2010.02.28.Sion.Legge byrdene på Jesus. Ut i fritt rom.

Jesus sa til meg:

Og du skal få legge desse tinga som du ber på og som du held så fast på, skal du få legge hos meg, seier Herren. Og eg skal føre deg ut i fritt rom og du skal kjenne, at i sannhet Herren lever, eg er den eg har sagt meg å være. Men du må vere villig til å legge det på meg, seier Herren, for eg har bært det for deg fordum. Og du skal vere villig til å legge det på meg og eg skal føre deg ut i fritt rom, der du kjenner at det er godt å leve, du skal få fryde deg i blant de frelse og kjenne det at eg, Herren, gjer menneske fri.

Legge byrdene på Jeus, ut i fritt rom.

HERREN VIL FØRE MEG UT I FRITT ROM OG EG SKAL FÅ ERKJENNE AT HAN I SANNING LEVER OG ER DEN HAN HAR SAGT SEG Å VERE.

Sion. Åheim, søndag 28.2.2010.

Tyding av tungetale ved Arnstein Andersen:

Når du høyrer ordet bli forkynt, så tenker du, gjeld dette her for meg. Og grunnen til at du spør, mitt barn, det er for at du har hatt tunge tider. Du har hatt mange tunge tak å bære. Og vanskelege forhold rundt deg. Men du skal vite at ingen ting er skjult for meg, sier Herren. Eg har sett dine fotetrinn, eg har sett din smerte, eg har sett din nattevak. Eg har sett alt du har bært. Men husk, mitt barn, at eg har bært saman med deg. Eg har gått saman med deg heile veien og det er ein opning i tunellen, det er ein veg ut. Og du skal få legge desse tinga som du ber på og som du held så fast på, skal du få legge hos meg, seier Herren. Og eg skal føre deg ut i fritt rom og du skal kjenne, at i sannhet Herren lever, eg er den eg har sagt meg å være. Men du må vere villig til å legge det på meg, seier Herren, for eg har bært det for deg fordum. Og du skal vere villig til å legge det på meg og eg skal føre deg ut i fritt rom, der du kjenner at det er godt å leve, du skal få fryde deg i blant de frelse og kjenne det at eg, Herren, gjer menneske fri.

Eg talar til dykk, mi menighet, sjå på den åkerlapp som du har fått, for du har fått ein åkerlapp du, på lik linje med alle dei andre. Sjå på det område du betener, seier Herren, sjå på det området du går, blant de menneske du møter, eg har gitt deg eit område du skal få vere med å tene i. Og du veit også kva teneste eg har gitt deg, du er fullt viss på kva du har fått av meg, seier Herren. Eg ynskjer at du skal vere med på å tene med det du har fått, for då vil eg også utvide dine områder. Og du skal få sjå at når du byrjar å ause ut av det eg har gitt deg av den Heilage Ande, så skal du få lov til å kjenne og oppleve at det aukar i tall, det aukar kvalitet… i kvantitet.  Og du skal og oppleve at du kjem i kontakt med menneske på ein måte som du aldri gjorde før. Du skal få vere med på å gi positive impulsar inn i familiar der menneske skal verte frelst. Bli …  våken, lytt etter Andens røyst i ditt liv, eg talar som fordum, seier Herren, og eg talar i dag til mi menighet, eg brukar mi menighet og eg ynskjer å bruke dykk, ja, det skal høyrast fryderop om frelse i dykkar leir, det skal verte trongt om plassen, seier Herren.  Om de berre er villige til å gå på mitt ord og gi avkall på alle om og men og stige ut av båten og gå bortover havet, så skal du kjenne det, at du får oppleve min nåde over nåde i ditt liv. Eg kallar dykk til fornya innsats. Ver ikkje seine til å høyre, men eg vil gi dykk disippeløyre, så de høyrer som disiplar høyrer, ver frimodige …. Eg går med dykk. Amen. Amen.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2010. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s