2017.03.05. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome. Derfor er du frelst ved trua på han. Derfor er du fri og har sigra.  Åleine ved tru får du komme til han.

Tyding av tungetale:

IMG_0426.JPG

Innleiing med forbønn og tyding av tungetale.

 

Ein mann innleia med nokre ord frå det gamle testamentet om å frykte Herren. Ikkje slik at vi skal vere redd han, for han elskar oss, men vi skal ha ærefrykt for han.

Nokon hadde ringt inn til Terje Rånås og spurt om forbønn for ei jente på 19 år, for ho hadde prøvt å ta livet sitt, men dei hadde klart å berge henne på sjukehuset. Då kom ei kvinne med tungetale og Terje tyda det:

Ja, seier Herren, eg svarar på bønn. Eg kjenner deg. Eg tok deg ved handa og drog deg opp av det djupaste gjørme. For eg ville gje deg eit nytt liv, eit liv i æva med meg. Og når du løfter opp dine barn, når du løfter opp dine nærmaste, så høyrer eg på di bøn. Og eg vil svare deg, seier Herren.

Ja, eg spør ikkje mine om barn offer, for eg har lyst til barmhjertigheit. Eg vil frelse og det er trua som skal frelse. Derfor skal du ta imot Jesus i ditt hjerte, så skal eg komme inn og gjere forvandling i ditt hjerte. Eg skal fylle deg med min Ande, så skal du få kjenne at det blir ei forvandling og du skal prise meg i løyste tunger.

Så det ser ut til å vere svar på den bøna.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon talte først over teksta:

2MO 3,1 – 2MO 3,12   Moses gjætte no småfeet åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. Så hende det ein gong då han dreiv feet over på den andre sida av øydemarka, at han kom til Horeb, Guds-fjellet. [Jetro: -> 2, 18.] [Horeb: eit anna namn på Sinai, det heilage fjellet i øydemarka. -> 19, 1. Sml. 1 Kong 19, 8 ff.] 2 Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne. Han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje opp. 3 Då tenkte Moses med seg: “Eg vil bort og sjå dette underfulle synet, at klungeren ikkje brenn opp.” 4 Men då Herren såg at han kom bortåt og ville sjå, ropa han ut or klungerrunnen: “Moses, Moses!” Og han svara: “Ja, her er eg.” 5 Då sa Gud: “Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.” 6 Herren sa: “Eg er Gud åt far din, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.” Då løynde Moses andletet; for han våga ikkje å sjå på Gud. 7   Så sa Herren: “Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida. 8 Og eg har stige ned og vil fria dei frå egyptarane og føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som fløymer med mjølk og honning. Der bur kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane. 9 For no har naudropet frå israelittane nått opp til meg, og eg har sett korleis egyptarane plagar dei. 10 Gå no du til farao med bod frå meg, og før folket mitt, israelittane, ut or Egypt!” 11   Men Moses sa til Gud: “Kven er vel eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut or Egypt?” 12 “Ja,” svara han, “for eg vil vera med deg! Og du skal få eit teikn på at det er eg som har sendt deg. Når du har ført folket ut or Egypt, skal de halda gudsteneste på dette fjellet.”

No var ikkje Moses lenger høgt på strå i Faraos hus, han var berre ein gjetargut, han var audmjuk, men då kalla Gud han og ville bruke han til noko stort.

