2017.01.29&02.05. Eg får komme til Gud slik som eg er og la hans Ord få lov til å treffe meg og gjere noko i mitt liv.

IMG_0390.JPG

2017.01.29. Møte i Maranata.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon Martinsen:

 

Eg vil prise deg, min frelsar og min Herre, fordi du har vore så god imot meg. Eg vil takke deg av heile mitt hjerte, for det strøymer over i mitt indre. Eg vil opphøgje deg, fordi du har vore trufast. Du har hjelpt meg i prøvingane sine tider, i vanskar så har du alltid vore der hos meg. Derfor så flyt det over i mitt liv og eg vil prise deg, å mi sjel skal lovsynge deg, fordi du er trufast og du er rettferdig, deg vil eg prise og deg vil eg ære. Halleluja.

For det ingen kunne gjere, det gjorde du. Du gav meg frelsa, du gav meg fridomen ifrå Djevelens band og lenker. Å, du sette meg fullkomen fri, å, kor eg elskar deg, min Jesus, å, kor eg elskar deg, min frelsar, å, kor eg opphøgjer ditt namn denne kveldsstund, fordi eg kjenner at du bur ved trua i mitt hjerte. Å, du er alltid meg nær, du er komen til, derfor vil eg prise deg, derfor vil eg ære deg, min frelsar og min Herre. Eg ærar ditt underfulle namn. Amen.

Kommentar:

Eg forstår dette slik at det er den Heilage Ande som hjelper meg med mi takkebøn, sjølv om det er ein annan mann som kjem med tungetala og ein anna som tyder det. Der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og han brud, det er skapt av Gud og ved gjenfødinga vert det født inni oss, det er den nye naturen og det nye livet som Jesus gjev oss frå himmelen som er slik. Livet vart planta inni meg ved Guds Ord, derfor har eg denne kjærleiken til Kristus i meg.Og eg trur Gud gjev meg ei kone ved at han vekker henne opp til å leve i dette kjærleiksforholdet til han, som hans brud. Det vart tydeleg i den bodskapen som kom helga etterpå.

2017.02.05. Vaktmann for Israels ætt. Møte i Maranata.

Innleiing:

JES 61,1 {EIT NÅDEÅR FRÅ HERREN}  Herrens Ande er over meg;  for Herren Gud har salva meg.  Han har sendt meg til å forkynna  ein gledebodskap for armingar,  til å lækja dei som har eit knust hjarta,  til å ropa ut fridom for fangar  og frigjering for dei bundne.

Tale ved Håkon Martinsen.

 

Håkon fortalde han hadde sett noko på fjernsynet dagen før, som hadde gjort inntrykk på han. Vanlegvis let han ikkje slikt få betyding for tala, men no følte han at Gud minna han på noko som talte rett inn i den saka, så han las først ifrå Esekiel.3:

ESK 3,16 – ESK 3,21 {PROFETEN SKAL ÅTVARA DEI GUDLAUSE}  Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 17 Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. [til vaktmann: Sjå 33, 1-9.] 18 Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 19 Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet. 20   Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 21 Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.

På fjernsynet hadde han sett ein kvinneleg prest som såg tilbake på kva som har endra seg i kyrkja i den siste tid , presset frå verda har føt til at eine skansen etter den andre har roke. No vert det øvt press for å godta homofili, det kan synast lett å avvise slikt så lenge vi har det på avstand, men kva om det kjem tett på, som når ein i din eigen famile erkjenner seg som homofil? Og det var nettopp det ho fekk oppleve. Kva då?

RMR 1,18 – RMR 1,32 {GUDS DOM OVER HEIDENSKAPEN}  Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. 24 Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. 25 For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen! 26 Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg. 27 På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt. 28   Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg. 29 Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list. 30 Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre. 31 Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta. 32 Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

Så Bibelen seier klart at homofili er synd då må vi også seie det. Men her er det teke med mykje anna som også er synd, som til dømes avgudsdyrking og baktale og då må vi seie at det også er synd.

