere farse eller levere hovuda, men til samanlikning med Norferm skulle ein tru at mjølfabrikk på store fiskebåtar var langt betre energiøkonomisering.

Mjølfabrikk om bord

For utlendingar som vil kjøpe norske fiskebåtar er mjølfabrikk attraktivt. Men dessverre vert det ikkje installert mange mjølfabrikkar på nye norske fiskebåtar. For mjølfabrikken er dyr og mjølprisen vert for lav, og sist men ikkje minst må båten vere så stor at der vert plass til den, som ein filettrålar på 60-70m. Og så store båtar får ikkje fiske innanfor norsk fiskerigrense på 12 mil. Det er tonnasjen det går på, til tross for at det er maskinkrafta som vert mest avgjerande for kor godt ein trålar fiskar, med større maskinkraft kan den trekke større trål. Med større maskin vert det også meir kjølevarme og dess større kapasitet kunne der vere på ein mjølfabrikk. Dermed verkar dette regelverket som ein kunstig restriksjon som hindrar ei god energiøkonomisering. Der er sikkert fleire grunnar til at det hadde vore ynskjeleg med meir plass på desse båtane og utanskjers i dårleg ver er det langt meir behageleg å vere på ein båt på 65m enn ein på 50m, for ikkje å seie ein på 40m. Men regelverket hindrar ei naturleg tilpassing.

Ambulerande mjølfabrikkar

Ei anna moglegheit er å installere mjølfabrikk i frakteskuter som går i rute langs kysten, dei kunne laste fiskeavfall frå filetfabrikkane og losse det igjen som ferdigprodusert fiskemjøl. Samanlikna med dette vert Norferm sløsing med ein ikkjefornybar ressurs, her vert naturgass brukt til å fore ein bakteriekultur, når det i staden kunne verte brukt fiskeavfall. Og den energien som vert brukt til tørking kunne gå til husoppvarming. No ynskjer Statoil å legge ned Norferm , men dette handlar vel så mykje om ein ufornuftig fiskeripolitikk. Det er framleis stor mangel på proteinrik mat i verda, og då er det forkasteleg at vi ikkje skal nytte den delen av fiskeavfallet som kan brukast til mjøl, når vi har så god moglegheit til det. Her er det om å gjere å sjå heilskapen i politikken, det er god forvaltning av både den fornybare og den ikkje-fornybare ressursen.

Må sjå heilskapen

For 30-40 år sidan var det store havgåande linebåtar som vart ombygde til tråling. Sidan har det vorte mange ny trålarar med sterkare og sterkare maskineri og vinsjar, så dei kan trekke større og større trål, dobbeltrål og trippeltrål, særleg på reketrålarar. Men desse brukar også mykje olje og særleg reketrålarane slit med den høge oljeprisen. Det skal godt gjerast at ein filettrålar fiskar meir i filet-vekt enn den brukar av olje, det skjer omtrent ikkje. Sannsynlegvis vil ein altfor høg oljepris gjere det mindre lønsamt å drive tråling og meir lønsamt med passive fiskereiskap. Då er det viktig for eit reiarlag å kunne omstille drifta til meir passive fiskereiskap.
Nei, vi må nok gjere energiøkonomisering til ein større del av energidebatten, med særleg oppfordring til dei som ropar høgast om energimangel. Kva med å få installert varmepumer og automatisk varmestyring i offentlege bygningar til dømes? Miljøvern og ressursforvaltning har vorte brukt til å markere ein sentrumspolitikk, som alternativ til «vekstfilosofane» på både høgre- og venstresida. Men eigentleg går dette ut på å gjere bruk av naturvitskapleg kunnskap i politikken og det burde sjølvsagt få innpass over heile det politiske spekteret. Elles er energiøkonomisering eit spørsmål om å ta i bruk ny teknologi og mykje av initiativet har vorte spelt over til private bedrifter. Men der trengst også ein politisk vilje til å ta i bruk denne nye teknologien og denne saka tyder på at eit delprivatisert Statoil aktualiserer behovet for eit tredje alternativ. Vi må sjå heilskapen i politikken med konsekvensane for miljøet og spørje oss om det er god ressursforvaltning. Og når miljøaktivistane kjempar mot diverse typar kraftproduksjon, så må dei også sjå heilskapen i politikken og prøve å finne ut av korleis vi kan spare den energien som vi då går glipp av.

Entropi

Entropi er eit mål for uorden eller tap av informasjon vi kan ha om eit system, og ved ein kvar fysisk og kjemisk prosess vil entropien auke. Dette avspeglar seg nok i vår kunnskap om det globale systemet. Vi kan ikkje vere så sikre på kva konsekvensar utslepp av CO2 frå menneskeleg aktivitet har på klimaet, men det vi kan vere sikre på, er at den oljen og gassen som vi enno ikkje har utvunne og brukt, har vi spart som ein verdifull ressurs til seinare bruk. Så det forundrar meg litt at miljøforkjemparane har vore så einsidig opptekne av CO2- utslepp og så lite opptekne av å spare på olje- og gass-reservane, som ved betre energiøkonomisering. Det er då berre som å verte opptekne av komplementærmengda i staden, og så verte sikrare i si sak.
Det har vore viktig å ha norsk folkesetnad med økonomisk aktivitet på Svalbard for å markere det som norsk område, og dette politiske motivet som har vore viktig for russarane også, når dei har drive kolgruve på øya. Dette kan vi godt hugse på no når vi står framfor olje- og gassutvinning i nordområda. Norske selskap vil konkurrere om kontrakt på det enorme gassfeltet vest for Novaja Semlja, i russisk område av Barentshavet. Då er det viktig for dei å ligge i teten i utviklinga av teknologi og ekspertise og det er nærliggande å tru at dersom norske styresmakter bremser dei i deira naturlege utvikling på norsk sokkel, så vil det bremse dei i deira kamp for å ligge i teten av utviklinga, det kan lett verke som å sette på bremsene for ein travhest som er i ferd med å vinne på travbana. Og det tener ikkje norske interesser.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Energipolitikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s