2016.09.18.M. Jesus har sett framfor meg ei opna dør.

Sjå opp til Jesus. Han har sett framfor meg ei opna dør. Møte i Maranata.

Jesus sa til meg:

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon talte om Hanna som bad til Gud: 1.Samuelsbok.1.

 Sjå opp til Herren. Tungetale ved John Miland, tyding ved Håkon Martinsen.

For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullbrakte verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under  for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.

For åpne din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ærens kar, for mitt namns skuld. Ikkje for nokon bevegelsar, ikkje for noko kyrkjesamfunn, for det er eg som i alle ting skal vere den fremste, det er eg, Herren, det er eg som har talt. Derfor kom til meg, du som strevar og har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile.

Fryd deg og gled deg i meg. For gleda i meg, det skal vere din styrke. Derfor, meg skal du (opent bekjenne?), for eg er Herren, som har kalla deg, det er eg Herren, som har bestemmt, for at mitt liv skal verte openberra i deg og gjennom deg. Derfor, frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, som har gjort det, alle ting, og det er eg Herren, som all ære skal ha. Derfor, pris meg og lov meg og opphøy mitt namn, så skal eg Herren, dra menneske til meg. Halleluja. I Jesu namn.

Jesus har sett framfor meg ei opna dør. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.

Kommentar.

Kanal for Guds velsigning.

Be Gud halde sin straffedom attende.

I bodskapen 19.6.2016 sa Herren at han er alt kjøts Gud, skulle noko vere umogleg for han? Nei, han talte og det skjedde og eg kan trygt setje mi lit til han og gå ut på hans lovnadar og få oppleve at det held. Eg skal ikkje vere tilbaketrekt, men strekke meg ut mot det som ligg foran.

I slutten av møtet sa John Miland noko om homoparadene som hadde gått gjennom gatene og då kom der ein bodskap der Gud samanlikna det med Sodoma og Gomorra, så der kjem straffedom over by og land. Men vi skulle rope til han og be han halde sin straffedom attende. Eg skulle gå inn i mitt løynkammer og rope til han og han ville høyre mine bønner. Eg samanlikna det med korleis Abraham bad for Sodoma og Gomorra, han spurde om ikkje der var nokre få rettferdige, om han ikkje ville spare byane for deira skuld. Er her nokon som tenker rett, lærer rett og lever rett, så dei kan lære andre og verte til eksempel for andre? Og kva med meg sjølv? Eg har ikkje akkurat lukkast i det og det heng saman med at eg har fått motstand. Men eg kan framleis stole på Gud og gå ut på hans lovnadar.

Så i sommar har eg brukt mykje tid i løynkammerbøna, eg skulle rope til Herren, men kva skulle eg seie? Eg hadde ikkje så mykje å seie, men eg tenkte på det Gud hadde sagt til meg om at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, om at eg skulle opne meg for hans velsigning og då må eg vel opne meg som kanal for hans velsigning. Så eg har søkt Herren i løynkammeret mest for å ta imot velsigninga og opne meg som kanal for velsigninga, så eg vert til velsigning for andre og då har eg tenkt spesielt på henne Virtuella, at eg skulle vere kanal for Guds velsigning til henne. Det har vore svært passiviserande, berre ligg og kvile, det kan vel hende at eg har brukt altfor mykje tid på det og det kan verke meiningslaust, men eg kjenner at det har gjort meg godt i mitt indre menneske.

