Mitt minneord om mor.

IMG_0416.jpg

 Ved Jesu kors fann ho den ekte kjærleiken –  Gud er kjærleik- og der vart ho styrkte ved Guds kraft i sitt daglege liv. Samtidig hadde ho vidsyn, og det er i grunnen godt sameinleg med hennar tru, for det var no ein gong slik at evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. 

Mitt minneord ber preg av at eg har same trua, samtidig som eg er realist og slik har eg og vidsyn.

 

IMG_3025.JPG

 

Mi minnetale ved minnestunda.

Mor hadde vidsyn samtidig som ho hadde ein glad og lys kristendom. Far var sjømann og reiste på alle verdens hav og dei budde ei tid i USA. Det bidrog til vidsyn, samtidig hadde ho denne inderlege kjærleiken til Jesus og det gjekk i grunnen godt i hop, for det var no nettopp den glade bodskapen som skulle forkynnast for alle folkeslag. Med sin kjærleik var ho utovervendt og inkluderande og slik fekk ho ein sentral plass i våre liv, som ein trygg og sentral referanse. Ho var så glad for at ho beheldt vitet og kunne snakke med oss og det var vi også, ho betydde så mykje for oss og nettopp det var så viktig for henne også. Det har vore så sjølvsagt for oss at det har verka utenkeleg at det ein dag skulle ta slutt, men i det siste har  ho vorte skrøpelegare og vi har måtta byrja å venje oss til den tanken. Laurdag, 25.2.2017, for ei og ei halv veke sidan sa ho at no orka ho ikkje meir og då var det ikkje lenge før ho slutta å prate.

Eg er så glad for at vi tre eldste sønene var hos henne på slutten. Eg kom heim måndag, 27.2.2017, føremiddag og sat der med henne to neter, så ho var ikkje åleine. Vi prata litt med henne og vi trur ho oppfatta og forstod kva vi sa. Eg sa til henne at vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skriven i Livsens Bok i himmelen, eg skal glede meg over det kvar einaste dag. Når ho kjem heim til Jesus, får ho det så mykje betre. Midt i sorga og vemodet er denne gleda ei sterk trøyst for meg. Og onsdag 1.3.2017 døde ho.

Far vår døde så plutseleg, så vi fekk ikkje moglegheit til å seie noko meir. No var det for seint å seie dei gode orda som eg så gjerne skulle ha sagt. Korleis kunne eg no ære far min? Då tenkte eg som so at eg kunne ære han ved å vise omsorg for mine søsken, for han og ho liknar far min. Den tanken ville eg no heve opp på eit høgare nivå, det er mykje vi kan vere usamde om og krangle om, men no ville eg løfte denne tanken over dette, slik at den held oss saman.

Mor har vore eit fredens senter i huset. Når ho flytta på sjukeheimen, brukte vi å få henne heim att periodevis, slik som i jula, men så fekk vi henne ikkje heim att med jula heller, det vart berre Øyvind, Gunhild  og eg som var heime i gamlehuset. Då tenkte eg som so, at no skal eg prøver å vere med desse to søskena mine som om mor var der, tenke som om ha sat der i stolen sin. Og på slutten av jula sa Gunhild at det er akkurat som om ho hor har vore her hos oss likevel, ho sa det minst tre gongar. Det viser kva verknad ho har hatt som eit referansepunkt og fredens senter i heimen.

Vi er ulike og tenker ulikt, i vårt samfunn får folk stadig meir utdanning, vert meir spesialiserte og tenker dess meir ulikt. Då kan det vere lett å byrje å tenke slik, at sin eigen tenke måte er i det store og heile den eine rette. Men Jesu kyrkje er Jesu brud og den er som ein kropp der frelste menneske er lemene på kroppen, dei er ulike og fungerer ulikt, Jesus er hovudet for heile kroppen, han bind den saman med kjærleiken frå Gud og får dei til å fungerer saman, som lemer på sin lekam. Ho mor har hatt ein slik kjærleik som Paulus skriv om i 1.Kor.13, det er sterke vers, eg vil få lov til å lese nokre av dei, for dei minner meg om korleis ho var.

