2016.10.02. M. Gud brukar det som ingen ting er.

Bakgrunn/innleiing: Gud vil gjere meg til eit kar til si ære (Bodskapen 18.9.2016.).

Eg bad han om ei kone og det var ei sak som han ville ta seg av, men det har enno ikkje vorte noko av. Det vart problematisk. Eg byrja å studere og det også vart problematisk, det heng saman, problemet er der visst enno, det går ‘f tydeleg fram av det som eg har skrive i det siste. Så det har nok ikkje vort til mykje ære for han. Men eg skal overgje meg heilt til han. Han har sett fram for meg ei opna dør og eg skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, miskunn og hjelp. Ja, eg trur han vil gje meg hjelp i form av ei kone og så vidt som eg kan forstå, er det henne ”Miss Oslo 1990” det er sikta til.

I mitt stille sinn vedkjende eg for Jesus at han har vore med meg gjennom alle vanskane og eg ville uansett ære og takke han for de. Henne som det først gjaldt, ho ”Virtuella”, vart ikkje til hjelp for meg, som kone, ho vart i staden min fiende som har kjempa mot meg og det hang saman med at prestar, forkynnarar og politikarar hadde interesse av å få makt på den måten, for å gjennomføre sin politikk. Men eg vil takke og prise Jesus for at han har berga meg frå fienden, så eg har kome så pass velberga frå det. Han har vore med meg og leia meg sin veg og gitt meg framgang, tross alt, og det vil eg takke han for. Det passar med den lovprisninga som kom gjennom tyding av tungetale i dette møtet, eg forstår det slik at det er den Heilage Ande som hjelper meg i mi takkebøn.

Gud brukar det som ingen ting er. Møte i Maranata 2.10.2016.

Innleiing ved John Miland.

John vitna om korleis Jesus frelste han, det var ei radikal forandring. Så sa han noko om kor viktig det er å halde seg heilt og fullt etter Guds Ord, utan å gje etter.

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore talte om å løfte hendene og lovprise Herren, sjå opp til han og ståle av glede:

SLM 34,4 – SLM 34,6   Lat oss saman lova Herren  og prisa hans store namn! 5   Eg søkte Herren, og han svara meg,  frå alt som skræmde, berga han meg.  6   Sjå opp til han, og strål av glede,  så skal de aldri raudna av skam!

Så gav han eksempel på at Gud brukte det som ingen ting var, til å tale til kongar, dei fortalde om Guds profet og fekk kongen til å vende seg til profeten. Men profeten vørde dei ikkje mykje, for han var mest oppteken av å vende seg til Gud og tene han, så det verka som han ikkje brydde så mykje om kva kongen dreiv med. Men når Gud svara kongen gjennom profeten, så gjorde han storverk.

NA’AMAN.

2KG 5,1 – 2KG 5,3 {ELISJA LÆKJER NA’AMAN}  Na’aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein. [hudsjukdom: -> 3 Mos 13, 2.] 2   På ei av herjeferdene sine hadde aramearane ein gong ført bort ei lita jente frå Israel. No tente ho hjå kona åt Na’aman. 3 Ein dag sa ho til matmor si: “Berre husbonden min var hjå profeten i Samaria, så skulle han nok gjera han god att av hudsjukdomen.”

2KG 5,9 – 2KG 5,19   Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja. 10 Elisja sende ut ein mann som skulle seia: “Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.” 11 Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: “Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen. 12 Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?” Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne. 13   Men tenarane hans kom til han og sa: “Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!” 14 Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein. 15   Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: “No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!” 16 Men Elisja svara: “Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.” Na’aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje. 17 Då sa Na’aman: “Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, men berre til Herren. [mold: Na’aman vil byggja eit altar for Herren i Damaskus, på jord som er henta frå Israel.] 18 Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-templet for å kasta seg ned og tilbe der, og han stør seg på handa mi, så eg òg kastar meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg det.” [Rimmon: eit anna namn på stormguden Hadad, den viktigaste guddomen i Damaskus.] 19 Elisja svara: “Far i fred!”  Då Na’aman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,

HÆRFERDA MOT MOAB.

