2016.08.14.M.Gå den vegen Jesus har staka ut.

Gå den vegen Jesus har staka ut for deg.

Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,5). Eg opplevde Guds kjærleik i min kjærleik til henne Virtuella. Så eg inngjekk eit godt samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud), med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,21), denne kjærleiken var ikkje noko som vi skulle ha dårleg samvit for, men vi skulle tvert om ære og takke Gud og Lammet for den.

Innleiing ved Turid Miland.

JES 9,6   For eit barn er oss født,  ein son er oss gjeven.  Herreveldet kviler på hans aksler,  og han skal kallast:  Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,  Evig Far, Fredsfyrste. [eit barn: ein konge av Davids ætt (Messias).]

Tale ved John Miland.

JER 1,4 – JER 1,10 {GUD KALLAR JEREMIA TIL PROFET}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 5   “Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,  og før du vart fødd, helga eg deg;  til profet for folka sette eg deg.” 6   Men eg svara: “Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!” 7 Då sa Herren til meg:  “Sei ikkje: Eg er så ung!  Alle eg sender deg til, skal du gå til,  og alt det eg byd deg, skal du tala. 8   Ver ikkje redd dei,  for eg vil vera med deg og berga deg,”  lyder ordet frå Herren. 9   Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg:  “Sjå, eg legg orda mine i din munn. 10   Eg set deg i dag over folk og rike  til å rykkja opp og riva ned,  til å øydeleggja og bryta sund,  til å byggja og planta.”

Han talte imot denne teorien om at livet byrja i havet og så ætta vi frå lavareståande artar (utviklingslæra) og kalla det dumt. Og så talte han mot ”Big-Bang-teorien” også., for Gud har skapt det heile ved sitt Ord.

ESK 3,16 – ESK 3,21 {PROFETEN SKAL ÅTVARA DEI GUDLAUSE}  Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 17 Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. [til vaktmann: Sjå 33, 1-9.] 18 Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 19 Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet. 20   Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 21 Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.

John sa at når han var ung og nyfrelst, gjekk han gjerne og vitna for kven som helst, etter eige initiativ, kva han sjølv fann på. Men når han vart eldre gav han eg tid til å vente på at den Heilage Ande minna han og dreiv han til å vitne, slik også når han skulel tale, han venta at den Heilage Ande skulle minne han på bibelvers og gje han dei rette orda og så talte han det , sjølv om det var upopulært. Det er rette måten. Så fortalde han om slike tilfelle. Det hende han talte noko som ikkje vart godt motteke i kyrkjelyden og vart ikkje invitert igjen. Til dømes når han hadde talt om truandes dåp. Det hende Gud leia han til einskildmenneske og han gav dei ein bodskap ifrå Gud og det vart gledeleg både for han den den han vitna for.

Så stilte han oss overfor problemstillinga om der kanskje er nokon Gud vil sende deg til,  liksom Esekiel.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John Miland.

Ja, seier Herren, dersom du er villig å gå den veg som eg har staka ut for deg, så skal du få oppleve, at eg skal velsigne deg, seier Herren. Du skal kjenne det at mykje skal rette seg for deg. Du skal få oppleve mi velsigning. Og du skal få kjenne gleda skal strøyme inn i ditt hjerte. For eg har no sagt i mitt Ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og eg veit om deg, mitt barn. Du har ikkje gleda. Du synest det er tungt å vere ein kristen. Men eg kallar deg i dag, seier Herren. Til omvending. At du skal byrje å gå min veg. Og gjere som eg har befalt i mitt Ord. Og du skal gå den vegen som eg har staka ut for deg og som eg har befalt i mitt Ord. Då skal du få oppleve mi rike velsigning, seier Herren.

I mange år har eg talt til deg, seier Herren. Og overbevist deg fleire enn ein gong. Om at du bør la deg døype. Verte gravlagd med meg i dåpen til døden. For sjå, det er ei befaling som eg har gjeve i mitt Ord. Det var det mine disiplar gjekk ut med og forkynte i fordoms dagar. Og sjå, det same gjeld i dag, seier Herren. Derfor skal du la deg døype, gravlegge det gamle. Og du skal stå opp att og vandre i ein ny levnad. Og då har du fått lovnad på at du skal få den Heilage Andes kraft i ditt liv. Amen.

Tungetale ved Mari. Tyding ved John Miland.

Sjå, eg vil gjere store ting i denne siste tida. Sjølv om det ser tungt og vanskeleg ut for deg i dag, så skal du vite det, at eg Herren, eg arbeider i det skjulte. Og sjå, snart så skal eg stille fram mine tenarar, som eg har gjort i stand i einerom og eg har rusta dei ut, eg har salva dei med mi kraft og eg skal stille dei på muren. Og dei skal stå fram og dei skal tale mine ord, drivne av den Heilage Ande. Og eg skal vere med dei og eg skal stadfeste Ordet, med dei medfølgjande  teikn. Og folk skal verte forundra, når dei får sjå kva eg skal gjere gjennom disse mine tenarar, seier Herren.

