2010.03.07. Set din lit til Herren. Tru på underet.

Jesus sa til oss:

Eg gjer under i dag, seier Herren. Stol på min lovnad. For eg kjem aldri for seint til mine born. Eg ynskjer (dykk)? at eg skal få openberre meg for dykk, seier Herren. Og eg ynskjer at de skal tru på underet. Eg vil de skal stole på meg, seier Herren. Igjennom alt, så skal eg vere med dykk. Å sett din lit til meg, seier Herren, så skal eg …. gjere underfulle ting for dykk igjen. Amen.

TRU PÅ UNDERET, SET DIN LIT TIL HERREN.

Sion Åheim, søndag 7.3.10.

Vi var berre 4 på møtet, talaren, to eldre kvinner og eg. Det hadde seg slik at det var fest hos ein tidlegare forstandar i menigheta. Talaren, Jan Erik Larsen talte om at Jesus gjorde under og lækte sjuke, han lækte ein som var blind og det skjedde i to omgongar. (Mark.8,22-26).  Dei kalla Lasarus for den som Jesus elska, då dei kom og fortalde at han var sjuk. Likevel venta Jesus enno to dagar før han kom og då var Lasarus død. Men Jesus vekte han opp frå dei døde. Så underet vart endå større, til Guds ære.

Etter tala hadde vi ei bønnestund og desse kvinnene bad om frelse for ungdommen. Då kom  Larsen med tungetale og tyding:

Eg gjer under i dag, seier Herren. Stol på min lovnad. For eg kjem aldri for seint til mine born. Eg ynskjer (dykk)? at eg skal få openberre meg for dykk, seier Herren. Og eg ynskjer at de skal tru på underet. Eg vil de skal stole på meg, seier Herren. Igjennom alt, så skal eg vere med dykk. Å sett din lit til meg, seier Herren, så skal eg …. gjere underfulle ting for dykk igjen. Amen.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2010. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s