2MO 12,3 – 2MO 12,28 Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd! 4 Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette. 5 Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje. 6 De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd. 7 Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det. 8 Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt. 9 De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat. 10 Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna. 11 Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren. 12 For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren. 13 Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. [fara framom: På hebr. minner dette ordlaget om ordet for påske. På den måten tolkar ein då namnet på høgtida.] 14 Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt. 15   Sju dagar skal de eta usyrt brød. Alt den fyrste dagen skal de få surdeigen ut or husa dykkar. Kvar den som et syrt brød mellom den fyrste og den sjuande dagen, skal rydjast ut or Israel. 16 Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagane må de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til. 17 De skal halda usyrdebrødshelga; for då førte eg hærane dykkar ut or Egypt. Difor skal de høgtida denne dagen i ætt etter ætt. Det skal vera ei evig lov. 18   Frå kvelden den fjortande dagen i den fyrste månaden til kvelden den tjuefyrste dagen i same månaden skal de eta usyrt brød. 19 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et syrt brød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er innflyttar eller fødd og fostra i landet. 20 De må ikkje smaka noko som er syrt. I alle heimar skal de eta usyrt brød. 21   Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: “Gå og henta småfe til huslydane dykkar og slakta påskelammet! 22 Så skal de ta ein isopkvast, duppa han i blodet som er i skåla, og stryka noko av blodet på dørbjelken og dørstolpane. Og ingen av dykk må gå ut gjennom husdøra si før om morgonen. 23 For Herren vil fara gjennom landet og slå egyptarane med ulukke. Og når han ser blodet på dørbjelken og dørstolpane, skal han fara framom døra og ikkje la tynaren sleppa inn i husa dykkar og drepa. [tynaren: ein straffande engel. Sml. 2 Sam 24, 16; 2 Kong 19, 35.] 24 Dette skal de halda dykk etter. Det skal vera ei lov for deg og etterkomarane dine til evig tid. 25 Når de så kjem inn i det landet Herren etter sin lovnad vil gje dykk, skal de halda denne høgtidsskikken ved lag. 26 Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, 27 skal de svara: Det er påskeoffer til Herren, fordi han fór framom husa åt israelittane i Egypt, då han slo egyptarane med ulukke, men sparte heimane våre.” Då bøygde folket seg til jorda og tilbad. 28 Og israelittane gjekk av og gjorde dette. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei.

Dette er førebilete på at Jesus er Guds Lam som bar verda si synd.

1KO 2,2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

HEB 10,8 – HEB 10,10   Fyrst seier han: “Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,” endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: “Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.” Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

RMR 8,36 – RMR 8,39 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Tungetale ved Karl, tyding ved Terje Raanås.

Ja, fryd deg i dette, seier Herren, at eg gjorde dette for deg. Eg gjekk den vegen som min Far ville at eg skulle gå. Og eg gav mitt eige blod på Golgata kors og det gjorde eg for deg, for at du skulle kjøpast fri, frå ei evig fortaping. Derfor gjorde eg dette fullkome, for å gå til dette verket, så gjorde eg det fullkome og eg gjorde det fullbrakt. Så du er fri. Du har sigra. Og du vil sjå at du vil sigre også i di vandring, så du kan få meir av meg, seier Herren.

Ja, det er sjeldan, seier Herren, at du høyrer ein bodskap som eg har gjeve deg i dag. Fordi mitt Ord er så dyrt, at det er få som stiller seg fram og forkynner heile mitt råd til frelse. Derfor skal du ta var på desse orda og så skal du fryde deg i dette at eg har gjort alt fullkome. Det er eg som har frelst deg, det er eg som har sett deg fri. Og aleine ved tru, skal du komme til meg og legge alt fram for meg. Og eg vil ta bort di byrde. Eg skal fjerne alt omkring deg, som plagar deg. Og endeleg skal du verte fri og fryde meg og opphøgje meg, for den frelse eg har brakt til deg.

Kommentar.

Svar på mi bøn for henne Virtuella.