2KG 3,1 – 2KG 3,27 {HÆRFERDA MOT MOAB}  I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Akab, konge i Israel. Han styrte i Samaria i tolv år. 2 Joram gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Ba’al-støtta som far hans hadde laga. 3 Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei vende han seg ikkje bort ifrå. 4   Mesja, kongen i Moab, hadde mykje småfe. Kvart år betalte han Israels-kongen hundre tusen lam og ulla av hundre tusen verar i skatt. 5 Men då Akab døydde, reiv Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen. 6 Straks drog kong Joram ut or Samaria og mønstra heile Israel. 7 Så sende han bod til Josjafat, Juda-kongen, og sa: “Kongen i Moab har rive seg laus frå meg. Vil du vera med meg på ei hærferd mot Moab?” Han svara: “Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.” 8 “Kva veg skal vi ta?” spurde Joram. Josjafat svara: “Vegen gjennom øydemarka i Edom.” 9   Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg. 10 Då sa Israels-kongen: “Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.” 11 Men Josjafat sa: “Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?” Ein av mennene åt Israels-kongen svara: “Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.” 12 Josjafat sa: “Ja, han har ord frå Herren.” Så gjekk dei ned til profeten alle tre, Israels-kongen, Josjafat og Edom-kongen. 13   Elisja sa til Israels-kongen: “Kva vil du meg? Gå til profetane åt far din og mor di!” Men Israels-kongen svara: “Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane hit for å gje dei i hendene på moabittane.” 14 Då sa Elisja: “Så sant Herren, Allhærs Gud, lever, han som eg tener: Var det ikkje av vørdnad for Josjafat, Juda-kongen, ville eg ikkje sjå på deg eingong. 15 Men henta no ein harpespelar til meg!” Då så harpespelaren tok til å spela, kom Herrens hand over Elisja. 16 Og han sa: “Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen! 17 For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar. 18 Men dette er det minste Herren kan gjera. Han vil òg gje moabittane i dykkar hand. 19 De skal ta kvar festningsby og kvar storby, fella kvart frukttre og dytta att kvar vasskjelde. Og kvar grøderik åker skal de øydeleggja med stein.” 20 Morgonen etter, på den tid grødeofferet vert frambore, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn. [grødeofferet: -> 1 Kong 18, 29.] 21   No fekk moabittane høyra at kongane var komne og ville strida mot dei. Alle våpenføre menn vart mønstra og tok stilling ved grensa. 22 Då moabittane stod opp morgonen etter, skein sola på vatnet, og dei tykte det var raudt som blod. 23 “Det er blod,” ropa dei. “Kongane har stridt mot kvarandre og slege kvarandre i hel. No skal vi ta hærfang, moabittar!” 24 Men då dei kom til Israels-leiren, storma israelittane fram og slo moabittane, så dei laut røma. Så sette dei etter moabittane og slo dei heilt. 25   No reiv dei ned byane, og kvar grøderik åker fylte dei med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde dytte dei att, og kvart frukttre felte dei. Til slutt var det berre stein att i Kir-Hareset. Slyngjekastarane kringsette byen og gjekk til åtak på han. 26 Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre mann, væpna med sverd, og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje. 27 Då tok kongen eldste son sin, som skulle verta konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og israelittane fekk slik støkk i seg at dei drog bort derifrå og fór heim att til sitt eige land.

Elisja fekk tak i ein som kunne spele harpe. Når han byrja å spele kom Herrens hand over han med svar til kongane. Det viser kor viktig det er å lovprise Herren.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore.

Eg forstår det slik at det er den Heilage Ande som hjelper meg i mi takkebøn:

Eg vil prise deg, Herre, fordi ein dag kom du og så løfta du meg opp, frå all elende fria du meg ut, og så sette du mine føter på klippen. Og om eg hadde svikta deg, så har du vore der med ein gong og drege meg på plass. Og eg kjenner at du er min Herre og du har vist din nåde over mitt liv, så underbart, at eg kan ikkje la vere, enn anna enn å prise deg og takke deg. For av nåde er eg frelst, gjennom blodet er eg løyst, ved di kraft, så er eg bevart til denne dag. Og eg veit at du som har byrja, skal fortsette di gjerning i mitt liv.

