2017.02.12. Frelseskjelda vert aldri tørrlagd.

IMG_0392.JPG

Innleiing ved Terje Rånås.

HSA 4,16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

Tale ved Håkon Martinsen.

 

Håkon talte først om at Gud formar oss som pottemakaren formar leiren. Om leirklumpen kom ut av sentrum på dreieskiva, så vart det misslukka, kanskje miste han det ned, så det var knust, men då byrjar han på nytt.

Jesus er Guds Son og han gjer Faderen kjend for oss. Ved å sjå på Jesus, ser vi Faderen, slik vedkjenner vi at Jesus er Gud.

JOH 14,8 – JOH 14,9   Filip seier til han: “Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.” 9 Jesus svarar: “No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen?

Så las han nokre vers ifrå Efesarbrevet.

EFE 2,4 – EFE 2,10   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Han las også frå Ef.3, eg hugsa ikkje kva vers det var men eg vel å sitere heile kapittelet.

EFE 3,1 – EFE 3,21 {PAULUS, APOSTEL FOR HEIDNINGANE}  Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar. 2 De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen 3 som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor. 4 Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. 5 I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. 7 Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. 8 Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9 og føra Guds frelseplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt. 10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda. 11 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. 13 Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk!  14 {BØN OM STYRKE OG SKJØN}  Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For eg er den krafta enn i dag, eg er den kjelda som du treng. Og denne kjelda, den er open for kvar einaste ein og du kan komme og drikke av denne kjelda, den går aldri tom. For min bekk, den er alltid full av vatn. Derfor så treng ikkje du gå og frykte og engste deg. Men kom og drikk med glede av frelsens kjelder, for eg er din frelsar og din Gud.

For endå i dag, så står det opna ei dør og det er eg, Herren, som er døra. Og den som går inn gjennom meg, han skal finne det han treng til. Derfor kom til meg, du som strevar, du som ber tunge bører, kom til meg og legg dei ned ved meg, så vil eg ta hand om dei. Eg skal gje deg kraft, eg skal gje deg frimod, eg vil gje deg alt kva du treng til. Derfor har eg frelst deg, derfor har eg kjøpt deg, du er min, du er min eigedom. Og no vil eg, Herren, eg vil gjere endå større verk i deg og gjennom deg. For eg kallar deg ved namn og du er min. Har det gått i stykke, så kom, så vil eg, Herren, eg vil gjere deg til eit kar slik som eg ynskjer. Og det er ikkje ditt eige verk, men det er fordi eg elskar deg. Og eg vil gje deg salving, ja, salving, salving ifrå himmelen. Det skal vere over deg.

For eg er hovudet for mi kyrkje og eg gav mitt liv for min kyrkjelyd. Derfor vil eg og syrgje for at i avslutningstida før eg kjem att, så skal min kraft, ja, den skal fullendast i vesaldom, men så lenge det er skrøpelege kar, villige kar, så vil mi kraft verte så autoritær, at byen skal få kjenne, at endå – endå ein gong, så skal menneske få komme til meg og verte frelst og løyst, fordi eg er Gud og eg er framleis den einaste sanne Gud. Derfor søk meg og kall på meg og du skal finne, at no er tida koma, då eg, Herren, eg skal snu vonløysa om til det herlege og du skal få kjenne ifrå kraft og til kraft, så vil eg, Herren, føre deg. For eg er din frelsar og din Gud. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

JES 12,1 – JES 12,6 {ISRAELS LOVSONG FOR HERRENS FRELSE}  Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre.  Du var harm på meg.  Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. 2   Sjå, Gud er mi frelse,  eg er trygg og ottast ikkje.  For Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.  4   Og den dagen skal de seia:  Lovpris Herren og kall på hans namn!  Kunngjer hans gjerningar mellom folka,  forkynn at hans namn er opphøgt! 5   Syng for Herren, for han har gjort storverk;  lat heile verda få vita det! 6   Rop høgt av fryd og fagnad,  de som bur på Sion!  For stor er Israels Heilage,  og han er midt imellom dykk.

