2016.10.23.Maranata. Immanuel, Gud med oss.

Jesus sa til oss gjennom tyding av tungetale:

Eg er den same og vil forbli det for evig. Eg har talt. Derfor lyd på mitt – lyd til mitt Ord og fullfør dette. Så skal eg, Herren, vere med deg. Still deg til rådigheit for mitt Ord og min Heilage Ande, så skal eg, Herren, bruke deg, eg vil salve deg, eg skal styrke deg, eg skal holde deg oppe, med mi rettferds høgre hand. Og du skal ikkje frykte, for eg, Herren, eg er med deg.

Immanuel – Gud med oss.

Innleiing ved Aud.

SLM 139,23 – SLM 139,24   Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta,  prøv meg og kjenn mine tankar! 24   Sjå om eg er på den vonde vegen,  og lei meg på ævevegen!

Tale ved Håkon Martinsen.

1SA 16,5 – 1SA 16,13 Han svara: “Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!” Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida. 6   Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: “Her, framfor Herren, står den han vil salva.” 7 Men Herren sa til Samuel: “Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.” 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: “Heller ikkje han har Herren valt ut.” 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: “Heller ikkje han har Herren valt ut.” 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: “Herren har ikkje valt ut nokon av desse.” 11   Då spurde Samuel: “Var dette alle gutane dine?” Isai svara: “Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.” Då sa Samuel: “Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.” 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: “Reis deg og salva han! For han er det.” 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

Samuel skulle ikkje sjå på skapnaden han, at han var stor, for Herren ser ikkje på det som menneske ser på, men han ser til hjertet. Den yngste, som verken faren eller dei andre brørne hadde rekna med, i denne samanheng, han valde Gud ut.

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

Så igjen vart det talt om at Gud vel ut og brukar det som ingen ting er. Det kjem ikkje an på utdanning eller kva ansinitet eit menneske framstår med i verda. Når så var sagt, talte

han også litt om naturgåvene som talentar som vi gjer rett i å bruke og det kan vel vere ved å utdanne seg.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

 

Eg er den same og vil forbli det for evig. Eg har talt. Derfor lyd på mitt – lyd til mitt Ord og fullfør dette. Så skal eg, Herren, vere med deg. Still deg til rådigheit for mitt Ord og min Heilage Ande, så skal eg, Herren, bruke deg, eg vil salve deg, eg skal styrke deg, eg skal holde deg oppe, med mi rettferds høgre hand. Og du skal ikkje frykte, for eg, Herren, eg er med deg.

For endå ein gong, så skal eg reise opp mitt folk. Endå ein gong, så vil de få oppleve at min Ande er ikkje trekt tilbake, men den er i dykk. Derfor så søk meg i denne tid, kall på meg den stund eg er nær og du skal finne, at eg er ikkje der ute i periferien, men eg er komen nær til. Derfor frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, din Gud, og eg er din frelsar, eg er din forsørgjar, eg er din lækjar, eg er alt kva du måtte trenge til …. og eg har gitt deg alle ting, for det lydde frå meg: Det er fullbrakt. Amen.

Kommentarar.

Stille meg til rådevelde for Guds Ord og hans Heilage Ande.

Rett før bodskapen 18.9.2016, vart eg minna om henne ”Miss Oslo 1990” og denne herlege, frigjorde gleda hennar og eg vart så glad og takke Gud for det. Eg stussa litt på kvifor eg byrja å tenke på henne akkurat då, eg trur det var den Heilage Ande som minna meg om henne eller openberra henne for meg, slik som ho er fødd av Anden, det som er født av Anden er ånd. Så eg trur dette har seg slik at Herren rører ved meg og løfter meg opp og løfter meg inn i nye dimensjonar i sin Ande.