Kommentarar.

Jesus vil fylle min munn, så det flyt over.

I realfagsstudiet vert det lagt vekt på å tenke vitskapleg, det er den sikre realfaglege kunnskapen som er interessant og det vert leagt vekt på at ein skal kunne grunngje sine påstandar, du skal ha dekning for det du påstår. Men når vi skal vere sosiale og kommunisere med kvarandre og andre, så går vi då ut over dette og seier noko meir enn kva vi soleis har dekning for. Men korleis kan vi då vite om det vi seier er rett, går det an å påsta at noko er sannt og noko anna ikkje er sannt?

Jau, ved trua på Gud Ord, ved at vi trur på Jesus, velsignar han og opplever å verte velsigna i trua på han, ved å verte fylt av den Heilage Ande. Då får vi oppleve at den openberrar Ordet for oss og leier oss fram til heile Sanninga som er Kristus. Så Sanninga set oss fri. Då er det om å gjere for oss å kjennast ved han og det er med den vedkjenninga han får meg til å prate. Dåpen er eit godt samvits vedkjenning til Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Så det primære er å kjennast ved han for Gud, å prate med han. Og så seier han til meg at han vil fylle min munn så det flyt over. Så det betyr vel at pratet mitt skal verte til andre også, at eg skal kunne prate til menneske også.

Ja, eg har mykje på hjertet, som eg kunne skrive til andre menneske, men det kan fort vert så mykje at det vert meir som ein jobb, ved sidan av studiane. Eg har ikkje klart å følgje ein normal studieplan siste semestera, tankane har gått andre vegar. Men det er tross alt betre å prate (skrive) enn å verte passivisert. Eg har skrive til kristne predikantar og kyrkjelydar og det syest som eg har gjenteke det same til det kjedsommelege utan å komme nokon veg. Men no har eg byrja å skrive til andre, så eg formulerer meg annleis også ved at eg skriv om litt andre saker, eg talar inni litt andre situasjonar, men den glade bodskapen er den same. Dette inneber ei viss fornying for meg og for oss som kyrkjelyd. Men Gud er den same og det er han som fornyer oss med sitt Ord og sin Ande.

Overgi meg heilt og fullt til Herren.

Jesus sa til meg: ”For åpne din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ærens kar, for mitt namns skuld.”

Eg stussa litt over at han stilte meg overfor spørsmålet om eg er villig til å overgi meg heilt og fullt til han. Har eg ikkje gjort det då? Er eg litt reservert, tilbaketrukken, skeptisk, litt tvilande? Eg har vedkjent at fyrste prioritet er at Gud frelser menneske og så ventar eg meg at han vil gje meg ei frelst kvinne som andreprioritet. Men det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Det saka gjaldt, var at eg bad han gje meg ei frelst kvinne til kone og det er den saka han tek seg av og det er den bøna han svarar meg på. I tru og tillit til han, skal eg berre overgje meg heilt til han. Ved trua på Guds Ord, vart livet planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Etter kvart som eg vart eldre, vart meg meir og meir klar over at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var i dette livet, så når eg vart glad i ei jente, forelska i ei jente, så var det for meg ikkje berre eg som elska henne, men Kristus som elska henne som si brud, gjennom meg. Då er kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne sjølvsagt ikkje avgrensa til kjønnslysta. Jesus sa at vi skulle ikkje bekymre oss for mat og kle, for Gud veit at vi treng det. Vi skal ikkje bekymre oss for den dag i morgon, for kvar dag har nok med si eiga møde. Då er det slik med ekteskapet og det kjønnlege samlivet også, vi skal ikkje bekymre oss for det. Men vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Eg har bedt han om ei kone og han svarar meg på den bøa og tek seg av mi sak og då må eg sjølvsagt berre overgi meg og mi sak heilt til han og la han fullføre sitt verk med meg.

Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og elska kvarandre. Då ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme til oss og ta bustad hos oss.

JOH 14,15 – JOH 14,23 {LOVNAD OM DEN HEILAGE ANDE}  Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Og Jesus har sagt at han vil openberre sitt liv i meg og gjennom meg.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s