2017.03.19. Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. 

 

IMG_0430.JPG

Innleiing ved Kai.

 

Kai talte over at Jesus gjorde vatn til vin, ved bryllaupet i Kana (Joh.2,1-10), han sa at når vi les i Bibelen berre vant for oss, for vi forstår det ikkje og får ikkje så mykje ut av det. Men når vi ber Jesus opne ordet for oss, så vert det levande for oss og det er som om vatn vert gjort om til vin.

Han fortalde at han fekk ein fengselsdom på 8 år med eit tillegg der han vart dømt til å ikkje kunne fungere normalt i familieliv og samfunnsliv. Men så høyrde han evangelisk forkynning og på cella bøygde han seg for Jesus og bad om nåde og fekk oppleve at Jesus kom til han og sette han fri (Joh.8, 31-35). Han vart til ein  ny skapning i Kristus og det viste seg, så tilleggsdomen om at han ikkje kom til å fungere normalt, måtte psykiatarane berre kansellere.

Eg prata med han etter møtet og spurde kvifor han vart bura inne og fekk vite at det var på grunn av fleire væpna ran. Han fortalde også at i fengselet dreiv han styrketrening og kom heilt opp i 180 kg i benkpress.

Tale ved Håkon Martinsen.

MRK 5,25 – MRK 5,34   No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26 Ho hadde vore hjå mange lækjarar og lide mykje, og ho hadde lagt ut alt ho åtte utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27 Ho hadde fått høyra om Jesus. Og no kom ho midt i folkehopen og tok borti kappa hans attanfrå. 28 For ho tenkte: “Om eg så berre får ta i kleda hans, vert eg god att.” 29 Då stogga blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og fri sjukdomen. 30 Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: “Kven var det som tok i kleda mine?” 31 “Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg,” svara læresveinane, “og så spør du kven som tok i deg.” 32 Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33 Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var. 34 Då sa han til henne: “Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.”

JOH 12,1 – JOH 12,3 {JESUS VERT SALVA I BETANIA}  Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. 2 Der heldt dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han. 3 Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.

2KO 2,14 – 2KO 2,17 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. [sigersferd, ange: Etter ein siger kunne ein romersk hærførar dra inn i Roma i eit storslege triumftog, med krigsfangar som ofte bar røykjelseskar, så angen av røykjelse spreidde seg rundt dei som drog inn.] 15 For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt; 16 for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv.  Kven er vel dugande til dette? 17 Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som forfalskar Guds ord og driv handel med det. Men med rein hug, sende av Gud og for Guds åsyn talar vi i Kristus.

Profetisk bodskap ved Kai.

På din lange ferd, så har du vorte trøytt. Men du gav ikkje opp, men du fann vissa for din fot, for eg har gått føre deg. Bakkar skal eg jamne og kvar ein port skal eg sprenge. Og eg har gått føre deg, for eg har bana veg for deg like inn i heilagdomen, der du kan få nåde og hjelp til rette tid. Eg har sett din motgang og den prøvinga du har gått gjennom. Men den prøvde tru er kostelegare enn …… gull. Og når du er skrøpeleg, då skal du vite at du er sterk. Og når du ingen krefter har, då skal eg gje deg stor styrke. For eg som har byrja den gode gjerning i deg, eg vil fullføra den inntil Jesu Kristi dag. Eg slepp deg ikkje og eg forlet deg ikkje. Og før beina dine vart danna i mors liv, så såg eg dine dagar, før dei vart talde. Og eg har lovnad om at du skal gå på mitt Ord og eg skal bere deg på mine armar. Og eg vil aldri sleppe deg. Så kast alt på meg, som er tungt å bere, så skal eg gje deg kvile. For eg har omsorg for deg.

Tungetale ved Mari, tyding ved Kai.

 

Eg er Herren din lækjar, eg er Herren din styrke, eg er Herren di kraft, eg er Herren som har lova å vere med deg. Og eg har tala inni ditt hjerte her i kveld, at du skal ta imot mitt Ord i eit vakkert og godt hjerte og det vil skape det det nemner. For mitt Ord, det vender ikkje tomt tilbake, men det skal ha framgang til det eg sender det til. Derfor skal du opne din munn vidt opp og eg vil fylle den.