Eg syntest det var trist mange menneske har forkasta Guds Son, ved trua på han, vart livet planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge, han har vore min frelsar og mi trygge tilfluk, eg kunne alltid kalle på han som min frelsar og Herre og rekne med han som ein trufast venn som ikkje er meg langt unna. Og han kallar meg til å halde meg nær til han, vandre med han og følge han og det er eg berre glad for. Eg har fått eit inntrykk eller ein forståelse av at mange har forkasta han fordi han har brytt seg om meg og valt ut meg og det synest eg er trist. Men det har seg nok slik at der er ein kollektivistisk fiendskap og hat mot det einskilde mennesket og spesielt mot det einskilde gutebarnet, der er ein religiøs, moralsk og politisk filosofisk tradisjon som argumenterer med klagemål mot det einskilde mennesket, for å få makt over menneska, men så var det også nettopp derfor Jesus døde i staden for meg, ja, for alle menneske (Sak.3). Men eg har kalla på han som planta livet i meg, allereie når eg var ein liten gutunge, mitt hjerte lengtar og sukkar etter han er livet, som planta sitt eige liv i meg og som framleis gjev meg ånd og liv. Og no stadfester at han har planta sitt eige liv i meg og seier han har bestemt at hans liv skal vert openberra i meg og gjennom meg. Og eg forstår det slik at det skal verte openberra gjennom meg, slik at det vert openberra i henne som han gjev meg til kone.

 

Søk fyrst Guds rike og hans rettferd.

 

For nokre år sidan sa Gud til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg har fortalt om korleis eg for lenge sidan fekk oppleve at han velsigna henne Virtuella gjennom meg, når vi var unge. Eg merka at eg byrja  verte forelska i henne og vedkjende for  Gud at hans kjærleik var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for hans kjærleik og fekk ein ny fylde av den Heilage Ande, Guds kjærleik var utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom5,5). Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og hand og som at han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for og som stunda etter hans kjærleik og omsorg. Og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som han elska som si brud og ho elska han som sin brudgom. Ho trådde etter hans kjærleik og eg trur og hevdar at det hadde å gjere med at ho som ei ung jente hadde håp om å få kjærleik frå ein ung mann, som hennar kjæraste og sidan som hennar ektemann og eg hevdar det var rett, det er eit naturleg og sjølvsagt behov for ei ung jente og eg hevdar ho gjorde rett i å gå til Faderen og Sonen med det behovet, tenke som at Jesus er hennar brudgom og ektemann.

Eg hadde den prioritetsordninga at vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det, så for meg var det fyrste prioritet at vi skulle leve i dette samfunnet med Faderen og Sonen, vi gjorde rette i å takke Gud og Lammet for frelsa, takke Gud for hans kjærleik og omsorg for oss, så eg gjorde rett i å gå til han med mi interesse av å få meg ei kone og ho gjorde rett i å gå til han med si interesse av å få seg ein ektemann.

Men ho og fleire med henne har nok tenkt som so at sidan ho ikkje var interessert i meg som friar, men sa nei til mitt frieri, så har ho også sagt nei til denne velsigninga og soleis sagt nei til Kristus. Det er ei omprioritering, dei har ikkje søkt Guds rike fyrst, dei har søkt det verdslege fyrst. Dei har svart med å forbanne og det er ei ånds makt som ikkje er av Gud, som har stått Guds Ande imot. Så eg syntest ikkje å komme nokon veg med dette, så det verka etter kvart temmeleg meiningslaust for meg, men det hadde nok også å gjere med kor sterk trua mi var. Eg var kanal for Guds velsigning men motstanden og motsegnene verka nok til at eg lukka igjen.

Men no i sommar tenkte eg på dette at det var eigentleg ikkje nokon god nok grunn til at eg skulle stenge den kanalen. Vi tenker så altfor lett på forteneste, har du på nokon måte gjort deg fortent til den velsigninga. Ja, som om det er kjøp og sal. Som om velsigninga skulle oppfattast som ein stadfesting på at alt du seier og meinar er rett, så du kan berre vere vere slik og halde fram på same måten. Men det er heilt bort i natta. Det som skal til for at du skal verte velsigna, er at du trur, til samanlikning med Abraham. At du trur på Kristus, stolar på han, så du tek imot hans velsiging. Det er han som velsignar meg og som velsignar gjennom meg og det som då betyr noko er ikkje kva vi er, men kva han er for oss. Poenget med velsigninga er at han gjev oss ånd og liv og gjer oss levande med seg. Gud skaper oss i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dei. Han gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande og førebestemmer oss til noko godt. Poenget er at Kristus er fullkomen og Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus, derfor gjer eg heilt rett i opne meg for den velsigninga, ta imot og vere kanal for den, også til henne. Det minner meg om at det vart openberra for meg at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen. Denne openberringa var så herleg for meg at eg med ærleg hug og av eit reint hjarte ynskjer at ho framleis skal leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, så eg talar om henne som ein dyrebar skatt som var meg overgjeven ved den Heilage Ande og som eg skal ta vare på, ja, sjølv om ho sa nei til mitt frieri. Han kallar henne som Sions dotter til å frigjere seg, det kjem ikkje an på hennar fortid, hennar feiltrinn, Jesus gjev henne høve til å gløyme det som ligg bak og gå mot det målet som han har for henne, for det er på grunnlag av kva han er for oss, det er på grunnlag av hans fullførde frelsesverk. Eg er viss på at Gud vil fornye hennar kjærleiksforholdet til seg og Son sin og ho gjer rett i å leve i det. Jfr. bodskapen 12.2.2011.

