2017.01.22.Drikk ikkje av verda sine sprukkne brønnar, men drikk av den kjelda som aldri vert tørrlagd.

IMG_0386.JPG

Tore Kristiansen talte om Samson og Job.

 

Tore sa fyrst at det han frykt mest, var å miste salvinga. Så talte han om Samson, han mista krafta som Gud hadde gitt han.

DMR 16,21 – DMR 16,30 Filistarane tok Samson, stakk ut augo på han og førte han ned til Gasa. Der batt dei han med koparlekkjer, og så laut han sveiva handkverna i fangehuset. 22 Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka. 23 Filistarfyrstane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa: “Vår gud har gjeve Samson, uvenen vår, i våre hender.” 24 Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa: “Vår gud har gjeve uvenen vår i våre hender, han som herja landet vårt og drap så mange av oss.” 25 Som dei no var komne i godlag, ropa dei: “Henta Samson hit, så vi kan ha moro med han.” Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stelte han opp mellom stolpane. 26 Då sa Samson til guten som leidde han: “Slepp meg! Lat meg få halda i dei stolpane som huset kviler på, og stø meg til dei.” 27 Men huset var fullt av menn og kvinner, og alle filistarfyrstane var der. Og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde moro med Samson. 28 Då ropa Samson til Herren og sa: “Herre Gud, kom meg i hug og styrk meg denne eine gongen, så eg får hemnt meg på filistarane for det eine av augo mine.” 29 Så femnde han om dei to midtstolpane som huset kvilte på, og klemde dei innåt seg, ein med høgre og ein med venstre armen, 30 og sa: “Lat meg få døy saman med filistarane!” Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over fyrstane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde.

Tore såg desse to stolpane som symbol for synd og sjukdom. Synda fører til sjukdom og død, men Gud kan tilgje synd,  han kan tale sitt Ord og løyse menneske frå synda og lækje dei frå sjukdom.

Men det er ikkje all sjukdom som har si årsak i synd. Det ser vi i forteljinga om Job.

 

JBS 33,1 – JBS 33,33 Men høyr på det eg seier, Job, lyd på alle mine ord! 2 Sjå, eg opnar min munn, eg vil bruka mål og mæle. 3 Eg talar av eit ærleg hjarta, eg seier beint fram det eg veit. 4 Det er Guds Ande som har skapt meg, anden frå Den Allmektige held meg i live. 5 Dersom du kan, så gjev meg svar! Stå opp og legg fram di sak! 6 Sjå, for Gud er vi begge like, eg òg er laga av leire. 7 Du treng ikkje skjelva av redsle for meg, mi hand skal ikkje kvila tungt på deg. 8 Du sa då så eg høyrde det, – klårt fekk eg tak i orda: 9 “Eg er rein og utan synd, lytelaus er eg, fri for skuld. 10 Men Gud finn noko å seia på meg, han held meg for sin fiende. 11 Han set mine føter i blokka og vaktar meg kvar eg går.” 12 Nei, til det vil eg svara: “Dette har du ikkje rett i, for Gud er større enn menneske.” 13 Kvifor fører du dette klagemålet mot han: “Han svarar ikkje kva eg så seier.” 14 Gud talar ein gong, ja ein gong til, men folk bryr seg ikkje om det. 15 I draumar og syner om natta, når menneske fell i tung svevn, eller når dei ligg og blundar, 16 då opnar han øyro deira og åtvarar dei på skræmande vis. 17 Han vil få mannen bort frå hans udåd og rydja hovmodet ut hjå han. 18 Han vil spara han for å gå i grav og berga livet hans frå spyd. 19 Mennesket vert tukta med liding på si lege; det er ein stendig strid i hans lemer. 20 Maten byd han imot, han har ikkje hug på den gjævaste kost. 21 Hans hold tærest bort, ein kan ikkje sjå det; det finst ikkje kjøt på hans bein, dei som ikkje var synlege før. 22 Han er komen grava nær, hans liv møter dødens englar. 23 Er det då ein engel attmed han, ein einaste talsmann mellom tusen, som kan seia han kva han skal gjera, 24 så er han nådig mot han og seier: “Fri han frå å fara ned i grava! Eg har fått løysepengar for han.” 25 No vert kroppen sterk som då han var ung, atter vert han som i ungdoms dagar. 26 Han bed til Gud, som har godvilje for han, med jubel får han sjå Guds åsyn, og han lèt mannen få att si rettferd. 27 Han syng så menneska høyrer det: “Eg hadde synda og krenkt retten, men han gav meg ikkje lika for det. 28 Han fria meg frå å gå i grav, no får eg leva og sjå ljoset.” 29 Sjå, alt dette gjer Gud for mannen både to og tre gonger. 30 Han fører han opp or grava, så han får sjå ljoset i landet åt dei levande. 31 Høyr etter, Job, og lyd på meg! Ver still, så eg får tala. 32 Har du noko å seia, så svar meg! Tal, for eg vil gjerne gje deg rett. 33 Og har du ikkje, så høyr på meg! Ver still, så skal eg læra deg visdom.

Gud let menneska få att si rettferd (v.26).

RMR 8,31 – RMR 8,39 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive: For di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Tungetale ved Oddveig, tyding ved Tore:

 

 

Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv. 

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.

Kommentar.

Korleis eg bad for mor mi i jula.

Mor mi vart 91 år 21.12.2016. og vi feira det i enden av ein korridor på sjukeheimen. Frå i sommar har ho vore så skrøpeleg at ho kjem seg ikkje ut av senga, så vi trilla henne ut i senga.

Ved juletide opplevde eg at Jesus minna meg om å takke han for den veligninga mor mi hadde vore for oss og eg trur at på den måten opna eg meg endå meir for den velsigninga, så det var å ause av frelseskjelda, slik som det vart sagt her.

I romjula vart ho sjuk og eg la endå meir vinn på dette. Når eg opplevde velsigninga sterkare kom der nok norkre hjertesukk til Gud med ynskje om å få han henne her ei stund legre, til dess Jesus gjev meg ei kone, så ho får oppleve å møte henne og kona mi oppleve å møte mor mi.

Eg skreiv om dette til nokre amerikanske slektningar som også har bedt for henne og fortalde om dette og korleis det gjekk. Eg skreiv:

“When I visited Alvhild on 29.12 she just wanted to sleep and the day after she didn’t wake up in the morning. She got morphin and was attached to a machine that should remove mucos. When I visited her in the afternoon and tried to get contact, she just opened her right eye a little. In the evening Gunhild came from Bergen. I was sitting in her room the hole night, I had my macbook air and was writing. The day after she managed to talk a little, but could hardly fulfill a sentence. I was sitting there the next night also and the day after she was better. She recovered, a couple of days after, we were talking about her prayers and she wandered if somebody prayed for her. I told her that she has been a blessing for us an during christmas I felt the Lord reminded me to thank him for it. So during her sickness I first of all thanked him for the blessing she has been and still is for us, and I felt  I opened myself more for the blessing, and felt the blessing made me good and I believe I blessed her back. I believe in him and I believe his blessing makes us good. And I was so glad to see that she recovered. The last days she has talked like before. Today I talked with her for about half an hour, before I left for Oslo.
Surely there are somebody that answers the blessing by cursing, it may happen that it stops me and makes me hesitate. But it is just to be even more dedicated to the Lord, he is the greatest and nothing can stop him.”
rgs Torbjørn.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2017. Bookmark the permalink.

One Response to 2017.01.22.Drikk ikkje av verda sine sprukkne brønnar, men drikk av den kjelda som aldri vert tørrlagd.

  1. Pingback: Mitt minneord om mor. | sivert

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s