Energien vi ikkje har

INNSIKT

Er det fornuft i at kraftkrevjande industri berre kan krevje og krevje
meir energi, mens vi andre berre skal tilpasse oss det som blir att, spør
Torbjørn Sivertstøl i denne artikkelen. Han er cand. mag. og er til dagleg
trålbas på MT «Havbris».

KRAVSTORE.

Marknadsøkonomien er den
dominerande ideologien i vår tid. Vi kan samanlikne marknadsøkonomien med
det biologiske livet. Tilbodet svarer til førekomsten av byttedyr og
etterspurnaden svarer til førekomsten av rovdyr. Når nye artar kjem til,
fører det til at andre vart utrydda. Det skjedde når menneska kom også, og
det skjer framleis. Vi er ikkje dei første individa som innsåg at vi må
tenke på den økologiske balansen, når ulv og løve er i ferd med å
overbeskatte bestanden av byttedyr reduserer dei sin eigen bestand. For
oss betyr det at vi må redusere etterspurnaden. Det er fyrst og fremst
styresmaktene som må ta det ansvaret. Denne likskapen mellom
biologien/økologien og marknadsøkonomien gjer at marknadsøkonomisk tenking
er den beste måten til å gjere bruk av naturvitskapleg kunnskap i
politikken, også for miljøvernarar. Men når det gjeld ufornybare ressursar
vert samanlikninga mellom økologien og marknadsøkonomien dårleg, her er
det ikkje berre å redusere etterspurnaden og vente at bestanden skal ta
seg opp att. Vi får berre ein sjanse, er det oppbrukt så er det slutt.

Ressursforvaltning.

I forslaget til grøne sertifikat var det forbrukarane av elektrisk kraft som skulle betale
subsidieringa av fornybare energikjelder, og dette vart brukt som argument
mot ordninga. Det var liksom ein unødvendig og kunstig prisauke som folk
helst ville verte sparte for, og det vart problem med å forsvare ordninga.
Det viser at det er ikkje nok berre å tenkje på miljø og CO2-utslepp, vi
må også tenkje på ressursforvaltning som grunnlag for langsiktig økonomisk
planlegging. Dersom elektrisk kraft frå fornybare energikjelder kan
redusere bruken av naturgass i eit gasskraftverk, så resulterer det i at
vi sparer på naturgassen. Det gjenstår berre å sørge for at det verkeleg
vert resultatet, ved å hindre at det berre fører til auka gassforbruk på
andre område. Det kan vi gjere ved å legge avgift på naturgassen ,og så
bruke inntektene til å subsidiere kraftverk med fornybar energi. For
kundane som kjøper gassen er ikkje denne avgifta bortkasta pengar, men det
er ei investering for framtida, ved at den bidreg til at gassreservane
skal vare lengre fram i tid. Når det gjeld ressurstilgangen så er kjøpar
og seljar i same båt, dei er begge avhengige av at der skal vere noko å
kjøpe og selje i framtida. Dei treng å verte einige om ei langsiktig god
forvalting, og det er politikk.

Mykje subsidiar.

Vanlege forbrukarar er allereie med på å subsidiere kraftkrevjande industri som
aluminiumsindustrien ved at den får mykje rimelegare kraft enn andre, og
det saka gjeld er om vi vil ha meir av. dette? Det kraftbehovet som
aluminiumsproduksjonen på Sunndalsøra og andre kraftkrevjande prosjekt vil
forårsake i Møre og Romsdal vert framstilt som eit faktum vi lite kan
gjere noko med. Dette er liksom slikt som ekspertane har greie på, og som
vi andre berre må finne oss i å godta. Men eigentleg er dette eit krav om
at vi skal tilpasse oss politiske og økonomiske leiarar i samfunnet og
deira politikk. Det er dei som forårsakar den energikrisa dei talar om, og
så ventar dei at vi skal tilpasse oss politikken deira, om så det skal
verte mørkt og kaldt rundt om i heimane. Uansett ville dei ikkje få nok
kraft. Men dersom den kraftkrevjande industrien hadde måtta betalt like
mykje for krafta som oss andre, så hadde det kanskje ikkje vorte så stor
kraftkrise likevel?