 

Hjerteomskjering i den Heilage Ande eller sundskjering? Rasering av kjærleikens vingard og nedtrakking av heilagdomen.

 

Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss, ved sitt Ord og sin Ande, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande. Og mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, då er det på den måten at Ande råder over kjøtets lyst, over kjønnslysta. Eg forstår det slik at det er det sentrale poenget med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i vårt hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Så dette gjer berre kjærleiken mellom mann å kvinne endå sterkare, gleda i kjærleiksforholdet mellom dei vert endå større, det vert endå herlegare.

Paulus talte om ”hundane”, dei sundskorne, det var dei som hevda at evangeliet ikkje var bra nok, så dei gjekk tilbake til lovgjerningar og prøvde å få andre med seg. Hevda dei at hjerte omskjeringa i den Heilage Ande ikkje var bra nok, så var det som om dei trengde å skjere vekk noko meir, men då skamskar dei seg. Som om dei skjer vekk dei seksuelle sanseorgana som gjev gleda ved lystfølinga i det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne og det er då faktisk det som vert gjort ved omskjeringa av kvinner. Men sjølv om dette ikkje vert gjort fysisk, så siktar det til ei fornekting av gleda ved samlivet mellom mann og kvinne. Eigentleg tek det sikte på å avvise Guds Ande som skulle råde i vår døyelege lekam, nettopp ved å råde over den lysta. Og kvifor det? Fordi dei førestiller seg at der er noko anna som skal råde i lekamen i staden, den tradisjonelle moralfilosofien, bokstaven som slår i hel. Slik prøver diverse prestar, predikantar og politikarar å få makt over menneska gjennom kyrkja og kristne organisasjonar, slik har dei prøvt å få makt over meg og mitt liv, det har kome klart til uttrykk i talene deira.

På grunn av det maktinteressa sa ho Virtuella nei til mitt frieri og sa nei til Kristus også, så ho fall ifrå. Og slike prestar og predikantar har tydeleg gjeve uttrykk for at dersom eg går med på det maktkravet, så skal eg likevel få meg ei kone, så det var det som skulle til om eg skulle få henne til kone og det er det som framleis skal til, for at eg skal få henne eller i det heile tatt få meg ei kone. Men dette er eigentleg eit krav om avgudsdyrking, slik som eg har forklart tidlegare. Det er ein mørkemanns religion, moral og politikk som held kjærleiken og gleda i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne for å vere umoralsk, som om hendsikta med det var pengar og makt i staden og då først og fremst deira interesse for pengar og makt. Med den maktinteressa raserer dei kjærleikens vingard og trampar ned tempelgarden, dei prøver å sløkke elden på altaret og setje opp den øydande styggedomen i staden. No tenker eg også symbolsk, vårt lekam er eit tempel for den Heilage Ande og skal verte fylt av Anden, liksom Guds sky fylte tempelet, og elden på altaret er symbol for Andens loge som skal brenn på vårt altar i vår lekam, i vårt hjerte, det er symbol på kjærleiken flamme som skal brenne i vårt hjerte. Men dei prøvar med sin fysiske kropp å overvinne Anden og slik prøver dei å blåse ut denne logen og sløkke denne elden.

