2004.06.28.M40. Jesus er med meg, som når Peter gjekk på vatnet.

Profetisk bodskap:

Derfor skal du få regna med mitt nærvær og du skal få stola på at du vandrar i sammen med meg, så er eg der. Av og til vil du merka mitt nærvær sterkt og håndpåtakeleg. Av og til vil ditt følelsesliv eller dine tankar eller konsentrasjon og ditt fokus vere opptatt, sånn som Peter opplevde, å fokusera på bølgene, men eg var der, og slik er eg også nær deg, eg er med deg. Så len deg atter inntil meg, og du skal få oppleva du faller ikkje, men eg er sterk nok til å bera både deg og byrdene. Og eg som har begynna den gode gjerning, eg vil også i følge mitt eget løfte, fullføra den inntil min egen dag. Eg er med heile veien, stol på det, ver trygg i det, regn med det, og du skal ingenlunde bli til skamme, seier Herren. Amen.

Denne  profetiske bodskapen i slutten av møtet ved Kjell-Arve. Etter det eg hugsar (ikkje nødvendigvis ordrett), byrja den slik: Eg vil ingenlunde forlate deg og ingenlunde gå ifrå deg. Minidisk-opptak byrja slik: …. på deg og for deg. derfor skal du få regna med ….

Forstandar Kjell-Arve Tolås talte over Guds ord til Moses om at dei skulle gå inn i landet som flyt av melk og honning, men at han ikkje ville gå med dei. Men Moses bad for folket om at Gud måtte gå med dei, og han vart bønhøyrd, Gud ville gå med dei. Tolås talte også om Guds ord til Josva om at han skulle vere frimodig og sterk. Gud hadde kalla han til å innta landet som han hadde lova dei. Han talte også om jødane si vandring gjennom Raudehavet og sa at der kan vere eit ”Raudehav” i våre liv som vi må gjennom.

Møte i M 40, Oslo, søndag 28.6.04.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2000-04. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s