Tilpassing med omsyn til økonomi og økologi og/eller tilpassing til ein herskar?

Dette var tema i to avisartikklar eg skreiv i Sunnmørsposten  i tida 2004-2005.

I. Artikkel i Sunnmørsposten 24.5.2004.

Vi treng å tilpasse oss dei økologiske og økonomiske realitetane. Det er ikkje det same som eit krav om at vi skal tilpasse oss ein herskar som prøver å forgude seg sjølv.

Når regelverket for fiske er umogleg å oppfylle i praksis, så gjev det ein herskar moglegheita til å handheve det mot kven han vil etter sitt eige ønske, med det implisitte kravet om at dei skal tilpasse seg han. Når det endå til motseier seg sjølv, så vert det i praksis herskaren som vert lova. Dersom det er ein sosialistisk herskar, så vil han gjerne gå til rettes med kapitalinteressene. Sidan det er forbunde mest kapital i dei fiskebåtane som har filetfabrikk, kan dette ha vore ei av årsakene til myten om at det er stortrålarane som er verst, til dømes med å dumpe småfisk. Fiskarane står makteslause overfor lovverket og fiskemottaka som ikkje vil ha småfisken og saman med denne myta fører det til ei framandgjering av fiskaren overfor korleis han best skal kunne utnytte denne ressursen. Men på fabrikktrålarane har vi oppdaga at det går an å utnytte denne ressursen med god økonomisk vinning. Dersom det hadde vorte gjort på fiskemottaka også, så kunne både fiskemottaka og fiskarane tent betre på småfisken. Regelverket om minstemålet held igjen for ei slik utvikling. Dette er berre eitt av mange døme på at det er investering av kapital som må til for å få ei betre utnytting av ressursane.

Gjennomførbart regelverk

Fiskeriministeren kallar fiskarane miljøsyndarar fordi dei dumpar småfisk og kallar det miljøkriminalitet og foreslår å innføre ei fuskeavgift for å redusere utkastet av småfisk. Dette minner mest om kyrkja sin avlatshandel i middelalderen. Vi får håpe regjeringa så raskt som mogleg klarer å utvikle seg frå middelalderen fram til reformasjonen og så heller prøve å reformere regelverket så det går an å gjennomføre det.
I fylgje biologien er det om å gjere for alt levande å tilpasse seg naturforholda for å overleve, det individet som er mest veltilpassa har størst sjanse for å overleve og lukkast best i å formeire seg, og såleis vil arten tilpasse seg naturtilhøva og den arten som er mest veltilpassa, får størst utbreiing. Dette kan overførast på menneska også, vår historie og vår utbreiing på jorda. Det er om å gjere for oss å tilpasse oss dei fysiske og økologiske realitetane for at vi skal overleve, og denne tanken kan vi også overføre på vår økonomiske tenking, det er nødvendig for oss å tilpasse oss dei fysiske og økonomiske realitetane for at vi skal overleve økonomisk.

Tilpasse oss naturforholda

Men no må vi også tenke på vår tilpassing til naturmiljøet for å unngå å utrydde og fortrenge andre artar. Vi må tenke på å finne vår naturlege integritet i det økologiske systemet og såleis tilpasse oss naturforholda, vi som jobbar med fiske, fiskeoppdrett eller jordbruk må gjere det til vitskap og profesjon og vi som elles lever på landsbygda og kjem nær naturen, må gjere det til vitskap og hobby. Dersom vi skal klare å få til ein økologisk rett politikk, så er det ikkje først og fremst ved at vi skal vere nøydde til å tilpasse oss ein slik herskar, men det er først og fremst ved at vi skal prøve å tilpasse oss naturmiljøet, så vi best mogleg finn vår naturlege posisjon i det økologiske systemet. Både av omsyn til vår økonomi og av omsyn til økologien, må regelverket tilpassast desse fysiske, økologiske og økonomiske realitetane, slik at marknadskreftene vert reiskap til å ivareta ressursane og utnytte dei på ein best mogleg måte.