Kommentar.

Jesus har tidlegare kalla meg til å gå den vegen han har staka ut for meg, det var ein betingelse for at eg skulle få det han hadde lova meg og som han hadde talt til meg om. Eg forstod det slik at han soleis kalla meg til å studere biologi, Dette har eg skrive om tidlegare og i det siste har eg tenkt på det som den vegen Jesus bana for meg, som gjekk innom forhenget i tempelet, det himmelske tempelet, så eg kan oppleve det nære samfunnet med Gud, same kvar eg er, same enten eg er i fysisk arbeid, studerer eller har teoretisk arbeid. Men når eg då opplever at det er noko Gud kalalr og leier meg til, då må eg følgje det kallet og gå den vegen han leier meg. Hanr han kalla meg til Oslo og har han kalla meg til å studere biologi, så må eg gjere det. Han har tidlegare sagt til meg at, når eg møter stengslar og ikkje ser kvar vegen fører meg vidare, så er vegen oppad alltid open, han har nye vegar for meg, har eg møtt stengde dører, så har han nye dører for meg. Han vil gå føre meg, og bane vegen for meg, bommar av jern vil han bryte, dører av kopar vil han sprenge. Eg skal få gå på ein bana veg.

Og no talar han om dåpen som den vegen han har staka ut. Ja, den symboliserer då det same som at forhenget i Guds tempel rivna då Jesus døde i staden for oss, forhenget symboliserer Jesus lekam, når han døde i staden for oss, bana han vegen gjennom forhenget i det himmelske tempelet. Og då er det om å gjere for oss å gå den vegen.

Når eg studerer er det viktig for meg å gå den vegen, ingen kan hindre meg og det er berre om å gjere for meg å nytte meg av det, å gå den vegen. Det er metoden som Gud i sin nåde har gitt meg å bruke og det er berre om å gjere for meg å bruke den, så eg kan seie at det er mi metode. Og eg ser ikkje den store konflikta mellom dette og dei realfaglege metodene. Men på sett og vis er dei komplementære, for med dei realfaglege metoden studerer vi korleis denne reelle røyndomen er, men når Jesus går føre meg og kallar meg og leier meg sin veg, så handlar det om å ha visjon for framtida, om at Gud vil skape utvikling og framgang ved sitt Ord og sin Ande. Det handlar om å ha håp for framtida, ved å setje si tru og tillit til Gud.

EFE 2,12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.

HEB 11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

I sommar har eg fått meg heimeside/bloggside og så har eg sett gjennom det som har kome gjennom tyding av tungetale i møta, heilt tilbake til 2005 og lagt det ut på ”tsivert.com” og skrive nokre dokument som eg har lagt ut på ”bluehost944.com”. Når han har talt til meg og oss slik, så har han så tydeleg også talt til fleire enn meg og oss. Eg er lem på Jesu lekam og han vil bruke meg som kanal for si velsigning (Bodskapen 12.11.2006). Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus. Velsigninga har vorte sagt i desse bodskapane. Eg har innstillt meg på å ta imot og forstå det, er har spelt det inn og skrive det ned og så har eg skrive om korleis eg har forstått det. Og eg er overbevist om at han har talt til henne Virtuella også og det gjorde han no igjen, i dei to første bodskapane.

Dette minner meg om den bodskapen som kom gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 hausten 1995, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.” Eg har skrive og fortalt om korleis eg meiner dette hadde med henne Virtuella å gjere. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,5). Eg opplevde Guds kjærleik i min kjærleik til henne Virtuella. Så eg inngjekk eit godt samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud), med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,21), denne kjærleiken var ikkje noko som vi skulle ha dårleg samvit for, men vi skulle tvert om ære og takke Gud og Lammet for det.

Blir det forstått, blir det godteke og moteke. Når det har gått så lang tid utan at det har vorte noko forandring og framgang, så er det tydelegvis fordi ho og fleire med henne står imot, ikkje vil godta, lære og for stå og ta imot, dei vil tvert om ikkje gode mitt gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Og det gjev seg utslag i at dei står meg imot  så dei forfølgjer meg og gjev meg trengsel.

Livet er naturleg nok ein kamp for tilværet, men eg vil heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft. Og eg trur at slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone. Men då har dei tvert om lokka henne til seg for å mønstre til kamp mot mitt tilvære og slik har dei gjort livet vanskeleg for meg. Derfor ser det tungt og vanskeleg ut for meg i dag, slik som det vart sagt i site bodskapen, men der får eg også trøyst, for Jesus vil vende lagnaden for Guds folk:” Sjå, eg vil gjere store ting i denne siste tida. Sjølv om det ser tungt og vanskeleg ut for deg i dag, så skal du vite det, at eg Herren, eg arbeider i det skjulte. Og sjå, snart så skal eg stille fram mine tenarar, …”

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s