Brukar vi energien rett?

Dersom eit gasskraftverk vart plassert i nærleiken av Ålesund, så kunne den 40 prosent av energien som går til varme, nyttast til husoppvarming. Då ville denne varmemengda fort tilsvare den elektriske krafta frå ganske så mange vindmøller.

Skrevet av: Torbjørn Sivertstøl er cand.mag og trålbas (onsdag, 05.april 2006 14:04)

Vi snakkar om at vi brukar energi, at vi treng energi og at vi må spare på den, men det er ei grunnleggande lov i fysikken som seier at energien er konstant. Har det noko betydning då, så lenge vi gjer oss forstått? Kanskje der kan trengast ei presisering av og til likevel. Der er ulike former for energi, eller måtar energien er lagra på, og ikkje alle formene for energi er like mykje verdt for oss, nokre energiformer er ingen ting verdt for oss som energireservoar og det kallar vi ikkje energi i vår daglege tale. Det er den energien som kan nyttast til å utføre eit arbeid som er nyttig for oss, i ein kvar slik prosess vil ikkje all energien gå til arbeid, noko vil gå til varme. Denne varmen er ikkje så mykje verdt for oss som den opphavlege energiforma, for vi kan ikkje bruke denne energien oppatt til å gjennomføre den same prosessen ein gang til. Eigentleg er alle energiprosessane i naturen er irreversible på grunn av friksjon og varmetap. Entropien er eit mål for uorden og i ein kvar irreversibel prosess vil den auke. Dess meir ordna energien er, dess større energireservoar er det som kan utføre arbeid og få prosessar til å gå, og så spørst det berre korleis vi best skal klare å gjere oss nytte av energien. Når vi talar om energisparing, så må vi også hugse på at dei ulike energiformene er spesialistar på å få utført ulike prosessar.

Elektrisk kraft kan brukast til oppvarming, men det kan også brukast til å få lys i lyspærer og lysrør i eit rom og sidan går det til å varme opp romet, bortsett frå den vesle delen som forsvinn ut gjennom glasrutene. Elektrisk kraft kan brukast til å drive ein elektromotor og den kan brukast til elektrolyse i eit smelteverk. Sett frå eit fysisk synspunkt er varmen frå panelomnen langt mindre verd for oss enn den elektriske energien vi tilfører omnen, sjølv om energimengda er den same, for den elektriske energien kan nyttast til mykje meir. Vi kan til dømes bruke den til å drive ei varmepumpe.

Olje og gass kan brukast til oppvarming, men det kan også brukast til å drive ein forbrenningsmotor. Fordelen med olje og gass framfor elektrisk energi er at det er konsentrert kjemisk energi, energien er lagra i eit kjemisk stoff som er lett i forhold til kor mykje energi vi får ut av det, det er lett og praktisk å nytte som drivstoff i framkomstmiddel. I tillegg kan det nyttast som råstoff i plastindustrien, til eit mangfald av plastprodukt som har vorte viktige for oss. Og dei tyngste oljerestane vert brukt til å asfaltere vegane. Det vert essensielt å prøve å bruke den elektriske krafta til å få utført dei prosessane som den er veleigna til og hydrokarbonane til dei prosessane som dei er veleigna til og så prøve å bruke varmen frå desse prosessane til oppvarming.

Bauxitt vert funne og utvunne på den sørlege halvkule, det vert knust og oppløyst i kaustisk soda under høgt trykk og temperatur der det vert utvunne alumina (aluminiumoksidtrihydrat). I ”Hall-Heroult-prosessen” vert alumina oppløyst i smelta kryolitt (natriumaluminiumfluorid)  der aluminium vert utvunne ved elektrolyse. () Dette er kraftkrevjande industri og det er tilgangen på rimeleg elektrisk kraft som, til tross for at råstoffet må fraktast så langt, har gitt grunnlag for aluminiumsindustri i Noreg, men då har det også kome nærare ein marknad for aluminiumsprodukt som bilindustrien. Dersom vi kan bruke varmen frå slik kraftkrevjande industri til fjernvarme, så har vi eit godt argument for kraftkrevjande industri i Noreg framfor tropiske land, for det er noko kaldare her. I staden for å drive ein kraftkrevjande industri på lik linje med korleis dei kanskje ville ha gjort det i tropane, så vi like gjerne kunne flytte den ut, så må vi prøve å tenke så pass sjølvstendig at vi prøver å tilpasse oss norske forhold, prøve å utvikle den kraftkrevjande industrien slik at vi får bruke varmen frå den til husoppvarming.