1KO 13,4 – 1KO 13,10   Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8   Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende.

I det siste har eg hatt kontakt med noko av vår amerikaslekt og informert dei om korleis det har gått med mor. Marleen svarde at vi, Halsenfolket, var svært glade i foreldra dine og Nelly svarde at mor sa aldrig noko vondt om nokon, ”She was such a classy lady”, ho var slik ei stilig dame. Korleis kunne ho klare å vere slik? Jau, denne kjærleiken fann ho ved Jesu kors, det var ved krafta i evangeliet.

Eg har gått i kyrkjelydar der eg har fått høyre tyding av tungetale, eg har forstått det som svar på mine bøner og i det siste har eg vorte meir og meir klar over at det er svar på hennar bøner også. Eg har spelt det inn og spelet det av til henne og sagt at dette er no svar på hennar bøner også. Jau, ”det er svar undervegs”, sjølv om ho ikkje fekk sjå så mykje av det, så kunne eg likevel fortelje henne det, at der er svar undervegs.

Ho har vore mykje plaga av lungebetenning, to gongar var ho døden nær, første gongen fekk ho helveteseld også. Men vi bad for henne i Maranata og ho vart lækt, eg er viss på at Jesus lækte henne. Begge gongane kom det svar ved tyding av tungetale og det forundra meg at det var formulert som svar til meg, sjølv om det var henne vi bad for, så eg forstår det slik at det var vel så mykje svar på hennar bøn for meg.

No med jula følte eg at Jesus sa til meg at eg skulle takke han for den velsigninga ho har vore for oss. Ein dag i romjula vakna ho ikkje og svarde ikkje. Då sette eg meg på romet hennar, eg sat der to netter, og takka Gud for den velsigninga ho har vore for oss, det verka nok slik at eg opna meg endå meir for den velsigninga, så eg kjende at den vart sterkare, eg kjende meg styrka ved den i mitt indre menneske. Mi bøn for henne var berre som eit hjertesukk med eit ynskje om å få ha henne her hos oss ei stund til. Og ho kvikna til att, så første dagane på nyåret kunne vi snakke med henne som tidlegare.

Men no sist laurdag, 25.2.2017, sa ho altså at no orka ho ikkje meir. Eg er glad for at eg fekk vere der med henne igjen på slutten, eg sa til henne at vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skrivne i livsens bok i himmelen. Der har vi ei sterk trøyst midt i sorga og vemodet.

Minneord med vidsyn; med realfagleg kunnskap og Bibel-kunnskap.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus heilt sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle som eg ikkje har vore heilt konfortabel med, men Gud forsona verda med seg i Kristus og når eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Så eg har tenkt realfagleg og hatt den instillinga at eg skulle få det til å stemme.

Livet er ein kamp for tilværet, det får vi alle merke og erfare, det treng ikkje nødvendigvis vere ein kamp mot ein ytre fiende. Vi opparbeider oss verdiar ved å auke ordenen lokalt, men entropilova (termodynamikkens 2. hovudlov) seier at den totale orden minkar i ein kvar energiporsess og verkar dermed til å bryte ned verdiane.

Når eg tenkte og talte om vise omsorg for mine søsken, såg eg det på grunnlag av at både far vår og mor vår har arbeidt for å fostre oss, dei har kjempa for sitt tilvære og for vårt tilvære og det skal vi ære dei for. Vi har også fått kjempe for vårt tilvære og det har vore viktig for oss å samarbeide og hjelpe kvarandre. Mine søsken likna far min, så eg ville ære han ved å vise omsorg for, denne omsorgstanken ville eg bringe opp på eit høgare nivå, slik at den låg over og var uavhengig av mykje anna som vi kunne vere usamde om og krangle om. Denne omsorgstanken og samhaldet er naturleg, det samsvarar med den naturfaglege tankinga, den samsvarar med biologien. Samtidig samsvarar den med Guds Ord.