Eg gleder meg i Herren og i hans frelse og det trur eg og håper eg ho også gjer. Når eg merka denne gleda hennar, så gjorde det meg glad. Men det er ikkje slik at eg tek hennar glede, hennar glede er hennar glede og eg skal så visst ikkje ta gleda frå henne, her må eg passe meg så eg ikkje sløkker ut Anden. Ho er fri til å glede seg i Herren slik som ho sjølv vil og kjenner det naturleg for seg. Men eg følte og opplevde at hennar glede gleda meg og gleda i Herren skal vere vår styrke, min styrke og hennar styrke og eg trur dette har å gjere med at han gjev meg hjelp med sin Ande og si kraft og slik gjev han meg hjelp i form av ei kone. Det er i samsvar med Guds Ord, han har sagt i sitt Ord at han vil gjere sitt verk med sin Ande (Sak.3). Så då er det berre for meg å stille meg disponibel for Guds Ord  og hans Heilage Ande.

Møtestaden.

Jesus er vår øvsteprest, han bar sitt blod inn  i eit tempel som ikkje var laga av menneskehender, men av Gud, han bar det inn i Guds himmel. Då bana han vegen for oss, så når vi går den vegen og søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, er det ikkje avhengig av noko bygning bygt av menneske. Men vi får oppleve at Herren er oss alle stadar nær, Jesus er med oss i kvardagen. Gud er ånd og har vi samfunn med han, så har vi samfunn med kvarandre i den Heilage Ande, vi er lemer på Jesu lekam, han brukar oss som sine lemer, så vi terner han og han gjer at lemane verkar saman og tener kvarandre. Derfor er det viktig for oss å samlast som hans kyrkjelyd.

Eg har fortalt at eg har bedt Jesus om å gje meg ei frelst kvinne til kone og om korleis Jesus har svart meg på den bøna. Då har det vist seg at mange kristne hevdar og meiner dette er noko som ikkje har med Gud å gjere og som heller ikkje har med kyrkjelyden å gjere, ja, dei reagerer endåtil som om det skulle vere moralsk uanstendig og forkasteleg. Dersom ein mann vil sjekke damer, så får han gå ein kvan annan plass. Det er det nok mange som har gjort også og det er nok litt forskjellig kor vellukka det har vore. Mange kristne leiarar held det for å vere verdsleggjering og moralsk forkasteleg, bortimot fråfall, meir eller mindre bortkomne søner og døtre. Men Jesus har kalla meg og valt meg ut og han kallar meg nær til seg, han kallar meg nettopp til å komme til han med den saka, ja, slik skal eg heilhjarta halde meg til han og vere trufast mot han. Så eg forstår det tvert om slik at dette er det sentrale poenget både med vekkinga og med kyrkjelyden og eg har vist at det er rett utifrå Guds Ord. Ja, slik svarar han meg ved sitt Ord og sin Ande. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, det inluderer alt også ei kone til meg. Så eg skulle ikkje trenge å gå nokon annan plass for å få det. Han talar til meg som Kristi medarving, han har gitt meg alt.

Mange, både kristen og ikkje-kristne har med den tradisjonelle moralfilosofien stått meg og mi sak imot og enn elles i samfunnet, for deira interesse av å få seg kone, så det har vorte vanskelegare elles i samfunne også. Men dei søker på internett og slik får mange seg koner frå gjerne land. Men dette viser berre dess klarare kor viktig det er for meg å gå til Jesus med denne saka, så det også blir ei sak for kyrkjelyden, så det blir klart at nettopp den saka er ei sentral sak for den, det er nettopp slik kristendom og slik kyrkjelyd samfunnet treng og det er nettopp slik vi trengst som lys og salt i denne verda og i denne tida. Jesus har kalla Sions dotter til å gå ut i dansen med dei glade. For han er Herren hennar ektemann, han er Herren hennar brudgom, så det er årsaka, derfor skulle ho gå ut i dansen med dei glade, slik skal ho verke som lys og salt i verda. Det er det verda treng.

Jesus sa til meg at det verda treng er ikkje fyrst og fremst min utdanning og ansinitet, men det verda treng, er mitt varme hjerte. Då tenkte eg på henne ”Miss Oslo 1990”, då tenkte eg sjølvsagt på den kvinna han gjev meg til kone. Han såg til mitt hjerte når han valde meg ut og han såg til hennar hjerte når han valde henne ut. Han gjev oss sitt Ord og sin Ande i hjertet og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Då treng verda våre varme hjarte.