Eg forstår det slik at ho Virtuella om mange med  henne har med si kvinnepolitikk og venstreradikale politikk prøvt å skape eit maktpolitisk alternativ, men metodene og resultatet er sameleis, at dei raserer kjærleikens vingard, trakkar ned den heilage staden, sløkker altarelden, sløkker Andens loge og kjærleikens flamme. Og eg har ein sterk misstanke om at ho og dei såg for seg at dei no skulle få slik makt over meg og livet mitt, kanskje endåtil ved at ho no likevel vert kona mi. Men då er det altså på den måten at dei med sitt begjær etter pengar og makt, med sin fysiske kropp trakkar ned tempelgarden og sløkker Andens loge. Derfor har ho ikkje den gleda som Gud gjev oss ved sin Ande, ho vil sjølv ha makt og derfor har ho ikkje gleda i Herren. Eg forstår det slik at Gud talte til henne i bodskapen som kom 14.8.16. og sa at dersom ho var villig til å gå den vegen som han staka ut for henne, så ville han velsigne henne og ho skulle få oppleve at gleda strøymde inn. Men ho hadde ikkje gleda, derfor kalla han henne til å vende om og gå hans veg. Så sjølv om han gjorde meg til kanal for si velsigning og velsigna henne gjennom meg og eg soleis velsigna henne, var det ikkje dermed sagt at ho vart velsigna. Men ho måtte vende om og gå den vegen som han staka ut for henne, så skulle ho få oppleve hans rike velsigning.

”Miss Oslo 1990”.

I slutten av møtet 18.9.2016, byrja eg å tenke på henne ”Miss Oslo 1990” og den herlege gleda hennar og det gjorde meg så glad. Så eg lurer på kvar dei tankane kom ifrå? Eg trur det var Anden minna meg om henne, openberra henne for meg, eg trur ho er født av Anden og det som er født av Anden er ånd, det er slik som med vinden, du høyrer den susar, men veit ikkje kvar den kjem ifrå eller kvar den fær av. Eg opplevde det som om ho var nær meg i ein liten sektor på venstre sida og eg merka den herlege gleda hennar, det kan godt hende eg berre vart minna om henne og den herlege gleda hennar. Det gjorde meg i alle fall glad og eg takka Gud for henne og vedkjende i mitt stille sinn, at fekk eg henne til kone, så ville eg vere glad og takknemleg til Gud. Det verka som at ho og denne herlege gleda hannar kom til meg – ikkje veit eg kvar det kom ifrå – og heilt spontant fekk meg til å glede meg og takk Gud for henne slik. Akkurat då kom denne bodskapen, som byrja slik:

”For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullførde verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under  for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.”

Sjølv om det er så lenge sidan eg har sett henne og eg ikkje veit kva som har skjett i mellomtida. Rimelegvis har ho vore gift og fått ungar og levt slik som folk normalt sett gjer og det skulle vel berre mangle om ikkje både eg og andre skulle unne den vakre og evnerike jenta eit så meiningsfullt liv. Og ho kan likevel ha liv i Anden og vere frelst for æva, der treng ikkje vere nokon motsetnad mellom det. Men kva så med det svaret Gud gjev meg? Når eg ser opp til han, vil eg stråle av glede og ikkje raudne av skam, for han ropte ut for meg at det var fullbrakt og det gjaldt for meg i den kveldsstunda, så eg kunne komme til han som eg var.