Ja, det som ikkje oppkom i menneskehjerte, det har eg beredt for den som trur. For eg har gitt deg mitt Ord, for at det skal vere ei lykte for din fot og eit lys på din sti. Og du skal få oppleve at ingen av dei våpen som vart smidde mot deg, skal ha framgang. Det er den retten som mine tenarar har fått. Derfor skal du gå fram med alt det frimodet som eg har gitt deg.  Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. Og du skal få kjenne at eg skal vere med deg og styre dine steg og gjere dine trinn faste. Og når du kastar alt på meg, som er tungt å bere og set din veg i mi hand, så skal eg gjere det.

Aktuelle bibelvers.

JES 45,1 – JES 45,3 {KYROS, HERRENS SALVEVIGDE}  Så seier Herren til den han har salva,  til Kyros, som eg held i hans høgre hand  for å tvinga folkeslag under han,  løysa beltet av kongar  og opna dører for han,  så ingen port skal vera stengd. [den han har salva, Kyros: Herren, heile verdsens Gud, har kalla persarkongen til å fullføra hans vilje med Israel. Sml. 41, 1 ff; 45, 13.] [løysa beltet av kongar: setja dei av; beltet var eit teikn på kva makt og vørdnad kongen hadde.] 2   Eg vil gå føre deg.  Bakkar vil eg jamna,  bronsedører vil eg sprengja,  og jernbommar vil eg slå sund. 3   Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,  og rikdomar, gøymde på løynlege stader,  så du skal vita at eg er Herren,  Israels Gud, som har kalla deg på namn.

1PE 1,3 – 1PE 1,9 {EI LEVANDE VON}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid. 6   Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. 7 Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord; 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.

SLM 19,8 – SLM 19,11   Herrens lov er fullkomen,  ho gjev sjela nye krefter.  Herrens lovbod er å lita på,  det gjer den urøynde vis.  9   Herrens føresegner er rette,  dei gjev glede i hjarta.  Herrens bodord er reint,  det får augo til å stråla.  10   Agen for Herren er rein,  han varer til evig tid.  Herrens domar er sanne,  rettferdige er dei alle.  11   Dei er kostelegare enn gull,  enn fint gull i mengd,  og søtare enn honning  som dryp frå vokskakene.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

JER 1,4 – JER 1,5 {GUD KALLAR JEREMIA TIL PROFET}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 5   “Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,  og før du vart fødd, helga eg deg;  til profet for folka sette eg deg.”

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

5MO 31,6 – 5MO 31,8 Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av dei! For Herren din Gud er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg. 7   Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei. 8 Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!

JOS 1,5 – JOS 1,9 Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg. 6 Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei. 7 Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd. 8 Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel. 9 Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.

1PE 5,7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.

MTT 28,18 – MTT 28,20 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

APG 1,8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.”

1KO 2,5 – 1KO 2,16 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For  kven kjende Herrens hug,  så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.

SLM 119,105   Ditt ord er ei lykt for min fot  og eit ljos på min stig.

JES 54,17   Ikkje eitt våpen dei smider imot deg,  skal visa seg gagnleg.  Kvart klagemål dei reiser mot deg,  skal du få kjent grunnlaust.  Det er den lut som Herrens tenarar får,  den rett eg gjev dei, seier Herren.

HEB 4,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

HEB 10,19 – HEB 10,23 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN}  Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. 23   Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

HEB 10,35   Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn.

1JO 4,17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.

SLM 17,5   Eg fylgde i dine fotefar  og gjekk med faste steg.

SLM 37,23   Herren gjer mannens steg faste  når han likar hans ferd.

SLM 40,3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg.

SLM 119,5   Ja, gjev mine steg vart faste  så eg kunne halda dine føreskrifter!

SLM 119,133   Gjer mine steg faste ved ditt ord,  lat ingen urett få makt over meg!

OSP 16,9   I hjarta tenkjer mannen ut si ferd,  men Herren styrer hans steg.

OSP 20,24   Det er Herren som styrer mannens steg.  Korleis kan mennesket skjøna sin veg?