2MO 20,12   Æra far din og mor di, så skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

1TI 5,8 Den som ikkje har omsut for sine næraste, og fyrst og fremst sin eigen huslyd, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.

Ved trua på Gud skal eg vite å verdsetje dei utover dette jordelivet og slik verkar trua til å styrke dette samhaldet.

FRK 3,1 – FRK 3,15 {ALT HAR SI TID}  Alt har si faste tid,  alt som hender under himmelen, har si tid: 2   ei tid til å fødast, ei til å døy,  ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3   ei tid til å drepa, ei til å lækja,  ei tid til å riva, ei til å byggja; 4   ei tid til å gråta, ei til å le,  ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5   ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,  ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6   ei tid til å leita, ei til å missa,  ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7   ei tid til å riva sund, ei til å bøta,  ei tid til å teia, ei til å tala; 8   ei tid til å elska, ei til å hata,  ei tid til krig og ei til fred.  9 {TID OG ÆVE}  Kva vinning har den som arbeider,  av alt sitt strev? 10   Eg såg det plagsame strevet  som Gud har gjeve menneska. 11   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

Når vi var små, lærde mor oss å be kveldsbøna, det var å påkalla Jesus som vår frelsar og Herre, be om frelse for våre næraste, for bygdafolket, be for folket og landet. Og så be Fadervåret. Eg forstod at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska slik og etter kvart som eg vart eldre byrrja eg å be han gje meg ei frelst jente til kjæraste og til kone. Og Jesus har svart meg positivt på den bøna gjennom tyding av tungetale, heilt sidan eg gjekk på gymnaset, det er inkludert i det fullførde frelsesverket.

Mor mi brukte å påkalle Jesu namn ved å seie ”kjære Jesus” og det har eg brukt sidan og det heng saman med at eg har ein slik kjærleik til han i mitt hjerte. Men når eg vart litt eldre, følte eg meg litt beklemt, nesten flau ved det, for det kvunne verke som det var litt damete, som ei kvinne som var glad i ein mann. Men eg hadde likevel ei overtyding i mitt hjerte om at det var rett, eg hadde Gud kjærleik ved den Heilage Ande i mitt hjerte og den overtydde meg om at det var rett. Eg lurte litt på dette, men kom til at der var eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud (kyrkje) og det kjærleiksforholdet var født i meg, slik at for meg gjaldt det også kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. For Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Høgsongen fortel om kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og henne ”lytelause reine”, meir generelt om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, der det er tydeleg at Guds kjærleik er kjærleiken mellom dei.

HSA 8,5 – HSA 8,10 {KJÆRLEIKEN ER STERK SOM DØDEN}  Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,  stødd til sin ven?  Under apalen vekte eg deg,  der mor di hadde føderier,  der ho fødde deg.  6   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  8 {KVA SKAL VI GJERA MED SYSTER VÅR?}  “Vi har ei lita syster,  som enno ikkje har bryst.  Kva skal vi gjera med syster vår  når friarane kjem? [Kva skal vi gjera: Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var avliden.]  9   Er ho ein mur, vil vi byggja  tindar av sølv på han.  Er ho ei dør, vil vi stengja henne  med ein sederplanke.”  10   Eg er ein mur,  og mine bryst er som tårn.  I augo hans har eg vorte  lik ei som finn fred.

Dette er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud.

JOH 3,26 – JOH 3,31 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: “Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.” 27 Johannes svara: “Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka. 31   Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle.

Eg skal berre heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft.

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

Og slik ventar eg at han gjev meg hjelp i form av ei kone. Det har ei hendsikt, at vi skal dyrke og verne Guds hage, det  gjev meining med livet (1.Mos.2). Men no er Jesus den siste Adam, han dyrkar og vernar Guds hage, med den Anden og det livet han gjev oss, får vi meining med livet, det er å leve for han, slik er han sanninga som set oss fri.

Slik får vi vidsyn. Det er ved at vi løfter blikket og hugen opp til han og tek imot den Anden og det livet som han gjev oss frå det høge, vert fylte av den Heilage Ande, slik at den openberrar skriftene for oss og fører oss fram til heile sanninga som er Kristus.