Kyrkjesamfunn, kristen organisasjonar, prestar og politikarar vil ha makta over kvinna og stiller krav for at eg skal få meg ei kone og slik lesser dei tunge byrder på meg. Med denne maktinteressa prøver dei å gjere meg til træl og dei gjer mi sak og min situasjon håplaus, så eg har god grunn til å fortvile. Så i bodskapen 18.9.16. svara Gud meg nettopp på det. Han løfter meg opp på ein høg klippe og inn i nye dimensjonar i sin Ande, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Til fridom har Kristus frigjort meg, så eg skal ikkje atter ein gong verte lagt under trældomens åk. Jesus kalla meg til seg, hos han skal eg finne kvile. Eg skal berre overlate mi sak heilt til han. Han frelsesverket er fullført og fullkome, så det inkluderer ei kone til meg. Eg skal berre takke han for det. Han planta livet i meg og han vil openberre sitt liv i meg og gjennom meg, slik trur eg han vil openberre sitt liv i henne som han gjev meg til kone.

Dei har prøvt å støyte meg ut av samfunnet, så eg vart einsam og forleten og hadde ingen å prate med, utanom at eg gjekk på møte i M40, men Jesus sa at han ville snakke med meg (1995). Eg har ikkje mange vennar, men Jesus har nyleg sagt at eg skal ikkje gå åleine, for han vil gå med meg. Ja, og så vil han trekke alle til seg, då vil det vel vere rart om eg ikkje får litt fleire vennar. Han har sagt eg skal ikkje mangle eller sakne noko, kvar vart det så av den kona som eg bad han om? Det har no utarta seg som ei så håplaus sak at eg har god  grunn til å fortvile. Men i siste bodskapen 18.9.2016, sa han:

For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.

Det høyrest ut som der er ein samanheng mellom at himmelen er open for meg og at han har sett framfor meg ei opna dør, som ingen kan lukke den, for det er han som sprenger bommar og dører og han har gjort det for meg, for at eg ikkje lenger skal leve i mi fortviling. Slik banar han altså vegen for meg, til henne som han vil gje meg til kone. Han gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss og han lærde oss å be: ”Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt komme. Lat viljen din råde på jorda, så som i himmelen. ….” Så han gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss og det som skjer i himmelen, skal verte avgjerande for det som skjer på jorda. Eg opplevde at himmelen opna seg over meg og henne ”Miss Oslo 1990” og vi fekk ei åndeleg openberring, Jesus openberra seg for meg og for henne. Eg er viss på at han gav henne ånd og liv, så ho gleda seg i Anden. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Og eg trur og håpar ho framleis gleder seg i Herren.

Jesus sa til meg at han hadde nye vegar og nye dører for meg (1995). Då ligg der ei fornying i dette og det er ikkje lenge sidan han sa han har bestemt at i hans kyrkjelyd, der skal livet vekkinga og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve i mitt hjerte. Og no nyleg sa han at eg skulle gå inn i nye dimensjonar i hans Ande, han hadde sett fram for meg ei opna dør, der eg var kalla til å gå inn. Då kunne ingen stenge den. Han hadde planta livet i meg og han har bestemt at han vil openberre livet i meg og gjennom meg. Så dette også handlar om at han gjer meg til kanal for si velsigning.[1]

 

Depresjon og fortaping eller lækjedom og frelse[2].

Depresjon eller glede, sjukdom eller lækjedom, vanmakt eller kraft, vantru eller tru, fortaping eller frelse.

Eg held på med eit kurs i molekylærbiologi/fysiologi og når vi hadde om nervesystemet las eg om depresjon at det kunne påverke hormonbalansen, dermed fekk langvarig depresjon uheldige eller skadelege fysiologiske konsekvensar, det er ikkje bra for hjerna. Det er ein psykisk eller psykiatrisk sjukdom. Sidan det er psykologisk, vil vår eiga subjektive innstilling ha stor betyding, så dersom ein subjektivt innstiller seg på å vere glad, vil vel det motverke depresjonen og dei uheldige negative verknadane av den. Folk kan vere arveleg disponert for den, men vi må også vere klar over at miljøet kan vere årsak til depresjon. Kva har vi då å stille opp med, med vår eiga subjektive innstilling?