1JO 1,8 – 1JO 1,9   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Vi er alle syndarar og treng Guds nåde.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Håkon:

For eg er Gud, som står bak mitt Ord, eg er Gud som talte og det skjedde, eg baud og det stod der. Skulle eg ikkje då, i 2017, stå ved mitt Ord? For mitt Ord, det er evig, derfor så kan du komme til meg, slik som du er og la mitt Ord få lov til å treffe deg, la mitt Ord få lov til å gjere noko i ditt liv. Opne deg opp, så skal du kjenne at eg, Herren som talte, eg skal og fullføra det, eg skal gjennomføre det. For mitt Ord, det vender ikkje tomt tilbake, men det skal lykkeleg gjennomføre det eg sender det til. Så opne deg opp for mitt evige Ord, så vil eg Herren, eg vil forvandle din situasjon, og det som er håplaust, det skal eg forvandle om, til noko godt, for alle ting tener den til gode, for den som elskar meg, seier Herren. Derfor så kan du komme til meg. Halleluja.

 

Kommentar.

På frukta skal treet kjennast. Feilen er ei fundamental vranglære som er komen inn i kyrkja.

 

Tilsvarande har eg i det siste tenkt på korleis Krf har gått frå nederlag til nederlag. Det har nok same forklaring, at dei har vraka Guds Ord til samanlikning med Saul. Det viste seg først ved at dei fornekta Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for kyrkja og for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik har dei avvist lekmannspredikanten, slik har dei avvist dei som Kristus har valt ut og salva til teneste. Det er som om dei har valt Judas Isakriot som apostel i staden for Paulus, valt den Duglause Hyrdingen i staden for den Gode Hyrdingen. Det er å samanlikne med korleis Saul streid mot David. Eg bryr meg eigentleg ikkje så mykje om Krf, men dei vil prøve å framstå som kristne leiarar og då er det som når Saul streid imot David.

Paulus forklarte dette på grunnlag av evangeliet og skapingssoga i 1.Mos.2, når dei soleis avviser det, så fornektar dei Kristus og då fornektar dei Faderen også, då veit vi at det er Antikrist som er på ferde. Dei avviser Gud Ord, likevel prøver dei å framstille seg som leiarar, som om dei var profetar, men det er falske profetar og då veit vi at vi skal kjenne dei på fruktene, for eit vondt tre kan ikkje bere god frukt.

MTT 7,15 – MTT 7,23 {DEI FALSKE PROFETANE}  Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. 16 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar? 17 Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. 18 Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt. 19 Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 20 Difor skal de kjenna dei på fruktene.   21 {FALSKE LÆRESVEINAR}  Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. 22 Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn? 23 Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!

Eg skal komme til Gud slik som eg er og la hans Ord treffe meg.

 

Eg får komme til Gud slik som eg er og eg får la hans Ord treffe meg og gjere sitt verk i meg. Ja, Jesus er Guds Ord, ved Guds nåde frå eg berre ta imot og la han gjere det. Vi er vande med å be og spør ofte kvar det vart av bønnesvaret. Men etter dette er det berre å tru på Guds Ord og ta imot i tru.

Gud seier til meg at eg skal la hans Ord treffe meg og då tenker eg nettopp på 1.Mos.2 og på dette som han har sagt gjennom Paulus. Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, han vekker oss opp til liv med seg og slik vert vi vekte opp til liv i samfunn med Gud i samsvar med 1.Mos.2. Det er det verket Gud gjer i mitt liv og slik gjev han meg hjelp i form av ei kone. Hjelp til kva? Vi tilhøyrer Kristus og skal leve for han, det er meininga, målet og hendsikta. Han er den siste Adam, så det er han som dyrkar og vernar Guds hage, det er framleis oppgåva, målet og hendsikta. Gud har gjort meg levande med Kristus, han har vekt meg opp ved sin Ande, er eg oppreist med Kristus, skal eg vende hugen opp til han. Slik skal eg heilhjarta halde meg til Herren, så kjem han meg til hjelp med si kraft og slik gjev han meg hjelp i form av ei kone. Han seier eg skal la hans Ord treffe meg, så eg vedkjenner at han byrja på det verket med henne Virtuella, sidan byrja han på det verket med henne ”Miss Oslo 1990”. Då var det sjølvsagt viktig for meg å få møte henne og snakke med henne, vedkjenne Jesu namn for henne og snakke med henne om dette. Vart ho ei hjelp for meg, som kona mi, så gjelde det sjølvsagt også praktiske gjeremål i heimen, vår private og felles økonomi, for å få eit godt familieliv. Men det skal vi ikkje bekymr oss for, men vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det (Bergpreika).