Naturvitskap

I diktaturstatar som kommunist-regima og Hitler-Tyskland var det nødvendig å tilpasse seg eineherskaren for å overleve. I Romarriket var det nødvendig å tilbe keisaren som ein gud for å overleve, dette vart årsaka til kristendomsforfølgingane. Henrettingane vart gjort til underhaldning og tidsfordriv for folk. Det vert sagt at Paven har sin tradisjon ifrå Peter og apostlane, men eigentleg hadde han sin tradisjon ifrå Roma-keisaren og heldt fram med å gå i rette med folk på liknande måte og det har gitt kyrkja tradisjon av å gå til rette med folk på grunn av deira naturlege behov for å formeire seg og eg ser det slik at dette er den viktigaste årsaka til at kyrkja også har hatt det som tradisjon å komme på kant med den naturvitskaplege tenkinga. Feilen er at i staden for å fortelje at Gud har forlikt verda med seg sjølv, så har prestane som tradisjon å gå til rette med folk på denne måten, for å forgude seg sjølve overfor folket, også for å få pengar ut av det. Derfor går dei også i rette med naturvitskapen som nøkternt fortel oss at poenget med seksualiteten er at vi skal formere oss og overleve som folk, og når dei på denne måten klarer å lausrive det frå den naturvitskaplege tenkinga, så vert det kulturelt, for ikkje å seie ukulturelt tullprat av det i staden, det vert gjort til underhaldning, men sett utifrå eit naturvitskapleg synspunkt er det hendrettinga av vårt folk som vert gjort til underhaldning på liknande måte som Roma-keisaren gjorde henretting av einskildmenneske til underholdning. Dette er å kriminalisere mannen for hans naturlege integritet i det økologiske systemet og det er å kriminalisere den naturvitskaplege tenkinga, og det seier seg sjølv at med det utgangspunktet kjem ein aldri fram til ein økologisk rett politikk. Dette er den mest grunnleggande årsaka til at det har vorte vanskelegare for den norske mann å finne seg ei kone. For unge menn på landsbygda har det i tillegg vorte eit problem fordi mesteparten av dei unge jentene reiser inn til byane for å gå på skule eller for å finne seg arbeid.
Når biologien med utviklingslæra kan forklare slike politiske ideologiar og samfunnssystem, så viser det kor brukbar naturvitskapen er, men dette er eigentleg politikk og religion og ikkje naturvitskap, og dei feila som desse politikarane gjorde var politikarane sine feil og ikkje naturvitskapen sin feil. Naturvitskapen seier at det er om å gjere for oss å tilpasse oss naturmiljøet, og det kjem heller i motsetnad til kravet om at vi skulle trenge å tilpasse oss ein herskar som prøver å forgude seg sjølv.

Må vi tilpasse oss?

Men når vi først talar om tilpassing, så veit vi også at vi treng å tilpasse oss menneskelege miljø, samfunn og kulturar. Dette vert viktigare dess større byar og meir tettbygde strøk vi kjem inn i, og dess mindre viktig vert tilpassinga til naturen, så kravet om tilpassing kan endå til virke irrasjonelt. Sentralt i dette ligg gjerne kravet eller forventinga om å tilpasse seg ein gud. Men i eit moderne samfunn tenker vi heller på reklame og motar som trendsetjande for kva som vert forventa av miljøet at vi skal tilpasse oss. Det er ofte ganske så lausrive frå den naturvitskaplege tankegangen, at vi skal tilpasse oss naturmiljøet for å overleve og det kan vere vel verdt å minne seg sjølv om dette av og til, for å stå imot det verste kjøpepresset. Det meste av dette er ganske så truskuldig, det er langt verre at bruk av narkotika har vorte ei motesak for mange og har breitt meir og meir om seg over heile landet. At det er på mote i eit miljø, har å gjere med ei forventing frå miljøet om å tilpasse seg, men for dei som vert avhengige av det, vert det som eit krav om å tilpasse seg ein diktatorisk herskar, ein kriminell tyrann. Før eller seinare kostar det dei gjerne livet i ei overdose. Og vi kan undre oss over at folk som er oppfostra i eit opplyst demokrati let seg lure inni dette, dei skulle då vel vite betre? Forklaringa er at kravet om tilpassing vart lausrive får naturen og den naturvitskaplege tankeganen, at vi må prøve å tilpasse oss naturen og naturforholda for å overleve og kjempe for vårt tilvære.

