Desentralisering.

INNSIKT

Datamanskinene og oppkopling mot nettet var meint å skulle føre til desentralisering. I staden ser det ut til at vi får det motsette.

«Kanskje vi med tida kan verte eit føregangsland i utviklinga mot ei ny seilskutetid?»

Skrevet av: Torbjørn Sivertstøl, Fiskåbygd er trålbas. (lørdag, 23.februar 2008 14:20)

Mobilitet?

Den personlege datamaskina og internett gjorde det mogleg å ta med seg kontorarbeidet heim, på reisa, i bilen og til ein aude plass om ein det ville, slik sett vart vi meir fleksible og venteleg ville det verte lettare å få til desentralisering. Men det viste seg at dei som kommuniserer gjennom PC og internett også har behov for å møtast og snakkast på vanleg vis. Det vert ein heilt annan måte å kommunisere på, som vanskeleg let seg gjere på tastaturet. Eit IT-senter som det har vore snakk om på Fornebu vert noko heilt anna enn å sitje med ein PC på kvar si aude øy og kommunisere over internett.

Effektivisering.

Datamaskinene og internett effektiviserer administrasjonen av kommunane og offentleg sektor, og motiverer for sentralisering og samanslåing til større einingar, og så vidt som eg har fortsått er dette avgjerande for den nye regionaliseringspolitikken. Vi kunne godt tenkje oss at sjølv om det administrative arbeidet vart samanslått slik, så kunne dei likevel sitje ute i distrikta med kvar sin PC og kommunisere over internett. Utviklinga viser at det er vel ikkje akkurat det som er tilfellet. Dei sit på kvar sitt kontor i eit meir sentralt kontorbygg. Det er bra vi ikkje har vorte så «maskinelle» i vår tenking at det å møtast og snakkast på vanleg måte ikkje lenger skulle vere viktig for oss, men då må vi heller ikkje la regionaliseringspolitikken verte som ei kunstig sentraliseringsramme som vert tredt ned over oss.

Dialektane gir naturlege regionar.

Dialektene fortel oss korleis kommunikasjonen har føregått frå gammalt av, dei viser oss regionane der folk brukte å møtast og snakkast og sidan dette framleis er viktig for oss som kommuniserer gjennom PC og internett, meiner eg dette framleis bør vere avgjerande for regionaliseringa som er motivert av PC og internett. Det vil igjen bidra til å bevare dialektene. Utviklinga av dialektane hang uløyseleg saman med geografiske forhold som gjorde kommunikasjonen lett og naturleg. Kvifor skulle vi vel då gjere det kunstig vanskeleg? Vegar knyt saman. Utbygging av vegnettet vil sjølvsagt betre kommunikasjonen mellom regionane og kan soleis motivere for samanslåing. Vi har ein god del eksportindustri på Sunnmøre og til dette er det fyrst og fremst vegane sørover, til Bergen og til Oslo vi treng å få forbetre. På det europeiske kontinentet vert det bygt ut jernbane med hurtiggåande persontog til konkurranse med flytrafikken. Her i landet har vi noko som dei ikkje har så mykje av på kontinentet, og det er sjøvegen. Hurtigbåtane kan på tilsvarande måte som hurtigtoga konkurrere med flytrafikken, og vi kan satse på lasteskip på tilsvarande måte som dei satsar på godstog. Hurtigbåt rundt Stad er ikkje noko å satse på. Å skyte hol gjennom fjellet for å få ein Stad skipstunnel kan derfor samanliknast med å lage ein tunnel for hurtiggåande tog. Så er det berre å vurdere kostnad mot passasjertal og kva anna nytte ein slik tunnel kan ha. Det er ikkje rart at det er mange som er ivrige etter å få ein slik tunnel, ikkje minst i mi eiga kommune, Vanylven.

Skipstunnel.

