2009.05.12.Vert fylt av Anden, så vil menneska merke det.

Jesus sa til oss:

Du må løfte ditt blikk opp, det er der du møter meg i Anden, og det er – du er ånd og eg er ånd og eg har lagt din ånd ned i deg, så derfor skal de  løfte meg opp, fryde dykk i meg, så skal de sjå at ei ny glede vinn fram. Denne gleda vil forløyse dykkar liv på ein slik måte, at de endå meir vert i stand til å ta imot det som eg vil gi dykk, endå meir vere i  stand til å ta imot det. For det er nemleg gjennom gleda  og det er den styrken de kan ha og vere grunnfesta i. Og eg frydar meg når eg ser denne gleda, trua si glede utgytt frå min Ande og ifrå ditt hjerte. Så du begynner å gripe hemmelegheita i dette, så skal du sjå at eg har kraft til siger, seier Herren.

Maranata. Møte på Misjonshuset på Høvik, Tysdag 12.5.09.

Tyding av tungetale ved Roar Grande.

Fritt igjen fortalt: Herren sa at det var ikkje tilfeldig at vi var der, vi utgjorde eining, det tydde vel på at det var han som hadde sett den saman, han sa at han hadde lengta etter dette møtet.

Mp3-opptak:

… … Eg er den same og som du har venta på veldig lenge, så vil du sjå at eg er frigjeraren. Eg er den som set fri, eg gir ei ny kraft og eg gir ei ny oppreisning for ein kvar som vil søke meg.

Ny tungetale med tyding:

De skal få kjenne og sjå at eg er den Gud som gir feite rettar. Eg har sagt om ein gammal klarna sti, og der skal komme … og det er ei utgyting av min Ande etter mitt Ord og etter den lovnaden eg har talt, så vil du sjå og skue, når du  møter meg oppe i det åndelege. Du må løfte ditt blikk opp, det er der du møter meg i Anden, og det er – du er ånd og eg er ånd og eg har lagt din ånd ned i deg, så derfor skal de  løfte meg opp, fryde dykk i meg, så skal de sjå at ei ny glede vinn fram. Denne gleda vil forløyse dykkar liv på ein slik måte, at de endå meir vert i stand til å ta imot det som eg vil gi dykk, endå meir vere i  stand til å ta imot det. For det er nemleg gjennom gleda  og det er den styrken de kan ha og vere grunnfesta i. Og eg frydar meg når eg ser denne gleda, trua si glede utgytt frå min Ande og ifrå ditt hjerte. Så du begynner å gripe hemmelegheita i dette, så skal du sjå at eg har kraft til siger, seier Herren. Og både familie og venner og nære skal få kjenne kva Ande de har fått over dykk. Og de skal få kjenne at når denne Ande, denne – slår rundt dykk i vide ringar, så vil menneska kjenne at de har med ein levande Gud å gjere. Den kjærleik som stråler ut frå dykk, den treng du ikkje å snakke om, du treng ikkje å tale om det, men de vil berre kjenne at de er kjærleiksbodbringarar,  de er mine ambassadørar som vil gå og vandre og berre enkle ord, for det er salvinga som løyser åket, det er salvinga som openberrar kven eg er, det er salvinga som tek vekk mørkret i denne verda og lyser opp i kroken. Det er det eg gjer, fordi de har elska meg og vore saman med meg der oppe.  Då vert eg saman med dykk der nede. Halleluja.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2009. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s