Utviklingslæra

Vi må grave fram den gamle stridsøksa, tilpasse oss naturtilhøva og kjempe for vårt tilvære. Det er nødvendig å gjere bruk av utviklingslæra for å få ei naturvitskapleg forståing av historia og gjere bruk av dei biologiske og økologiske prinsippa også på menneskelivet for å få ei heilskapleg økologisk og naturvitskapleg tenking, og gjere bruk av den i politikken, for å løyse dei politiske problema til gagn for folket og til vern av naturen som vi er ein del av.

II. VERKEMIDDEL MOT DUMPING AV FISK.

Artikkel i Sunnmørsposten omlag i tida 2004-2005.

”Kunsten må vere å lage eit regelverk for fiskedumping som er så veltilpassa at marknadskreftene vert verkemiddel til å ivareta ressursane”.

FORMÅLSTENLEG REGELVERK.

Dersom forbodet mot fiskedumping skal kunne gjennomførast i praksis, så må det kombinerast med eit minstemål, der vi får lov til å dumpe den fisken som er under minstemålet, for det er ingen fornuftige menneske som under normale omstende bløggar, sløyer og iser fiskeyngel, og når lovverket pålegg oss dette, så er det galskap. Det må vere opp til fiskaren sjølv om han vil dumpe den fisken som er under dette minstemålet, eller om han vil produsere mjøl eller farse av den, eller kva han vil. For å forenkle regelverket bør dette minstemålet vere det same som det minstemålet vi allereie har. Det første politikarane bør gjere når dei meiner at det vert dumpa for mykje småfisk, det er å redusere dette minstemålet.

Når regelverket for fiske er umogleg å oppfylle i praksis, så gjev det ein herskar moglegheita til å handheve det mot kven han vil etter sitt eige ønske, med det implisitte kravet om at dei skal tilpasse seg han. Når det endå til motseier seg sjølv, så vert det i praksis herskaren som vert lova. Er det ein sosialistisk herskar vil han gjerne gå i rette med kapitalinteressene og det kan vere ei forklaringa på myta om at fabrikktrålarane er verst, til dømes med å dumpe småfisk, sidan det er bunde mest kapital på desse fiskebåtane. Men det kan like gjerne vere storkapitalistiske interesser som står bak, sidan ein stor del av fabrikktrålarane framleis er privateigde bedrifter som vert små samanlikna med dei store konserna som vil eige både fiskemottak og fiskebåtar. Problemet for fiskarane er at dei står makteslause overfor lovverket og fiskemottaka som ikkje vil ha småfisken og saman med denne myta fører det til ei framandgjering av fiskaren overfor korleis han best skal kunne utnytte denne ressursen. Men på fabrikktrålarane har vi oppdaga at det går an å utnytte denne ressursen med god økonomisk vinning. Dersom det hadde vorte gjort slik på fiskemottaka også, så kunne både fiskemottaka og fiskarane tent betre på småfisken. Regelverket om minstemålet held igjen for ei slik utvikling. Dette er berre eitt av mange døme på at det er investering av kapital som må til for å få ei betre utnytting av ressursane.

Kvoteregulering.

Dersom det er ein art som er truga med utrydding, så er det klart at det må vaktast på at ikkje eit einaste individ vert drepe, same enten det er ungt eller gammalt, endå til fugleegga må vernast. Men eg går ut ifrå at kvotereguleringa hindrar både utrydding og kollaps av bestandane, hindrar at det skulle skje noko liknande som skjedde med torskebestanden på Grønland, og som no kanskje også er i ferd med å skje med stor-reka på Grønland. Det som eventuelt kan truge med ei så stor katastrofe for fisket i norsk sektor trur eg heller må vere forureining, til dømes ved radioaktive utslepp i nordområda, så fiske vert forgifta.

Poenget med kvotereguleringa er då at vi skal ikkje presse bestandane ned mot eit så lavt nivå at det kjem i nærleiken av fare for kollaps av bestanden eller utrydding, men at vi i staden skal prøve å halde den på eit så høgt nivå at vi over eit langt tidsperspektiv kan fiske langt meir enn om bestanden vart liggande på eit kritisk lavt nivå. La oss til dømes tenke oss at vi over lang tid kan fiske om lag 10 % av bestanden pr år. Då skulle det vere enkelt å forstå at 10 % av 1000000 er mykje meir enn 10 % av 1000. Sjølvsagt er det ikkje så enkelt som dette, meir torsk treng meir mat, som lodde, der må vere nok mat til den, så den ikkje byrjar med kannibalisme. Det er forskarane si oppgåve å prøve å finne ut av kor stor torskebestanden bør vere for at vi over tid skal kunne fiske mest mogleg utan å redusere bestanden. Men når utanlandske båtar kan fiske slik som det vart vist i fjernsynsprogrammet ”Brennpunkt” at desse islandske båtane gjorde i Smutthullet, så er det ikkje rart at forskarane sine prognoser slår feil. Det er ikkje berre miljøvern-grunnar til at vi skulle verne bestanden, men det er økonomiske grunnar til å prøve å holde bestanden på eit så høgt nivå at den gir oss ei berekraftig økonomisk utvikling. Det er dette regelverket skal passe på og då er det også rimeleg å kunne trekke tekniske og økonomiske omsyn inn i bildet.

