2016.10.30. Maranata. Herren er nær.

 

IMG_0245.JPG

 

Herren er nær. Møte i Maranata 30.10.2016.

Tale ved Håkon Martinsen.

MIK 7,8 – MIK 7,9 {LJOS I MØRKRET}  Gled deg ikkje over meg, min fiende,  for om eg fell, reiser eg meg att.  Og sit eg i mørker, er Herren mitt ljos. 9   Herrens vreide må eg bera  fordi eg har synda mot han,  til dess han tek opp mi sak  og syter for at eg får rett.  Han skal føra meg ut i ljoset,  og eg skal sjå hans rettferd. [hans rettferd: -> Jes 51, 5; Joel 2, 23.]

Håkon talt over Mika.7,8 og sa at det kunne tale om å felle i hendene på sine fiendar, å falle for fienden og om at når Jesus døde i staden for oss, var det på den måten at han fall i hendene på fienden i staden for oss.

JOS 3,14 – JOS 3,17   Så tok folket ut frå telta sine og skulle gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre dei. 15 Då desse prestane var komne ned til Jordan og så vidt hadde sett føtene i vatnet – i heile skurdtida er Jordan så stor at ho går over breddene alle stader – [skurdtida: I Jordan-dalen vart bygget moge alt i april (den fyrste månaden, 4, 19). Då var det flaum i elva etter vinterregnet og snøsmeltinga på Hermon-fjellet.] 16 då stansa det vatnet som kom ovanfrå, og stod som ein voll langt borte, oppmed Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan. Og det som rann nedover til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, vart heilt borte. Så gjekk folket over elva midt for Jeriko. 17 Men prestane som bar Herrens paktkiste, vart ståande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelittane gjekk turrskodde over elva. Såleis stod dei til heile folket var kome vel over Jordan.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For sjå eg har sett framfor deg ei open dør,  der det er ingen som kan lukke den til. For det er eg Herren som har opna den opp. Og det er nettopp for ei tid som dette eg har utvalt deg. Derfor, så frykt ikkje mitt barn, sjå deg du ikkje engsteleg om. For det er eg Herren som er din Gud. Eg var med mitt folk opp igjennom, heilt ifrå eg kalla på Abraham i Ur, så var eg med og forma og danna meg eit folk. Eg var med dei, eg trøysta dei, eg gav dei vatn, eg gav dei mat. Og endå ein gong, så vil eg sjå til det folk. Og eg, Herren, eg skal gå fram foran deg. Og ingen ting skal hindre meg i å fullføre det som eg har byrja i ditt liv.

Det skjer ikkje ved makt, det skjer ikkje ved kraft, men det skjer åleine med min Ande. Og eg har utgytt av min Ande over alt kjøt. De treng ikkje leite etter meg, for eg er komen nær til. Still dykk til disposisjon for meg. Eg Herren vil fylle deg, eg Herren vil forme deg. Eg Herren vil danne deg. Eg skal gjere deg til eit kar til mitt namns ære og for mitt rikes framgang. Dette kan ikkje du på menneskeleg vis. Men ved den Heilage Ande, så skal det skje når krafta kjem og bryt lenker og band. Og føre deg inn i eit land som flyt av melk og honning. Og du skal vite og kjenne at (Herren?), eg byrja, eg skal fullføre, for eg Herren, eg er din Gud. Halleluja.

Kommentar.

Velsigna vere “Miss Oslo 1990”

Denne bodskapen liknar på bodskapen som kom 18.9.2016.

Når vi skulle be i slutten av møtet, bad eg for henne ”Miss Oslo 1990”, Jesus har sagt han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så no tenkte eg meg at eg la velsigninga på henne og då orienterte eg meg i romet som om det skjedde framme på plattforma, på venstre side. Og det sjølv om ho ikkje var der fysisk til stades. Nei, eg har då aldrig møtte henne på noko slike kristne møte, eg har faktisk enno ikkje snakka med henne. Men eg har snakka med Jesus om henne, det gjorde eg no også og fekk oppleve at hans svarde meg igjen.

Middags-selskap og kvinnfolk-prat.

Fredags kvelden var eg på middag hos min venn ”astronomen”, han er kyrkjemann med ein del venstre-radikale sympatiar. Vår felles venn ”elektronikaren” var der også. Han er ateist og har vore i kontakt med human-etisk forbund. Begge har mastergrad. Det vart servert reinsdyrsteik, vin, dessert, øl og snaks. Vi har ofte prata om kristendom og eg har fortalt om at eg har bedt Gud gje meg ei kone og fortalt om korleis Gud har svart meg gjennom slike bodskap. No vart det prat om dette igjen og astronomen rådde meg til å søke på internett. Det rådet har eg fått frå mange, men eg svarde tvert nei. Eg har bedt Gud om å gje meg ei kone og eg skal gje han moglegheit til å vise at han er den han er. Vi såg på musikkvideoar og der var eit innslag med Samantha Fox og det handla om den kroppslege tiltrekninga mellom mann og kvinne. Eg fortalde at når eg var på tråling var der opphengt eit stort nakenbilete av henne på ein lugar. Jau, ho hadde ein flått kropp, det er naturleg for ein mann å erkjenne det og verte tiltrekt av den og det er naturleg for ei kvinne å verte tiltrekt av ein mann. Men ein mann bør ikkje sjå så altfor mykje på henne, så han byrjar å sjå med lyst på henne. For vi skal la Guds Ande råde over den kjøtlege lysta. I 1.Mos.2 er det fortalt at han skape menneska, han skapte dei til mann og kone, så han skapte kjærleiksforholdet mellom dei, så då får han berre vise at han er den han har sagt seg å vere, ved at han gjev meg ei kone. Han kan ikkje fornekte seg sjølv, så då er det berre for meg å satse på det. Når astronomen heldt fram med å argumentere for sitt forslag, sa eg at dersom Gud  ikkje klarar det, så får han heller berre fornekte seg sjølv. Eg har ikkje fornekta han og kjem heller ikkje til å gjere det. Men dersom han vil fornekte seg sjølv, så er det fritt føre.

Sidan tenkte eg meg at i vår tid er det mange som finn at deira tru på Gud skrantar, der er mange som fornektar trua på han. Eller det kan seiast slik at når trua deira skaranta, så prøvde dei å gjere seg sjølve liksom Gud. Men når eg vitna om mi tru på Gud som hadde byrja si gjerning i mitt liv og som sjølv ville fullfør den, då fann desse gudane ut at dei måtte fornekte seg sjølve, dei var ikkje gudar likevel og så stakk dei av.

Eg forstår det slik at Herren svarde meg på dette ved å seie at han er min Gud, han har byja si gjerning i meg og vil sjølv fullføra den. Og det vil han gjere ved sin Ande.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s