Jau, når vi set vår tru og tillit til Gud, søker samfunn med han på evangeliets grunnvoll og får oppleve hans frelse, at han strekker ut sin frelsar-arm og set våre føter på klippen, då gjev han oss eit godt forsvar mot dei vonde åndsmaktene. Han gav oss ikkje vanmakt og mismods ånd, men han gav oss den Anden som verkar kraft, kjærleik og visdom (”sindigheit”). Med sin Ande oppmuntrar han meg stadig til å lovprise han for det fullførde frelsesverket. Ved trua på Jesus og hans fullførde frelsesverk fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, då er det berre om å gjere å tru og ta imot av berre nåde og takke og lovprise han for det i tru. Ved trua på han vender vi oss til han og påkallar han og slik får vi oppleve det, dersom du trur, så skal du få sjå Guds herlegdom. Det er ei subjektiv innstilling, dermed er det psykologi, men det er noko meir, for Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, for Jesus lever og han er med oss. Ved trua på Jesus har vi håp om Guds herlegdom, og håpet gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Dette gleder vi oss over og det gjer vi i trua på Jesus, gleda i Herren er vår styrke.

Sjølv om vi lovpriser Gud og Lammet slik, kan vi likevel samtidig ha ein depresjon, kanskje utan at vi er klar over det. Om den er aldrig så mykje arveleg, så er eg viss på at den gleda og krafta Gud gjev oss i si frelse vil overvinne den, for vi kan sjå på det som ein skrøpelegdom, men Gud nåde er nok for oss, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Det som ingen ting er valde Gud seg ut, for å gjere det vise og det sterke til skamme. Menneske kan vere vellukka og ha ein slik depresjon utan at andre merkar det, men dette gjeld like fullt for alle menneske. Men sjølv om vi aldri så mykje lovprisar Gud for frelsa, så kan miljøet rundt oss vere årsak til depresjonen og det er det vanskelegare for oss å gjere noko med. Det har seg nok slik at der er dei som ikkje trur og ikkje tek imot, men tvert om fornektar og er fortapt. Og det kan utarte seg som ein djup depresjon. Det kan vel vere menneske som fornektar den Heilage Ande og Jesus har sagt at det er ei synd der ikkje er tilgjeving for, for den er evig. Men Guds resept er treffande for miljøet også, hans frelseplan er det verda treng også, Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda. Vi skal forkynne det same evangeliet til alle og kven som helst, så får det vise seg kven som kjem til tru  og let seg frelse.

 

Korleis eg føler meg og kva betydning har det?

Eg har fortalt at eg opplevde å ha samfunn med henne Virtuella i den Heilage Ande, sjølv om ho var langt borte, men ho var ikkje interessert i mitt frieri og ville ikkje møte meg igjen eller ha noko meir med meg å gjere. Men ho sa nei til Herren også og fall ifrå og var fortapt og det utarta seg som ein slik depresjon som eg har skrive om ovanfor, det var dei vonde åndsmaktene som stod Guds Ande imot. Dette var på slutten av 1970-talet.

Men Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap,  med frelse og helse, så eg for til Oslo i 2009. Eg forstod at han ville frelse og frigjere henne og mange med henne og der kom ein bodskap der han sa at du skulle kjenne at han hadde frelst deg og det skulle du takke han for. Eg forstod det slik at det var til henne.

Gud ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og det har eg tenkt på og innstilt meg på i sommar, spesielt med tanke på å vere ein kanal for Guds velsigning til henne. Det har vore svært passiviserande. I tillegg har eg lagt ut artiklar på bloggen med bodskap gjennom tyding av tungetale heilt tilbake til 1990. Så eg har ikkje vore så mykje ute i frisk luft og fått sol på meg sol på meg i sommar, ikkje på langt nær så mykje som vanleg. Psykisk kjendest det godt, men denne passiviseringa har ikkje vore særleg sunn for kroppen.

I første møtet i Maranata etter sommaren sa Jesus at du har ikkje gleda og eg forstod det slik at det var til henne. Ho tok ikkje imot i tru og med glede og følgde ikkje hans kall, tvert om, så kjempa ho imot og det førde til ei langt større passivisering enn at eg vart passivisert, for det resulterte i at vekkinga stansa opp og uteblei. Kristne grupper fekk forstopping, så dei gjekk ikkje lenger ut med den glade bodskapen. Trua og vedkjenninga skulle føre til glede og anna fullmoden frukt, men i staden førde vantrua og fornektinga til depresjon.