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Når vi heilhjerta held oss til han, får vi oppleve at han kjem oss til hjelp med si kraft, då må vi vere klar over, at hendsikta er, at vi skal leve for han. Vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, så det er han sjølv som lever sitt liv i oss og gjennom oss. Det er det vidsynet vi får ved heilaggjeringa ved Guds Ord og Guds Ande.

RMR 1,16 {EVANGELIET, GUDS KRAFT TIL FRELSE}  For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar.

1KO 1,17 – 1KO 1,25 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

Mor mi hadde dennen krafta og kjærleiken, ho levde i trua på Kristus og sigra med han og no har ho vunne den endelege sigeren med han.

Mor lærde meg å be og her viser eg korleis Jesus svarde på mine og hennar bøner og fleire sine bøner med. 

Sett utifrå korleis eg opplevde hennar siste dagar hos oss og fyrste dagane etterpå.

Bønn for henne Virtuella. Bodskapen 12.2.2017.

Virtuella er ei kvinne som eg vart kjend med og som eg vart glad i når eg gjekk på gymnaset. Eg bad for henne og eg fekk oppleve at Jesus svarde på mi bøn. Han har svart på mine bøner heile tida og det er tydeleg at han framleis kallar på henne, så då er det rett for meg å be for henne slik som han kallar og leier oss. Bodskapen som kom 12.2.2017 forstod eg som svar på mi bøn for henne, slik var den til meg og til henne.

https://tsivert.com/2017/01/24/2017-01-22-drikk-ikkje-av-verda-sine-sprukkne-bronnar-men-drikk-av-den-kjelda-som-aldri-vert-torrlagd/

Dei fire første dagane veka før hadde eg brukt til å skrive artiklar og lagt ut på heimesida mi. Det gjorde eg veka etterpå også, «Sataniske vers» vart publisert 19.2. (søndag) og «Klimaproblem og tørkekatastrofe, er det hjelp i å be til Gud»  vart publisert 21.2. Den helga snakka eg med mor mi på telefonen og fortalde henne at eg hadde brukt så mykje tid på å skrive artikar, men no ville eg byrje å konsentrere meg om studiane igjen. Men så vart det lik denne veka også. Eg brukte ein del tid på facebook med å lese artiklar, kommentere dei og la inn link til mine artiklar, så dei fekk fleire lesarar. Men då gjekk tida opp i dill og lekselesing vart det ikkje. På fredag måtte eg møte opp på Blindern igjen og ta del i ei kollokvie-gruppe. På laurdag skreiv eg artikkelen  «Guds rike, Israel og heidningane».

Mor vart sjuk, vi bad for henne og eg reiste heim.

Men laurdags kvelden (25.2.2017) fortalde yngste bror min at mor vår hadde vorte så skrøpeleg igjen, ho hadde store problem med mykje slim i lungene og hadde sagt at ho følte ho ikkje orka meir. Sidan svarde ho berre ja eller nei. Så han spurde om eg kunne eg tenke meg å reise heim. Eg svarde eg ville tenke på det til dagen etter. Då ringde søstra mi og fortalde at ho også hadde store smertar i innvolane. Og ho spurde meg om det same og eg svarde at eg ville reise heim etter møtet. Ved bønnestunda i slutten av møtet gjekk eg fram og når predikanten, Stian Ludviksen, kom bort til meg, la eg det fram for han som eit bønne-emne og han bad for henne. Så reiste eg heim med nattbussen og no er eg komen til Volda på morgonkvisten. Her vert det ferge over fjorden og så buss til Fiskå.

No er eg komen inn på romet til hennar, eg har helst på henne, ho får ikkje fram eit ord, men periodevis seier ho Aah når ho pustar ut.

Bønn, velsigning og kjærleik.