Gud seier til meg at eg skal komme til han og la hans Ord få lov til å treffe meg, ja, Jesus er Guds Ord. Ja, eg skal komme til han slik som eg er, ved at eg ber fram leikamen min som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, lekamen er og skal vere eit tempel for den Heilage Ande. Slik har dette med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere, slik har det med det kjønnlege samlivet mellom og kvinne å gjere (1.Mos.2). Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud, så ho skal vere ei hjelp for han og leve for han. Mannen er hovudet for kvinna, så ho skal vere ei hjelp for han og saman skal dei leve for Kristus. Så Kristus brukar si kyrkje som si hjelp og tilsvarande skal ein mann få bruke kona si til si hjelp og saman skal dei leve for Kristus.

Motstanden frå  “den Store Skjøkje” og ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

Men eg har fått motstand, for der er andre som har hatt eit anna mål og ei anna hendsikt enn dette, det er verdslege økonomiske og maktpolitiske interesser som det vert gjort religion ut av, som prøver å bruke kyrkja til hjelp for sine interesser, i staden for at Kristus skulle få bruke henne til hjelp for si sak, som også er Guds sak. Det resulterer også i at dei prøver å bruke kvinna til hjelp desse interessene sine som erstatning for at ho skulle vere kona til ein mann og vere til hjelp for han. Etter naturen skulle det vere deira felles interesse og det vert dess tydlegare ved at dei som ein del av Jesu kyrkje lever for han. Desse verdslege maktinteressene som soleis strir mot Guds Ord forklarar eg med religionen til ”den Store Skjøkje”.

Men det er no for seint for henne Virtuella å verte kona mi no. Slik verkar ho som eit håplaust tilfelle og eg kjenner meg viss på at det er dette Gud talar om som det håplause: ” … og det som er håplaust, det skal eg forvandle om, til noko godt, for alle ting tener den til gode, for den som elskar meg, seier Herren. Derfor så kan du komme til meg.”

Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Pattedyra har naturleg nok langt større omsorg for avkommet sitt enn krypdyra og menneska skil seg ut som det mest høgtståande pattedyret ved den velutvikla språksansen, men symboltenking, så det inkluderer matematikken. Då trengst det dess meir opplæring, så menneska er det pattedyret som har mest omsorg for avkommet.

Kristus sigra over Ormen ein gong for alle, med sin død på korset. Etter vanleg menneskeleg og verdslag tankegang var det eit nederlag, men det var dei vonde åndsmaktene som avslørte seg sjølve ved at dei dømde og hendretta den rettferdige frå Gud.

KOL 2,6 – KOL 2,15 {KRISTI FULLNAD OG DÅPEN}  De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud, han elskar henne og har omsorg for henne som si brud.  Vi som trur på han og har teke imot han, vi har fått barnekår hos Faderen og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Det himmelske Jerusalem er mor vår, så ho har omsorg for oss som sine born. Det forstår vi vel ikkje mykje av, men eg ser det på bakgrunn av at Jerusalem eller ”Mor Israel” som eg kallar henne, skulle vere Guds kone. Eg trur det himmelske Jerusalem er det same som det Nye Jerusalem som det er tale om i slutten av Johannes Openberring, ho er Jesu brud. Det er byen med dei faste grunnvollane og det er vårt mål. Poenget i denne samanheng er at med Jesus kjærleik til si brud og omsorg for henne og med Faderens kjærleik til oss som sine born og omsorg for oss, så sigrar kvinna si ætt over ormen si ætt. For Jesus har sigra over Ormen og verda og ved trua på han skal vi sigre saman med han. Det er ved at vi får kjenne kraftene av hans oppstode frå dei døde i våre liv her og no.