Eg gjekk lenge sommarkledd og byrja å hoste, sjølv om eg kledde meg betre, vart hosten likevel langvarig. Eg trudde den var i ferd med å gå over, men så tok den seg oppatt. Laurdag for vel to veker sidan (8.10.2016) hadde eg meg ein spasertur, eg hosta og prøvde å få opp slim og under eitt av hosteføra byrja eg å kjenne på denne depresjonen og då hosta eg så eg gulpa opp mageinnhald også og tårene pressa seg fram. Eg var til dokter på måndag og fekk vite at det var berre virus, så dette måtte berre gå over av seg sjølv. Om det ikkje gjekk over etter ei veke, skulle eg likevel kome att. Eg har hosta vidare utan å gå til doktor igjen og på veg til møte 23.10.2016, fekk eg eit slikt hosteanfall igjen[3]. Det kan nok hende det har å gjere med at eg byrja å gå, men psykisk har det å gjere med denne depresjonen, det er noko meir enn ein naturlege depresjon, det verka som om eg såg ned i dødsriket, avgrunnen eller fortapinga, der daudningane er, vonde ånder? Det verka som om vanmakt og mismods ånd gav meg ei kjensle av vanmakt og mismod. Det gav meg ei kjensle av at å hamne der måtte vere hesleg. Så eg  kjende sorg over at så mange menneske her i byen er på veg til fortapinga.

Så eg trur Jesus svarde meg på dette når han sa at endå ein gong skal vi få oppleve at han har ikkje trekt sin Ande attende, men den er i oss. Vi skal søke han og kalle på hans namn og vi skal finne at han er ikkje langt ut i periferien, men han er komen nær. Herren er min Gud, han er min frelsar, min lækjar og min forsørgjar og han kjem meg nær, så eg får oppleve det.

Jesus er med oss og han frelser menneske. Likevel er det mange som trekk seg unna og mange som forkastar han og går fortapt. Det har seg nok slik at der er eit konkurrerande leiarskap, til samanlikning med korleis Saul vart Davids rival og fiende. Men Jesus er Davids-sonen, den som Gud har salva til å vere vår frelsarkonge (Messias). Han har valt ut oss og salva oss, slik utrustar han oss til teneste. Eg skal ikkje vere tilbaketrekt og passiv, for med trua på han kan eg vite, hans salving lærer oss alt, den får meg til å erkjenne det som er sant og rett og slik får han meg i tale. Med trua og vedkjenninga skal vi komme over depresjonen og elendigheita, frelsesverket er fullført og det er ei bru over avgrunnen, det er berre å tru og gå over[4].

Med si utveljing og si salving får han på plass eit nytt leiarskap og slik tek han seg ut eit folk. Med det leiarskapet og med det folket skaper han framgang for si sak. Han er sjølv kongen som leiar folket sitt.

 

[1] Bodskapen 18.9.2016.

[2] Bodskapen 23.10.2016.

[3] Bodskapen 23.10.2016.

[4] Bru over avgrunnen, bodskapen 14.6.2009.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

5 Responses to 2016.09.18.M. Jesus har sett framfor meg ei opna dør.

  1. Pingback: Bibelsk presteteneste og motstand frå verda. Frå slavesamfunn til kapitalisme. Kva med marxismen? | sivert

  2. Pingback: Bibelsk preste-teneste og motstand frå verda. Frå slavesamfunn til kapitalisme. Kva med klassekampen? | Trua & entropien.

  3. Pingback: 2017.05.07. Knyt trua di til Guds Ord og la det vere lykte for din fot og lys på din sti. | sivert

  4. Pingback: 2017.05.15. Jesu frelseverk inkluderer alt vi treng. | sivert

  5. Pingback: Det har gått tilbake med dei gamle gudane, men den sanne og levande Gud vekte Jesus opp frå dei døde og hans kyrkje er liv laga. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s