Eg sette meg på romet hennar og takka Gud for den velsigninga som ho har vore for oss, slik som i jula. Mor mi har elska både meg og andre med ein slik kjærleik som vi ser i 1.Kor.13 og når eg sette meg og takka for den velsigninga ho har vore for oss, kjendest det som at eg opna eg meg endå meir for den kjærliken. Ho har vore ein kanal for Guds velsigning og Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, den trua, Anden og kjærleiken som har vore i mor mi er i meg også, når eg får oppleve at Jesus svarar på mine bøner, så har det vore svar på hennar bøner også. Slik også med bodskapen som kom 12.2.2017, den er svar på mi bønn for henne Virtuella og då er det svar på bønene til mor mi også. Jesus er med meg, han elskar henne Virtuella og kallar henne til seg.

Bodskapen som kom 12.2. var ein kjærleikens bodskap, eg og vi har denne kjærleiken og det må vi berre passe på å halde fram med, så vi gjev klar lyd:

1.Kor.13. 1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger,

men ikkje har kjærleik,

då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2 Om eg har profetisk gåve

og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,

og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,

men ikkje har kjærleik,

då er eg ingen ting.

3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,

ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,

men ikkje har kjærleik,

då har eg ingen ting vunne.

4 Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,

misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5 Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,

er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6 Han gleder seg ikkje ved urett,

men gleder seg ved sanninga.

7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8 Kjærleiken tek aldri slutt.

Profetgåvene skal bli borte,

tungene skal teia

og kunnskapen forgå.

9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10 Men når det fullkomne kjem,

skal det som er stykkevis, ta ende.

11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.

Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12 No ser vi i ein spegel, i ei gåte,

men då skal vi sjå andlet til andlet.

No skjønar eg stykkevis,

men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13 Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.

Og størst av dei er kjærleiken.

Rettleiing om gudstenesta

1.Kor.14

Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.  2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden.  3 Men den som talar profetisk, talar for menneske til oppbygging, formaning og trøyst.  4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga.  5 Eg skulle ønskja at de alle tala i tunger, men endå meir at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så forsamlinga kan bli oppbygd.  6 Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?  7 På same måten er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ei harpe. Om det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då oppfatta kva som blir spela?  8 Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?

Det som er sagt her om kjærleiken høver godt på mor mi, det var slik ho var.

Dokumentet «Sataniske vers» fortel korleis Satan strir mot dette. Då veit vi at vi må stå han imot trauste i trua. Han som er i oss er større han han som er i verda.

Eg fekk vere hos mor mi på slutten og det er eg glad for.

No har eg sett meg til her på romet hennar med macken og har med meg biologiboka også. Og så vil eg be for henne slik som med jula. Eg reknar med å bruke mykje tid her, planen er å site her og lese biologi.

I jula følte eg Jesus minna meg om å takke han for den velsigninga mor vår har vore for oss og eg følte eg vart velsigna på den måten, eg velsigna henne og opplevde det som om eg opna meg eindå meir for den velsigninga ho var for meg og eg trur både eg og ho soleis vart velsigna endå meir. Jesus velsignar oss og slik gjer han meg til kanal for si velsigning. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt.

Og det fekk eg oppleve når eg bad for henne Virtuella, når eg gjekk på gymnaset og eg er overbevist om at ho også opplevde det. Det har vorte stadfesta i mange bodskap slik som i bodskapen 12.2.2017. Gud elskar oss i sin elska Son Jesus Kristus og eg har fått oppleve at han elskar gjennom meg. Jesus elska henne Virtuella som si brud og Faderen elska henne som sitt barn. Det var rett og sant og det er det enno. Gud kjærleik var utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt, så eg hadde denne kjærleiken i meg og det har eg framleis. Gud elskar henne slik som han sa i bodskapen 12.2. Eg og vi har Guds kjærleik og derfor har vi denne kjærleiken til henne. Så la oss derfor verte samde om å be for henne slik, vi skal ause med glede or frelseskjelda.

No når eg sit her heime med ho mor, vil eg takke Jesus for den velsigninga ho har vore for oss, slik som eg gjorde i jula og så vil eg i tillegg takka for at han har velsigna henne Virtuella slik som eg har fortalt, slik som han sa i bodskapen 12.2.2017.