Når den store utvidinga av aluminiumsindustrien fører til dyrare kraft for oss alle, så betyr det at vi alle er indirekte med på å subsidiere denne utvidinga. Kva vert då den samfunnsøkonomiske verdien av det? Den vert i alle fall noko heilt anna enn den bedriftsøkonomiske verdien. Dersom vi skal bygge gasskraftverk for å levere elektrisk kraft til meir aluminiumsindustri, så er det ikkje lenger billig straum frå vasskraftverk som er argumentet for denne aluminiumsproduksjonen i Noreg, men tilgangen på rimeleg naturgass, og kor lenge vil det vare? I eit gasskraftverk vert kjemisk energi overført til elektrisk energi, det er også ein prosess der ein stor del av energien går til varme. Ein gassturbin har ei verknadsgrad på 0,4, det vil seie at berre 4/10 av tilført energi vert overført til elektrisk energi, resten går til varme. Moderne gasskraftverk er kombinasjonskraftverk med både gassturbin og stimturbin. Komprimert luft og naturgass vert brent i eit forbrenningskammer og krafta i den eksplosive utvidinga av gassen vert nytta til å drive gassturbinen. Eksosen frå gassturbinen kan ha ein temperatur på 450-590 grader C og vert nytta til å varme opp vatn og krafta frå utvidinga av vassdampen vert nytta til å drive stimturbinen. Då vert verknadsgrada auka til opp imot 0,6. CO2-deponering vil redusere verknadsgrada med 15-20 %. () Nyare forsking viser at bruk av fastoksid brenselcelle kombinert med gassturbinen kan auke verknadsgraden opp mot 7/10, og at det gjeld for små kraftverk også. Det vil redusere brenselkostnadar og CO2-utslepp. Å få det realisert er eit spørsmål om teknologisk utvikling og investering. ().

Minst 40% av energien går til varme, men kan i nær framtid reduserast til 30%, og dette må vi prøve å nytte til husoppvarming, like stor energimengde som vi soleis klarer å nytte til husoppvarming til erstatning for elektrisk kraft, sparer vi som elektrisk kraft og den er som sagt meir verdt enn varmevatnet. Dersom eit gasskraftverk til dømes vart plassert i nærleiken av Ålesund, så denne varmemengda kunne nyttast til husoppvarming, så ville denne varmemengda fort tilsvare den elektriske krafta frå ganske så mange vindmøller. Her har politikarane eit forklaringsproblem, når dei planlegg store utvidingar av den kraftkrevjande industrien, så den elektriske krafta vert dyrare for oss alle, kvifor planlegg dei då ikkje desse utvidingane slik at vi kan få nytte fjernvarmen? Til dei planlagde utvidingane av kraftkrevjande industri på Nordmøre trengst det like mykje elektrisk kraft som Oslo, Bergen og Trondheim brukar til saman og når kraftproduksjonen må aukast tilsvarande mykje, så viser det berre at noko bruk av fjernvarme har vore ein ganske så fjern tanke både for politikarane og næringslivsleiarane som har planlagt dette. Korleis kan dei krevje at folket skal ta omsyn til dette enorme kraftbehovet deira når dei ikkje tek omsyn til at folk kunne ha bruk for fjernvarmen? Korleis klarer dei å planlegge så store utvidingar av kraftkrevjande industri utan å legge til rette for bruk av fjernvarme? Ein skulle nesten tru dei var så hypnotiserte av rikdommen og CO2-deponeringa at dei ikkje visste kva dei gjorde.

Å pumpe gassen frå Draugenfeltet til dei britisk øyane vil auke energiforbruket i gassutvinninga, og det er eit godt argument for gasskraftverk på Mørekysten. () Men dersom britane nyttar den elektriske krafta til industrielle prosessar og held fram med å nytte gass direkte til oppvarming, medan vi brukar elektrisk kraft til oppvarming, dei nyttar fjernvarme frå gasskraftverk og vi ikkje gjer det, så sløser vi vekk dette konkurransefortrinnet.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Energipolitikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s