Auka produksjon.

Med utgangspunkt i eit framtidig energibehov har det vorte ført mykje god argumentasjon for auka kraftproduksjon, først og fremst for bygging av gasskraftverk.
Argumentasjonen kan vere heilt ok, men dersom vi berre skal argumentere ut
ifrå behovet og konkludere med at det må fyllast, så kan konklusjonen fort
verte ein illusjon utan rot i røyndomen. Ideen om at alle skal få etter
behov, så det er berre å krevje mest mogleg, er ein illusjon utan rot i
røyndomen, og er ikkje tilpassa ei målsetting om å forvalte ressursane på
ein god måte. Vi må føre ein annan diskusjon også, der vi tek utgangpunkt
i dei framtidige energireservane og argumentere ut ifrå det ,og så prøve å
finne ut korleis vi best kan tilpasse oss desse fysiske realitetane. Vi
kan rekne med at fusjonskraftverk vert vanleg i siste halvdel av dette
hundreåret. Dette er ein uuttømmeleg ressurs som vil løyse kraftbehovet.
Bygging av fusjonskraftverk ville vere ei ypperleg moglegheit til å utvide
aluminiumsproduksjonen. Politikken er at aluminiumsproduksjonen skal
subsidierast med billig kraft, og det fører til kunstig høgt press på
utvinning av bauksitt, gjerne med negative konskvensar for miljøet. Men
hydrokarbonane kan brukast som råstoff i plastindustrien, til produkt som
langt på veg kan brukast i staden for aluminium, produkt som er lette og
sterke.

Toppen snart nådd.

I eit gasskraftverk vil knapt 6/10 av energien overførast til elektrisk energi. Det seier seg
sjølv at dersom vi skal produsere kjemisk drivstoff av elektrisk kraft,
vil dette verte langt dyrare enn naturgassen så lenge det er lønsamt å
drive eit gasskraftverk. I framtida kan vi verte nøydde til å produsere
drivstoff slik. No vert gassen brukt til rimeleg husoppvarming, og det er
berre rart at den ikkje har vorte teken meir i bruk til drivstoff. Men det
kjem. Dette seier noko om kva potensiale der er for prisstigning på
naturgassen og kva framtid der er for gasskraftverk. «Association for the
Study of Peak Oil and Gas» (ASPO) meiner oljeproduksjonen når toppen i
2010 og gassproduksjonen når toppen mellom 2010 og 2020. Stadig fleire
ekspertar meiner at oljeproduksjonen allereie har nått toppen. Veksten i
kinesisk og indisk økonomi, vekst i folketalet i lavkostland og auka
investeringar i slike lavkostland vil auke etterspurnaden etter olje og
gass. Men den økonomiske veksten er heilt avhengig av auka olje- og
gassproduksjon. Går produksjonen ned, vert det økonomisk nedgangstid. Både
oljen og gassen vert dyr, pengane, inkludert oljefondet, vert mindre verdt
i forhold til olje- og gassreservar. Den venta nedgangen i
oljeproduksjonen tyder på at det kan verte økonomisk nedgangstid allereie
før 2010 og det vil først og fremst ramme kraftkrevjande industri som
aluminium- og stålproduksjon. Kunstig lave straumprisar til den
kraftkrevjande industrien fører til kunstig behov for utviding, og det er
ikkje noko godt argument for auka tempo i gassutvinninga. Vi har mest å
vinne på å redusere tempoet i utvinninga av olje og gass, så vi slepp å få
så stort press i norsk økonomi, og så spare noko av desse naturressursane
til seinare, når vi verkeleg treng det.

«Vi har mest å vinne på å redusere tempoet i utvinninga av olje og
gass, så vi slepp å få så stort press i norsk økonomi, og så spare noko av
desse naturressursane til seinare, når vi verkeleg treng det»

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Energipolitikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s