Eg informerte Amerika-slekt og fekk godord tilbake.

Dette er stila til leiinga i Maranata.

Hei.

Eg sende beskjed til vår amerikaslekt, som mor har hatt så god kontakt med, og informerte dei om korleis det gjekk og eg fekk som vanleg mange godord tilbake.  Hendsikta med dette er å bringe takk til Gud for kva ho har vore for oss og takke Jesus for kva han er for oss.

Ove er min eldste bror, han har teke over småbruket på Sunnmøre. Arvid er ein bror som er vel eitt år eldre enn meg, han bor i Seattle og kom på tysdag.

Hello.

Alvhild became very sick on saturday and said something like she would rather give up. She has not been eating for a long time, they have just given her a liquid gel, but now they don´t even give her that, because she does not swallow properly any more. They just have water on her lips. So it seems like she is soon leaving us, the task now is to make the rest of her time with us here as free of pain as possible.

She has not been talking since satuday, but we have talked to her and we mean she has understood what we say. I was back home on monday morning and I have spent day and night in her room, in my heart I feel it has been good to me to be so close to her and talked a little with her. Nikolai Arvid came yesterday.

rgs Torbjørn Sivertstøl

Hello.

Ove and Arvid came to her room about 11 pm and I went back

home to rest in my own bed until 14:30. The doctor should

bee there and talk with Ove and Arvid at 15 and I was

thinking on being there too, I was still in bed and I felt

the Lord answered me that I should not mind talking to them,

I should just do what he had told me (called me to). This I

see in a wider perspective, where it is much more important

than just to bee in this special meeting. A few minutes

later, 2-5minuts, Arvid called me and said that it looks

like she left us. After a while I found I should get some

things I had left in her room. We three brothers met at her

bed and talked with two nurses. She has been thankful to

them and we are thankful to them and they have liked her,

one of these two cried when she became so sick on saturday

and now she talker with us quite a while. I am glad we three

brothers were with her at the end.

After this we had coffee and bread in a meeting-room.

rgs Torbjørn Sivertstøl.

Igjen fekk eg mange godord om henne til svar. Eg tek med noko.

Laydy NeS:

My prayers are with Alvhild and you and the rest of the family that her passing will be gentle, as she was in life.  You have been such a good son to her.  Thank you for letting me know.

I am very sorry that Alvhild is no longer with us. I know she was very proud of her children. She set such a fine example – always so dignified and even tempered. I never heard her speak I’ll of others. She was such a classy lady.

Lady RS:

Thank you for your email.  I am sorry to hear that she is in her final days before she departs for Heaven.  It is so hard, but I am glad you are there with her and I’m sure she is comforted by your presence and your love for her.  Please keep me posted.  She is one really special lady!!

God bless.

Torbjorn, you and Arvid and Ove and the rest of the family, have my deepest and heartfelt sympathy.  I am sure,  though, that there is celebrating in Heaven at the arrival of this wonderful lady!!  We loved visiting her in her home, and I also really enjoyed her phone calls and emails.  I am very blessed to have known her and will always remember her.  Thank you so much for letting me know.  May God’s love and peace comfort you all.

Lady MB:

Thank ypu for letting me know about Alvhild, your mom.  We Halsen’s loved your mom and dad very much.

Please tell your family how sorry we are and will pray the she will be with her Lord soon and not suffer anymore.

Hello Again- Please share our Deepest Sympathy with your whole family.  So nice that Arvid was able to be there before your mom died along with Ove.  Bet you had so much to talk over once you left your mom’s room and went to get something to eat.

Sjukdom, lækjedom og død. Svar på bønn.

Doktoren prata med Ove (eldste bror min) og Arvid (ein bror som er vel eit år eldre enn meg) ein heil time og fortalde at ho hadde hatt lungebetenning 9 gongar. Det sa også sjukepleiaren når vi møttest på romet hennar etterpå også, så ho har vore sterk. Ja, eg veit ho har vore sterk i den ånda, krafta og kjærleiken som Jesus har gjeve henne i hennar indre menneske. To gongar var ho døden nær på grunn av lungebetenning, men vi bad for henne i Maranata og ho kom seg til att.