Depresjon og fortaping eller lækjedom og frelse.

Depresjon eller glede, sjukdom eller lækjedom, vanmakt eller kraft, vantru eller tru, fortaping eller frelse.

Eg held på med eit kurs i molekylærbiologi/fysiologi og når vi hadde om nervesystemet las eg om depresjon at det kunne påverke hormonbalansen, dermed fekk langvarig depresjon uheldige eller skadelege fysiologiske konsekvensar, det er ikkje bra for hjerna. Det er ein psykisk eller psykiatrisk sjukdom. Sidan det er psykologisk, vil vår eiga subjektive innstilling ha stor betydning, så dersom ein subjektivt innstiller seg på å vere glad, vil vel det motverke depresjonen og dei uheldige negative verknadane av den. Folk kan vere arveleg disponert for den, men vi må også vere klar over at miljøet kan vere årsak til depresjon. Kva har vi då å stille opp med, med vår eiga subjektive innstilling?

Jau, når vi set vår tru og tillit til Gud, søker samfunn med han på evangeliets grunnvoll og får oppleve hans hans frelse, at han strekker ut sin frelsararm og set våre føter på klippen, då gjev han oss eit godt forsvar mot dei vonde åndsmaktene. Han gav oss ikkje vanmakt og missmods ånd, men han gav oss den Anden som verkar kraft, kjærleik og visdom (”sindigheit”). Med sin Ande oppmuntrar han meg stadig til å lovprise han for det fullbrakte frelsesverket. Ved trua på Jesus og hans fullførde frelsesverk fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, då er det berrre om å gjere å tru og ta imot av berre nåde og takke og lovprise han for det i tru. Ved trua på han vender vi oss til han og påkallar han og slik får vi oppleve det, dersom du trur, så skal du få sjå Guds herlegdom. Det er ei subjektiv innstilling, dermed er det psykologi, men det er noko meir, for Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, for Jesus lever og han er med oss. Ved trua på Jessu har vi håp om Guds herlegdom, og håpet gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Dette gleder vi oss over og det gjer vi i trua på Jesus, gleda i Herren er vår styrke.

Sjølv om vi lovpriser Gud og Lammet slik, kan vi likevel samtidig ha ein depresjon, kanskje utan at vi er klar over det. Om den er aldrig så mykje arveleg betinga, så er eg viss på at den gleda og krafta Gud gjev oss i si frelse vil overvinne den, for vi kan sjå på det som ein skrøpelegdom, men Gud nåde er nok for oss, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Det som ingen ting er valde Gud seg ut, for å gjere det vise og det sterke til skamme. Menneske kan vere vellukka og ha ein slik depresjon utan at andre merkar det, men dette gjeld like fullt for alle menneske. Men sjølv om vi aldri så mykje lovprisar Gud for frelsa, så kan miljøet rundt oss vere årsak til depresjonen og det er det vanskelegare for oss å gjere noko med. Det har seg nok slik at der er dei som ikkje trur og ikkje tek imot, men tvert om fornektar og er fortapt. Og det kan utarte seg som ein djup depresjon. Det kan vel vere menneske som fornektar den Heilage Ande og Jesus har sagt at det er ei synd der ikkje er tilgjeving for, for den er evig. Men Guds resept er treffande for miljøet også, hans frelseplan er det verda treng også, Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda. Vi skal forkynne det same evangeliet til alle og kven som helst, så får det vise seg kven som kjem til tru  og let seg frelse.

Korleis eg føler meg og kva betydning har det?

Eg har fortalt at eg opplevde å ha samfunn med henne Virtuella i den Heilage Ande, sjølv om ho var langt borte, men ho var ikkje interessert i mitt frieri og ville ikkje møte meg igjen eller ha noko meir med meg å gjere. Men ho sa nei til Herren også og fall ifrå og var fortapt og det utarta seg som ein slik depresjon som eg har skrive om ovanfor, det var dei vonde åndsmaktene som stod Guds Ande imot. Dette var på slutten av 1970-talet.