TEKNISKE OG ØKONOMISKE VERKEMIDDEL.

Den fisken som båten ikkje har kvote på, vert fiskarane pålagde å levere likevel, og regelverket seier at dei ikkje skal få betalt for den. Men å sette folk til å gjere arbeid som dei ikkje skal få betaling for, det er som å setje folk til å gjere slavearbeid, og det har det vore slutt på i Noreg for mange hundrede år sidan. Så her ser det ut som justisdepartementet er akterutsegla i samfunnsutviklinga.

Eit brukbart forslag kunne vere at dei fekk ein minstepris for denne fisken. Som for å levere makrellen rund. Den kunne leverast til agn, men neste steg i utviklinga med å ivareta ressursane, er å levere den til menneskeføde, så å prøve å få betre pris ved å forbetre kvaliteten. Kanskje filetere den.

For trege maskiner.

Karrusell-kappemaskinene for småfisk går alt for seint og det kan motivere dumping av småfisk. Det er småtorsken som vert kappa på desse maskinene, og då må den vere bløgga først. Småhysa og småseien vert køyrd gjennom ”jytlamaskiner” som sløyer fisken og børstar ut sloget utan å kappe hovudet. Småseien vert ikkje bløgga først. Småtorsken må bløggast, men det er ikkje noko i vegen for at vi kan køyre den også gjennom jytlamaskinene, det vil gå mykje fortare enn å kappe den på ei karusell-kappemaskin.

Spørsmålet er om vi får lov til å levere småtorsken med hovud. Eg har høyrt lause rykte om at det ikkje er noko i vegen for at fiskemottaka kan ta imot torsken med hovud. Så kvifor vert det ikkje gjort? Er det fordi vi er bundne av regelverket, eller er det fordi vi er bundne av tradisjonen? Er det økonomiske grunnar til det? Det går an å nytte torskehovuda. Vil dei ha berre den delen av fisken som er mest verd? Dersom marknadskreftene fekk fungere rett, så hadde det sikkert vore attraktivt å levere torskehovud også, som ved å levere småtorsken med hovud. Det er regelverket som hindrar marknadskreftene i å fungere slik.

Levere med hovud.

Eg har også fått vite at på Færøyane brukar ferskfisktrålarane å levere fisken med hovud, og det er både små og stor torsk. Då slepp dei at nakken på den avkappa fisken vert gul, noko som dei må skjere vekk når dei skal produsert den. Dessutan nyttar dei ein del av hovuda. Samanlikna med dette ser det ut til at dei norske fiskemottaka sakkar akterut i utviklinga med å nytte meir av fisken. Til dømes med å skaffe seg maskiner som skjer kjakar og tunger av torskehovuda. Kanskje dei også sakkar akterut i utviklinga med å installere maskiner som produserer småfisken hurtigare?

Auka kvalitet for å få best mogleg pris kan fungere som økonomisk virkemiddel for å unngå at fisk vert dumpa fordi den vert for gammal, men det er sjølvsagt ikkje nok til å sikre at slikt ikkje skjer. Kunsten må vere å lage eit regelverk som er så veltilpassa at marknadskreftene vert verkemiddel til å ivareta ressursane. Eg hadde venta meg av ei høgredominert regjering at den skulle vere venn med marknadskreftene og prøve å løyse problema på denne måten. I staden ser det ut til at dei prøver å løyse problema ved å pålegge oss å jobbe som straff-fangar og sibirslavar med kontrollørane som våre framtidige slavedrivarar.

 

Tilpassing 1

Tilpassing 2

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Fiskeripolitikk. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s