2001.11.28.M40. Jesus er kjærleikens konge og han vil regjere utifrå mitt hjertes trone.

Tyding av tungetale ved Kjell-Arve Tolås:

Ja, eg vil regjera utifrå ditt hjertes trone, sier Herren, og eg ønska at du selv skal få stiga ned, gi meg den retten som tilkommer meg, for eg er ikkje ute for å ødeleggja livet ditt. Eg er ute for at du skal få oppleva at eg tar styringa, eg tar kontrollen, ikkje som ein ond despot, men som en kjærlighetens konge, som drar omsorg for mitt folk, som vet kva du trenger til, og eg vil losa deg igjennom, eg vil føra deg igjennom, ja, eg går selv frem foran deg og min herlighet skal også slutta toget ditt. Og du skal vita det er berre i den grad at eg får lov til å få råderetten i ditt liv, du skal også få kjenna at du trivest, du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til, for du skal få kjenna min kraft, min nærhet, og eg vil – eg vil også bruka deg som mitt redskap, som min kanal for mine velsignelser. Og dessto meir eg får råderetten på ditt hjertes trone, dessto rikare får min velsignelse flyta gjennom livet ditt, og du får lov til å ikkje berre koma inn i den tredje beste, den nest beste, men den beste planen med ditt liv, ikkje nøy deg med noko mindre, eg ønsker å vera din Herre, eg ønsker å leda deg og ta hånden om livet ditt, sier Herren, og du skal få oppleva når du gir meg råderett, skal du også oppleva at min makt openbares, min makt openbares. Eg tvingar meg ikkje inn på denne rett, i livet ditt, men eg viser deg min nåde og eg viser deg kor høyt eg elsker deg. Og så ønsker eg også du skal få levera nøklane til meg til alle dine rom, også dine aller hemmelegaste rom skal du få levera nøklane og seia Jesus, velkommen inn, velkommen inn med ditt lys, velkommen inn med ditt ords tilrettevisning, eg bøyer meg for deg. Så skal du få oppleva at der blir trivsel i huset og du skal få merka eg er ikkje komen for å ødelegga, eg er komen for at du skal få del i liv og liv i overflod, sier Herren.

Halleluja, vi lovar deg.

M 40, onsdag, 28. november 2001

Tungetale ved Kjell Arve Tolås, tyding ved Knut Østby. Eg hadde dessverre gløymt igjen minidisk-spelaren min, så det vert ikkje ordrett gjengitt. Det vart sagt at:

Om kveldane og i dei seine nattetimar, når du er i ditt løynkammer, så sjå deg tilbake og tenk på alt eg har gjort for deg, korleis eg har velsigna deg, og takk meg for det, og du vil finne meg i disse velsigningane.

Du er jo min. Eg har kjøpt deg. Eg har jo omsorg for deg.

Møte i M40, søndag 29.5.01.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2000-04. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s