Men Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap,  med frelse og helse, så eg for til Oslo i 2009. Eg forstod at han ville frelse og frigjere henne og mange med henne og der kom ein bodskap der han sa at du skulle kjenne at han hadde frelst deg og det skulle du takke han for. Eg forstod det slik at det var til henne.

Gud ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og det har eg tenkt på og og innstilt meg på i sommar, spesielt med tanke på å vere ein kanal for Guds velsigning til henne. Det har vore svært passiviserande. I tillegg har eg lagt ut artiklar på bloggen med bodskap gjennom tyding av tungetale heilt tilbake til 1990. Så eg har ikkje vore så mykje ute i frisk luft og fått sol på meg sol på meg i sommar, ikkje på langt nær så mykje som vanleg. Psykisk kjendest det godt, men denne passiviseringa har ikkje vore særleg sunn for kroppen.

I første møtet i Maranata etter sommaren sa Jesus at du har ikkje gleda og eg forstod det slik at det var til henne. Ho tok ikkje imot i tru og med glede og følgde ikkje hans kall, tvert om, så kjempa ho imot og det førde til ei langt større passivisering enn at eg vart passivisert, for det resulterte i at vekkinga stansa opp og uteblei. Kristne grupper fekk forstopping, så dei gjekk ikkje lenger ut med den glade bodskapen. Trua og vedkjenninga skulle føre til glede og anna fullmoden frukt, men i staden førde vantrua og fornektinga til depresjon.

Eg gjekk lenge sommarkledd og byrja å hoste, sjølv om eg kledde meg betre, vart hosten likevel langvarig. Eg trudde den var i ferd med å gå over, men så tok den seg oppatt. Laurdag for vel to veker sidan (8.10.2016) hadde eg meg ein spasertur, eg hosta og prøvde å få opp slim og under eitt av hosteføra byrja eg å kjenne på denne depresjonen og då hosta eg så eg gulpa opp mageinnhald også og tårene pressa seg fram. Eg var til dokter på mandag og fekk vite at det var berre visrus, så dette måtte berre gå over av seg sjølv. Om det ikkje gjekk over etter ei veke, skulle eg likevel kome att. Eg har hosta vidare utan å gå til doktor igjen og på veg til møte 23.10.2016, fekke eg eit slikt hosteanfall igjen. Det kan nok hende det har å gjere med at eg byrja å gå, men psykisk har det å gjere med denne depresjonen, det er noko meir enn ein naturlege depresjon, det verka som om eg såg ned i dødsriket, avgrunnen eller fortapinga, der daudningane er, vonde ånder? Det verka som om vanmakt og missmods ånd gav meg ei kjensle av vanmakt og missmod. Det gav meg ei kjensle av at å hamne der måtte vere hesleg. Så eg  kjende sorg over at så mange menneske her i byen er på veg til fortapinga.

Så eg trur Jesus svarde meg på dette når han sa at endå ein gong skal vi få oppleve at han har ikkje trekt sin Ande attende, men den er i oss. Vi skal søke han og kalle på hans namn og vi skal finne at han er ikkje langt ut i periferien, men han er komen nær. Herren er min Gud, han er min frelsar, min lækjar og min forsørgjar og han kjem meg nær, så eg får oppleve det.

Jesus er med oss og han frelser menneske. Likevel er det mange som trekk seg unna og mange som forkastar han og går fortapt. Det har seg nok slik at der er eit konkurrerande leiarskap, til samanlikning med korleis Saul vart Davids rival og fiende. Men Jesus er Davids-sonen, den som Gud har salva til å vere vår frelsarkonge (Messias). Han har valt ut oss og salva oss, slik utrustar han oss til teneste. Eg skal ikkje vere tilbaketrukken og passiv, for med trua på han kan eg vite, hans salving lærer oss alt, den får meg til å erkjenne det som er sant og rett og slik får han meg i tale. Med trua og vedkjenninga skal vi komme over depresjonen og elendigheita, frelsesverket er fullført og det er ei bru over avgrunnen, det er berre å tru og gå over.

Med si utveljing og si salving får han på plass eit nytt leiarskap og slik tek han seg ut eit folk. Med det leiarskapet og med det folket skaper han framgang for si sak. Han er sjølv kongen som leiar folket sitt.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s