SLM 37,1 – SLM 37,7 {LEGG DIN VEG I HERRENS HAND!}  Av David.   Harmast ikkje på dei som gjer vondt,  misunn ikkje dei som gjer urett! 2   For dei visnar så snart som graset  og turkar bort som grøne groen.  3   Lit på Herren og gjer det gode,  så skal du få bu i landet.  Legg vinn på truskap! 4   Ha di lyst og glede i Herren,  så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer!  5   Legg din veg i Herrens hand,  lit på han, så skal han gripa inn. 6   Han skal la di rettferd bryta fram som ljoset,  din rett skal verta som høgljos dag.  7   Ver still for Herren og venta på han!  Lat ikkje harmen loga  mot den som har lukka med seg,  mot den som set vonde planar i verk!

Kommentar.

Når eg er svak, i eiga kraft, då er eg sterk, i Herren.

Naturleg nok er det viktig for eit menneske å tenke konstruktivt og legge ein plan for å oppnå noko godt og verdifullt i livet og så er det om å gjere å ha viljestyrke til å gjennomføre det. Slik er det naturleg nok om å gjere å vere sterk. Men så spørst det om det er Guds veg og om det er i eiga kraft eller i Guds kraft. Sjølv om vi søkte fyrst Guds rike og hans rettferd og kjende oss styrkte ved Guds kraft, så er dette ei tilbakevendande problemstilling. Vi treng fornying.

OSP 20,24   Det er Herren som styrer mannens steg.  Korleis kan mennesket skjøna sin veg?

SLM 14,1 – SLM 14,7 {MENNESKET UTAN GUD}  Til korleiaren. Av David.   Dåren seier i sitt hjarta:  «Det er ingen Gud.”  Vonde og stygge er deira gjerningar,  det finst ikkje ein som gjer godt. [Same salmen som 53.]  2   Frå himmelen skodar Herren  ned på menneska.  Han vil sjå om det finst nokon vitug,  nokon som søkjer Gud.  3   Alle er komne på avveg,  alle er dei vonde.  Det finst ikkje éin som gjer godt,  ikkje ein einaste.  4   Skjønar dei då ingen ting,  desse ugjerningsmennene?  Dei sluker mitt folk,  som ein et opp brød,  og kallar ikkje på Herren.  5   Men dei skal skjelva av redsle,  for Gud er med den rettferdige ætt. [den rettferdige ætt: Herrens folk. Sml. v. 4.] 6   Gjer berre stakkarens plan til skammar!  Hjå Herren finn han livd.  7   Å, gjev det må koma  frelse for Israel frå Sion!  Når Herren vender lagnaden for sitt folk,  skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Eg søkte fyrst Gud rike og hans rettferd og slik prøvde eg å tenke konstruktivt for å få ein god plan med mitt liv. Men det er då så tydeleg at der er andre som har langt andre planar for å få det slik dei vil og slik har dei prøvt å gjere mine planar til skamme. Så i staden for å legge planar og tenke meg at slik eller slik skal det verte, så skal eg berre vere oppteken av å halde meg nær til Jesus i kvardagen og følgje i hans fotspor. Då har eg med min eigen viljestyrke vorte svak, men Gud verkar i oss både å ville og virke til hans behag og det er om å gjere for oss å verte sterke i han og i hans veldes kraft.

EFE 3,16 – EFE 3,21 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

FIL 2,12 – FIL 2,16 {SOM LJOS I VERDA}  Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age. 13 For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje. 14 Gjer alt utan misnøye og motseiing, 15 så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda 16 med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes.

Takk for svar på bønn for Virtuella. 

 

Andre bodskapen 5.3.2017. byrja slik:

Ja, fryd deg i dette, seier Herren, at eg gjorde dette for deg. Eg gjekk den vegen som min Far ville at eg skulle gå. Og eg gav mitt eige blod på Golgata kors og det gjorde eg for deg, for at du skulle kjøpast fri, frå ei evig fortaping. Derfor gjorde eg dette fullkome, får å til dette verket, så gjorde eg det fullkome og eg gjorde det fullbrakt. Så du er fri. Du har sigra. Og du vil sjå at du vil sigre også i di vandring, så du kan få meir av meg, seier Herren.

Eg forstod eg som svar på mi bøn for henne Virtuella, at ho skulle glede seg i Jesu fullkomne frelseverk. Og i det siste har eg takka  Jesus for det, eg har opplevt det som å vere kanal for Guds velsigning og til henne, som at han elskar henne gjennom meg og for meg er det herleg. Eg må vel innrømme at det kjennest som eg kjem inn i den tankegangen igjen, at han gjev meg ei kone ved at han skaper henne av mitt sidebein (jfr. 1.Mos.2), det gjev meg den kjensla og det er vel ikkje så rart, for eg er då framleis viss på at det var opphavleg Guds verk.