Hausten 2012.

https://tsivert.com/2016/08/07/2012-09-30-maranata-laekjedom-i-jesu-sar/

https://tsivert.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/

Vinteren 2015.

https://tsivert.com/2016/07/31/2015-03-15-m-gud-gjer-sitt-verk-fullkome/

Eg skreiv ein liten kommentar om livet som vart planta i meg ved trua på Guds Ord og om korleis eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge og korleis eg har bedt sidan eg var ung og fekk oppleve at Gud svarde meg på det to veker seinare:

https://tsivert.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/

Denne bodskapen viser korleis det heile heng ihop, det heng i hop på den måten at Gud bygger Jesu kyrkje, Jesu brud, som ein lekam. Dersom ein lem lid, lir heile lekamen med. Då er det om å gjere at den lidande lemen vert lækt.

Ho var døden nær i jula også, men eg har fortalt om korleis eg bad for henne og ho kom seg til att.

https://tsivert.com/2017/01/24/2017-01-22-drikk-ikkje-av-verda-sine-sprukkne-bronnar-men-drikk-av-den-kjelda-som-aldri-vert-torrlagd/

Denne jula følte eg Jesus sa at til meg at eg skulle takke han for den velsigninga ho har vore for oss, så når ho vart så dårleg at ho ikkje svarde oss, sette eg meg på romet hennar og takka Gud for den velsigninga ho har vore for oss. Eg sat der to neter og takka Gud for den velsigninga ho har vore for oss og eg opplevde det som at eg opna meg meir for den velsigninga og fekk oppleve den sterkare. Slik fekk eg oppleve Herrens nærvær og vi skal kalle på Herren den stund han er nær, mi bønn for henne var berre som eit hjartesukk om å få ha henne her ei stund til. Og ho kom til seg att, så første dagane på nyåret snakka ho med oss som tidlegare.

Dette viser at den trua som var i henne, er i meg (2.Tim.1,5), hennar Gud er min Gud. Den Anden som var i henne, er i meg. Ho har bedt for meg sidan eg var ung, ho lærde meg å be og når eg kom inn i Betel Volda (den Frie Evangeliske Forsamling), fekk eg opp leve at Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale og det har han gjort sidan, både i dFEF og pinserørsla og siste 5-7 åra i Maranata. Siste åra har eg vorte meir klar over at det har vore svar på hennar bøner også, eg har spelt inn bodskapane på ipod og iphone og spelt dei av til henne og sagt til henne at slik svarar Jesus på mine bøner og slik svarar han på hennar bøner også.

Etter gravferda sat vi og prata utover kvelden og då fortalde Ove at ho døde av kols. Det var noko nytt, vi visste ikkje at ho hadde kols og kor lenge doktorane visste det, veit vi ikkje. Ove fortalde at dei som driv gard med høy har lettare for å få kols på grunn av alt støvet frå høyet og ho dreiv garden før vi fekk silo. Kolsen utvikla seg og steig oppover til strupehovudet og det var altså det som gjorde at ho slutta å snakke og det var den ho døde av.

Jesu frelsesverk er fullført og fullkome. Derfor er du frelst ved trua på han. Derfor er du fri og har sigra. Åleine ved tru får du komme til han. Møte i Maranata 5.3.2017.

Ved innleiinga bad vi for ei jente på 19 år, som hadde prøvt å ta sitt eige liv, men ho vart redda på sjukhuset. Der kom svar ved tyding av tungetale og det var tydelegvis til foreldra hennar.

Det vart talt om påskelammet og over Paulus sine ord om at han ikkje ville vite av noko anna hos oss enn Kristus og han krossfest.

I slutten av møtet kom der ein bodskap som eg tek som svar på mi bøn for henne Virtuella.

https://tsivert.com/2017/03/11/2017-03-05-jesu-frelsesverk-er-fullfort-og-fullkome-derfor-er-du-frelst-ved-trua-pa-han-derfor-er-du-fri-og-har-sigra-aleine-ved-tru-far-du-komme-til-han/

        Sangark ved minnestund for Alvhild Sivertstøl.