SLM 65,10 – SLM 65,14   Du har gjesta jorda og gjeve henne regn,  du har gjort henne ovende rik.  Guds bekk er full av vatn;  du syter for at kornet veks.  Såleis legg du alt til rettes: 11   Du vatnar fòrene, jamnar veltene  og bløyter opp jorda med regn;  du signar hennar grøde.  12   Du kronar året med gode gåver,  det spirer og gror i dine hjulspor, 13   det spirer på dei aude beitemarker,  kring haugane er det jubel. 14   Markene er kledde med sauer  og dalane sveipte i korn.  Det lyder glederop og song.

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

JOH 10,1 – JOH 10,21 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17   Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.” 19   No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: “Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?” 21 Andre sa: “Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.”

RMR 8,10 – RMR 8,17 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

1JO 2,18 – 1JO 2,27 {FORNEKTING OG VEDKJENNING}  Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. [salva: Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2, 27.] 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet. 26   Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

2KO 11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

2KO 3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Kommentar.

Det minner meg om bodskapen som kom 4.12.2016:

Ikkje sikkert heilt ordrett:  ”Ja, eg takkar deg …” Opptak: ” … fordi du har gjenløyst meg og eg kjenner at eg kviler i dine armar. Eg kjenner og merkar at kvar dag, det er ei gåve ifrå deg. Og eg ynskjer å fylle den dagen med ting som kan bringe ære til ditt namn.  –  Ja, når du bringer fram gåver frå deg sjølv, som opphøgjer meg, så skal eg; Herren, velsigne deg så det flyt over.

La ikkje di sjel bli missmodig, men la di sjel drikke av det vatn som er levande. Då skal du få kjenne at di ånd skal bli fylt, di sjel skal fryde seg og dine auge skal stråle av glede. Og når du auser med glede av alle disse kjelder, som eg har gitt deg i mitt Ord, så skal du sjå eit område som du aldri før har sett. Og det som blir sett, det skal gi deg den erkjenning: Enno er det ei slutt, prise Gud.

Det verkar som Herren tek oppatt tråden i det han sa til oss førre helg, bodskapen 5.2:

For eg er Gud, som står bak mitt Ord, eg er Gud som talte og det skjedde, eg baud og det stod der. Skulle eg ikkje då, i 2017, stå ved mitt Ord? For mitt Ord, det er evig, derfor så kan du komme til meg, slik som du er og la mitt Ord få lov til å treffe deg, la mitt Ord få lov til å gjere noko i ditt liv. Opne deg opp, så skal du kjenne at eg, Herren som talte, eg skal og fullføra det, eg skal gjennomføre det. For mitt Ord, det vender ikkje tomt tilbake, men det skal lykkeleg gjennomføre det eg sender det til. Så opne deg opp for mitt evige Ord, så vil eg Herren, eg vil forvandle din situasjon, og det som er håplaust, det skal eg forvandle om, til noko godt, for alle ting tener den til gode, for den som elskar meg, seier Herren. Derfor så kan du komme til meg. Halleluja.

Som eg skreiv i kommentaren trur eg det er sikta til at mitt forhold til henne Virtuella har vorte håplaust. Men eg skal be for henne slik som når eg gjekk på gymnaset, vi drakk av det levande vatnet, vi auste or frelseskjeldene og slik fekk eg oppleve at Gud svarde meg når eg bad for henne. Vi fekk oppleve at Faderen og Sonen elska oss og kom og tok bustad hos oss.  Det var rett og det var sant og det er det framleis. Så i dette møtet bad eg for henne slik og denne bodskapen ser eg som svar på mi bøn for henne, så den er til henne.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

One Response to 2017.02.12. Frelseskjelda vert aldri tørrlagd.

  1. Pingback: Sataniske vers. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s