1999.12.12.M40. Sjå, eg har sett fram for deg ei open dør. Vert eit fyrlys.

Tyding av tungetale ved Kjell Arve Tolås:

Eg er her, sier Herren, eg er her. Og eg vil visa deg at dørane ikkje er stengt, at ikkje det er blokkert framforbi deg. Eg kom fordum og så sa eg: “Du høye fjell som reiser deg foran Serubabel, bli til en slette.” Og slik er eg også den som fremdeles kan jevna bakkane, eg kan sprenga dører av kobber og bommar av jern. Du skal få oppleve at eg baner veg for deg, og når eg lukker opp, så er det ingen som kan lukka til. Gå inn gjennom de opningar og de dører eg har satt foran deg. Og så skal du få oppleva at det er sant, det er sant, eg våker over mitt ord for å fullbyrda det. Og eg har gitt mine løfter for at du skal få oppleve, at eg er ein sanndru Gud som -, som står bak det eg har sagt, sier Herren.

Og det er dette glade budskap du mitt barn også skal få bringa vidare, at frelsens dør fremdeles er open. Endå drøyer eg, endå kallar eg, endå er det nåde å få. Endå vil eg løfta syndens byrder av og løsa lenker og bånd. Og her gjelder det at alle mennesker, alle slags mennesker, dører er open. Og den er stor nok til at du skal få komma med dine problem og dine vanskeligheter, sier Herre. Tred fram, utifra mørke, utifra kulden, kom inn i min nærhet, inn i mitt lys, inn i min varme. Så skal eg også setta ditt hjerte i brann, slik at du kan også vera et fyrlys for meg, som lyser menneskene imot de dører eg har opna opp, frelsens dør, fornyelsens dør. Og over det heile så kommer det en dag, når du skal få løfta blikket ditt og sjå at det eg gjorde på korset, det har også opna himmeldøren og du skal få være blant den skaren som skal få tåga hjem og inn, i triumf, i de evige boliger og de lyse himmelsaler, sier Herren. Amen. Amen.

Denne bodskapen kom i slutten av møtet. Det som skjedde tidlegare var:

Vi syng jula inn.

Kjell Arve Tolås talte over Joh.10,9.

JOH 10,7 – JOH 10,10   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Han talte om det som om det var to forskjellige dører, den eine er Jesus, der går vi inn for å verte frelst. Den andre, der går vi inn og ut og finne beite. Dette kalla han fornyelsens dør, men for meg ser det ut som det er same døra. I Joh.10,1.9 ser det ut til å vere berre ei dør. Han talte også om himmeldøra, Op.4,1.

Møte i M40, søndag 12. desember 1999, kl 16.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 1999. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s