Eg har fortalt om korleis eg opplevde samfunnet med Faderen og Sonen på 70-talet. Ho Virtuella levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg bad for henne og fekk oppleve at Faderen openberra henne for meg som sitt barn som han elska og hadde omsorg for. Ho elska Kristus som sin frelsar og Herre, som hans brud og eg fekk oppeleve at Kristus openberra seg for henne som hennar frelsar og Herre, hennar brudgom. Dette er sant og rett og det er Guds verk og det er ingen grunn til at eg skal gå tilbake på det på nokon måte. Det er heilt sikkert mange som har innvendingar mot dette og hevdar at det var feil at ho skulle leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og
Sonen og at eg skulle be for henne slik og få bønnesvar, men då er det dei som har feil. Men eg hevdar at det var rett og sant og det er det framleis, ho gjer framleis rett i å vende seg til Faderen og Sonen slik og ta imot Faderens kjærleik og omsorg, som hans barn og ta imot Jesus kjærleik og omsorg, som hans brud.

Der er tydelegvis mange prestar og kristne leiarar som har avvist dette, som eit framandelement, kvar har eg dette ifrå? Slik har dei støytt meg ut og forbanna meg. Slik har dei avvist den naturlege og sjølvsagde saka for mange andre menn også og forbanna dei. Dei forførde henne Virtuella og lærde henne å svare med å forbanne, så ho forbanna Herren og vart forbanna og vart til ei forbanning, men eg trur Gud vil gjere forandring på det, det som verkar så håplaust vil han forvandle til noko godt. Om ho vende om til Herren og velsignar han, så vert ho velsigna og då vert ho til ei velsigning.

Ja, kvar har eg det ifrå? Eg har fortalt det før og eg kan godt fortelje det igjen. Når eg var ein liten gutunge vart eg med i kyrkja, på bedehuset og på husmøte på ein nabogard og på barneskulen vart vi opplærde i Guds Ord, eg høyrde forkynninga av Guds Ord og trudde, så livet vart planta inni meg ved Guds Ord. Eg høyrde korleis det vart bedt og vart med i bønene, mor mi lærde meg å be kveldsbøna. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be om frelse for våre næraste. Slik bad vi for folket og landet. Eg forstod at frelse var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefalle, så derfor byrja eg å be Jesus frelse menneska frå den forføringa og gje meg ei frelst kvinne til kone.

Så kvar har de innvendingane ifrå og kva går dei ut på? Det hevdar at der må vere noko fundamentalt gale med meg, som om der er noko gale med min genetiske arv, som om eg skulle ha ein arveleg sinnsjukdom, det har de frå arvesyndslæra og frå platonismen og det vil de så gjere få rett i, for at de soleis skal kunne heve dykk over andre som om de etter naturen skulle vere den lærde og herksande overklassa. Og som om der skulle vere noko fundamentalt gale i opplæringa og oppsedinga. Men då må i så fall feilen ligg i dykkar eiga opplæring. De postulerer at der er noko fundamentalt feil, men det strir mot korleis Jesus tok imot småborna og velsigna dei og det han sa om å vende om og verte som små born og ta imot Guds rike som små born. Men grunnen til at de påstår at der er noko fundamentalt gale med meg og den opplæringa og oppsedinga eg har fått, det er at Jesus har velsigna meg og gjort meg til ein kanal for si velsigning, til samanlikning med Abel, derfor er de sjalu og misunnelege til samanlikning med Kain, så de ikkje vil unne meg den velsigninga og ikkje unne andre å verte velsigna heller. Så de ikkje vil unne meg denne kjærleiken og omsorga frå Faderen og Sonen og heller ikkje vil unne andre den. Soleis strir det også mot den kjærleiken og omsorga som foreldra og besteforeldra hadde for meg, både naturleg og med sine bøner. Så korleis har det seg då at de meiner det er noko som er så fundamentalt gale med meg og den opplæringa og oppsedinga eg har fått? Det har seg slik at denne kjærleiken og omsorga er typisk for kvinna si ætt, men de er av ein annan natur, det er ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

One Response to 2017.01.29&02.05. Eg får komme til Gud slik som eg er og la hans Ord få lov til å treffe meg og gjere noko i mitt liv.

  1. Pingback: Kjønnsroller er naturleg, men kva betydning har det at vi trur på Gud og hans Ord? | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s