Eg bad for henne Virtuella når eg var ung og fekk oppleve at Jesus svarde mi bøn. Det har han gjort sidan også og då verkar det som om eg er programforplikta til å halde fram med å be for henne, vel, Jesus har kalla meg og eg må følgje han, når eg då opplever at han kallar på henne, så får eg berre halde fram med å følgje han. Det kan verke som om dette har vore eit reint tapsprosjekt for meg, men slik verka det nok når Jesus gav sitt liv for oss også, når han gav sitt liv for henne. Han gav alt for kvar einskild av oss, så vi ikkje skulle gå fortapt, men verte frelst for æva. I fyrste omgang vann han ikkje noko på det, som var av jordisk verdi, men han satsa alt på å vinne noko som var av verdi for æva i staden. Slik var hans kjærleik til oss og det var Gud som viste oss sin kjærleik i dette. Og Jesus har sagt at vi skal elske kvarandre slik som han har elska oss. Den ekte kjærleiken finn vi ved Jesu kors, den er at Gud har elska oss så høgt at han let Son sin døy i staden for oss. Denne kjærleiken er slik vi las i 1.Kor.13 og det er berre om å gjere for oss å ha den og syte for at den er i mellom oss. Gud er kjærleik og med denne kjærleiken tek Faderen og Sonen bustad hos oss, så vi får kjenne og oppleve Faderens kjærleik og omsorg.

Det verkart som eit reint tapsprosjekt for meg, men eg skal nytte meg av at Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod ein gong for alle.

Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, derfor er du fri, derfor har du sigra.

Dersom Jesu frelseverk ikkje var fullført og fullkome, slik at det var noko som mangla eller måtte rettast på og forbetrast, så kunne nokon krevje at vi skulle gjere noko for å fullføre det, rette det eller forbetre det. Men det kunne vi umogleg klare, vi vart skuldig og med den gjelda vart vi gjorde til slavar og vi vart taparar. Men no er Jesu frelseverk fullført og fullkome og derfor er vi fri, derfor har vi sigra. Dersom du ved trua på Jesus går ut ifrå at slik er det, så vil vi få sjå at vi sigrar i vår vandring.

Komme til Jesus åleine ved tru.

Jesus sa til oss: ”Og aleine ved tru, skal du komme til meg og legge alt fram for meg. Og eg vil ta bort di byrde. Eg skal fjerne alt omkring deg, som plagar deg. Og endeleg skal du verte fri og fryde meg og opphøgje meg, for den frelse eg har brakt til deg.”

Ved trua på Jesus vert vi frelst og får evig liv.

JOH 3,16 – JOH 3,21 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”

Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born.

JOH 1,12 – JOH 1,13 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

JOH 3,2 – JOH 3,8 Han kom til Jesus om natta og sa: “Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.” 3 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.” 4 Nikodemus seier til han: “Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?” 5 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.”  [Vinden: Både gresk og hebraisk har eitt og same ordet for “vind” og “ånd”.]

Jesus er den siste Adam, han er frå himmelen og han har for oss vorte ei livgjevande ånd. Han var komen for å gje oss ånd og liv, ja liv i overflod, og han gjev oss det frå himmelen. Så dette er ikkje betinga av noko av det vi ser og sansar rundt oss i det fysiske miljøet, men den anden og det livet han gjev oss frå himmelen er suverent over det. Han sigra over verda og døden og ved at vi trur at han stod oppatt frå dei døde, blir vi rettferdiggjorde, ved at vi sannar at han er Herre, vert vi frelste. Ved at vi kjem til han, vender hugen og blikket opp til han og tek imot den Anden og det livet som han gjev oss frå himmelen, vår vi oppleve at i den Anden og med det livet sigrar vi over verda. For dette er ikkje betinga av det vi sansar rundt oss, det er ikkje underlagt det forgjengelege. Men det sigrar over det forgjengelege og slik er det frigjerande.

1KO 15,45 – 1KO 15,58 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. 51   Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.

Her er det om å gjere å gjere seg sjølv liten, som eit lite barn som kjem til Jesus. Og så skal vi ha den prioritetsordninga og innstillinga til eit annan menneske at vi vil at det fyrst og fremst skal komme til Jesus slik, så det får oppleve at det vert teke imot av han. Så vil vi ta imot det i Jesu namn. Slik skal vi ha den felles forståinga og semja, at vi lever for han.

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

One Response to 2017.03.05. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome. Derfor er du frelst ved trua på han. Derfor er du fri og har sigra.  Åleine ved tru får du komme til han.

  1. Pingback: Mitt minneord om mor. | sivert

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s