Sjukdomen i Guds folk. Lækjedom.

Midt på 1980-talet, når eg studerte i Oslo, sa Jesus til meg at der var ein sjukdom mellom guds folk og eg hadde fått kjent noko av den sjukdomen i eg, men han ville lækje den. Gud er den same og han gjer sitt verk framleis som i 1.Mos.2, Jesus er vegen til Faderen, synda er at menneske sporar av frå den vegen, derfor fungerer dette ikkje lenger skikkeleg mellom gud folk, slik som det skulle i følgje 1.Mos.2, det vert sjukt, slik resulterer synda i sjukdom. Det har ikkje fungert i mitt liv og det heng saman med at eg har fått sterk motstand frå den vonde.

Eg ser det på denne bakgrunn, når Jesus no seier til meg:

Eg er Herren din lækjar, eg er Herren din styrke, eg er Herren di kraft, eg er Herren som har lova å vere med deg. Og eg har tala inni ditt hjerte her i kveld, at du skal ta imot mitt Ord i eit vakkert og godt hjerte og det vil skape det det nemner. For mitt Ord, det vender ikkje tomt tilbake, men det skal ha framgang til det eg sender det til. Derfor skal du opne din munn vidt opp og eg vil fylle den.

Ja, det som ikkje oppkom i menneskehjerte, det har eg førebua for den som trur. For eg har gitt deg mitt Ord, for at det skal vere ei lykte for din fot og eit lys på din sti. Og du skal få oppleve at ingen av dei våpen som vart smidde mot deg, skal ha framgang. Det er den retten som mine tenarar har fått. Derfor skal du gå fram med alt det frimodet som eg har gitt deg.  Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. Og du skal få kjenne at eg skal vere med deg og styre dine steg og gjere dine trinn faste. Og når du kastar alt på meg, som er tungt å bere og set din veg i mi hand, så skal eg gjere det.

Vi fekk den Heilage Ande av berre nåde. Det må vi ære og takke Faderen og Sonen for.

Jesus er vegen til Faderen, det er den vegen eg går.

JOH 14,6 – JOH 14,7 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.”

Eg har teke imot Guds nåde, misskunn, godleik og kjærleik til oss i Kristus Jesus og eg held meg til den. Så eg får oppleve at Faderen elskar meg i Kristus og har omsorg for meg som sitt barn, eg får oppleve at Jesus er med meg alle dagar.

JOH 14,15 – JOH 14,26 {LOVNAD OM DEN HEILAGE ANDE}  Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

JOE 3,1 – JOE 3,5 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 3   Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:  blod og eld og røyksøyler. [teikn: varsel før Herrens dag kjem.] 4   Sola vert omskapt, ho svartnar,  og månen vert som blod,  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 5   Men kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.  For på Sion-fjellet og i Jerusalem  skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,  så som Herren har sagt.  Og mellom dei som har berga seg,  er dei som Herren kallar.

ÅPE 4,9 – ÅPE 4,11 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11   Verdig er du, vår Herre og Gud,  til å få all pris og ære og makt.  For du har skapt alle ting;  du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

ÅPE 5,7 – ÅPE 5,14   Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:  Verdig er du til å ta imot boka  og bryta segla på henne.  For du vart slakta  og har med ditt blod frikjøpt for Gud  menneske av alle ætter og tungemål,  av alle folk og folkeslag. 10   Du har gjort dei til eit kongerike,  til prestar for vår Gud,  og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:  Verdig er Lammet som vart slakta,  verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,  ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:  Han som sit på kongsstolen,  han og Lammet skal ha all takk og ære,  pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Himmelsk referanse gjev fridom og frimod.

Gud har gjeve meg sitt Ord og sin Ande frå sin evige himmel, då må eg ære og takke han for det og soleis framleis vere open for Ordet og Ande som Gud gjev meg frå himmelen. Eg vende hugen og blikke topp til Jesus og tok imot den Anden og det livet han gav meg frå himmelen, det må eg ære og takke han for og så framleis vende hugen og blikket opp til han og opne meg for det han gjev meg frå himmelen. Eg får sjå at han er med meg alle dagar.