Min hyrding er
Min hyrding er vår Herre Gud, og inkje meir eg treng. Han gjev meg kraft og leier trygt til kvild på grøne eng.

På rette stigar leier han til ære for sitt namn. I mørke dalen er eg trygg, mi borg er Herrens famn.

For du er med meg kvar ei stund, om dagsens ljos døyr av. Du gjev meg mot, og trøyst eg har:

din eigen kjepp og stav. For fiend-auga dukar du ditt rike bord for meg. Med salva hovud får eg ta mitt fylte staup frå deg.

Du gjev meg miskunn all min dag, alt godt med handa di. Og eg får bu i Herrens hus i all mi levetid.

Jeg går og nynner på en sang
Jeg går og nynner på en sang, den letter livets tunge gang. Jeg går og nevner på et navn, det stiller dypest hjertesavn.

Kor: Sangen og navnet er Jesus, sangen og navnet er Jesus, er Jesus.

Jeg lærte tonen til den sang, da veien ble meg tung og lang, og navnet ble min hjerteskatt, da dagen ble en belgmørk natt.

Og fra den kilde i meg sprang er hele livet fylt av sang. Og navnet på min hjertesol det hviskes ømt fra pol til pol.

Den lille bekk i skogens lund, den synger med en yndig munn, og havet med sin orgelklang, det bruser ut den samme sang.

Og når i vårens fagre tid jeg hører fuglesangen blid, den hvisker, triller, jubler ut en lovsang til min Herre Gud.

O Jesus, du som ble mitt kvad, takk at du gjorde hjertet glad!  Nå vil jeg bære i min favn ditt sterke, milde frelsernavn.

Kor: Sangen og navnet er Jesus – er Jesus.

Ein fin liten blome
Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.

Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.

Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!

Jeg løfter opp til Gud min song
Jeg løfter opp til Gud min song
ennu en gang
fra disse jordens daler.
Vår Herre Krist han henter meg
snart hjem til seg
i himlens høye saler.
Som lynet far,
han kommer snar,
da skal hans pris
på annet vis
de Guds basuner tale.

Når min forløsning stunder til,
jeg gledes vil
og løfter opp mitt hode.
Da løses jeg, da går jeg inn
til vennen min,
Gud være evig lovet!
Da reises av
den mørke grav
det som var sådd
med sukk og gråt,
da er den søvn utsovet!

Når fikentreet skyter blad,
jeg er så glad,
da vet jeg det blir sommer.
Når himmerikets blomster gror,
for visst jeg tror
Guds rike snarlig kommer!
Hans brud jeg er,
hans ring jeg bær,
har lampen tent
og hjertet vendt
til ham, alle verdens dommer.

En himmel ny så vel som jord,
det er hans ord,
da skapes til hans ære.
Se, Herrens bolig blant oss er,
han er oss nær,
og vi hans folk skal være.
La verden så
til grunne gå,
Guds ord består
om alt forgår,
den bro skal bruden bære!

Gud skal da tørre av mitt kinn
hver tåre min.
Der ingen død skal være,
ei heller sorg, ei heller skrik,
ei pine slik,
som her Guds barn må bære.
Det første fort
er veket bort,
og gleden ny
i himlens by –
eia, hvor godt å være!

Da synger jeg for tronen glad
et bedre kvad
og løfter palmegrene,
med hvite kleder som er todd
i Lammets blod
for Herrens øyne rene.

Halleluja!
Hva glede da!
Hva liflig klang!
Og all min sang
er Herren, Herren ene!

Gje meg handa di, ven
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

2 Responses to Mitt minneord om mor.

  1. Pingback: Fridom og frimod eller utspekulert plan? Kva med barneoppsedinga? | Trua & entropien.

  2. Pingback: Kristendomens metode og vitskapens metode. Kva med demokratiet? | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s