2010.04.05. Ebeneser. Sjå Guds Lam, som ber verda si synd.

Faderen vitna om Son sin:

De har høyrt om mi kraft, den krafta som reiste Kristus opp frå dei døde. De har høyrt om min frelsesplan, som tok til i det øyeblikket relasjonen som eg hadde skapt mellom (meg og dykk)?   ble broten. De har høyrt om det fantastiske verket som Jesus gjorde då han vart fødd inn i verda, som ein av dykk, levde under same kår som dykk, blei utsatt for dei same prøvelsane som dykk, for å leve feilfritt, for å leve reint, til mi ære. Fordi han visste at han skulle bere skulda som de bar på, for at han skulle bere synda som de bar på, skamma som de bar på. For at han skulle ta det på seg, og bli gjort til synd, bli gjort til skam, for at all sjukdom og plage skulle verte lagt på han, for at de skulle få liv, tilgiving for synd, fridom frå skam og lækjedom til kroppane dykkar. Alt dette gjorde han ut av kjærleik til dykk. Eg er ein Gud som elskar dykk med ein evig kjærleik. Be meg og eg skal openberre det for hjerta dykkar.   Be meg og eg skal vise dykk  min kjærleik i det mål som de toler å sjå det og hjerta dykkar vil bli overvelda, for min kjærleik er så mykje større enn de kan nokon gong fatte. Min kjærleik er så mykje større enn de kan nokon gong klare å ta inn. Men eg vil vise dykk min kjærleik. Be meg og eg vil openberre meg for hjerta dykkar.

(Tyding av tungetale, Ebeneser Volda, 2. påskedag, 5.4.10.)

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2010. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s