Det vert argumentert med at det vil betre sikkerheta for skipsfarta langs kysten, men å sende skipa gjennom ein tunnel er noko nytt, og kva farar det vil innebere er kanskje litt utenkeleg for oss. Det vert vist til at hurtigruta fekk maskinstopp rett utfor Stadt i dårleg ver med fare for å drive på grunn på Bukketjuvane. Men der er rom sjø og det er ikkje noko problem å gå så langt ut at dei vil rekke å sleppe anker og stoppe avdrifta før dei driv på grunn. Så spørst det kor sikkert feste ankeret vil gi då. Men kva om hurtigruta får maskinstopp eller problem med styringa akkurat når den er i ferd med å gå inn i skipstunnelen? Vi har sett at bilar har kollidert og teke fyr i tunnelar og resultert i mange omkomne. Kva om eit skip mister styringa, går på grunn eller kolliderer med eit anna skip i tunnelen og tek fyr? Då har ikkje folk stor sjanse til å berge seg ut i tide og bergingsarbeidet vert nærast umogeleg. Vi har sett at det har falle stein frå taket av vegtunnelar, men dette fjellet er vel noko sterkare enn fjellet på Austlandet og med godt tilsyn er ikkje dette største faren.
For turistane vil det framleis vere ei oppleving å reise over Stadt-havet med hurtigruta og for mange vil det vere attraktivt å oppleve det i dårleg ver også. Det vil også vere ei oppleving å kruse på fjorden med ein hurtigbåt og så berre smette seg gjennom ein tunnel i fjellet innerst i fjorden. Hurtigbåtruta mellom Bergen og Ålesund og reisetida mellom Måløy og Ålesund blir mykje kortare.

Stigande oljeprisar.

Redusert oljeproduksjon vil med tida føre til stigande oljeprisar. Då får vi håpe at elektrisk kraft frå fornybar energi og fusjonskraftverk vil gi oss forholdsvis rimeleg energi og i så fall vil jernbane og T-bane og elektriske bilar ha framtida for seg. Det vert planlagt vindkraftverk langt til havs for å utnytte den jamne og sterke vinden der. Vi kan sjå for oss at det med tida vert vanleg å bruke segl på båtane igjen, og då vert det om å gjere å føre skipstrafikken ut der som vi får jamn og sterk vind og dette vert mest aktuelt for dei store skipa som tåler dei store bylgjene. Her ute i rom sjø vert det lettare å legge kursen etter vindretninga. Det er den relative vinden i forholdet til seglet som gjev framdrifta og den vert redusert når vinden kjem bakfrå, spesielt om ein brukar maskinkrafta i tillegg til seglet. Men med vinden frå sida eller litt framanfor tvers kan vi få god framdrift frå vinden sjølv om vi brukar maskinkrafta i tillegg, om det ikkje er ein altfor hurtiggåande båt. Då vil seglet virke som ein slingredempar også. Vi kan godt sjå for oss eit system med GPS, vindmålarar, krengingsmålar, straummålarar etc. kopla opp mot ei datamaskin som justerer seglføring og kanskje endåtil ein senkbar seilkjøl, for å få best mogleg framdrift og minst mogleg slingring. Ei anna datamaskin reknar ut beste kursen etter vermeldinga. Kanskje vi med tida kan verte eit føregangsland i utviklinga mot ei ny seilskutetid?

Hareid-Ålesund.

Det har vore foreslått å sprenge tunnel frå Hareidlandet til Ålesund, men dette bryt med det som har vore samferdselspolitikken dei siste tiåra, der vi har prøvt å legge gjennomgangstrafikken utanom byar og tettbygde strøk. I Ålesund har det vore nærast umogeleg å gjere det på nokon annan måte, så kvifor skal vi då bygge tunnel til dyre domar for å prøve å få til det som vi allereie for femti år sidan fann ut var uheldig? Der dei store vegane har passert byar og tettstader har det kome store kjøpesenter med store parkeringsplassar, slik som på Moa. Det må då vel vere betre å satse på at folk skal sette frå seg bilen på slike parkeringsplassar utanfor byen og så heller bruke kollektivtransport som buss, T-bane og hurtigbåt for å komme inn til byen. Ålesund er så ålande smal og der er trongt nok slik som der er om ikkje vi skal presse endå meir trafikk, bilar og parkeringsplassar inn i byen og heller tenke meir på å bevare «jugentstilbyen» slik som den er.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Økonomisk politikk, Samferdselspolitikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s