Eg skal vende hugen og blikket opp til han, så min referanse er der oppe hos han som er alfa og omega, byrjinga og enden. Vi får oppleve at Jesus er med oss kvar dag, han er med oss i notida og då er vi godt førebudde på framtida.

HEB 6,18 – HEB 6,20 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. 19   Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.

Slik vert det lagt opp til å satse på spontanitet i kvardagen og det er nettopp det som trengst for å møte tilfeldigheitene i kvardagen. Og slik er det med frimodet vårt, vi har frimod til å gå inn i heilagdomen og tre fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Ja, i notid, det er då vi treng den. Då har vi frimod til å gå ut og møte andre menneske i kvardagen og vitne om kva Jesus er for oss. Jesus var komen for å gje oss ånd og liv og overflod, han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og det livet skal vi leve mellom heidningane. Vi skal søke Gud i løynkammerbøna og då kan nok Gud gje oss svar så vi er førebudde på kva som møter oss i kvardagen. Jesus er med oss og kan leie oss i kvardagen, Guds Ord er lykte for vår fot og lys på vår sti.

Tilfeldigheitene i kvardagen betyr ikkje at vi vert kasta hit og dit som ein kork på bylgjene, men trua gjev oss ein referanse som vi har å halde oss til, ja, det er Gud som held oss fast i si frelse, som det vart sagt i byrjinga av bodskapen.

JAK 1,2 – JAK 1,18 {PRØVING OG FREISTING}  Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar; 3 for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod. 4 Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko. 5   Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord. 6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden. 7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd. 9   Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand. 10 Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne. 11 Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid. 12   Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: “Eg vert freista av Gud.” For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør! 17   All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. [ljosens Far: Ljoset står for himmellekamane.] 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Kast alt som er tungt å bere på Herren og set din veg i hans hand, så skal han gjere det.

I andre del av siste bodskapen finn eg svar på dette:

Ja, det som ikkje oppkom i menneskehjerte, det har eg førebuat for den som trur. For eg har gitt deg mitt Ord, for at det skal vere ei lykte for din fot og eit lys på din sti. Og du skal få oppleve at ingen av dei våpen som vart smidde mot deg, skal ha framgang. Det er den retten som mine tenarar har fått. Derfor skal du gå fram med alt det frimodet som eg har gitt deg.  Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. Og du skal få kjenne at eg skal vere med deg og styre dine steg og gjere dine trinn faste. Og når du kastar alt på meg, som er tungt å bere og set din veg i mi hand, så skal eg gjere det.

Om eg vil ha meg ei kone og få eit normalt familieliv med henne, så vil det følgje økonomiske byrder med det, så der blir naturleg nok ein motsetnad mellom det og mine teoretiske interesser når eg studerer. Og så er der tydelegvis moral- og politiske filosofar som har prøvt å lesse endå meir byrder på meg i tillegg, så den motsetnaden har vorte endå større. Men sidan Jesus har kalla meg til å studere, kan eg kaste byrdene på han. Alt som er tungt å bere, skal eg kaste på han og setje min veg i hans hand, så vil han gjere det.

Han talar om noko som ikkje oppkom i noko menneskehjerte, det var ikkje menneske som tenkte det ut og planla det, det var ikkje menneskeverk. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det er Guds verk, så menneske kan ikkje legge noko til eller ta noko ifrå. Men Gud gav oss sin Ande frå himmelen av berre nåde og den openberrar for oss kva Gud i sin nåde har gjeve oss. Guds kjærleik er utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt, så vi får oppleve at Faderen elskar oss og tek omsorg for oss som sine born.

FRK 3,9 – FRK 3,15 {TID OG ÆVE}  Kva vinning har den som arbeider,  av alt sitt strev? 10   Eg såg det plagsame strevet  som Gud har gjeve menneska. 11   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

2 Responses to 2017.03.19. Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. 

  1. Pingback: 2017.04.09. ”Stormen” er allereie i gang. Men Jesus vil bevare alle dei som tek si tilflukt til han. | sivert

  2. Pingback: Fridom og frimod eller utspekulert plan? Kva med barneoppsedinga? | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s